Svar på spørsmål om fangar tatt av Israel i Gaza

Utanriksminister Espen Barth Eide sitt svar på eit spørsmål frå Ingrid Fiskaa (SV) om utanriksministeren vil kontakta israelske styresmakter og FN for å få ei forsikring om at personar tatt til fange av Israel i Gaza behandlast humant og i samsvar med krava i krigens folkerett.

Skriftleg spørsmål nr 838 (2023-2024)
Datert 05.01.2023

Frå representanten Ingrid Fiskaa (SV) til utanriksministeren:

Vil utanriksministeren kontakta israelske styresmakter og FN for å få ei forsikring om at personar tatt til fange av Israel i Gaza behandlast humant og i samsvar med krava i krigens folkerett, og vil ministeren be om ei forsikring om at Den internasjonale Røde Kors-komiteen får tilgang til fangeleirar og høve til å føra tilsyn med korleis fangar vert behandla og korleis rettane deira vert ivaretatt?

Utenriksministerens svar:

Noreg har vore tydeleg på at alle partar i den pågåande krigen må respektere folkeretten. Rapportar frå Gaza om massearrestasjonar, umenneskeleg og nedverdigande behandling og tvungne forsvinningar av palestinarar, gir grunn til djup bekymring, og er noko vi følgjer tett. ICRC må givast omgåande tilgang til, og informasjon om, dei fridomsfråtekne palestinarane. Vi har gitt uttrykk for vår bekymring overfor israelske styresmakter.

Noreg har i fleire år vore oppteke av soningsforhold for palestinarar i israelske fengsel. Vi har frå norsk side ved ei rekkje høve gitt uttrykk for vår djupe bekymring for Israels bruk av administrativ forvaring overfor barn, seinast i FNs landshøyring av Israel i 2023.

Vi har òg vore klare på at gislane som er tekne av Hamas må lauslatast omgåande og utan vilkår og at ICRC må sikrast tilgang til gislane.