Høyring — forslag til reglar om kjønnsrepresentasjon i styret i samvirkeforetak mm.

Frist 22.04.2005

Status: Ferdigbehandlet

Høyringsfrist: 22.04.2005

  • Høyringsfrist: 22.04.2005
 

Vår ref.:

Høyringsinstansar

Dykkar ref

Vår ref

Dato

2004/12631 EP TFJ/TKE/bj

20.01.2005

Høyring – forslag til reglar om kjønnsrepresentasjon i styret i samvirkeforetak m.m.

Vedlagt følgjer høyringsnotat med forslag til reglar om kjønnsrepresentasjon i styret i samvirkeforetak m.m.

Ved lov 19. desember 2003 nr. 120 vart det gitt reglar om likestilling i styra i statsaksjeselskap, statsforetak, allmennaksjeselskap mv. I det vedlagte høyringsnotatet vert det foreslått tilsvarande reglar for samvirkeforetak, bustadbyggjelag og gjensidige forsikringsselskap med meir enn 1000 medlemmar.

Ei liste over adressatane er lagt ved høyringsbrevet. Vi ber om at adressatane sjølve gjer høyringsnotatet kjent for eventuelle underordna etatar og organ. Ein kan få fleire eksemplar av høyringsnotatet ved å vende seg til Justisdepartementets lovavdeling, tlf. 22 24 53 99/61.

Departementet ber om svar innan 22. april2005.

Høyringsfråsegnene skal sendast til Justisdepartementet, Lovavdelinga, Postboks 8005 Dep, 0030 Oslo. Dersom det let seg gjere, ber vi om at fråsegnene i tillegg vert sendt per e-post til: thomas.keiserud@jd.dep.no.


Med helsing

Inge Lorange Backer
ekspedisjonssjef

Tore Fjørtoft
fung. lovrådgiver

Til toppen