Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Klage på mellombels freding av Antonbua, gnr.48, bnr.7 i Midsund kommune

Riksantikvaren midlertidig fredet Antonbua (bua, skuret og naustet) samt området rundt, jf kml. § 22 nr. 4, jf §§ 15 og 19. Anlegget var regulert til forretning og kontor i en ny reguleringsplan. Kommunen ønsket å rive de gamle bygningene og bygge nytt i tråd med reguleringsplanen. Vedtaket ble påklaget til Miljøverndepartementet som fant at vilkårene for midlertidig fredning var oppfylt og at det var reell fare for tap av viktige kulturminneverdier. Formålet med den midlertidige fredningen var at Riksantikvaren skulle få kontroll med bygningene og skaffe seg noe mer tid til å kunne vurdere anlegget og om det er grunnlag for å starte opp en fredningsprosess.

Miljøverndepartementet viser til klage frå Midsund kommune datert 31.8.2012 på mellombels freding av Antonbua med området rundt, jf kulturminnelova § 22 nr. 4, jf §§ 15 og 19. Departementet  viser også til supplerande merknader til klagen frå advokatfirmaet Steenstrup Stordrange datert 23.11.2012.

Miljøverndepartementet har etter ei samla vurdering av saka kome fram til at det ikkje føreligg grunnlag for å oppheve Riksantikvaren sitt vedtak av 20.7.2012 om mellombels freding av Antonbua (bua, skuret og naustet) samt området rundt, jf kml. § 22 nr. 4, jf §§ 15 og 19.

Klagen tas ikkje til følgje.

Mellombels freding av kulturminne Antonbua

I medhald av kulturminnelova § 22 nr. 4, jf §§ 15 og 19 fatta Riksantikvaren 20.7.2012 mellombels freding av Antonbua samt eigedomsarealet rundt. Eigedomen utgjer gnr. 48, bnr. 7 i Midsund kommune. Ifølgje Riksantikvaren er bakgrunnen for saka den vedtekne reguleringsplanen frå 1.9.2011, manglande motsegn frå Møre og Romsdal fylkeskommune samt kommunen sitt uttalte ønske om å rive Antonbua. Riksantikvaren meiner direktoratet treng meir tid til ei grundigare vurdering av eigedomen sin verneverdi og om det skal settast i gang ei permanent fredingssak.

Midsund kommune påklaga vedtaket i brev av 31.8.2012. Riksantikvaren har vurdert klagen og oversendt den til handsaming i departementet ved brev av 5.10.2012, jf forvaltningslova (fvl.) § 33. Saka kom til departementet først den 1.11.2011. Riksantikvaren oppretthald vedtaket sitt.

Departementet fikk supplerande merknader til klagen frå Advokatfirmaet Steenstrup Stordrange på vegne av kommunen, jf brev av 23.11.2012.   

Mellombels freding av laust inventar i Antonbua

I medhald av kulturminnelova § 22 nr. 4, jf § 15 fatta Riksantikvaren den 2.10.2012 vedtak om mellombels freding av laust inventar i bua, skuret og naustet, slik at Riksantikvaren får høve til å gjere ei grundig vurdering av verneverdiane knytt til det samla kulturminnet. Bakgrunnen for saka var kommunen sitt varsel 24.9.2012 om tvangsfråviking etter tvangsfullbyrdingslova § 4-18 med krav om at Reidar Midsund fjernar sine eigendelar frå Antonbua innan 2 veker. Etter ei førebels vurdering har Riksantikvaren kome fram til at inventaret kan ha nasjonal verneverdi innan kystkultur og fiskerihistorie.

Vedtaket er ikkje påklaga, men Midsund kommune uttaler i brev av 10.10.2012 til Riksantikvaren at dei ynskjer å disponere over eigen eigedom. Kommunen seier at dei ikkje har til føremål å fjerne eller øydelegge laust inventar og gjenstandar av mogleg kulturhistorisk verdi. Kommunen vil forplikte seg til å finne alternative lagrings- og oppbevaringsstader om det vert aktuelt og inviterer Riksantikvaren til ein nøgnare gjennomgang av inventaret.

