Svar på spørsmål om lokaliseringa av etaten for eksportkontroll

Utanriksminister Espen Barth Eide sitt svar på eit spørsmål frå Alfred Jens Bjørlo (V) om kva kriterium som blei lagt til grunn i arbeidet med lokaliseringa av ny etat for eksportkontroll.

Skriftleg spørsmål nr. 709 (2023-2024)
Datert 15.12.2023

Frå representanten Alfred Jens Bjørlo (V) til utanriksministeren:

Regjeringa har nyleg bestemt at den nye etaten for eksportkontroll skal lokalisert til Oslo-regionen (Fornebu). Kan Utanriksministeren legge fram den skriftlege vurderinga som vart gjort i lokaliseringssaka, slik at Stortinget får innsyn i kva kriterie som vart brukt i vurderinga av lokalisering av den nye etaten og korleis dei ulike kandidatane (Fornebu, Bergen og Sandefjord) vart vurderte etter desse kriteria?

Svaret frå utanriksministeren:

Utanriksdepartementet har i denne saka gjennomført ei lokaliseringsutgreiing i tråd med «Retningslinjer for lokalisering av statlege arbeidsplassar og statleg tenesteproduksjon», fastsett ved kongeleg resolusjon 12. august 2022.

Retningslinjene oppstiller ei rekkje kriterium som skal vegast opp mot kvarandre før lokaliseringsavgjerda fattast. Kvar enkelt vurdering er unik og vektinga av dei ulike kriteria vil variere frå sak til sak. Etter ei samla vurdering av dei ulike omsyna konkluderte regjeringa med at den nye etaten for eksportkontroll og sanksjonar skulle lokaliserast til Fornebu.

Det er heilt legitime omsyn som tilseier at regjeringa har behov for å skjerme det interne avgjerdsgrunnlaget sitt og dei avvegingane som blir gjorde før ein landar ein konklusjon. Fortrulegheit for å sikre forsvarlege interne avgjerdsprosessar internt i regjeringa er eit slikt legitimt omsyn som er anerkjent òg i offentleglova. I samsvar med gjelda rutinar vil eg i lys av dette ikkje leggje fram den interne lokaliseringsutgreiinga for Stortinget.

Eg har samtidig vore open om at tunge tryggingsmessige og tryggingspolitiske årsaker var utslagsgivande for utfallet av denne saka. Den nye etaten har høgare fysiske tryggingskrav enn vanlege kontorlokale.

I ein tryggingspolitisk krevjande situasjon for Noreg og Europa må den nye etaten levere på lovpålagde oppgåver frå etableringstidspunktet. Det er svært viktig å halde oppe kontinuitet i arbeidet, og ikkje missa verken kompetanse eller framdrift som kunne vore utfallet om ny etat måtte etablerast i nye lokale i ein annan arbeidsmarknadsregion.

Fysisk nærleik til dei statlege aktørane i eksportkontrollsamarbeidet og ikkje minst dei største forsvarsbedriftene, har òg betydning. Oppgåvene til den nye etaten vil i stor grad vere baserte på utveksling av fortruleg og gradert informasjon. Mykje av denne informasjonen kan delast mellom statlege etatar på graderte it-system, men særleg for kontakten med forsvarsbedriftene vil fysiske møte vere eit nødvendig verkemiddel.