Stabsavdelinga

Stabsavdelinga har ansvar for departementet sin organisasjon og fellessystem. Dette omfattar overordna arbeidsgjevarfunksjon i departementet, organisasjonsutvikling, personalpolitikk og internkommunikasjon. Avdelinga har også ansvar for arbeidsprosessar, tryggleik, informasjonsforvaltning og saksbehandlingssystem, i tillegg til drifts- og kontorstøttefunksjonar.

Avdelinga har følgjande seksjonar:

HR-seksjonen (HR)

Seksjonen har ansvar for den overordna arbeidsgjevarfunksjonen i departementet og samhandling med fagforeiningane. Dette inneber ansvar for utvikling og oppfølging av personal- og lønnspolitikken i departementet, organisasjonsutvikling, leiarutvikling, kompetanseutvikling, støtte til rekrutteringsarbeidet i departementet, arbeidsgjevarprofilering og departementet sitt interne arbeid med inkluderande arbeidsliv og arbeidsmiljø. Seksjonen har også ansvar for internkommunikasjon i departementet.

Avdelingsdirektør: Trond Bigseth

Seksjon for informasjonsforvaltning og administrasjon (IFA)

Seksjonen har eit overordna ansvar for å organisere informasjonen i departementet, slik at han er lett tilgjengeleg og enkelt kan brukast til å støtte avgjerdstaking. Dette inneber ansvar for journalføring, arkivering, dokumenthandsaming, offentleg journal (eInnsyn) og utvikling av det elektroniske arkiv- og saksbehandlingssystemet.

Seksjonen har òg ansvar for tryggleik og beredskap i departementet, mellom anna det systematiske informasjonstryggleiksarbeidet. I tillegg har seksjonen ansvar for administrative støttefunksjonar og oppfølging av forvaltningsjuridiske saker, inkludert personvern i departementet. Seksjonen ivaretek òg drift og utvikling av lokala i departementet, internbudsjett og rekneskap, innkjøpstenester samt oppfølging av fellestenester overfor DSS (Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa) og oppfølging av IKT overfor DIO (Digitaliseringsorganisasjonen til departementa).

Byråsjef: Gard R. Kjølholdt