Forvaltningsreforma - informasjon om lovendringar mm.

H-04/09

Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) har ei samordningsrolle på vegne av Regjeringa i høve til forvaltningsreforma. Med dette rundskrivet vil departementet orientere om dei lovendringane som vart vedtekne i Stortinget i desember 2008, jf Ot.prp. nr. 10 (2008-2009).

Innleiing

Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) har ei samordningsrolle på vegne av Regjeringa i høve til forvaltningsreforma. Med dette rundskrivet vil departementet orientere om dei lovendringane som vart vedtekne i Stortinget i desember 2008, jf  Ot.prp. nr. 10 (2008-2009).  Vi vil også gjere kort greie for dei saksområda som enno ikkje er ferdig handsama, og som skal leggjast fram for Stortinget av det einskilde fagdepartement. Avslutningsvis gjev vi eit kort oversyn over dei aktivitetane som departementa planlegg å gjennomføre i 2009; som førebuing til overføring av nye oppgåver til fylkeskommunane og Oslo kommune frå 1. januar 2010.

Dette rundskrivet kan lastast ned frå KRD sine nettsider www.regjeringen.no/krd.
Der kan ein også finne annan informasjon og dokument som gjeld forvaltningsreforma.

Kort informasjon om vedtekne lovendringar

KRD la 24. oktober 2008 fram Ot.prp. nr. 10 (2008-2009) Om lov om endringar i forvaltningslovgivningen mv. (gjennomføring av forvaltningsreformen).  Proposisjonen inneheld framlegg til endringar i følgjande lover:
1)  Lov om viltet (lov 29. mai 1981 nr. 38)
2)  Lov om laksefisk og innlandsfisk mv. (lov 15. mai 1992 nr. 47)
3)  Kommunelova (lov 25. september 1992 nr. 107)
4)  Opplæringslova (lov 17. juli 1998 nr. 61)
5)  Lov om fagskoleutdanning (lov 20. juni 2003 nr. 56)
6)  Lov om Innovasjon Norge (lov 19. desember 2003 nr. 130)
7)  Lov om universiteter og høyskoler (lov 1. april 2005 nr. 15)
8)  Lov om akvakultur (lov 17. juni 2005 nr. 79)
9)  Havressurslova (lov 6. juni 2008 nr. 37).

Framlegga i Ot.prp. nr. 10 (2008-2009) vart i desember 2008 vedtekne i Stortinget utan endringar,  jf. Innst. O. nr. 30 (2008-2009) frå Kommunal- og forvaltningskomiteen. Lovendringane vart sanksjonerte 9. januar 2009 og skal setjast i verk frå 1. januar 2010.
Endringa i kommunelova gjeld oppheving av § 60 nr. 6 om særskild kontroll med fylkeskommunale økonomivedtak i tida fram til gjennomføring av forvaltningsreforma. Denne lovendringa vart sett i verk straks, jf. informasjon frå departementet i brev 26. januar i år.

Endringane i viltlova og lova om laksefisk og innlandsfisk

Endringane inneber at fylkeskommunen blir eitt av dei organa som utgjer vilt- og innlandsfiskeforvaltninga etter dei to nemnde lovene. Fylkeskommunen vil overta følgjande oppgåver frå fylkesmannen:

  • forvaltninga knytt til å sikre dei artene av vilt og innlandsfisk som ikkje er trua og som kan haustast
  • fordele tilskot til lokale vilttiltak frå det statlege viltfondet
  • samle inn og levere data til nasjonale databasar innan sitt ansvarsområde
  • rettleie kommunar og rettshavarar innanfor sitt ansvarsområde
  • ivareta omsynet til dei lokale bestandane ved gjennomføring av vassdragstiltak og  kultivering av innlandsfisk
  • syte for ålmenta sin tilgang på jakt og fiske

Dei ulike oppgåvene er nærmare omtala i Ot.prp. nr. 10 (2008-2009), side 67-70 .

Oppgåvene med å handsame klager på kommunale vedtak, statleg tilsyn, lovlegkontroll, (statleg) motsegn etter plan- og bygningslova, oppgåver innan forureiningsfeltet og bevaring av trua og sårbare arter og spesielle ansvarsarter og rettleiing knytt til desse oppgåvene, skal framleis ivaretakast av fylkesmannen.

