Svar på spørsmål om moglegheitene for ein internasjonal fredsstyrke i Gaza

Utanriksminister Espen Barth Eides svar på eit spørsmål frå Guri Melby (V) om fordelar og ulemper med ein internasjonal fredsstyrke med FN-mandat som kan ha ansvar for tryggleik i Gaza.

Skriftleg spørsmål nr. 418 (2023-2024)
Datert 13 .11.2023

Frå representanten Guri Melby (V) til utanriksministeren:

Hvordan ser regjeringen på realismen i at en internasjonal fredsstyrke med FN-mandat kan overta ansvar for sikkerhet i Gaza, og hva mener regjeringen om fordelerne og ulempene ved en slik løsning?

Svaret frå utanriksministeren:

Regjeringa har vore tydeleg på at vi allereie no må tenkje på den dagen kamphandlingane mellom Israel og Hamas tek slutt, og snakke om det som kjem etterpå. Dette noko som statsministeren og eg òg tek opp i samtalane våre med israelske og palestinske kontaktar  og med representantar frå andre land.

Denne konflikten kan ikkje løysast militært. Når krigen er over må israelarane og palestinarane på nytt diskutere det grunnleggjande spørsmålet om kva som kan vere ei fredeleg løysing på konflikten.

Noreg meiner til liks med dei fleste andre land, at tostatsløysinga er den løysinga som best varetek tryggleiken til både det israelske og det palestinske folket. Tostatsløysinga inneber at det skal etablerast ein palestinsk stat, som inkluder Gaza og Vestbreidda, inkludert Aust-Jerusalem.

På dette tidspunktet meiner eg det er for tidleg å ta stilling til kven som då skal ha ansvaret for tryggleiken i Gaza når denne krigen er slutt. Dette bør det vere opp til partane å definere i ein framtidig framforhandla avtale.