Svar på spørsmål om bruk av norske våpen i konflikten mellom Israel og militante grupper i Gaza

Utanriksminister Espen Barth Eides svar på eit spørsmål frå Ingrid Fiskaa (SV) om utanriksministeren garantera at norske våpen ikkje blir brukt av Israel mot Gaza.

Skriftlig spørsmål nr. 287 (2023-2024)
Datert 31.10.2023

Frå representanten Ingrid Fiskaa (SV) til utanriksministeren:

Kan utanriksministeren garantera at norske våpen ikkje blir brukt i Israels krigsbrotsverk på Gaza?

Utanriksministerens svar:

Vi reagerer sterkt på behandlinga av sivile palestinarar i Gaza. Manglande mat, straum, vatn, medisinar og helsehjelp er ein katastrofe for folk i Gaza. Krigen har ført til ufatteleg liding på begge sider. Heilt sidan Hamas sitt terrorangrep mot Israel 7. oktober og den følgjande konflikten mellom Israel og militante grupper i Gaza har regjeringa prioritert store ressursar til arbeidet med den alvorlege krisa. 

Det hastar med å få eit opphald i krigen for å avgrense dei menneskelege lidingane og for å hjelpe dei som er ramma, særlege barna. Fredag 27. oktober stemde Noreg for ein resolusjon i FNs generalforsamling, som eitt av 120 medlemsland, der det blei oppmoda til våpenstillstand og å få inn nødhjelp til folk i Gaza.

Noreg har aldri opna for eksport av forsvarsmateriell til Israel. Heller ikkje eksport av fleirbruksvarer for militær sluttbruk i Israel har blitt tillate.

Varer som blir produserte av norskeigde bedrifter i USA er underlagd amerikansk eksportkontrollregelverk. På same måte er utanlandskeigde bedrifter i Noreg underlagt norsk eksportkontroll.

Utanriksdepartementets retningslinjer for behandling av søknader om eksport av forsvarsmateriell ligg til grunn for behandling av alle søknader om eksport av forsvarsmateriell. Her heiter det mellom anna at ved delleveransar under samarbeidsavtalar med bedrifter eller styresmakter i andre land, skal eksportlisens givast når avtalen er godkjend av norske styresmakter. Samarbeidsavtalar med allierte land blir godkjende normalt, såframt dei norske delane, delsystem eller komponentar ikkje har nokon sjølvstendig funksjon og dei blir samordna med delar frå andre leveringskjelder, og dessutan at det endelege produktet ikkje står fram som norsk. Det kan i slike tilfelle avståast frå dokumentasjon om sluttbruk for det ferdige produktet. Reglane om delleveransar blir omtalte nærmare i Meld. St. 21 (2022-2023) kapittel 4.1 og 4.2.