Bakgrunn for saka

Antonbua består av tre bygg som vert omtala som bua, naustet og skuret. Riksantikvaren har etter ei førebels vurdering kome fram til at anlegget, i lys av bygningane og den verksemda dei var ein del av, har nasjonal verneverdi innan kystkultur og fiskerihistorie.

Reguleringsplanen for Midsund sentrum, vart eigengodkjent av kommunestyret den 1.9.2011. I planen er området til Antonbua regulert til forretning/kontor. Møre og Romsdal fylkeskommune har vært involvert i planprosessen og uttalt seg ved fleire høve til planen. Fylkeskommunen har ikkje reist motsegn for så vidt gjelder Antonbua, men mellom anna uttalt at det ville vere positivt om kommunen kunne få til ei bevaring av Antonbua.

Reguleringsplanvedtaket vart påklaga av fleire, mellom anna Fortidsminneforeininga, avdeling Romsdal, og av tidlegare eigar av Antonbua.  Fylkeskommunen hadde ein merknad til kommunen sin eigengodkjenning av reguleringsplanen kor Fylkeskonservatoren sterkt rår i frå tiltak som er egna til å føre til tap av kulturhistorisk verdi på og i kring Antonbua, jf brev av 17.10.2011. Fylkesmannen skriv i klagehandsaminga om Antonbua at:  ”Det er ikkje tvilsamt at denne bryggja er eit viktig kulturminne  frå nyare tid. Gjennom denne reguleringsprosessen har det også blitt klart  at det er eit lokalt engasjement for å sikre at bryggja blir bevart (…..) Konkret i denne saka er det likevel slik at spørsmålet om det gjennom ei reguleringsplan skal leggast opp til bevaring av denne bryggja i stor grad er eit spørsmål av lokalpolitisk art. Dette er situasjonen da det ikkje er reist motsegn til reguleringsplanen.” Fylkesmannen handsama klagesaka og stadfesta reguleringsplana i brev av 6.6.2012.

Midsund kommune sin klage, jf brev av 31.8.2012

Kommunen uttaler at vedtaket bygger på mangelfullt faktum/historikk og mangel på retts- og skjønnsutøving.

Riksantikvaren kom for seint inn i saka

Kommunen meiner Riksantikvaren sitt vedtak er eit overtramp i høve til lokal sjølråderett. Kommunen stiller seg uforståande til uryddig saksgang. Spørsmål kring Antonbua har vore via mykje tid og fått brei omtale. Det har vore ein lang og særs krevjande prosess for ein liten kommune. Fylkeskommunen sin kulturavdeling har vore på fleire synfaringar, men ikkje reist motsegn.

Kommunen meiner det er sterkt beklageleg at Riksantikvaren kjem på banen på overtid, i ei sak som har gått føre seg i årevis.  Fylkesmann, fylkeskommunen og kommunen har brukt mykje tid og ressursar for å få til ein tenleg reguleringsplan. At Riksantikvaren fem veker etter at planen vert stadfesta har kome til ein annan konklusjon finn kommunen underleg. Kommunen stiller spørsmål ved kva sakleg grunnlag vedtaket om mellombels freding byggjer på. Kommunen meiner at ein permanent freding vil kunne setje ein stoppar for nødvendig utvikling av ”indrefileten” i sentrum og gjennom det stoppe sentrumsutviklinga.

Vernestatusen til Antonbua er ikkje redusert

Kommunen meiner det ikkje stemmer at vernestatusen til Antonbua blei redusert frå bevaring til forretning/kontor. Reguleringsplanen som blei starta opp i 1996 og oppheva av Fylkesmannen i 2005, var ikkje gyldig som reguleringsplan. Dermed blir det feil av Riksantikvaren å seie at kommunen har redusert vernestatusen til Antonbua. I reguleringsprosessen frå 2006 til 2012 har ikkje Antonbua hatt vernestatus.