Vassregionstyresmakt

Forskrifta om vassforvaltning vart sett i verk 1. januar 2007, som ein del av arbeidet med å implementere EU sitt rammedirektiv i Noreg. Som følgje av forskrifta er det oppretta ni vassregionar med utgangspunkt i nedbørfelta i Noreg. Ni fylkesmenn er utpeika som vassregionstyresmakt, og har hovudansvaret for å følgje opp vassforvaltningsforskrifta på regionalt nivå. Desse fylkesmannsembeta leier samarbeidet mellom aktørane, og er ansvarlege for ein omfattande prosess der fylkeskommunane, kommunane og statlege etatar deltek. Fylkeskommunane vedtek regionale forvaltningsplanar som fylkesdelplanar etter gjeldande plan- og bygningslov. Vassdirektivet føreset at dei regionale forvaltningsplanane blir evaluerte og rullerte kvart sjette år. Dette vil vere ei sentral oppgåve for vassregionstyresmakta. Etter at dei regionale forvaltningsplanane er vedtekne som fylkesdelplanar etter plan- og bygningslova, skal dei til endeleg godkjenning i regjeringa.

Det er ikkje naudsynt med lovendringar som følgje av at vassregionstyresmakta blir overførd til fylkeskommunane. Vassforvaltningsforskrifta må endrast. Miljøverndepartementet vurderer om det må fastsetjast ei eiga forskrift med heimel i ny plan- og bygningslov (plandelen), som vil gje rammene for organisering og innhald i arbeidet i aktuelle fylkeskommunar på dette området. Miljøverndepartementet vil følgje dette opp.

Oppgåvene som følgjer med vassregionstyresmakta er nærmare omtala i Ot.prp. nr. 10 (2008-2009), kap 6, side 70-72.

Klima

Det er lagt til grunn at fylkeskommunane skal ha ei viktig rolle i  arbeidet  med klimaspørsmål. Plan- og bygningslova, med ny plandel frå 1. juli 2009, er  eit av dei mest langsiktige klimaverkemiddel vi har. Desse oppgåvene er nærmare omtala i proposisjonen i kap. 2.5.2 , side 36 – 38.

Oppgåveendringar på utdanningsområdet

grunnopplæringsområdet er det vedteke eit nytt punkt i opplæringslova § 13 – 3 c om fylkeskommunen sitt ansvar for rettleiing og kvalitetsutviklingstiltak. Oppgåva inneber at fylkeskommunen, etter oppdrag frå departementet, skal rettleie kommunane og andre skoleeigarar om - og medverke til – kvalitetsutviklingstiltak,  som mellom anna kan gje god samanheng mellom grunnskolen og vidaregåande opplæring. Kunnskapsdepartementet kan gje nærmare føresegner om desse oppgåvene.

Lova om fagskoleutdanning vart sett i verk i 2003 og har som føremål å sikre fagskoleutdanningar av høg kvalitet gjennom ei offentleg godkjenningsordning. Godkjenninga blir gjort av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) – og ordninga med godkjenning gjeld både offentlege og private tilbydarar av slik utdanning.

Fylkeskommunane driv i dag dei tekniske fagskoleutdanningane og nokre fagskoleutdanningar i helse- og omsorgsfag utan å ha lovpålegg om dette. Pr. august 2008 var det til saman 1030 fagskoletilbod som var godkjende av NOKUT. Som følgje av endringane i lova om fagskoleutdanning, vil fylkeskommunane frå 1. januar 2010 få ansvaret for å syte for at det finst eit tilbod av godkjent fagskoleutdanning i fylket, som tek omsyn til behovet for kompetanse lokalt, regionalt og nasjonalt innan prioriterte samfunnsområde. Fylkeskommunane vil stå fritt til å avgjere om fagskoletilbodet i fylket skal realiserast i eigen regi eller gjennom finansiering av private tilbydarar. Fylkeskommunane vil vidare bli den instansen som etter lova har mynde til å gje offentleg tilskot til tilbydarar av godkjende fagskoleutdanningar.

Fylkeskommunane skal på grunnlag av endring i universitets- og høgskolelova oppnemne to av dei eksterne styremedlemene og personlege varamedlemmer for desse ved dei statlege høgskolane. Sametinget skal som representant for det samiske folk i Noreg oppnemne to eksterne representantar med varamedlemmer  til styret ved Samisk høgskole.

Oppgåveendringane på utdanningsområdet er nærmare omtala i  Ot.prp. nr. 10 (2008-2009), kap 5, side 62 – 66.

Endringar vedkomande eigarskapen til Innovasjon Noreg

Lova om Innovasjon Norge er endra på fleire punkt. Endringane legg til rette for at fylkeskommunane frå 1. januar 2010 kjem inn som deleigar i selskapet med 49 prosent. Staten, ved Nærings- og handelsdepartementet, sin eigardel blir då redusert til 51 prosent. Fylkeskommunane gjev nå oppdrag til Innovasjon Noreg. Fylkeskommunane vil som deleigar av selskapet frå 2010 få større moglegheit til å påverke mål, strategiar og prioriteringar for verksemda i Innovasjon Noreg.

