Svar på spørsmål om genmodifiserte organismar (GMO)

Utanriksminister Espen Barth Eide sitt svar på eit spørsmål frå Alfred Jens Bjørlo (V) om import av GMO-varer.

Skriftleg spørsmål nr. 222 (2023-2024)
Datert 24.10.2023

Frp representanten Alfred Jens Bjørlo (V) til utanriksministeren:

Deler Utenriksministeren vurderinga frå Genteknologiutvalet sitt fleirtal om at eit generelt forbod mot import av GMO-varer strir mot EØS-avtalen og WTO og utgjer ein rettsleg risiko for Noreg som stat, og har Utanriksdepartementet tidlegare uttalt seg om/ hatt synspunkt på denne problemstillinga i samband med einskildsaker om GMO-importsøknader?

Svaret frå utanriksministeren:

Regulering av genmodifiserte organismar (GMO) berører spørsmål under Helse- og omsorgsdepartementets, Klima- og miljødepartementets, Landbruks- og matdepartementets og Nærings- og fiskeridepartementets ansvarsområde. Regjeringa er oppteken av at Noreg skal respektere dei folkerettslege forpliktingane sine, under dette EØS-avtalen og WTO-regelverket. Så langt har regjeringa ikkje vurdert å innføre eit generelt forbod mot import av GMO-varer. Det har derfor ikkje vore lagt opp til ei rettsleg utgreiing av dette spørsmålet frå regjeringas side. Utanriksdepartementet gjorde likevel for nokre år sidan EØS- og WTO-rettslege vurderingar av spørsmål knytt til forbod mot spesifikke GMO-produkt. UD påpeika då moment som generelt bør inngå i vurderingar av eventuelle importforbod for slike produkt.

UD viste til at forbod mot import av varer i utgangspunktet er i strid med materielle føresegner både i EØS-avtalen og WTO-regelverket. Det må derfor vurderast om slike tiltak likevel kan rettferdiggjerast etter unntaksreglar. I samsvar med EØS-avtalen, presiserte UD at det mellom anna må vurderast om eit importforbod er grunngitt i såkalla legitime omsyn, om forbodet står i forhold til dei omsyna som det er meint å vareta, og om forbodet er konsistent i forhold til politikken som blir følgd. WTO-rettsleg påpeika UD at det må vurderast om forbodet er grunngitt i konkrete formål angitt i avtalen. Viss eit forbod skal grunngivast i «vern av offentleg moral», viste UD til at det må vurderast om tiltaket er nødvendig for å oppnå vern av den aktuelle moralske bekymringa, og om forbodet inneber uvilkårleg og urettmessig diskriminering av land der forholda elles er like.