Høring - Forskrift om tilskudd ved nedslakting av sauebuskap på grunn av sjukdommen mædi

Forskrift om tilskudd ved nedslakting av sauebuskap på grunn av sjukdommen mædi. Fastsatt 11. februar 2004Utgått.

Status: Ferdigbehandlet

Høringsfrist: 03.02.2004

  • Forskrift om tilskudd ved nedslakting av sauebuskap på grunn av sjukdommen mædi (11.02.2004) Uttått.
  • Høringsfrist: 3. februar 2004

Vår ref.:

 

Deres ref

Vår ref

Dato

200300936-/PFI

21.01.2004

Høring - forskrift om tilskudd ved nedslakting av sauebuskap på grunn av sjukdommen mædi

Vedlagt oversendes forslag til endring av forskrift om tilskudd ved nedslakting av sauebuskap på grunn av sjukdommen mædi. Endringen er en videreføring av prinsippene som lå til grunn for forskriften av 30.04.2003, med justering av datogrenser. Dette betyr at tilskudd til nedslakting er knyttet til:

  • restriksjoner mot sending på felles beite,
  • å gi økonomisk støtte for tap av avlsdyr,
  • å gi økonomisk støtte i forbindelse med ekstra utgifter ved framfôring av lam i restriksjonsbelagt buskap til ordinær slaktesesong,
  • å unngå nedslakting som ikke er strengt nødvendig ut fra hensynet til bekjempelse av sjukdommen,
  • å gi økonomisk støtte ved tap av en produksjonssesong.

Det er gjort endringer i § 3 – tiskudd ved nedslakting av enkeltdyr, § 5 – grunnlag for tilskudd og § 13 – iverksetting der det foreslås tilbakevirkende kraft til 1. oktober 2003.

Høringsfristen settes til 3. februar.

Med hilsen

Kjell Nyhus (e.f.)
avdelingsdirektør

Per Finset
rådgiver

Kopi:
Mattilsynet
Statens landbruksforvaltning

Fastsett av Landbruksdepartementet xx.xx.04 med heimel i lov av 19.12.2003 nr 124 om matproduksjon og mattrygghet mv § 31.

§ 1.Formålet

Formålet med forskrifta er å gi økonomisk støtte til landbruksforetak som slaktar ned sauebuskap som ledd i bekjemping av mædi.

§ 2.Virkeområde

Forskrifta omfattar foretak med sauebuskapar som er pålagt restriksjonar mot sending av sau på felles utmarksbeite i medhald av forskrift av 27. juni 2002 nr. 732 om bekjempelse av dyresjukdommer og der sjukdommen mædi er påvist eller det i blodprøvar er påvist antistoff mot mædi-/visnaviruset. Tilskott etter denne forskrifta kan gis til foretak som har rett til produksjonstilskott etter § 3 og § 4 i forskrift av 22. mars 2002 nr. 283 om produksjonstilskudd i jordbruket.

§ 3.Vilkår

1.

Heile buskapen skal slaktast ned innan 1 år etter pålagte restriksjonar etter § 2.
Når restriksjon etter § 2 kan opphevast ved nedslakting av enkeltdyr, jf. § 5 første ledd pkt. a, skal dette skje utan ugrunna opphald.

2.

Sauefjøset, innreiinga, mv. skal reingjerast etter tilvising frå Mattilsynet. Skriftleg godkjenning frå Mattilsynet skal ligga føre.

3.

For å få tilskott etter § 5 a er det eit vilkår at det er søkt Mattilsynet om dispensasjon frå restriksjon mot slipp på felles beite.

§ 4.Innsett av livdyr

Innsett av nye livdyr i fjøs der det er gjennomført tiltak etter § 3, skal skje etter bestemmelser fastsett i eller i medhald av lov av 19. desember 2003 nr 124 om matproduksjon og mattrygghet mv (matlova).

§ 5.Tilskott

Tilskott kan gis til sau påsett for avl og oppgitt i kodene 133, 137 og 138 i søknad om produksjonstilskott pr. 1. januar i året restriksjon ble pålagt.

  1. Til foretak med buskapar som etter søknad til Mattilsynet kan oppnå dispensasjon frå restriksjonar mot slipp på felles beite (jf. § 2) ved uttak av enkeltdyr, kan det gis kr 1.100 i tilskott pr. slakta sau.
  2. Til foretak som ikkje kan oppnå dispensasjon frå restriksjonar (jf. § 2), og som slaktar ned heile buskapen og gjennomfører saneringstiltak etter § 3 kan det gis kr 1.100 i tilskott pr. sau.
  3. Til foretak som får tilskott etter § 5 b kan eit tillegg på kr 800 pr. sau gis:
    1) når buskapen ble pålagt restriksjon første gong i tidsrommet 1. oktober – 31. desember og heile buskapen var slakta ned pr. 31. januar året etter, og det ikkje er mottatt slakteoppgjer påfølgjande slaktesesong frå nyinnkjøpt buskap.