Selskapet skal framleis vere organisert med hovudkontor, regionkontor og utekontor.  Det skal leggjast til rette for aktivt eigarskap for fylkeskommunane på alle nivå i organisasjonen til Innovasjon Noreg. Dette inneber at fylkeskommunane skal involverast i dei styrande organa i selskapet: føretaksmøtet, hovudstyret og dei regionale styra. Hovudstyret skal framleis velje dei regionale styra, etter innspel frå mellom anna fylkeskommunane. Hovudstyret vil framleis ha høve til å organisere selskapet slik at fleire fylker kan ha felles regionstyre og kontor. Fylkestinget får rett til å oppnemne to representantar direkte til dei regionale styra. Dette vil følgje av nye vedtekter for selskapet. Dei regionale styra vart no lovfesta. Fylkeskommunane vil som eigar medverke i oppnemning til hovudstyret.

Vedtektene for selskapet blir fastsette i føretaksmøtet. Nye vedtekter for selskapet, som vil vere operative frå 1. januar 2010, vil bli fastsette i eit føretaksmøte før årsskiftet. Dei nye vedtektene vil bli utarbeida av Nærings- og handelsdepartementet og fylkeskommunane. Det må også utarbeidast ein eigaravtale som regulerer det økonomiske ansvaret mellom eigarane. I ein slik avtale kan det også takast inn at det skal opprettast eit samarbeidsforum mellom eigarane og andre departement som overfører midlar til Innovasjon Noreg.

Endringane som vedkjem Innovasjon Noreg er omtala i Ot.prp. nr. 10 (2008-2009), kap. 3, side 46 - 49.

Oppgåveendringar på marin sektor


Det er gjort endringar både i akvakulturlova og havressurslova for å sikre overføring av oppgåver til fylkeskommunane frå 2010.

Endringane i akvakulturlova inneber at myndigheitene får heimel til å overføre oppgåver innan sakshandsaming av tildeling av løyve til akvakultur, til fylkeskommunane. Dei oppgåvene som skal overførast til fylkeskommunane er utdjupa i Ot.prp. nr. 10 (2008-2009) kap. 4.2.1. Oppgåvene som skal overførast blir i dag handsama av Fiskeridirektoratet sine regionkontor. Oppgåver med tilsyn, kontroll og klagehandsaming skal framleis vere ansvarsområda til Fiskeridirektoratet regionalt eller sentralt. Førsteinstansvedtak som blir fatta i Fiskeridirektoratet sentralt skal heller ikkje overførast. Fylkeskommunane vil få mynde til å gje løyver etter akvakulturlova både til oppdrett av matfisk av anadrome og marine artar, og havbeite. Fylkeskommunane vil også få mynde til å avgjere søknader om utviding og justering av eksisterande løyver og klarering av lokalitetar.

Fylkeskommunane vil vidare overta mynde til å avgjere søknader om akvakultur i ferskvatn. Slike saker blir i dag handsama av aktuelle fylkesmannsembete. Endeleg vil fylkeskommunane få ansvaret for å fremje motsegn på vegne av havbruksinteresser i kommunale kystsoneplanprosessar i medhald av plan- og bygningslova. Fiskeri- og kystdepartementet si myndigheit blir ikkje endra som følgje av overføringane.

I havressurslova er det vedteke ein heimel til å gje forskrifter om kva for saksområde fylkeskommunane skal få mynde til å avgjere. I proposisjonen er det peika på at dei aktuelle oppgåvene for fylkeskommunane vil vere tildeling av den einskilde skole sin undervisningskvote (innan skolekvoteordninga), fordeling av kvoter til jakt på kystsel på aktør-/jaktlagsnivå, utvikling av kriteriar om deltaking i og utøving av fangst av kongekrabbe, gjere framlegg om lokale fiskerireguleringar og oppgåver knytt til regional forvaltning av tang og tare. Desse oppgåvene vil også bli nærmare utdjupa og konkretiserte i forskrift frå Fiskeri- og kystdepartementet.

Oppgåveendringane innan akvakultur og havressursforvaltning er konkretiserte  i Ot.prp. nr. 10 (2008-2009), kap 4, side 50 – 61.

Kort om andre prosessar innan forvaltningsreforma

Ot.prp. nr. 10 (2008-2009) har i kap. 2 ein såkalla ”meldingsdel” med omtale av prosessar innan forvaltningsreforma som blir fremja for Stortinget i regi av det einskilde fagdepartement. Målsetjinga er at alle oppgåver skal vera klare til overføring frå 1. januar 2010.