Antonbua si verdi i forhold til andre sjøhus med vernestatus

Kommunen undrar seg over at alle bygningane vart mellombels freda og stiller spørsmål ved Antonbua si betyding for kystkulturen og fiskerihistoria. Kommunen viser til at det er fleire sjøhus, mellom anna Straumsneset, gamle Opstad Handelshus. Dei har fått vernestatus i den nye reguleringsplanen og er i bruk og godt vedlikehaldne.

Riksantikvaren sine merknader til kommunens klage, jf brev av 5.10.2012

Etter synfaring og møtet med kommunen i Midsund 17.7.2012 fatta Riksantikvaren vedtak 20.7.2012. Riksantikvaren peiker på at dei både før synfaringa og straks etterpå  gjorde undersøkingar. Direktoratet uttalar at det i vurderinga si støtta seg på rapportar frå tunge fagmiljø. Riksantikvaren meiner mellom anna at Antonbua som kulturminne er interessant som landanlegg for fiskefartøy og som foredlingsanlegg for ulike fiskeri opp gjennom 1900-tallet.

Når det gjeld mellombels freding av alle dei tre bygga, heng dette saman med trusselbiletet og Riksantikvaren sitt kunnskapsgrunnlag knytt til dei einskilde bygga.  Riksantikvaren så raskt at dei måtte ha meir tid for å kunne foreta ei grundigare vurdering av verneverdiane. Dette saman med trusselbiletet var årsaka til at  mellombels freding var fatta så raskt etter synfaringa.  

Riksantikvaren ser ikkje noko motsetnad mellom ei freding av Antonbua, utvikling av sentrum og målet om ei meir heilskapleg og estetisk sjøside. Riksantikvaren vil gjerne delta i ein prosess der Antonbua inngår som eit viktig areal i vidareutviklinga av Midsund sentrum.

Supplerande merknadar til klagen frå Advokatfirmaet Steenstrup Stordrange, jf brev av 23.11.2012

På vegne av Midsund kommune har Advokatfirmaet Steenstrup Stordrange sendt supplerande merknadar til klagen som følgjer:

Manglande førehandsvarsling, jf fvl § 16

Advokaten visar til fvl § 16 om at parten ikkje er førehandsvarsla med frist til å uttala seg til vedtaket slik lova føreskriver. Han meiner at unntaket i tredje ledd bokstav a ikkje kjem til bruk. Varsling var praktisk mulig og varsling ville ikkje medføre fare for at vedtaket ikkje kunne gjennomføres.

Advokaten viser til tredje ledd bokstav c, om at det riktig nok vart gjennomført møte mellom kommunen og Riksantikvaren på førehand av vedtaket, men det kom ikkje her klart fram at vedtaket ville bli gjennomført. Advokaten viser til Riksantikvarens sine sakshandsamingsreglar om at partane normalt skal varsles på forhånd, men at dette kan unnlates dersom det vil medføre fare for at kulturminnet i mellomtiden blir ødelagt.  Det var ikkje grunnlag for å seie at Antonbua ville bli øydelagd om kommunen hadde blitt varsla. Advokaten meiner manglande førehandsvarsel er ein sakshandsamingsfeil.

Saka er ikkje tilstrekkeleg utgreidd, jf fvl. § 17

Sjølv om det er eit hastevedtak må saka utgreiast innanfor dei rammene det konkrete vedtaket gir. Advokaten peiker særleg på forhold knytt til ein svært tid- og ressurskrevjande reguleringsprosess og det sterke behovet Midsund kommune har for sentrumsutvikling.

Advokaten viser til fvl. 17 tredje ledd om at kommunen ikkje har fått innsyn i grunnlaget som Riksantikvaren har basert vurderinga si på og ikkje fått moglegheit til å uttale seg om dette.  Advokaten viser til brev frå fylkeskommunen av 23.7.2012 kor det går fram at Riksantikvaren fekk levert dokument i saka frå fylkeskommunen på synfaringa. At saka ikkje er tilstrekkeleg utgreidd støttes av den svært korte sakshandsamingstida i forkant av vedtaket.

