Svar på spørsmål om EU sin «rein energi-pakke»

Utanriksminister Espen Barth Eides svar på eit spørsmål frå Guri Melby (V) om innføring av «rein energi-pakken» frå EU.

Skriftleg spørsmål nr. 314 (2023-2024)
Datert 3.11.2023

Frå representanten Guri Melby (V) til utanriksministeren:

Mener utenriksministeren det vil bli vanskelig for Norge å kun innføre deler av «Ren energipakken», uten at vårt forhold til EU forsures?

Svaret frå utanriksministeren:

Noregs forhold til EU er i all hovudsak prega av samarbeid og gjensidig tillit. Noreg må forvalte forholdet til EU på ein god måte, mellom anna ved å gjennomføre forpliktingane våre etter EØS-avtalen. Det styrkjer vår posisjon i forhandlingar med EU på viktige felt. Regjeringa arbeider såleis aktivt for å redusere det såkalla «EØS-etterslepet».

Både EU og Noreg har interesse i like konkurransevilkår og einsarta regelverk i den indre marknaden i EØS. Forseinkingar i innlemming av EU-regelverk i EØS-avtalen påverkar integriteten i den indre marknaden. Det er derfor òg i Noregs interesse å redusere EØS-etterslepet.

Samtidig må regjeringa vurdere grundig rettsakter som kan ha innverknad på viktige samfunnsområde i Noreg. Rein energi-pakken frå 2018 og 2019 omfattar ei rekkje rettsakter om organisering av kraftmarknaden, fornybar energi og energieffektivisering. Regjeringa gjennomfører ei grundig vurdering av dei enkelte rettsaktene, for å avklare norske posisjonar og vareta norske interesser. Regelverket er svært omfattande, og dette medfører tidkrevjande prosessar.

For regjeringa er det viktig at norske interesser og særeigenheitene i det norske energisystemet blir teke omsyn til og varetekne på ein god og trygg måte. Regjeringa er oppteken av å vareta konstitusjonelle omsyn og fullt ut sikre norske interesser. Forsterka ambisjonar i energisektoren inneber eit større volum av EU-rettsakter med hyppige revisjonar.

Sjølv om rein energi-pakken er ein pakke med rettsakter, fungerer EØS-prosessen slik at vi vurderer kvar enkelt rettsakt individuelt og innlemmar dei i EØS-avtalen fortløpande når alle partar er samde.

Det er viktig at Noreg diskuterer vilkåra rundt eventuell innlemming av nye rettsakter i EØS-avtalen. Dette er ein prosess som må gjerast skikkeleg for kvar enkel rettsakt. Vi held god kontakt med EU og våre EØS/Efta-partnarar Island og Liechtenstein, for å sikre forståing for prosessen og norske posisjonar.