Føresegner om tilskot til løypetiltak i fjellet og overnattingshytter - 2023 (V-0991 N)
Reglement | Dato: 27.06.2023 | Kultur- og likestillingsdepartementet
Status: Ugyldig/oppheva - erstatta av Føresegner om tilskot til løypetiltak i fjellet og overnattingshytter - 2024 (V-0991 N)
For tildelingar i 2024.
Sidan 1979 har det vorte sett av midlar til løypetiltak og overnattingshytter i samband med den årlege fordelinga av overskotet frå Norsk Tipping som skal nyttast til idrettsføremål.
Desse midlane er øyremerkte nemnde føremål, og det er berre nokre særskilte søkarar som kan søke om midlar innanfor denne ordninga, jf. punkt 2.1. Føremålet med midlane er å sikre at ålmenta fortsatt skal kunne ha tilgang til løyper og overnattingshytter som er viktige utgangspunkt for å kunne drive med fysisk aktivitet i ramma av friluftsliv.
Søknadsskjema finst på www.anleggsregisteret.no. Når søknaden er fullstendig utfylt, inkludert aktuelle vedlegg, vert den sendt elektronisk til DNT. Søknadene vert behandla av Den Norske Turistforening (DNT).