Svar på spørsmål om EØS-midlane til Polen

Utanriksminister Espen Barth Eide sitt svar på eit spørsmål frå Aleksander Stokkebø (H) om korleis regjeringa vil sikre at EØS-midlane til Polen òg blir brukte på samarbeidstiltak med det norske Arbeidstilsynet.

Skriftleg spørsmål nr. 757 (2023-2024)
Datert 18.12.2023

Frå representanten Aleksander Stokkebø (H) til arbeids- og inkluderingsministeren, overført til utanriksministeren:

Hvordan vil regjeringen sikre at EØS-midlene til Polen også brukes på samarbeidstiltak med det norske Arbeidstilsynet, og hva er fremdriftsplanen for å få dette på plass?

Svaret frå utanriksministeren:

Det er oppnådd semje om ein ny periode med EØS-midlar, der Noreg, Island og Liechtenstein vil bidra med om lag 3,268 milliardar euro over sju-års perioden 2021-28. Noregs del utgjer rundt 97 prosent. EØS-midlane vil gå til dei 15 minst velståande medlemslanda i EU (dei same landa som er omfatta av inneverande programperiode): Bulgaria, Estland, Hellas, Kroatia, Kypros, Tsjekkia, Latvia, Litauen, Malta, Polen, Portugal, Romania, Slovakia, Slovenia, og Ungarn. Før avtalen trer i kraft må han godkjennast av Stortinget, Europaparlamentet, EUs 27 medlemsland, og dessutan parlamenta i Island og Liechtenstein. Målet er at avtalen kan takast i bruk i første halvår 2024.

Inkludert i avtalen er eit fond for sosial dialog og anstendig arbeid. Polen vil vere eitt av landa som blir omfatta av fondet. Som i inneverande periode vil det vere ope for at norske institusjonar, som til dømes Arbeidstilsynet, kan vere partnarar i prosjekt. Det er først når avtalen mellom EU og givarlanda er endeleg underteikna som skissert over, at det formelle arbeidet med å opprette fondet kan starte. I konkretiseringa av fondet vil det byggjast vidare på dei gode erfaringane frå inneverande periode. Det blir i samband med dette vist til at Noreg og Polen har samarbeidd om prosjekt om anstendig arbeidsliv med Innovasjon Noreg som partnar på norsk side.