Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Tang- og taretrålarar blir fritatt frå fyringsoljeavgift

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

Regjeringa foreslår å frita tang- og taretrålarar frå grunnavgifta på fyringsolje. – Det er ikkje nokon grunn til at tang- og taretrålarar skal betale avgift når alle andre skip har fritak, seier finansminister Sigbjørn Johnsen.

Regjeringa foreslår å frita tang- og taretrålarar frå grunnavgifta på fyringsolje. – Det er ikkje nokon grunn til at tang- og taretrålarar skal betale avgift når alle andre skip har fritak, seier finansminister Sigbjørn Johnsen.

Mineralolje til bruk i skip i utanriks sjøfart, gods- og passasjertransport i innanriks sjøfart, fiske og fangst i nære og fjerne farvatn og forsyningsflåten på kontinentalsokkelen er friteke for grunnavgift på fyringsolje. Mineralolje til tilnærma alle skip i næring har dermed fritak. Fritaket for fiske og fangst i nære farvatn gjeld skip som er ført opp i Registeret over merkepliktige norske fiskefartøy. Tang- og taretrålarar kan ikkje oppførast i registeret og har derfor ikkje avgiftsfritak.

Regjeringa foreslår at mineralolje til skip som blir nytta til tang- og taretråling likevel blir friteke for avgift. Fritaket vil gjelde frå 1. juli i år. Det blir anslått at endringa vil gi eit provenytap på om lag ½ million kroner i år og om lag 1 million kroner i heilårsverknad. Tang- og taretråling er fiske og fangst som er utanfor EØS-avtala, og fritaket kan derfor innførast utan omsyn til regelverket for offentleg støtte i EØS-avtala.

Budsjettdokumenta er tilgjengeleg på www.statsbudsjettet.no

Til toppen