Svar på spørsmål om etterforsking av krigsbrotsverk i Gaza

Utanriksminister Espen Barth Eides svar på eit spørsmål frå Abid Raja (V) om utanriksministeren vil ta initiativ til etterforsking av krigshandlingane i konflikten mellom Israel og Hamas.

Skriftleg spørsmål nr. 360 (2023-2024)
Datert 08.11.2023

Frå representanten Abid Raja (V) til utanriksministeren:

Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til skriftlig besvarelse til utenriksministeren: Vil utenriksministeren ta initiativ til at Israels statsminister, Benjamin Netanyahu, og Hamas blir etterforsket for krigsforbrytelser, og hvordan vil utenriksministeren påse at slik etterforskning og rettergang gjennomføres?

Svaret frå utanriksministeren:

Eg er svært bekymra for dei humanitære lidingane i Palestina og Israel og rapportane om at det kan vere gjort krigsbrotsverk. Vi har i kontakten vår med partane til konflikten vore tydeleg på at folkeretten må respekterast. Noreg ser svært alvorleg på internasjonale brotsverk, og haldninga vår er at desse alltid skal straffeforfølgjast.  

Det er først og fremst partane som har hovudansvar for å etterforske og straffeforfølgje eventuelle krigsbrotsverk gjort av eigne styrkar. Det er vi òg tydeleg på i kontakten vår med partane i konflikten. Krigsbrotsverk er individuelt ansvar for den enkelte som med forsett har gjort seg skuldig i ei slik handling. Om enkeltpersonar har gjort slike brotsverk, er eit spørsmål som ein kompetent domstol må ta stilling til.

Den internasjonale straffedomstolen (ICC) har ein komplementær kompetanse. ICC opna i 2021 etterforsking av moglege internasjonale brotsverk gjort i Gaza og på Vestbreidda, inkludert Aust-Jerusalem, og av palestinske borgarar. ICCs hovudklagar har uttalt at han òg vil etterforske moglege brotsverk gjort dei siste vekene. Vi har oppmoda til at ICCs hovudklagar får tilgang for å utføre etterforsking i samsvar med mandatet sitt.

Noreg oppmodar alle statar og aktørar til å jobbe saman i kampen mot straffritak for dei mest alvorlege internasjonale brotsverka. Noreg har vore ein sterk støttespelar for ICC sidan skipinga. Noregs konsistente linje har vore å arbeide for at domstolen til kvar tid har tilstrekkelege ressursar og støtte til å utføre dei oppgåvene som er tillagde den i samsvar med Roma-vedtektene.   

For Noreg er det svært viktig at vi varetek dei grunnleggjande prinsippa ICC byggjer på, slik som den frie stillinga til domstolen og påtalemakta. Regjeringa uttaler seg derfor på generelt grunnlag ikkje om hovudklagars avgjerder, t.d. om iverksetjing av etterforsking av konkrete situasjonar eller personar.