Historisk arkiv

Statsministeren, næringsministeren og barne- og familieministeren leier eit videomøte med representantar for handels- og servicenæringa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Statsministerens kontor

Sted: Statsministerens kontor (video)

Statsminister Erna Solberg, næringsminister Iselin Nybø og barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad leier eit videomøte med representantar for handels- og servicenæringa.

Møtet er del av ein serie innspelsmøte der regjeringa inviterer ulike sektorar og næringar til å kome med innspel til korleis Noreg best mogleg skal kome seg ut av koronakrisa.

Desse deltek i møtet: adm. dir. Stine Trygg Hauger i Clas Ohlson, dagleg leiar Irene Tørhaug i Husfliden Bergen, direktør Stian Vik Gabrielsen i Komplett Business, adm. dir. Thomas Støkken i Maxbo, adm. dir. Kjersti Hobøl i Nille, retaildirektør Anita Sørlundsengen i Shell/St1, finansdirektør Øyvind Bustnes i Varner-gruppen, adm. dir. Johnny Ottesen i Voice Norge, konsernsjef Pål Wibe i XXL og konstituert forbundsleiar Christopher Beckham i Handel og Kontor.

Etter møtet, kl. 16.30, blir det pressetreff på video med statsministeren, næringsministeren og barne- og familieministeren. Me ber presse som ønskjer å delta i videomøtet om å melde seg på til smkinfo@smk.dep.no innan måndag 27. april kl. 14.00. Påmeldte journalistar vil få tilsendt lenkje til videomøtet. Pressetreffet varer i ca. 20 minuttar. Me legg opp til å svare på så mange spørsmål som mogleg på den tida.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.

Pressekontakt for næringsministeren er kommunikasjonsrådgivar Lotte Nilsen Brudevoll, telefon 95 76 61 69, e-post lnb@nfd.dep.no.

Pressekontakt for barne- og familieministeren er politisk rådgivar Maria Moe,
telefon 41 21 52 47.