Generelt - Omdanning av samvirkeforetak til aksjeselskap

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Justis- og politidepartementet

Saksnummer: 200407436 EP

 

Dato: 07.06.2004

TFj/bj

   

 

Omdanning av samvirkeforetak til aksjeselskap

1.      Vi viser til Dykkar brev 4. juni 2004, der det blir stilt spørsmål om fordeling av aksjar i samband med omdanning av samvirkeforetak til aksjeselskap. Spørsmålet er om ein ved fordelinga av aksjar i det nystifta aksjeselskapet kan ta omsyn til andelseigarane si omsetning med foretaket i ein periode før omdanninga. Det er også stilt spørsmål om kor lang denne perioden i tilfelle må vere, og om to år vil vere tilstrekkeleg.

Vi føreset i det følgjande at dei andre vilkåra for å gjennomføre ei omdanning er oppfylt, og går ikkje inn på desse. Vi viser for så vidt til vår tolkingsfråsegn i sak 96/13750 E. Vi presiserer også at vi gjennomfører ei reint samvirkerettsleg drøfting utan tanke på spørsmålet om skatte- og avgiftsrettsleg kontinuitet.

2.      Spørsmålet om ein ved fordelinga av aksjane kan ta omsyn til andelseigarane si omsetning med foretaket før omdanninga, må løysast på grunnlag av vedtektene i foretaket og ulovfesta samvirkerett.

Vi drøftar først situasjonen der vedtektene inneheld føresegner om omdanning til aksjeselskap. Vedtekter som seier at aksjane skal fordelast på grunnlag av andelseigarane si omsetning med foretaket i ein periode før omdanninga, skaper i utgangspunktet ikkje problem i forhold til samvirkerettslege reglar. Etter vårt syn er ei slik fordeling av aksjane godt i samsvar med samvirkeprinsippa. Føresetnaden må vere at den relevante samhandlingsperioden ikkje er for kort, jf. punkt 3 nedanfor. Dersom vedtektene regulerer omdanningssituasjonen, men ikkje korleis aksjane skal fordelast, kan det reisast spørsmål om det vil vere i samsvar med samvirkerettslege reglar å fordele aksjane utelukkande på grunnlag av omsetning. Ei slik fordeling kan slå uheldig ut for andelseigarar som ikkje har hatt omsetning med foretaket i den aktuelle perioden før omdanninga. Vi har ikkje høve til å drøfte dette spørsmålet nærmare no, men nemner at det i desse tilfella kan vere naturleg å leggje vekt på korleis nettoformuen skal fordelast ved oppløysing.

Dersom vedtektene ikkje inneheld føresegner om omdanning, må ein etter vårt syn ta utgangspunkt i reguleringa av korleis nettoformuen skal fordelast ved oppløysing. Seier vedtektene at andelseigarane ved oppløysing skal ha krav på å få utbetalt ein andel av nettoformuen basert på storleiken på andelsinnskota, vil eventuelle passive andelseigarar ha krav på dette også i ein omdanningssituasjon. Ein andelseigar som går imot omdanninga, har derfor rett til å få utdelt sin andel av nettoformuen ved oppløysing av samvirkeforetaket.

3.      Det neste spørsmålet er kor lang ein omsetningsperiode må vere for at den skal kunne danne grunnlag for fordeling av aksjar på grunnlag av omsetning med samvirkeforetaket.

Dersom spørsmålet er regulert i vedtektene, er det allmenne samvirkerettslege reglar som her set grensa. Etter vårt syn må grensa vere den same som ved oppløysing av foretaket. Dette må vurderast konkret. Det må m.a. takast omsyn til arten av den verksemda samvirkeforetaket utøvar, korleis samhandlingsaktiviteten til andelseigarane har vore, og om føresegna har vore i vedtektene i lang tid, eller om den har blitt vedtatt i tilknyting til ei aktuell omdanning. Samvirkelovutvalet har i NOU 2002: 6 Lov om samvirkeforetak foreslått fem år som ei normalordning, men med høve til å vedtektsfeste ei periode på minst eitt år, jf. lovforslaget § 149 fjerde ledd, jf. § 137 femte ledd andre og tredje punktum. Ein kan ikkje på dette punktet sjå på lovforslaget som ei kodifisering av gjeldande rett, men det gir likevel ein peikepinn på kva slags tidsperspektiv ein talar om. Lovavdelinga meiner at ei samhandlingsperiode på to år normalt vil vere tilstrekkeleg, men dette må som nemnt vurderast konkret.