Riksantikvaren har ikkje gitt tilstrekkeleg grunngjeving for vedtaket, jf fvl. §§ 24 og 25

Riksantikvaren kommenterar ikkje korleis ein ser på omsynet til at kommunen i samarbeid med fylkeskommunen si kulturavdeling har gjort vurderingar for korleis ein ynskjer å verne kulturminne i området. Vidare det uheldige ved at Riksantikvaren kjem på bana med eit mellombels fredingsvedtak så seint i prosessen. 

Riksantikvaren kommenterer heller ikkje korleis ein ser på forholdet mellom Antonbua og andre sjøbuer i området og dei konsekvensane ei freding vil få for sentrumsutviklinga i kommunen.

Riksantikvaren har ikkje gjort ei tilfredsstillande saksførebuing i klagesaka, jf fvl. § 33

Advokaten meiner Riksantikvaren ikkje har gjort dei undersøkingar klagen gir grunn til. Advokaten peiker på at medan saksførebuing i fredingssaka tok knappe to døgn, tok det Riksantikvaren over to månadar å oversende klagen til departementet.

Andre kritikkverdige forhold

Advokaten viser mellom anna til rundskriv T-4/92 og T-2/2003 om sakshandsamingsreglar mellom fylkeskommunen og Riksantikvaren knytt til handsaming av plansaker og motsegn. Rutinane er ikkje er følgde opp.  Når Riksantikvaren kjem så seint på bana får dette svært negative konsekvensar i ein kommunen der reguleringsprosess har vore svært tid- og ressurskrevjande. Advokaten peiker på at når planen er akseptert av fylkeskommunen føreligg kommunen sin eigengodkjenningsfullmakt og Riksantikvaren kan ikkje fremja motsegn. 

Riksantikvaren har verken i vedtaket eller i oversending av klage til Miljøverndepartementet kommentarar til desse forholda, noko som taler for at vedtaket ikkje er tilstrekkeleg opplyst og/eller grunngjeve.

Sakshandsamingsfeil kan ha verka bestemmande inn på vedtaket sitt innhald, jf fvl § 41.

Advokaten gjer gjeldande at det er grunn til å rekne med at sakshandsamingsfeil som ligg føre kan ha verka bestemmande inn på vedtaket sitt innhald, jf fvl. § 41. Særleg peiker advokaten på at kommunen ikkje fekk moglegheit til å uttale seg eller på anna måte bidra til eit forsvarleg avgjerdsgrunnlag i forkant av vedtaket.

Miljøverndepartementets e-post av 3.12.2012 til Riksantikvaren 

Departementet viser til e-post av 3.12.2012 kor Riksantikvaren blei bedt om å kommentere advokatens supplerande merknader til klagen. Riksantikvaren blei også bedt om å kommentere trusselen når det gjeld mellombels freding av laust inventar.

Riksantikvarens merknader i brev av 7.12.2012

Manglande førehandsvarsel, jf fvl. § 16

Riksantikvaren viser til at hovudregelen for mellombels fredingsvedtak er at dei ikkje førehandsvarslar. Om eigar eller brukar skulle få høve til å uttale seg til eit førehandsvarsel om mellombels freding, ville dei samstundes få høve til å komme vedtaket i forkjøpet ved å realisere den aktuelle trusselen. Når det gjeld Riksantikvarens sakshandsamingsreglar er direktoratet samde i at desse kan mistydast og vil sjå til at desse snarast vert retta opp. Riksantikvaren meiner at Antonbua er truga ved kommunen som eigar har gitt signal om at det vil være ønskeleg å rive eller flytte bua for å få realisert den nye reguleringsplanen for Midsund sentrum.

