Klage frå Luster kommune - Klage på avslag om tilskot frå statsbudsjettet 2014 kapittel 1429 post 79 - Søknad om tilskot til Verdsarv Urnes stavkyrkje

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Klima- og miljødepartementet viser til at Riksantikvaren har prioritert dei verdsarvområda som er skrivne inn på verdsarvlista og område som har komne langt i søkjeprosessen i forbindelse med søknader på post 79 kap 1429 for 2014. Etter departementet si vurdering er avslaget frå Riksantikvaren i tråd med tidligare prioriteringar Riksantikvaren har gjort og med forvaltingspraksis der innskrivne områder og områder som er under innskriving blir prioriterte.

Klima –og  miljødepartementet viser til brevet datert 24. mars 2014 med klage på Riksantikvaren sitt vedtak av 26. februar 2014, der det ikkje blir gjeve tilskott til omsøkte tiltak til Verdsarv Urnes.

Klima- og miljødepartementet har vurdert alle sider av saka og har etter ei heilskapsvurdering ikkje funne grunn til å gjere om Riksantikvaren sitt vedtak av 26. februar 2014.

Klagen tas ikkje til følgje.

Bakgrunn

Klagen frå Luster kommune gjeld avslag på søknaden, dagsett 20. januar  i år, om tilskot på

225 000 kroner frå statsbudsjettet 2014 kapittel 1429 post 79 til verdsarven Urnes stavkyrkje.

Søknaden inneheld tre element:

  • gjennomføre tiltak i samsvar med  skjøtselsplanen ved Laberg, ferjekai og på Øvre Urnes ved stavkyrkja
  • gjennomføre tiltak i samsvar med forvaltningsplanen for å setje i gang lokale delprosjekt for både Urnes og Solvorn
  • utvikle ein plattform for lokalt samarbeid  som skal styrkje verdsarvsarbeidet i Luster når det gjeld bygdeutvikling og berekraftig bruk av området
  • utrede en ny organisering av frivillige og kommunale krefter

Søknaden er avslått av Riksantikvaren. Det er stor etterspurnad etter tilskott til dei kulturminna og områda som er skrivne inn på Unesco si verdsarvliste.  Riksantikvaren må difor prioritere tilskot til tiltak som direkte får innverknad på verdsarvstaden. I dette tilfellet gjeld det Urnes kyrkje og kyrkjegarden. Søknaden frå Luster kommune omfattar også tiltak utanfor dei områda som er skrivne inn.

Grunngjevinga til klagaren, jf. brevet av 24. mars 2014

Klagen frå  Luster kommune er grunngjeve med at kommunen i samråd med Riksantikvaren har laga forvaltningsplanar både for Urnes og Solvorn med verdsarvmidlar. Søknaden er i tråd med desse forvaltningsplanane. I forvaltningsplanen heiter det mellom anna at Solvorn er inngangsportalen til Urnes. Unesco og Riksantikvaren har også uttalt at dei ser behovet for å søke om ei utviding av verdsarvområdet rundt Urnes stavkyrke. Dette arbeidet vil byggje på forvaltningsplanen Luster kommune har lagt til grunn for søknaden.

I klagen sin viser Luster kommune også til at Riksantikvaren har gjeve sju millionar kroner i tilskot frå verdsarvarbeidet til dei tre fartøya D/S «Stavenes», M/F “Storegut” - og D/ F ”Ammonia”. Kommunen spør korleis desse midlane kan løyvast over Statsbudsjettet 2014 kapittel 1429 post 79. Luster kommune peiker på at fartøya ikkje er skrivne inn på Unesco si verdsarvliste.

Riksantikvaren sine merknadar, jf. brevet av 12. mai 2014

Riksantikvaren har ikkje middel på budsjettet i år til det føremålet Luster kommune søkjer om. Mange søknader og avgrensa middel gjer at Riksantikvaren  først og fremst må prioritere prosjekter som er innafor dei områda som er skrivne inn. Riksantikvaren seier seg samd i Unesco sitt råd om at Solvorn og Urnes bør sjåast i samanheng og at verdsarvområdet bør utvidast. Når arbeidet med buffersonen er i gang, seier Riksantikvaren at det vil kunne prioritere mellom dei ulike tiltaka og vurdere tilskotet.

Riksantikvaren oppretthelder difor vedtaket om avslag datert 26. februar 2014.

Klima- og miljødepartementets merknader

I samsvar med forvaltingslova kan eit  enkeltvedtak fatta av Riksantikvaren påklagast til Klima- og miljødepartementet.

Departementet viser til at Riksantikvaren har prioritert dei verdsarvområda som er skrivne inn på verdsarvlista og område som har komne langt i søkjeprosessen i forbindelse med søknader på post 79 kap 1429 for 2014. Departementet registrerer at søknaden frå Luster kommune omfattar område som ligg utanfor det innskrivne området.

I sin klage peiker Luster kommune på at Riksantikvaren tidligare har støtta arbeidet med området rundt verdsarvstede Urnes, inkludert Solvorn. Forvaltingsplanar for området er mellom anna utarbeidd i samarbeid med Riksantikvaren. Det gjeld både eit større område rundt Urnes og Solvorn på den andre sida av fjorden. Det er også brei semje om at verdsarvområdet rundt Urnes bør utvidast, men prosessen er ikkje kommen i gang. Klima- og miljødepartementet kan forstå at Luster kommune søkjer om støtte frå post 79 til å styrkje arbeidet innafor desse viktige områda. Etter departementet si vurdering er avslaget frå Riksantikvaren  likevel i tråd med tidligare prioriteringar Riksantikvaren har gjort og med forvaltingspraksis der innskrivne områder og områder som er under innskriving blir prioriterte.

 Når det gjeld fordelinga av middel til fartøya M/F “Storegut” og D/ F ”Ammonia”, er desse en del av verdsarvsøknaden for Rjukan. D/S «Stavenes» er sentral i formidlinga av verdsarvstaden Nærøyfjorden.  Klima- og miljødepartementet viser til Riksantikvaren si utgreiing av dette i brevet dagsett 12. mai 2014 til Luster kommune. Klima- og miljødepartementet har ingen merknader til dei prioriteringane som er gjort.

Klima- og miljødepartementet kan elles ikkje sjå at det er feil ved saksbehandlinga  eller ved bruken av lova, feil som kan ha vært avgjerande for innhaldet i vedtaket, jf. Fvl § 41.  

Konklusjon

Klima- og miljødepartementet har gått gjennom og vurdert alle sidene av saka og har etter ei samla vurdering ikkje funne grunn til å gjere om vedtaket frå Riksantikvaren datert 26. februar 2014.

Riksantikvaren sitt vedtak blir oppretthaldt.

Klagen tas ikkje til følgje.

 

Med helsing

 

Elisabeth Platou (e.f.)
avdelingsdirektør

Eirik T. Bøe
seniorrådgjevar

Koppi: Riksantikvaren, pb 8196 dep, 0034 Oslo