Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Tilleggshøyring om endringer i forskrift om opptak til høgre utdanning for opptak til studieåret 2019-2020, Medisin ved Universitetet i Oslo

Departementet foreslår etter søknad frå Universitetet i Oslo, eit tillegg i § 4-2 første punkt, under føresetnad av at Universitetet i Oslo og Unit – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking, finn fram til ei god arbeidsdeling og ei praktisk løysing innanfor den nasjonale opptaksmodellen.

Status: Under behandling

Høringsfrist: 14.11.2018

Vår ref.: 18/2422

Høyringsbrev – tilleggshøyring om endringar i forskrift om opptak til høgre utdanning for opptak til studieåret 2019-2020

Kunnskapsdepartementet fastsette 6. januar 2017 forskrift om opptak til høgre utdanning (opptaksforskrifta) med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler.

Departementet foreslår etter søknad frå Universitetet i Oslo, eit tillegg i § 4-2 første punkt, under føresetnad av at Universitetet i Oslo og Unit – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking, finn fram til ei god arbeidsdeling og ei praktisk løysing innanfor den nasjonale opptaksmodellen.

Universitetet i Oslo ønskjer å forsøke opptak basert på ein test (UniTest). Universitetet har foreslått at testen skal danne grunnlag for rangering av søkjarane i ein eigen kvote. Universitetet meiner at søkjarane i kvoten må ha ein karakterpoengsum på minimum 50, det vil si eit karaktergjennomsnitt på 5,0 frå vidaregåande opplæring. Kunnskapsdepartementet foreslår eit andre ledd i § 4-2, første punkt:

§ 4-2 Spesielle opptakskrav til enkelte helse- og veterinærfag

  • Medisin, odontologi, ernæring og farmasi

Matematikk R1 eller matematikk (S1 + S2) og fysikk 1 og kjemi (1+2)

Forslag til nytt ledd:
For opptak til profesjonsstudiet i medisin ved Universitetet i Oslo er det for studieåra 2019 – 2020, 2020 – 2021, 2021 – 2022, 2022 – 2023 og 2023 – 2024 fastsett ei forsøksordning med ein kvote på 20 prosent av studieplassane til søkjarar som består ein test administrert av Universitetet i Oslo.

Universitetet i Oslo ønskjer eit slikt forsøk fordi dei meiner at poenggrensene for å få tilbod om studieplass på medisin er så høge at ei "rekke høgt motiverte og kvalifiserte søkjarar ikkje får opptak. Erfaring tilseier at utveljing gjennom karakterar aleine ikkje speglar det samla bildet av dei nødvendige eigenskapane ein person treng for å bli ein god lege,…" Universitetet har også vist til at dei fleste land i Europa har innført alternative opptakskriterium, og at alternative opptaksmetodar antakeleg kan føre til eit større mangfald "både demografisk, geografisk og kjønnsmessig".

Alle søkjarar til profesjonsstudiet i medisin ved Universitetet i Oslo vil få høve til å ta testen.

Om forslaget blir vedteke, vil det også måtte gjerast endringar i føresegna og merknadane til § 7-14 Rangering på grunnlag av opptaksprøve, og merknadene til § 7-3 Spesielle kvotar.

Om § 7-3:
Søknaden frå Universitetet i Oslo omfattar bruk av kvote som departementet kan fastsetje utan høyring. Slike kvotar blir gjort kjende i merknad til forskrifta. Departementet vurderer at ei kvote på 20 prosent vil vere rimeleg for ei eventuell forsøksordning.

Det vil bli satt inn merknad i nytt rundskriv som følgjer:
Bruk av ein test som opptaksgrunnlag til profesjonsstudiet i medisin ved Universitetet i Oslo er ei forsøksordning som vil gjelde i fem år frå og med opptak til studieåret 2019 – 2020. Søkjarane i kvoten blir berre poengberekna på grunnlag av oppnådd poengsum på nemnde test. Søkjarar som ikkje blir tekne opp i kvoten konkurrerer vidare i ordinær kvote og eventuelt kvote for førstegongsvitnemål. Det er lagt til grunn at dette forsøket skal evaluerast før det eventuelt blir fastsett som ei permanent ordning.

Om § 7-14:
Universitetet ønskjer å bruke testen som grunnlag for rangeringa i den spesielle kvoten. Det er da rimeleg å samanlikne testen med ei opptaksprøve og nytte departementet sin fullmakt til å fastsetje rangering av søkjarar med grunnlag i opptaksprøve aleine. Departementet foreslår derfor ei endring i første ledd:

§ 7-14 Rangering med grunnlag i opptaksprøve

Det vert foreslått følgjande endring i første ledd endringa er marker med kursiv

(1)Søkjarar til studium som etter §§ 4-2, 4-4, 4-7, 4-9 og 4-10 har opptaksprøve som spesielt opptakskrav, kan rangerast på éin av desse måtane:

  • etter §§ 7-1 til 7-13 åleine
  • på grunnlag av opptaksprøve åleine
  •  på grunnlag av både §§ 7-1 til 7-13 og opptaksprøve

Det blir tatt sikte på at endringa skal tre i kraft 1. januar 2019 og gjelde for opptaket til studieåret 2019-2020.

 

Høyringsfrist
Høyringssaka er tilgjengeleg på regjeringen.no. Høyringsfråsegner kan sendes elektronisk ved bruk av den digitale løysinga for høyringsfråsegner på www.regjeringen.no/id2612970 Alternativt kan høyringsfråsegner sendes Kunnskapsdepartmentet; [email protected] Høyringsfråsegner er offentlege og blir publisert.


Frist for å uttale seg om forslaget er onsdag 14. november 2018.

 

 

Med helsing (e.f.)


Toril Johansson
ekspedisjonssjef                                            Ingern Johanne Christiansen
                                                                         Seniorrådgjevar


 

 

 

 

    •  

 

Universiteter og høyskoler
Samordna opptak
Unit
Utdanningsdirektoratet
Fylkesmennene
Fylkeskommunene
Videregående skoler
Fagskoler
Elev- og studentorganisasjoner

Kopi:
Universitets- og høgskolerådet
Rådet for offentlige fagskoler
Forum for fagskoler
Lærerorganisasjonene
Forskerforbundet
Justisdepartementet
Barne- og likestillingsdepartementet
Statens lånekasse for utdanning
Likestillings- og diskrimineringsombudet
Kompetanse Norge
Diku
NOKUT
NAV

Til toppen