Saka er ikkje tilstrekkeleg utgreidd, jf fvl. § 17

Riksantikvaren vart kontakta av tidligare eiger Asbjørn Midsund i november 2011 om den nye reguleringsplanen og at det vart eit ønskje om bevaring av Antonbua. Riksantikvaren blei på ny varsla i mars 2012 om den høge verdien samt moglegheit til framtidig bruk.  Riksantikvaren gjer greie for prosessen fram mot mellombels freding. Dette gjeld mellom anna fylkeskommunen sin deltaking i planprosessen, deira understreking av kulturminneverdiane til Antonbua, men at dei ikkje har nytta seg av høve til motsegn til planen.  Riksantikvaren hadde motteke faglege rapportar om Antonbua som kasta nytt lys over saka. Trusselbilete og kulturminneverdiane knytt til Antonbua gjorde det naudsynt å fatte vedtak om mellombels freding slik at Riksantikvaren kunne få høve til å gjere ei grundigare vurdering av verneverdiane.

Etter vedtak om mellombels freding har Riksantikvaren hatt møte med kommunen i august 2012, og i september 2012 i samband med ei synfaring. Riksantikvaren tok her i mot dokumenter i saka.

Riksantikvaren har ikkje gitt tilstrekkeleg grunngjeving for vedtaket, jf fvl. §§ 24 og 25

Når det gjeld forhold mellom Antonbua  og andre sjøbuar i området, samt kva  konsekvensar ei freding vil få for sentrumsutviklinga som advokatfirmaet etterlysar, vil Riksantikvaren vurdere dette nærare i den vidare prosessen. Riksantikvaren ser ikkje at det er manglar ved grunngjevinga.

Saksførebuinga i klagesaka er ikkje tilfredsstillande, jf fvl. § 33

Advokaten viser til at Midsund kommune har peika på feil og manglar i vedtaket. Dette har ikkje Riksantikvaren kommentert når klagen blei oversend til departementet. Riksantikvaren er ikkje samd i dette. 

Advokaten hevdar at klaen ikkje var send over til departementet raskt nok. Riksantikvaren peiker på at det var naudsynt med ei ny synfaring og eit møte i Midsund kommune den 17.9.2012. Riksantikvaren meiner at ei sakshandsaming på litt over ein månad ikkje bryt med det som er normalt.

Andre kritikkverdige forhold

Advokaten peiker på at fylkeskommunen korkje har reist motsegn eller klaga over reguleringsplan og at berre eit statleg fagorgan innan same sektor kan reise motsegn.  Riksantikvaren er samd i at fylkeskommunen burde ha handsama plansaka på ein noko annen måte, men uttalar at fylkeskommunen trass alt gjennom heile planprosessen har gitt utrykk for at Antonbua er eit viktig kulturminne som må takast vare på.

Riksantikvaren uttaler at dei formelt sett kan starte opp ein fredingsprosess i strid med ein gjeldande reguleringsplan, men at direktoratet ikkje kan sjå at vedtaket er i strid med planen. Riksantikvaren viser til at det er eit anna trusselbilete som er grunngjevinga for mellombels freding.

Sakshandsamingsfeil kan ha verka bestemmande inn på vedtaket sitt innhald, jf fvl § 41.

Riksantikvaren har ikkje kommentert dette punktet.

Riksantikvaren sine merknader til mellombels freding av det lause inventaret

I e-post frå Miljøverndepartementet av 3.12.2012 blei Riksantikvaren også bedt om å kommentere om trusselen var tilstede for det lause inventaret, jamfør at kommunen i brev av 10.12.2012 seier at dei kan finne alternative moglegheiter for lagring. Riksantikvaren seier i e-post av 17.12.2012 at trusselbilete er endra, men stiller seg uforståande til kommunen sitt behov for å tømme Antonbua så lenge fredingssaka ikkje er avklart. Riksantikvaren meiner det vil være arbeidskrevjande å ta stilling til kva det er naudsynt å flytte med omsyn til vern og at desse vurderingane kan vente til klagesaka vert avgjort. 

Departementet sine merknader

Kulturminneforvaltninga kan fatte vedtak om mellombels freding etter kulturminnelova § 22 nr. 4 når eit objekt eller område står i fare for å bli øydelagd eller skada, dersom ein følgjer dei vanlege sakshandsamingsreglane for fredingssaker.

