Forskrift om endring i forskrift om skogfond o.a.

Fastsett av Landbruks- og matdepartementet 3. mars 2014 med heimel i lov 27. mai 2005 nr. 31 om skogbruk (skogbrukslova) § 8, § 14, § 15 og § 16.

I

I forskrift 3. juli 2006 nr. 881 om skogfond o.a. skal det gjerast følgjande endring: 

§ 9 skal lyde:

§ 9. Oppgåveplikt

Alt skogsvirke som er omfatta av måleplikt etter § 3 skal meldast til ein landsomfattande virkesdatabase. Meldinga skal omfatte:

1. eigedommen sitt hovudnummer.
2. namn og adresse på eigaren.
3. namn og adresse på kjøparen.
4. kontraktsnummer eller anna referansenummer som identifiserer kontrakten mellom eigaren og kjøparen.
5. volum av det målte skogsvirke i fastkubikkmeter under bark, juletre og pyntegrønt i høvesvis tal og kg.
6. bruttoverdien av målt virke jf. § 2.
7. innbetalt beløp til skogfond.
8. kva system skogeigar eller den som sel på vegne av skogeigar er sertifisert etter.
9. informasjon om at ei aktsomhetsvurdering etter forskrift om gjennomføring av forordning (EU) nr. 995/2010 er utført.

Opplysningane skal vere fordelte på sortimentsgrupper. Når sortimentsgruppa ikkje eintydig viser kva treslag det gjeld, skal dette gå fram av ei eiga treslagsliste.

Sortimentsgruppene er:

1. industrivirke av gran (under dette edelgran, sitka, og lutzii) fordelt på sortimenta spesial, prima skur, sekunda skur, annan skur, sams skur og massevirke, massevirke og anna rundvirke.
2. industrivirke av furu (under dette contortafuru, lerk, thuja, hemlock og douglas) fordelt på sortimenta spesial, prima skur, sekunda skur, annan skur, sams skur og massevirke, massevirke og anna rundvirke.
3. industrivirke av lauv fordelt på sortimenta spesial, skur, sams skur og massevirke og massevirke.
4. virke til ved og til annan produksjon av biobrensel, fordelt på bar og lauv.
5. juletre og pyntegrønt.

Kjøparen er ansvarleg for å registrere måleopplysningane, men der registreringa skjer i måleforeininga sine virkessystem tek måleforeininga over det vidare registreringsansvaret.

Der måleforeininga sine virkessystem ikkje blir brukt, skal innmeldinga som eit minimum delast opp i henhold til sortimentsgruppene, og aktuelle treslag skal gå fram for kvar gruppe.

Der måleforeininga sine virkessystem ikkje blir brukt skal innmeldinga skje på skjema eller gjennom elektronisk medium. I tilfelle der kjøparen ikkje pliktar å betale inn til skogfond, jf. § 7 andre ledd, nr. 3 og 4, er det høvesvis skogeigaren eller allmenningsstyret som er ansvarleg for innmeldinga.

Registreringa skal skje seinast innan utløpet av den månaden heile eller delar av oppgjeret for det leverte virket forfell til betaling. Ved slutten av året skal alt virke som er levert og som tidlegare ikkje er innmeldt, meldast.

Skogeigar har ansvaret for at kontrakten og dokumentasjonen for gjennomført aktsomhetsvurdering blir tekne vare på i minst fem år etter hogsten, og den må kunne leggjast fram ved kontroll.

II

Forskrifta tek til å gjelde frå det same tidspunkt som forskrift om gjennomføring av forordning (EU) nr. 995/2010 tek til å gjelde.

Se forskriften på lovdata.no

Tilhørende lov

Til toppen