Utgreiing om offentleg støtte til barnefamiliane på høyring

Regjeringa sender i dag NOU om offentleg støtte til barnefamiliane på høyring. Barnefamilieutvalet overleverte si utgreiing til barne- og likestillingsminister Solveig Horne 6. mars 2017.

- Det er ei grundig og god utgreiing som no sendast på høyring. Utvalet kjem med klare tilrådingar om ordningar som foreldrepengar, foreldrebetaling i barnehage og barnetrygd. NOUen vil bidra inn i den pågåande debatten om framtidas familiepolitikk. Vi er alle einige i at barnefamiliane skal ha gode ordningar også i framtida. Spørsmålet er korleis pengane kan brukast best muleg, seier barne- og likestillingsminister Solveig Horne (FrP).

Høyringsfristen er 30. september 2017.

Barnefamilieutvalet

Utvalet vart oppnemnt 19. juni 2015 og leia av professor Anne Lise Ellingsæter. Utvalet skulle gjere ei brei og heilskapleg gjennomgang av støtta til barnefamiliane. I si utgreiing foreslo utvalet to hovudgrep for den framtidige politikken.

1. Likestilte foreldreskap: sosial utjamning, individuelle rettar og likedeling

Utvalet foreslår ei foreldrepengeordning som omfattar alle foreldre. Det betyr at eingongsstønaden vert erstatta av løpande minsteyting for foreldre som ikkje har opptent rett til foreldrepengar gjennom yrkesaktivitet. Foreldra vert gitt individuelle rettar ved at aktivitetskravet blir fjerna. Aktivitetskravet gjer fars uttaksrett avhengig av mors arbeid, studiar etc. Foreldrepengeperioden delast likt mellom foreldra bortsett frå 3 veker før og 6 veker etter fødsel som mor må ta ut.

2. Universelle ordningar i ei ny tid: frå kontantytingar til tenester

Utvalet foreslår kvartalsvise opptak i barnehage. Fleirtalet (6 av 9 medlemmar) foreslår å innføre gratis barnehage for alle barn. Fleirtalet foreslår også målretting av barnetrygda ved hjelp av inntektsprøving. Satsen for barnetrygd vil auke for dei med lav inntekt.

Utvalet foreslår òg avvikling av stønad til einsleg mor eller far og av Lånekassens stipend til studentar med barn. Einslige forsørgjarar og studentar vil få foreldrepengar (minsteytinga) i barnets første leveår og nyte godt av økt barnetrygd om dei har låg inntekt. Utvalet anbefaler også avvikling av kontantstøtta og av skattefrådrag for foreldre.

Dei enkelte forslaga til utvalet har store økonomiske konsekvensar, men er samla sett innanfor uendra budsjettrammer.

Du kan lese meir om utvalet og mandatet her.