Riksantikvaren har fatta to vedtak om mellombels freding av Antonbua. Det er berre vedtak av 20.7.2012 som er påklaga. Når det gjeld vedtak av 2.10.2012 om mellombels freding av laust inventar, vil saka bli kommentert, men vil ikkje vere ein del av klagehandsaminga.                                                          

Manglande førehandsvarsling, jf fvl. § 16

Forvaltningslova sine generelle sakshandsamingsreglar kjem inn i saker om mellombels freding. Dei ordinære reglane om at vedtak skal varslas på førehand, kan likevel utelates når det er fare for at slikt varsel kan føre til at vedtaket ikkje kan gjennomførast, jf fvl. § 16. Etter forvaltningspraksis er dette normalt situasjonen, fordi ein mellombels freding berre kan vedtas der det føreligg ein akutt trussel mot kulturminnet eller området. Det må likevel i kvar einskild sak gjerast ei konkret vurdering av om førehandsvarsel kan utelates. Det er uheldig at sakshandsamingsreglane til Riksantikvaren er presise på dette punktet.

Riksantikvaren uttaler at reglane skal rettast opp umiddelbart.

Advokaten meiner det ikkje er grunnlag for å seie at Antonbua ville bli øydelagd om Riksantikvaren hadde tatt seg tid til å sende førehandsvarsel.  Kommunen har ved fleire høve ytra ønskje om ein snarleg gjennomføring av reguleringsplanen, og eit særleg uttrykt ønskje om å fjerne Antonbua. Departementet meiner at manglande varsel kan forsvarast i denne saka. Dette vil difor ikkje innebere at det føreligg ein sakshandsamingsfeil.

Saka er ikkje tilstrekkeleg utgreidd, jf fvl. § 17

Det følgjer av fvl. § 17 at forvaltningsorganet skal sjå til at saka er så godt opplyst som mogeleg før vedtaket treffes. Utgreiingsplikta etter fvl. § 17 vert  likevel modifisert ut frå same synspunkt som plikten til førehandsvarsling etter fvl. § 16. Dette skyldast at vedtak om mellombels freding ofte må treffast raskt for at det ikkje skal skje noko som kan øydelegge eller redusere verdiane til kulturminnet.

Advokaten viser til at kommunen har peika på feil og manglar i Riksantikvarens sitt vedtak.  Særleg er det peika på forhold knytt til ein svært tid- og ressurskrevjande reguleringsprosess og det markerte behovet kommunen har for utvikling sentrum. Advokaten meiner det er eit symptom på at saksutgreiinga ikkje har vore god nok i forkant av vedtaket.

Departementet ser at det formelt sett ikkje er riktig at kommunen har redusert Antonbua si vernestatus ved endring av reguleringa frå vern til forretning/kontor. Grunnen er at reguleringsplanen kor Antonbua hadde vernestatus blei oppheva i 2005 av Fylkesmannen som ugyldig. Slik departementet ser det blei dette likevel ei oppfordring for Riksantikvaren til å sjå nærare på saka, da det i realiteten må sjåast på som ei endring i kommunen si vurdering av Antonbua. Departementet ser ikkje på Riksantikvaren sin påpeiking av dette i fredingsvedtaket som ein feil som har betyding for resultatet i saka.

Advokaten peiker også på forvaltninga si informasjonsplikt og partane sine moglegheiter til å gjere seg kjent med opplysingar av betyding for saka, jf fvl. § 17. Advokaten seier at kommunen ikkje har fått innsyn i kva Riksantikvaren har basert si vurdering på. Av det som går fram av Riksantikvaren sine undersøkingar fram mot vedtaket, jf særleg i brev av 7.12.2012, meiner departementet at desse utgreiingane har vært tilfredstillande, jf fvl.  § 17, og ligg innafor rammene som eit hastevedtak gir. At handsaminga av saka vart raskt gjennomført meiner departementet har vore positivt i  denne samanheng. 

