Midlertidige råd og utvalg

Klimautvalet 2050

Regjeringa har sett ned eit offentleg utval som skal gjere ei utgreiing av vegvala Noreg står overfor for å nå klimamålet for 2050. I 2050 skal dei norske utsleppa vere 90-95 prosent lågare enn i 1990.

Utvalet skal rapportere til Klima- og miljødepartementet om status midtvegs i arbeidet. Utvalet skal levere ei samla utgreiing og tilråding i form av ein NOU innan 1. november 2023.