Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 19

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 19, 2022.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.

Utanriksminister Anniken Huitfeldt

Måndag 9. mai
Utanriksminister Anniken Huitfeldt er til stades på konferansen «Arctic Frontiers 2022». Sjå nettstaden til konferansen for meir informasjon. Stad: Tromsø

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, tuva.bogsnes@mfa.no, +47 93 23 18 83

Tysdag 10. mai
Utanriksminister Anniken Huitfeldt leiar eit møte i gjevarlandsgruppa for Palestina (AHLC). Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Brussel

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Guri Solberg, guri.solberg@mfa.no, +47 92 21 97 69

Onsdag 11. mai
Utanriksminister Anniken Huitfeldt deltek på møte i anti-Isil-koalisjonen. I tillegg til koalisjonsmøtet vil utanriksministeren møte kollegaer frå fleire land. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Marrakesh

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Guri Solberg, guri.solberg@mfa.no, +47 92 21 97 69

Laurdag 14. - søndag 15. mai
Utanriksminister Anniken Huitfeldt deltek på Natos utanriksministermøte. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Berlin

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, tuva.bogsnes@mfa.no, +47 93 23 18 83

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim

Måndag 9. mai
Kl. 11.30 Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim tek i mot underskrifter frå Utviklingsfondet i samband med underskriftskampanjen «Verdas småbønder kan utrydje svolt». Stad: Eidsvolls plass, Stortinget

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 12.30 Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim møter leiar i vaksinekoalisjonen Cepi, Dr. Richard Hatchett. Stad: UD

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 14.15 Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim besøkjer Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU). Stad: Ås

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Tysdag 10. mai
Kl. 09.00 Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på ei lansering skipa til av Norad om nye nøkkeltal for bistand og berekraft («Tall som teller 2022»). Sjå nettsida til Norad for meir informasjon. Stad: Deichmans hovudbibliotek, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 12. mai
Kl. 18.30 Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på den årlege konferansen til Næringslivets hovudorganisasjon (NHO). Stad: Oslo Spektrum

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Fredag 13. mai
Kl. 11.00 Samarbeidsminister Anne Beathe Tvinnereim har eit møte med Austlandssamarbeidet sitt europautval. Stad: Viken fylkeskommune, Galleri Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 12.00 Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på lanseringa av FNs befolkningsfond (UNFPA) sin rapport «State of the World Population Report». Stad: Litteraturhuset, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 14.00 Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på eit møte med Kyrkjas naudhjelp (KN) etter fasteaksjonen til KN.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Henrik Thune

Måndag 9. - fredag 13. mai
Statssekretær Henrik Thune er på reise til Indonesia. Han deltek i det årlege møtet i felleskommisjonen mellom Noreg og Samanslutninga av søraustasiatiske statar (Asean) og i eit fagseminar om klima og energi i Asean. Vidare har han møte med indonesiske sivilsamfunnsorganisasjonar om menneskerettar og med indonesiske styresmakter om tryggingspolitikk, næringssamarbeid, hav og fiskeri og miljø- og skogforvaltning. Stad: Jakarta

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Eivind Vad Petersson

Måndag 9. mai
Kl. 10.00 Statssekretær Eivind Vad Petersson har eit møte med NHO, Virke og LO saman med statssekretær Halvard Ingebrigtsen i Nærings- og fiskeridepartementet. Stad: UD

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Onsdag 11. mai
Kl. 10.00 Statssekretær Eivind Vad Petersson har eit møte med sivilsamfunnsorganisasjonar. Tema er konsekvensar av atomvåpen for helse, utvikling, miljø og klima. Stad: UD

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 11.00 Statssekretær Eivind Vad Petersson møter Robert Spano, president i Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD). Stad: UD

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 14.15 Statssekretær Eivind Vad Petersson møter Julianne Smith, USA sin Nato-ambassadør. Stad: UD

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 12. mai
Kl. 12.00 Statssekretær Eivind Vad Petersson har eit møte med Aker Biomarine og dei fornybare havnæringane i Aker. Stad: Fornebu

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Fredag 13. mai
Statssekretær Eivind Vad Petersson er på reise til Helsingfors for samtalar med finske styremakter. Stad: Helsingfors

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Bjørg Sandkjær

Måndag 9. mai
Kl. 11.00 Statssekretær Bjørg Sandkjær møter Ahunna Eziakonwa, assisterande leiar og regionaldirektør for Afrika i FNs utviklingsprogram (UNDP). Tema er mellom anna innsatsen til UNDP i Afrika og sosioøkonomiske konsekvensar av pandemien. Stad: UD

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 12.00 Statssekretær Bjørg Sandkjær møter Martien van Nieuwkoop, global direktør for landbruk og mat i Verdsbanken. Stad: UD

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Tysdag 10. mai
Kl. 13.00 Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek på eit seminar skipa til av Noref senter for konfliktløysing og Raudekrossen med tittelen «Making multilateral diplomacy work». Stad: Raudekrossen, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Onsdag 12. – torsdag 13. mai
Statssekretær Bjørg Sandkjær er på reise til Vietnam. Her skal ho delta på ein internasjonal konferanse om klima og hav. Noreg er vert for konferansen saman med vietnamesiske styremakter. Stad: Hanoi

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02