Riksantikvaren har ikkje gitt tilstrekkeleg grunngjeving for vedtaket, jf fvl. §§ 24 og 25

Advokaten og kommunen peiker på at vedtaket ikkje tar for seg korleis kommunen saman med fylkeskommunen har gjort vurderingar for korleis ein ynskjer å verne kulturminne i området. Dei uttaler at forholdet mellom Antonbua og andre sjøbuer i området er svært sentralt. Vidare det uheldige ved at Riksantikvaren kjem på bana så seint i prosessen.

I ei sak hastesak om mellombels freding vil det ofte ikkje vere rom for å vurdere alle desse aspekta i saka. Riksantikvaren treng meir tid til å gjere slike vurderingar og det er dette ei mellombels freding skal gi anledning til. Riksantikvaren uttaler at i den vidare prosessen vil dei vurdere grundigare både forholdet til andre sjøbuar i området, og kva for konsekvensar ei freding vil få for den vidare sentrumsutviklinga i Midsund. Departementet meiner vedtaket er tilstrekkeleg grunngitt, jf fvl. §§ 24 og 25.

Saksførebuinga i klagesaka er ikkje tilfredsstillande, jf fvl. § 33

Advokaten viser også under dette punktet til kommunen sin påpeiking av feil og manglar ved fredingsvedtaket og meiner at Riksantikvaren ikkje har svart tilfredsstillande på kommunen sin klage. Når det gjeld den faglege vurderinga av Antonbua og andre sjøbuar som klagar meiner det manglar ei vurdering av, skal Riksantikvaren vurdere dette i den vidare prosessen, jf direktoratet sitt brev av 7.12.2012.

Når det gjeld påpeiking av manglande undersøkingar i etterkant av kommunens klage av  30.8.2012, går det fram at Riksantikvaren har gjort fleire undersøkingar. Direktoratet fant det mellom anna naudsynt både med ei synfaring og eit møte med kommunen den 17.9.2012. Riksantikvaren oversende deretter klagesaka til departementet i brev av 5.10.2012. Sjølv om departementet fyrst mottok klagen 1.11.2012, uvisst korfor, meiner departementet at dette er ei forsvarlig sakshandsamingstid som ikkje avvikar frå kva som er normalt.

Andre kritikkverdige forhold

Advokat peiker på at rutinane for samarbeid mellom fylkeskommunen og Riksantikvaren i plansaker ikkje er etterlevd i denne saka og viser til Miljøverndepartementet sine rundskriv T-4/92 og T-2003. Det går mellom anna fram at fylkeskommunen er forplikta til å varsle saken til Riksantikvaren der nasjonale kulturminneinteresser er trua og fylkeskommunen ikkje vil fremja motsegn. I slike tilfelle der fylkeskommunen aksepterer planen, føreligg kommunen sin eigengodkjenningsfullmakt. 

Departementet vil peike på at fylkeskommunen var involvert i planprosessen frå 2006 og framover. Fylkeskommunen uttalte det ville være positivt om kommunen kunne få til ei bevaring av Antonbua, men det ble ikkje fremja motsegn til dette punktet. Riksantikvaren er einig i at fylkeskommunen burde handsama plansaka på ein noko anna måte.

Etter at reguleringsplanen vart eigengodkjent, hadde fylkeskommunen ein merknad i samband med klagehandsaminga av planen, kor dei viktige verneverdiane til Antonbua ble presisert. Departementet har merka seg at i og med at fylkeskommunen ikkje fremja  motsegn når det gjeld Antonbua, hadde dei ei noko anna vurdering av saka enn Riksantikvaren. Difor ble heller ikkje saka oversend til direktoratet. Fylkeskommunen er gitt myndigheit til å ta stilling til spørsmålet om det føreligg nasjonale interesser i ei sak. Departementet er ikkje einige med Riksantikvaren i at fylkeskommunen burde handsama reguleringsplanen på ein anna måte. Vi meiner det ikkje er noko å kritisere fylkeskommunen for i deira handtering av planen. Departementet meiner dette ikkje er avgjerande for om Riksantikvaren har heimel til å vedta mellombels freding.

