Høyring – forslag om lovfesting av tre typetilfelle frå skattefritakspraksis

Finansdepartementet sender med dette på høyring eit forslag om å lovfeste tre typetilfelle frå skattefritakspraksis. Forslaget gjeld skattefri grenseoverskridande fusjon av verdipapirfond som er UCITS-fond, samanslåing og deling av sparebankar der det vert oppretta ei eller fleire sparbankstiftingar og konvertering av fusjons- og fisjonsfordringar.

Status: Under behandling

Høringsfrist: 24.05.2023

Vår ref.: 23/1142

Finansdepartementet syner til høyringsbrev 24. februar i år om forslag om lovfesting av tre typetilfelle frå fritakspraksis. Vedlagt følgjer ein korrigert versjon av høyringsnotatet. I den fyrste versjonen av høyringsnotatet vart dato for ikraftsetjing ved ein feil sett til 2023. Det riktige skal vere 2024. Departementet ber difor om at de ser bort ifrå den fyrste versjonen av høyringsnotatet.

Med helsing
Cecilie Beck Landet  e.f.
avdelingsdirektør   

                                                                                     Hallvard Wiesener Haga
                                                                                     seniorskattejurist

 

Finansdepartementet sender med dette på høyring eit forslag om å lovfeste tre typetilfelle frå skattefritakspraksis. Forslaget gjeld skattefri grenseoverskridande fusjon av verdipapirfond som er UCITS-fond, samanslåing og deling av sparebankar der det vert oppretta ei eller fleire sparbankstiftingar og konvertering av fusjons- og fisjonsfordringar.

Vi vil understreke at den einskilde høyringsinstansen må vurdere om saka bør sendast til underliggjande etatar eller verksemder, tilknytte verksemder, medlemsorganisasjonar e.l.

Høyringsfristen er 24. mai 2023. For å gje høyringsfråsegn gå til høyringa på www.regjeringen.no og bruk den digitale løysinga for høyringsfråsegn ved å klikke på «Send inn høyringssvar». Høyringsfråsegner er offentlege etter offentleglova og vil verte publiserte på nettsidene våre.

Med helsing

Cecilie Beck Landet  e.f.
avdelingsdirektør

                                                                  Hallvard Wiesener Haga
                                                                  seniorskattejurist

Justis- og beredskapsdepartementet
Kommunal- og distriktsdepartementet
Kultur- og likestillingsdepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Olje- og energidepartementet
Utenriksdepartementet
Akademikerne
Aksjonærforeningen
Den Norske Advokatforening
Den norske Revisorforening
Equinor ASA v/Anne-Ma Tostrup Smith, juridisk kontor
Finans Norge (FNO)
Finanstilsynet
Folketrygdfondet
Handelshøgskolen ved Universitetet i Stavanger
Handelshøyskolen BI, Institutt for rettsvitenskap og styring
Hovedorganisasjonen Virke
KS
Landsorganisasjonen i Norge
Norges Bank
Norges Handelshøyskole
Norges Rederiforbund
Norsk Økrimforening
Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO)
Oslo Børs ASA
Regelrådet
Regnskap Norge
Skattebetalerforeningen
Skattedirektoratet
SMB Norge
Sparebankforeningen
Statistisk sentralbyrå
Storbedriftenes skatteforum
Tax Justice Network - Norge
Tolldirektoratet
Unio, hovedorg. for universitets- og høyskoleutdannede
Universitetet i Bergen, Det juridiske fakultet, Forskergruppe skatt og avgift
Universitet i Oslo, Det juridiske fakultet, Institutt for offentligrett
Universitetet i Tromsø, Det juridiske fakultet
Universitets- og høgskolerådet (UHR)
Verdipapirforetakenes Forbund
Verdipapirfondenes forening
Verdipapirsentralen (VPS) ASA
Yrkesorganisasjonenes sentralforbund YS
ØKOKRIM
Økonomiforbundet