Historisk arkiv

Turistane vil til bygda

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Både norske og utanlandske turistar oppsøkjer norsk natur og lokal mat, og det er tydeleg at bygdeturismen veks. Fleire aktørar i det landbruksbaserte reiselivet melder om auka omsetnad og fleire gjestar så langt i sommar.

– Turistane er meir enn nokon gong opptekne av genuine opplevingar der matkultur, lokalhistorie og personleg vertskap er sentralt. Regjeringa har som mål å gjere Noreg til ein internasjonal anerkjend matnasjon med tydeleg og lokal identitet, og bruke landbruket til å gjere Noreg meir attraktivt som reisemål. Vi legg til rette for utvikling på området, men for å lukkast er vi avhengige av privat initiativ, satsingsvilje og kjennskap til marknaden, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

HANEN melder om at sesongen har vore god for deira medlemsbedrifter. Nordmenn prioriterer å reise i eige land, og med ei auking i utanlandske turistar som reiser til Noreg, talar alt for at omsetnaden har vore høg i sommar. HANEN peiker på at bygdeturismen veks då dei stadig får fleire medlemsbedrifter. Med utgangspunkt i det mangfaldige tilbodet og publikum si interesse, er dei sikre på at alt ligg til rette for ein god  haustsesongen.

7 av 10 vil ha lokalmat på ferie

Turistundersøkelsen (2016) viser at utanlandske turistar som smakar lokal mat og drikke har eit 11 prosent høgare døgnforbruk enn andre utanlandske turistar. Norske turistar som et lokalmat brukar 29 prosent meir i døgnet enn andre. Innovasjon Noreg melder om at turistane ønskjer opplevingar, og lokalmat er ein naturlig del av det. Turistane som reiser til Norge er opptekne av det som er unikt for Noreg, og dei har betalingsevne og –vilje.

Melder om auka omsetnad og fleire gjestar

Landbruks- og matdepartementet presenterte seks bedrifter i Noreg som har knytt landbruket med lokal mat og drikke i sommer. Dei seks aktørane melder om auka omsetnad og gjestar frå Noreg og utlandet. Sesongen er enno ikkje over.

Aalan Gård

Aalan Gård har hatt ein rekordomsetnad i sommar, og er særs nøgd. Det har vært mange besøkande både i Lofoten og på garden. Omsetnaden hjå Aalan Gård har så langt auka med 40 prosent samanligna med juni og juli i fjor. 

Geiter hjå Aalan Gård.
Geit hjå Aalan Gård. Foto: Aalan Gård.

Aktiv Fritid

Aktiv Fritid har hatt ein sterk auking i besøkstalet i sommarferien, både av barnefamilar og personar som ønskjer å klatre i Aktiv Fritid si Via Ferrata-rute.

Via Ferrata.
Via Ferrata. Foto: Aktiv Fritid

Billingen Seterpensjonat

Billingen Seterpensjonat har hatt fullt belegg i sommerferien, og omsetnaden har auka samanlignet med i fjor.

Billingen Seterpensjonat.
Billingen Seterpensjonat. Foto: Billingen Seterpensjonat

Brimi sæter

Brimi sæter har hatt ein auking i omsetnaden på 25 prosent.

På Brimi sæter kan du smake på ferske rømmevafler.
På Brimi sæter kan du smake på ferske rømmevafler. Foto: Cathrine Dokken

Skott Gård

Skott Gård melder om stadig fleire som kjem innom gardsbutikken. I sommar har dei hatt kunder frå Italia, Sveits, Sverige, Danmark og Noreg.

Skott Gård har frukttradisjoner helt tilbake til 1800-tallet.
Skott Gård har frukttradisjoner helt tilbake til 1800-tallet. Foto: Fredrik Solstad

Trasti & Trine

Trasti & Trine seier dette har vore ein bra sommarsesong med auking i omsetnad. Dei har hatt mange besøkande som har vore med på ulike aktivitetar, bestilt overnatting, og dei har særleg hatt fleire gjestar i restauranten og kafeen. Dei merkar at stadig fleire folk kjenner til Trasti & Trine.

Rene og ærlige smaker står i sentrum hos Trasti & Trine
Rene og ærlige smaker står i sentrum hos Trasti & Trine. Foto: Trasti & Trine