§ 1-8 Frådeling til uendra bruk og forbodet i plan- og bygningslova § 1-8

Vi viser til fylkesmannen sitt brev 8. september 2009.

I brevet ber fylkesmannen om ei grunngjeve uttale frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet til spørsmålet om det er krav om dispensasjon ved frådeling til uendra bruk i 100-metersbeltet etter plan- og bygningslova § 1-8.

Fylkesmannen finn spørsmålet uklart og meiner uttale frå departementet under sida Spørsmål og svar ikkje er i samsvar med omtale i Innjord: Plan- og bygningsloven og Pedersen mfl: Plan- og bygningsrett.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet viser til at ordlyden i § 1-8 andre ledd er endra og utvida i forhold til forbodet i tidlegare lov § 17-2, som berre gjaldt for frådeling av ubebygd del av eigedom. Ordlyden gjeld no generelt for "opprettelse og endring av eiendom", og er den same i § 1-8 som i § 11-6 om rettsverknaden av kommuneplanen sin arealdel. Spørsmålet om frådeling til uendra bruk er ikkje spesielt omtala i Ot.prp. nr. 32 (2007-2008).

Departementet har i uttala i Spørsmål og svar lagt til grunn den same tolkinga ved frådeling til uendra bruk i 100-metersbeltet, som i landbruks-, natur- og friluftsområde. Områda i 100-metesbeltet er som regel vist som landbruks-, natur- og friluftsområde i kommuneplanen sin arealdel.

Departementet meiner det er fornuftig med ei slik samordna tolking når det gjeld frådeling til uendra bruk, og vi finn ikkje at det er grunnlag for å endre synet på dette tolkingsspørsmålet.

Med helsing

Bjørn Casper Horgen (e.f.)

avdelingsdirektør

Marit Tofte

seniorrådgjevar