Velferdspolitisk avdeling

Velferdspolitisk avdeling har oppgåver knytt til inntektssikring, levekår og oppfølging av dei som har falle utanfor arbeidslivet på grunn av helsemessige eller sosiale problem. Avdelinga har eit særskilt ansvar for sjukepengar, arbeidsavklaringspengar og uføretrygd, samt for sosialtenestelova. Avdelinga har også ansvar for ei rekkje andre ordningar i folketrygda, inkludert pleiepengar, grunn- og hjelpestønad og hjelpemiddel. Avdelinga koordinerer departementet sitt arbeid med oppfølging av intensjonsavtalen om eit inkluderande arbeidsliv (IA-avtalen).

Avdelinga har følgjande seksjonar:

Seksjon for arbeidsavklaringspengar og sosiale tenester (SAS)

Seksjonen har ansvar for arbeidsavklaringspengar, sosialtenestelova og politikk- og fagutvikling for å betre livssituasjonen til sosialt og økonomisk vanskelegstilte. Seksjonen har ansvar for departementet si styring av statsforvaltarane og Statens helsetilsyn, og koordinerer avdelinga sitt arbeid med etatsstyringa av Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Avdelingsdirektør: Vibeke Trålim  

Seksjon for sjukepengar og inkluderande arbeidsliv (SIA)

Seksjonen har ansvar for sjukepengar, pleie-, opplærings- og omsorgspengar, samt og oppfølging av IA-avtalen. Seksjonen koordinerer avdelinga sitt arbeid med budsjettet, inkludert statsbudsjettet, og arbeidet for betre samarbeid mellom helse- og arbeidsretta tenester.

Avdelingsdirektør: Ingvild Wold Strømsheim  

Seksjon for uføreytelser og internasjonale saker (SUI)

Seksjonen har ansvar for uføretrygd, hjelpemiddel og grunn- og hjelpestønad. Seksjonen har ansvar for å koordinere internasjonale saker i avdelinga (EU/EØS, Europarådet, FN, OECD, Nordisk ministerråd) og å koordinere avdelinga sitt FoU-arbeid, samt  departementet sin FoU-dialog med Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Avdelingsdirektør: Sara Elisabeth Nordahl Bruvoll