    2) når buskapen ble pålagt restriksjon første gong i tidsrommet 1. januar – 30. september og produksjonssesongen gjennomførast med normal buskap og framfôring av alle lam til slaktemodne slakt.

§ 6.Søknad

Søknad om tilskott skal sendast før buskapen/enkeltdyra er slakta ned (jf. § 3 nr. 1). Søknaden skal skrivast på skjema fastsett av Statens landbruksforvaltning og sendast om Mattilsynet til fylkesmannen. Med søknaden skal følgja erklæring frå Mattilsynet om at buskapen fell inn under § 2 i forskrifta.

§ 7.Administrasjon

Søknad om tilskott blir avgjort av fylkesmannen som også betalar ut tilskottet.

Heile eller delar av buskapen må ikkje slaktast ned før fylkesmannen har avgjort søknaden.

§ 8.Utbetaling

Når buskapen er slakta og tiltaka er gjennomført, skal følgjande dokumentasjon sendast til fylkesmannen:

a)

Avrekningsoppgåve(r) frå slakteriet som dokumentasjon på slaktedato, og buskapen sin storleik ved slakting.

b)

Attestasjon frå Mattilsynet på at krava i § 3 er tilfredsstillande gjennomført.

§ 9.Kontroll

Den som søkjer om tilskott pliktar å gi nødvendige opplysningar og godta kontrolltiltak som blir sett i verk.

§ 10.Avkorting ved brot på regelverket

Dersom foretaket driv eller har drive si verksemd i strid med regelverk for jordbruksverksemd, kan heile eller delar av tilskottet haldast tilbake inntil forholdet er retta. Er det ved brot på slikt regelverk utvist grov aktløyse eller forsett, kan ein avkorte heile eller delar av tilskottet til foretaket.

§ 10a.Avkorting ved feilopplysingar

Dersom foretaket ved aktløyse eller forsettleg har gitt feil opplysingar i søknaden som har eller ville danna grunnlag for ei urettmessig utbetaling av tilskottet, kan ein avkorte heile eller delar av tilskottet til foretaket.

§ 10b.Berekning og innkreving av avkortingsbeløp m.m.

Differansen mellom utbetalt beløp og redusert tilskott som følgje av vedtak om avkorting etter § 10 og § 10a, kan krevast betalt tilbake frå mottakaren eller motreknast i seinare tilskottsutbetalingar, jf. forskrift av 22. mars 2002 nr. 283 om produksjonstilskott i jordbruket § 14 siste ledd. Tilsvarande gjeld der foretaket som følgje av manglande oppfylling av vilkår i denne forskrifta eller av andre grunnar har mottatt ei utbetaling som det ikkje har rett til.

Til avkortingsbeløpet som nemnd i første ledd kan det leggast rente tilsvarande gjeldande morarente. Der mottakaren ikkje var i aktsam god tru om utbetalinga, kan ein kreve renter frå det tidspunkt kravet om tilbakebetaling er kome fram til foretaket. Ved grov aktløyse eller forsett kan det krevast renter frå tidspunktet for utbetalinga av det urettmessige tilskottet.

§ 11.Klage

Fylkesmannen sitt vedtak fatta i medhald av denne forskrifta kan klagast til Statens landbruksforvaltning. Klagefristen er 3 veker frå det tidspunkt avgjerda er koma fram til søkaren.

§ 12.Dispensasjon

Statens landbruksforvaltning kan i særlege tilfeller dispensera frå bestemmelsene i forskrifta. Dispensasjon i forhold til § 3 er delegert til Mattilsynet.

§ 13.Iverksetting

Denne forskrift trer i kraft straks. Frå same tid blir forskrift av 9. januar 2004 om tilskott ved nedslakting av sauebuskap på grunn av sjukdommen mædi oppheva. Forskrifta gis tilbakeverkande kraft for foretak som fekk pålagt restriksjon etter 1. oktober 2003.

  • Norges Bondelag
  • Norsk Bonde- og Småbrukarlag
  • Norsk sau- og geitalslag

Høringsuttalelser:

Norges Bondelag

Uttalelse

Norsk Bonde- og Småbrukarlag

Uttalelse

Norsk sau- og geitalslag

Uttalelse

Statens landbruksforvaltning

Uttalelse

Til toppen