Vil endre byggereglane for å legge til rette for utvikling i lokalsamfunn påverka av naturfarar

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Regjeringa sender no på høyring forslag til endringar i byggereglane. - Endringane skal legge til rette for vidare utvikling og verdiskaping for lokalsamfunn som kan bli råka av naturfarar, samstundes som personsikkerheita er ivaretatt, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Høyringa finn du på nettsida til Direktoratet for byggkvalitet.

I eit land som Noreg, med fjordar og fjell, er det mange stader knappleik på areal som ikkje potensielt kan vere utsett for naturfarar som fjellskred og flaum. I tillegg fører klimaendringar til auka fare i område som tidlegare har vore sett på som trygge. Regjeringa har lytta til dei faglege råda til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap, og til kommunane som lever med naturfarar kvar dag.

– I dag er det kartlagt fleire område som potensielt kan vere utsett for naturfarar, men der risikoen for flodbølge er veldig låg. Gjeldande krav til sikkerheit mot fjellskred er ikkje tilpassa slike område og det er derfor behov for eit meir differensiert regelverk, seier Gjelsvik.

I 2006 resulterte ei farevurdering av dei ustabile fjellpartia Åknes og Hegguraksla på Sunnmøre til stans i utviklingsmoglegheitene i fleire kommunar langs Storfjorden. I 2009 blei det difor opna for utbygging der NVE har etablert system for overvaking, varsling og evakuering. Føresetnaden er at personsikkerheita er ivaretatt. Kartlegginga av ustabile fjellparti har seinare avdekt fleire faresoner for fjellskred, men der risikoen er langt lågare enn i Storfjorden. Det gjeld mellom anna for dei ustabile fjellpartia rundt Sørfjorden. I dag er det like strenge krav for dei som vil bygge i område med låg risiko som for dei som vil bygge der risikoen er høg.

Det er òg avdekt fleire område som blir ramma direkte av skred, og ikkje berre indirekte gjennom flodbølge som følgjer skredet, som ved Mannen og Tussafoten i kommunane Rauma og Eidfjord. Gjeldande regelverk gjev ikkje opning for å likebehandle område som er utsette for flodbølge og område som direkte er utsette for fjellskred, sjølv om NVE og kommunane kan oppnå same sikkerheitsnivå.

– Regelverket skapar utfordringar for lokalsamfunn som har både behov og interesse for utvikling. Dette foreslår vi no å ordne opp i, seier Gjelsvik.

I høyringa foreslår departementet òg å fjerne koplinga mellom storulykkeforskrifta og TEK17 i krava til sikkerheit mot flaum.
Endringsforslaga er andre ledd i arbeidet med å vurdere krava til sikkerheit mot flaum og skred. Sjå endringar i TEK17 som var på høyring over sommaren, og som trådde i kraft 1. september 2022.

Høyringa finn du på nettsida til Direktoratet for byggkvalitet.

Høyringsfrist er 13. januar 2023.

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00

E-post til kommunikasjonseininga: ke@kdd.dep.no