Desse oppgåvene er dels av ein slik karakter at dei ikkje treng forankring i lov, til dømes der det er snakk om reine økonomiske verkemiddel som tilskotsforvaltning og liknande. Her vil budsjettproposisjonane hausten 2009 gje dei endelege svara på fylkeskommunane sitt forvaltningsansvar frå neste år. Andre oppgåveoverføringar kan krevje lovendringar, men desse kan vere knytt saman med prosessar som skal ende opp med andre/fleire dokument til Stortinget frå fagdepartementet. Eksempel på ei slik sak er oppgåvene innan samferdselssektoren, som vil inngå i Nasjonal transportplan og etterfølgjande lovproposisjon frå Samferdselsdepartementet.

Vi vil her gje eit kort oversyn over kva for saksområde som i løpet av 2009 vil bli lagt fram for Stortinget frå einskilde fagdepartement, kor framlegga vedkjem forvaltningsreforma:

  • Folkehelse.
    Helse- og omsorgsdepartementet arbeider med lovframlegg om fylkeskommunane sitt ansvar for folkehelsearbeidet. Proposisjon skal etter planen fremjast i vårsesjonen  2009.
  • Samferdsle.
    Rammene for overføring av øvrige riksvegar med tilhøyrande ferjestrekningar til fylkeskommunane vil inngå i Nasjonal transportplan. Denne skal etter planen leggjast fram for Stortinget før påske. Klassifiseringssaka vil i tillegg bli fremja for Stortinget for formell godkjenning. Samferdselsdepartementet vil seinare i vårsesjonen fremje ein odelstingsproposisjon om ny lov og endringar i veglova og vegtrafikklova som følgje av forvaltningsreforma. Det vil også vere naudsynt med utfyllande forskrifter.
  • Miljøvern.
    Eventuell overføring av fylkesmannen sine oppgåver innan områdevernet vil bli avklåra våren 2009. 
  • Landbruksområdet.
    Framlegg om oppheving av lovpålegget om fylkeslandsbruksstyre blir teke inn i Landbruks- og matdepartementet sin proposisjon om endringar i fleire deler av landbrukslovgjevinga. Proposisjonen skal etter planen leggjast fram i vårsesjonen 2009. Dersom det blir vedteke å overføre fleire oppgåver på miljøvernområdet, jf. St.meld. nr. 12 (2006-2007), vil regjeringa gjere framlegg om at også dei andre  oppgåvene til fylkesmannen på landbruks- og matområdet blir overførde til fylkeskommunane.

Kommuneproposisjonen for 2010 vil innehalde det samla opplegget for finansiering av forvaltningsreforma, mellom anna framlegg til nytt inntektssystem for fylkeskommunane. Dei endelege framlegga om midlar vil kome i det einskilde departement sin budsjettproposisjon hausten 2009.

Finansieringa av regionale forskingsfond vart handsama i Stortinget hausten 2008, på grunnlag av Kunnskapsdepartementet sin budsjettproposisjon for 2009. Fondskapitalen er 6 milliardar kroner. Det vil vere avkastninga av fondet sine midlar som blir disponibel til forskingsaktivitetar i det einskilde året. Den nærmare innretninga av dei regionale fonda og organiseringa av desse med fondsstyre og sekretariat mm , blir utgreia i samarbeid mellom Forskingsrådet og KS/fylkeskommunane.

Overføringa av nye oppgåver til fylkeskommunane blir førebudd av det einskilde fagdepartement på grunnlag av sektoransvarsprinsippet. Vi gjer merksam på at frå konsultasjonsmøtet mellom staten og kommunesektoren  28. oktober 2008 er det protokollert at KS vil bli involvert i utrekninga av kostnadene som vil følgje av reforma. Tidspunkta for involvering vil variere avhengig av kor langt departementa har kome i konkretisering av oppgåvene.

Departementa sine planlagde aktivitetar i 2009 (som ikkje er nemnde ovanfor)

Fiskeri- og kystdepartementet:

Når det gjeld akvakulturregelverket vil overføringa av oppgåver krevje fleire forskriftsendringar. Dette fordi fullmakta til å fatte førsteinstansvedtak for dei oppgåvene som skal overførast til fylkeskommunane, i dag er lagt til Fiskeridirektoratet sine regionkontor. Sjølv om overføringa ikkje vil innebere materielle endringar i regelverket, vil endringane bli sende på høyring. Dei aktuelle endringane vil bli sende på høyring tidleg i fjerde kvartal 2009.