Området F/K2 i reguleringsplanen, kor eigedomen med Antonbua ligg, er regulert til føremål forretning/kontor. Når det gjeld dei tre bygningane som kallas Antonbua er departementet ikkje samd med Riksantikvaren i at mellombels freding ikkje er i strid med planen. Grunnen til det er at kommunen med heimel i planen kan fjerne alle bygningane etter søknad. Det same synspunktet gjer seg gjeldane for området rundt som er freda etter kml. § 19. Det vil derfor i utgangspunktet ikkje vil vere mogelig for kommunen å realisere føremålet forretning/kontor på dette arealet, slik vedtaket nå ligg føre. Denne del av fredinga er også i strid med planen.

Departementet er likevel einige i at Riksantikvaren kan fatte vedtak om mellombels freding i strid med ein gjeldande reguleringsplan. Det prinsipielle forholdet mellom fredingsvedtak etter kulturminneloven og reguleringsplanvedtak etter plan- og bygningslova er avklart i lov og forarbeid, jf kml. § 22 og Ot.prp. nr. 51 (1987-88) Om endringar i plan- og bygningslova. Departementet føreset at Riksantikvaren vurderer alle desse forholda i samband med ein eventuell fredingsprosess og tar stilling til om det er grunnlag for å sette i gang prosessen.  

Sakshandsamingsfeil kan ha verka bestemmande inn på vedtaket sitt innhald, jf fvl. § 41

Departementet meiner at så lenge saka gjeld eit hastevedtak, og saka er godt nok utgreidd, føreligg det ikkje sakshandsamingsfeil som har verka bestemmande inn på vedtaket sitt innhald.

Mellombels freding av det lause inventaret

Som nemnd innleiingsvis ble Riksantikvaren i e-post 3.12.2012 frå Miljøverndepartementet også bedt om å uttale seg til om trusselen for det lause inventaret framleis var til stades når kommunen i brev av 10.12.2012 uttaler at dei kan finne alternative lagringsmogligheiter. Riksantikvaren skriv i e-post av 17.12.2012 at trusselbilete for det lause inventaret er endra, men stiller seg likevel uforståande til kommunen sitt behov for å tømme bua så lenge fredingssaka er uavklart. Riksantikvaren meiner det vil være arbeidskrevjande å ta stilling til kva det er naudsynt å flytte med omsyn til bevaring og at det er hensiktsmessig at desse vurderingane kan vente til klagesaka  er avgjort. 

Avsluttande kommentarar

Miljøverndepartementet har etter ei totalvurdering kome til at vilkåra i kulturminnelova for mellombels freding er oppfylt og at det var reell fare for tap av viktige kulturminneverdiar. Departementet vil understreke at føremålet med den mellombels fredinga er at Riksantikvaren skal få kontroll over bygningen og skaffe seg noe tid til både å kunne vurdere Antonbua og om det er grunnlag for å starte opp ein fredingsprosess.

Avgjerda til departementet i denne saka, inneber ikkje noko endeleg standpunkt til kulturminnefaglege vurderingar som tas opp i klagen. Riksantikvaren må nå gjere ei fullstendig gjennomgang og vurdering av dei kulturhistoriske verdiane knytt til heile eigedomen som utgjer Antonbua før eventuell oppstart av ein fredingsprosess.

Konklusjon

Miljøverndepartementet har på bakgrunn av opplysingar i saka ikkje funne at det føreligg grunnlag for å oppheve Riksantikvaren sitt vedtak av 20.7.2012 om mellombels freding av Antonbua, etter kml. § 22 nr. 4, jf. §§ 15 og 19.  Klagen tas ikkje til følgje.

 

Med helsing

Elisabeth Platou (e.f.)
avdelingsdirektør

Ragnhild Guribye
seniorrådgjevar

Adresseliste:

Midsund kommune
v/ordførar Einar Øyen
6475 Midsund

Advokatfirmaet Steenstrup Stordrange
v/advokat Reidar Andresen
Keiser Wilhelmsgt. 23
6003 Ålesund

Gjenpart:

Riksantikvaren
Pb 8196 Dep.
0034 Oslo

Møre og Romsdal fylkeskommune
Fylkeshuset
6404 Molde