Svar på spørsmål om sanksjonar mot Israel

Utanriksminister Espen Barth Eide sitt svar på eit spørsmål frå Une Bastholm (MDG) om det er teke initiativ for å finne ut om det er interesse for sanksjonar mot Israel.

Skriftleg spørsmål nr 817 (2023-2024)
Datert 04.01.2023

Frå representanten Une Bastholm (MDG) til utanriksministeren:

I årets første spørretime sa utenriksministeren at Norge ikke har sanksjoner mot Israel, slik vi har mot Russland, fordi det ikke foreligger et internasjonalt sanksjonsregime Norge kan slutte seg til. Har utenriksministeren gjort egne undersøkelser, eller tatt andre konkrete initiativ, for å finne ut om det er interesse hos andre land til et slikt samarbeid om sanksjoner?

Svaret frå utanriksministeren:

Verken FNs tryggingsråd eller EU har vedteke sanksjonar mot Israel. Noreg har ikkje tradisjon for å innføre sanksjonar åleine. Regjeringa har heller ikkje fullmakt i sanksjonslova til å gjere vedtak om slik åleinegang. Regjeringas syn har vore at det er multilaterale, globale og bindande sanksjonar vedteke av Tryggingsrådet eller andre tiltak som det er brei internasjonal oppslutning om, som har størst legitimitet og effekt for å påverke ein stat til å endre åtferd.

I den noverande politiske konteksten er det ikkje realistisk å forvente at FNs tryggingsråd eller EU vil innføre sanksjonar overfor Israel knytt til krigen.

Noreg diskuterer kontinuerleg den israelsk-palestinske konflikten med andre land, inkludert ulike tiltak. Sjølv om den israelsk-palestinske konflikten er inne i ei svært vanskeleg tid, meiner regjeringa likevel framleis at det er dialog, samarbeid og forhandlingar som vil bidra til ei løysing på denne konflikten, og til å betre situasjonen for den palestinske befolkninga. Regjeringas vurdering er derfor at vi er best tente med å halde oppe dialog og kontakt med partane.