Forskrifta om forvalting av sel på norskekysten vil bli endra innan tredje kvartal i år. Overføring av ansvaret for forvalting av tang og tare krev berre tekniske justeringar i forskrifta. Departementet ser det derfor ikkje naudsynt med høyring i denne samanheng.

Kultur- og kyrkjedepartementet:

På idrettsområdet vil departementet i nær framtid setje ned ei arbeidsgruppe som skal gå gjennom kriteriane for tildeling av spelemidlar til fylkeskommunane for tildeling til idrettsanlegg i kommunane.

Kultur- og kyrkjedepartementet vil våren 2009 utarbeide premissar og føringar som skal gjelde for fylkeskommunane si forvaltning av spelemidlar til investeringstiltak på kulturområdet.

Når det gjeld representasjon frå fylkeskommunane til styra i region-/landsdelsinstitusjonane, vil Kultur- og kyrkjedepartementet ta standpunkt til den nøyaktige fordelinga i løpet av 2009. Organisatoriske spørsmål knytt til bibliotek- og arkivsektoren vil bli drøfta i stortingsmeldingane om høvesvis bibliotek og digitalisering. Begge meldingane skal etter planen leggjast fram i vårsesjonen 2009.

Kunnskapsdepartementet:

Etter høyring av NOU 2007: 11 Studieforbund – læring for livet, har Kunnskapsdepartementet arbeidd med å følgje opp utgreiinga. I tråd med ei tilråding frå Tronutvalet vart framlegg til ny lov om læring utanfor det formelle utdanningssystemet send på høyring i januar 2009. Det blir teke sikte på å leggje fram ein odelstingsproposisjon til ny lov for Stortinget i vårsesjonen 2009.

Landbruks- og matdepartementet:

Oppgåvene som skal overførast frå fylkesmannen til fylkeskommunen gjeld forvalting av økonomiske verkemiddel til rekruttering og kompetanseheving i landbruket og medverknad i verdiskapingsprogram  mm. Landbruks- og matdepartementet vil klårgjere finansieringa av desse oppgåvene i årets jordbruksproposisjon som blir lagt fram våren 2099 og  i budsjettproposisjonen som blir lagt fram hausten 2009.

Miljøverndepartementet:

Fylkesmannen sine noverande oppgåver med ålment friluftsliv skal overførast til fylkeskommunen (unnateke statleg motsegn til kommunale arealplanar, tilsyn og det å vere klageorgan for kommunale vedtak). Fylkeskommunen er allereie forvaltningsorgan etter friluftslova, og det er derfor ikkje naudsynt å endre denne lova som følgje av overføring av oppgåver frå fylkesmannen til fylkeskommunen på friluftsområdet.

Overføring av vassregionstyresmakta krev forskriftsarbeid, både endring av gjeldande forskrift og eventuell ny forskrift til plan- og bygningslova. Desse forskriftene skal etter planen liggje føre til sommaren 2009. I tillegg vil overføring av regionale oppgåver etter viltlova og lakse- og innlandsfiskelova krevje endringar i forskriftene til desse lovene, og endringar i regelverket knytt til dei tilskotsordningane der fylkeskommunen skal overta fylkesmannen sin rolle. Miljøverndepartementet legg opp til høyringsrunde på utkast til forskriftsendringar før sommaren.

Nærings- og handelsdepartementet:

Overføring av 49 prosent av eigarskapen til Innovasjon Noreg krev utforming av både eigaravtale og vedtekter. Nærings- og handelsdepartementet vil utarbeide desse i dialog med fylkeskommunane. I eigaravtalen kan det takast inn føresegner om etablering av eit samarbeidsforum, der oppdragsgjevande departement og fylkeskommunane kan møtast. Når det gjeld etablering av eventuelle regionale innovasjonsselskap, vil departementet be fylkeskommunane og SIVA om å utarbeide ein rammemodell for slike selskap. Det er opp til SIVA og fylkeskommunane sjølve å avgjere om dei vil opprette regionale innovasjonsselskap.

Samferdselsdepartementet:

Ut over det som er nemnd i punktet ovanfor, vil det vere dialog mellom fylkeskommunane og Statens Vegvesen om overføring av ansvaret for øvrige riksvegar med tilhøyrande ferjestrekningar. Denne dialogen vil gå føre seg gjennom heile 2009.

 

Med helsing


Anne Nafstad Lyftingsmo e.f.
ekspedisjonssjef

Christine Hjortland
spesialrådgjevar 

Kopi:

Sametinget
KS (Kommunesektorens interesse- og arbeidsgiverorganisasjon)
Dei aktuelle departementa
Avdelingane i Kommunal- og regionaldepartementet