§ 1-8 - Spørsmål om krav til byggegrense mot sjø, plan- og bygningslova § 1-8 tredje ledd

Det er stilt spørsmål om kravet til byggegrense etter plan- og bygningslova § 1-8 tredje ledd i høve til planar vedtekne med heimel i plan- og bygningslova 1985.

Vi viser til fylkesmannen sitt brev 17. august 2017. 

Det er stilt spørsmål om kravet til byggegrense etter plan- og bygningslova § 1-8 tredje ledd i høve til planar vedtekne med heimel i plan- og bygningslova 1985.

Departementet har i brev 8. mars 2017 lagt til grunn at byggeforbodet i 100-metersbeltet langs sjøen vil gjelde for byggeområder avsett i tidlegare vedtekne planar dersom det ikkje er fastsett byggegrense. Dette fører til at det i det enkelte tilfellet må takast stilling til om det er fastsett ei byggegrense i planen. Kommunen må gjere ei konkret vurdering og tolking av den aktuelle planen.

Fylkesmannen har lagt til grunn at kravet om byggegrense mot sjø i plan- og bygningslova må tolkast slik at ei kvar byggegrense som er fastsett i planen i utgangspunktet også må vurderast som ei byggegrense mot sjø i relasjon til § 1-8 tredje ledd. Fylkesmannen meiner at føresetnaden for dette er at byggegrensa, enten tekstleg og/eller ved påteikning på plankartet, angir ei klar og eintydig avgrensing av utbygging mot sjø.

Departementet er samd med fylkesmannen i at dersom det i planen er fastsett ei byggegrense på ein klar og eintydig måte, vil denne grensa også kunne tolkast slik at krava til byggegrense etter § 1-8 tredje ledd er oppfylt.

Fylkesmannen meiner regulerte byggegrenser mot offentleg veg i byggeområde, og byggegrenser som syner eintydig plassering av utbygginga på kvar tomt, må vurderast som tilstrekkeleg.

Departementet er også samd i dette, såframt byggegrensa i retning mot sjøen er teikna inn på kartet på ein klar og eintydig måte. Departementet har også uttala at kravet til byggegrense kan vere oppfylt dersom bygningane er teikna inn på plankartet.

Fylkesmannen legg vidare til grunn at byggegrensa mot offentleg veg etter veglova ikkje gir grunnlag for unntak etter § 1-8 tredje ledd.

Departementet legg også til grunn at dette er riktig. Sjølv om det er tolka slik at veglova si byggegrense mot veg er å sjå på som inkorporert i planen, vil dette likevel ikkje vere ei grense som tilfredsstiller krava til ei byggjegrense mot sjøen. 

Med hilsen

Til toppen