Høyring - Forskrift til språklova

Hovudinnhaldet i høyringsnotatet er unntak frå språklovas verkeområde for visse statlege organ eller sjølvstendige rettssubjekt som er kontrollerte av staten.

Status: På høyring

Høyringsfrist: 01.10.2022

Vår ref.: 21/2765

Høyring -  Forskrift til språklova

Høyringsbrevet i pdf-format (.pdf)

Kultur- og likestillingsdepartementet sender med dette framlegg til forskrift til språklova på høyring. Høyringsfrist er 1. oktober d.å.

Hovudinnhaldet i høyringsnotatet er unntak frå språklovas verkeområde for visse statlege organ eller sjølvstendige rettssubjekt som er kontrollerte av staten. Kultur- og likestillingsdepartementet ber derfor departementa om å sende høyringsbrevet til aktuelle statlege organ og sjølvstendige rettssubjekt der staten oppnemner fleirtalet av medlemmane i det øvste organet eller har en eigardel som gir meir enn halvparten av røystene i dette organet.

I høyringsnotatet er det òg gjort framlegg om at forskrifter med tilknyting til mållova skal opphevast. Innhaldet er i all hovudsak omfatta av føresegner i språklova eller i dette framlegget til forskrift.

Benytt den digitale løysninga for høyringssvar ved å klikke på "Send inn høyringssvar". Høyringssvara er offentlege etter offentleglova og vil bli publiserte på våre nettsider.

 

Med helsing

Ellen Knutsen (e.f.)
avdelingsdirektør

Inger Lise Kurseth
seniorrådgjevar

Høyringsinstansar

Departementa
Statsforvalterne
Sametinget

UH-sektor
Statlege universitet og høgskular 
Universitets- og høgskolerådet
Nynorsksenteret - Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa
Lesesenteret, Universitetet i Stavanger
Skrivesenteret, Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforsking, NTNU
Norsk Studentorganisasjon 
By- og regionsforskingsinstituttet NIBR 
Elevorganisasjonen 
Unit - Direktoratet for IKT og fellestjenester i høyere utdanning og forsking  
DIKU - Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høyere utdanning 

Språkorganisasjonar
Bokmålsforbundet 
Det Norske Akademi for Språk og Litteratur 
Kvenlandsforbundet 
Landssamanslutninga av nynorskkommunar 
Høgnorskringen Kringkastingsringen 
Landslaget for språklig samling 
Litteraturselskapet Det Norske Samlaget 
Nynorsk forum 
Nynorsklaget 
Noregs Mållag 
Norsk Målungdom 
Riksmålsforbundet 

Andre organisasjonar 
NRK Norsk rikskringkasting 
Nynorsk kultursentrum 
Storfjord språksenter 
Teater Manu 
Nynorsk pressekontor 
Nynorsk mediesenter
Nynorsk avissenter 
Foreningen Norden 
Oslo VO Skullerud 
Storfjord språksenter
Det Norske Videnskaps-Akademi 
Norges museumsforbund 
Norsk Bibliotekforening 
Den norske Forleggerforening 
Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening 
Norsk Oversetterforening 
Den norske Forfatterforening 
Norske barne- og ungdomsbokforfattere 
Dramatikerforbundet 
Landslaget for norskundervisning 
Norsk lektorlag 
Utdanningsforbundet 
Statsautoriserte translatørers forening (STF) 
Den Norske Opera & Ballett
Preus Museum
Nationaltheatret
Carte Blanche
Norsk Teknisk Museum
Norsk Bergverksmuseum
Music Norway