Tok i mot rapporten frå personvernkommisjonen

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Personvernkommisjonen leverte i dag utredninga om forholda for personvernet i Noreg til kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

– Det er 13 år sidan den førre personvernkommisjon leverte sin rapport. Samfunnet endrar seg heile tida, og vi vert stadig meir digitale. Eg er derfor glad for at vi har fått ei grundig og oppdatert gjennomgang frå kommisjonen, seier Gjelsvik.

Statsråd Gjelsvik får rapporten frå utvalsleiaren
Statsråd Sigbjørn Gjelsvik fekk rapporten frå utvalsleiar John Arne Moen. Foto: KDD

Personvernkommisjonen vart utnemnd av Solberg-regjeringa i 2020, og har vært leidd av sjefredaktør John Arne Moen. Han har hatt med seg ein breitt samansett kommisjon frå ulike deler av norsk akademia og samfunnsliv.

Sjå mandatet og lista over kommisjonens medlemmer.

Mandatet dei fekk var å kartlegge den samla situasjonen for personvernet i Noreg, og trekkje fram dei viktigaste utfordringane og utviklingstrekka.

Auka digitalisering gir nye personvernutfordringar, og den teknologiske utviklinga kan utfordre viktige personvernomsyn. For den enkelte forbrukaren, så kan det vere komplisert å sette seg inn i desse problemstillingane.

– Regjeringa ønsker å leggje til rette for gode digitale tenester, men for å bevare tilliten til desse tenestene må personvernet ivaretakast, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

I Hurdalsplattforma står det at regjeringa vil utarbeide ein nasjonal strategi og retningslinjer for personvern og digitalt privatliv.

– Vi treng heile tida oppdatert kunnskap om desse spørsmåla, og rapporten frå kommisjonen kjem til å vere et viktig bidrag inn i regjeringa sitt arbeid med å sikre gode, digitale løysingar i Noreg, både i offentleg og privat sektor, seier Gjelsvik.

Kommisjonen kjem med 140 forslag til tiltak for å betre personvernet i Noreg. 

Les rapporten: NOU 2022: 11 Ditt personvern – vårt felles ansvar — Tid for en personvernpolitikk.

Rapporten skal ut på ei offentleg høyring.

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00

E-post til kommunikasjonseininga: ke@kdd.dep.no