Svar på spørsmål om etterforsking av krigsbrotsverk i Gaza

Utanriksminister Espen Barth Eides svar på eit spørsmål frå Une Bastholm (MDG) om Noreg vil slutte seg til oppropet frå Spania om å be Den internasjonale straffedomstolen utvide etterforskinga av krigsbrotsverk i Gaza, Israel og Vestbreidda, til å inkludere etterforsking av mogleg folkemord og brotsverk mot menneskja.

Skriftleg spørsmål nr. 336 (2023-2024)
Datert 05.11.2023

Frå representanten Une Bastholm (MDG) til utanriksministeren:

Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til skriftlig besvarelse til utenriksministeren:

Den spanske sosialministeren Ione Belarra har tatt initiativ til et bredt europeisk opprop med anmodning til Den internasjonale straffedomstolen, ICC, om å utvide etterforskningen av krigsforbrytelser i Gaza, Israel og Vestbredden, til å inkludere etterforskning av mulig folkemord og forbrytelser mot menneskeheten. Initiativet tar til orde for våpenhvile, umiddelbar beskyttelse av sivile og respekt for folkeretten fra begge parter. Finnes det flere slike initiativ nå, og stiller regjeringen seg bak det spanske initiativet?

Svaret frå utanriksministeren:

Eg er svært bekymra for dei humanitære lidingane og valden vi ser gå føre seg i Palestina og Israel. Vi har vore tydelege på at krigførande partar har plikt til å verne sivilbefolkninga som er ramma av denne konflikten. Noreg er for ei humanitær våpenkvile og stod saman med eit fleirtal av landa i verda då vi 27. oktober stemde for ein resolusjon i FNs generalforsamling som oppmoda til ein uvilkårleg stans i kamphandlingane med sikte på ei våpenkvile. Berre dette kan bidra til at folk i Gaza får tilgang til det dei treng for å overleve – vatn, mat, straum og drivstoff. Noreg stiller seg i så måte bak FNs nødhjelpskoordinator Martin Griffiths tipunktsplan for å avhjelpe den humanitære situasjonen i Gaza, publisert 15. november. Vi oppmodar andre land til å stille seg bak planen.

Eg er òg djupt bekymra for meldingane om at det kan vere gjort krigsbrotsverk. Noreg har i kontakten vår med partane i konflikten vore tydeleg på at folkeretten må respekterast. Vi understrekar òg at det først og fremst er partane som har hovudansvar for å etterforske og straffeforfølgje eventuelle krigsbrotsverk gjort av eigne styrkar. Vi ser svært alvorleg på internasjonale brotsverk, og haldninga vår er at desse alltid skal straffeforfølgjast.

Den internasjonale straffedomstolen (ICC) opna i 2021 etterforsking av moglege internasjonale brotsverk gjort i Gaza og på Vestbreidda, inkludert Aust-Jerusalem, og av palestinske borgarar. ICCs hovudklagar har uttalt at han òg vil etterforske moglege brotsverk gjort dei siste vekene. Vi har oppmoda til at ICCs hovudklagar får tilgang for å utføre etterforsking i samsvar med mandatet sitt.

For Noreg er det svært viktig at vi varetek dei grunnleggjande prinsippa ICC byggjer på, slik som den frie stillinga til domstolen og påtalemakta. I tråd med fast og langsiktig norsk utanrikspolitikk arbeider regjeringa for ein sterk, effektiv og uavhengig domstol. Regjeringa uttaler seg derfor på generelt grunnlag ikkje om hovudklagars avgjerder, t.d. om omfanget eller iverksetjing av ei etterforsking. Det er opp til hovudklagar å vurdere kva brotsverk som kan vere gjort, og som skal etterforskast. Det er derfor ikkje aktuelt å slutte seg til eit initiativ som legg føringar for dette.

Noreg oppmodar alle statar og aktørar til å jobbe saman i kampen mot straffritak for dei mest alvorlege internasjonale brotsverka. Noreg har vore ein sterk støttespelar for ICC sidan skipinga. Noregs konsistente linje har vore å arbeide for at domstolen til kvar tid har tilstrekkelege ressursar og støtte til å utføre dei oppgåvene som er tillagde den i samsvar med Roma-vedtektene.