Høyring om eigendeler - fri rettshjelp

Frist: 17.11.2004

Justisdepartementet sender med dette på høyring forslag om gjeninnføring av eigendel i lov om fri rettshjelp. (06.10)

Status: Ferdigbehandlet

Høyringsfrist:

  • Høyringsfrist: 17.11.2004

Vår ref.:

Høyringsinstansar

Deres ref

Vår ref.:

Dato:

200410252 A-AK IME

06.10.2004

Høyring – eigendeler – fri rettshjelp

1. Innleiing

Justisdepartementet sender med dette på høyring forslag om gjeninnføring av eigendel i lov om fri rettshjelp. Forslaget er tilnærma likt det forslaget som blei fremma i Ot. prp. nr. 37 (2001-2002) Om lov om endringar i lov 13. juni 1980 nr. 35 om fri rettshjelp, og som blei drøfta i St. meld. nr. 25 (1999-2000) Om fri rettshjelp, jf. Innst. S. nr. 181 (1999-2000). Forslaget er omtalt i St. prp. nr. 1 (2004-2005) under kapittel 470 Fri rettshjelp.

Departementet foreslår at dei som får fri rettshjelp i behovsprøvde saker skal betale ein fast eigendel (grunndel). I saker som går for domstolane (fri sakførsel) ser departementet for seg at ein òg skal betale tilleggsdel på 25 % av kostnadane i saka, men med eit tak, slik at den totale eigendel ikkje overstig fem gonger grunndelen. Departementet foreslår ei inntektsgrense for å betale tilleggsdel på kr 100 000,-. Grunndelen bør etter departementet sitt syn vere lik timesatsen som det offentlege betaler rettshjelpa med (salærsatsen), eksklusiv meirverdiavgift. Forslaget inneber at den advokat som har ytt rettshjelpa skal stå for innkrevjing av eigendelen.

Departementet ber om svar innan 17.11.2004.

2. Eigendelsordninga etter rettshjelpslova - historikk

Reglane om fri rettshjelp er gitt i lov 13. juni 1980 nr. 35. Fri rettshjelp kan gis i form av fritt rettsråd, fri sakførsel og fritak for rettsgebyr. Rettshjelpslova gir i visse sakstypar rett til fri rettshjelp utan omsyn til inntekt eller formue. I andre saker stiller loven opp økonomiske vilkår for fri rettshjelp (behovsprøvde saker). I slike saker måtte mottakaren av fri rettshjelp før 1. september 2003 betale ein eigendel. Ordninga med eigendel blei innført 1. januar 1997. Eigendelen var sett saman av ein grunndel på 300 kroner som alle måtte betale utan omsyn til inntekt og formue, og uavhengig av det omfang rettshjelpa hadde. Dessutan måtte personar med ei årleg bruttoinntekt over 70/ 90 000 kroner (avhengig av forsørgingsbyrde) betale ein tilleggsdel på 25 % av kostnadene ved rettshjelpa.

Eigendelen vart rekna ut av den instans som hadde gjort vedtak om å innvilga fri rettshjelp. Inndrivinga skjedde gjennom Statens innkrevingssentral, slik at advokaten fekk fullt oppgjer frå det offentlige.

Departementet foreslo i Ot.prp. nr 37 (2001-2002) ei omlegging av eigendelsordninga for å frigjere offentlege ressursar gjennom eit enklare og mindre ressurskrevjande regelverk, samstundes som ordninga skulle bli meir oversikteleg og mindre tidkrevjande for det rettssøkjande publikum.

Fleirtalet i Stortingets justiskomité kom derimot til at ordninga med eigendel ved fri rettshjelp burde opphevas. Fleirtalet meinte at systemet med eigendelar dels undergrov ei oppfatning om at fri rettshjelp skulle vere gratis ut frå fastsette velferdsmessige føresetnader. Fleirtalet meinte vidare at departementet i sitt framlegg hadde overdriven tru på den preventive verknaden av eigendelar, og at administrasjon av innkrevjinga av eigendelar kosta nær halvparten av det beløp det offentlege mottar i eigendelar.

Eigendelsordninga i lov om fri rettshjelp fall bort 1. september 2003. Etter dette kan personar med ei årlig brutto inntekt under 230 000 kroner, utan sjølv å bli påført kostnader, få fri rettshjelp i saker som høyrer under rettshjelpslova.

3. Forslag til gjeninnføring av eigendelar

Ordninga med fri rettshjelp utan eigendel har nå eksistert i eit år. Tal frå staten sine rekneskap indikerar ei auking i utgiftene på om lag 25 % i den del av utgiftene som knyter seg til dei behovsprøvde sakene under kapittel 470 i statsbudsjettet. Av omsyn til behovet for å prioritere knappe ressursar og for å få større kontroll med utviklinga av utgiftene, foreslår departementet å gjeninnføre eigendelar på den delen av fri rettshjelp som er behovsprøvd.

Departementet meiner det er viktig med ei omprioritering av dei ressursane som i dag nyttast til fri rettshjelp. Difor meiner departementet at ein må gå bort frå systemet som gjeld i dag ved at ei gruppe i befolkninga får dekt alle sine kostnader ved ei sak, til eit system der fleire får dekt deler av sine kostnader til naudsynt juridisk bistand. Ei ordning med eigendel kan gjere det mogleg å gi fri rettshjelp til ei større gruppe av befolkninga.

Ved utforminga av forslaget om gjeninnføring av eigendelar på fri rettshjelp, legg departementet vekt på at ordninga skal vere enkel for brukarane og rimeleg å administrere. Departementet meiner at ei moderat bruk av eigendelar ved behovsprøvd fri rettshjelp ikkje vil føre til at borgarar vil lide rettstap som følgje av manglande økonomisk evne. Bruk av eigendelar med dei beløp det her er tale om vil difor neppe bli oppfatta som urimeleg av det rettssøkjande publikum. Også i andre sosiale støtteordningar – til dømes i helsevesenet – er det vanleg med eigendelar. Det same gjeld for rettshjelp etter private forsikringsordningar.

Departementet ser gjeninnføring av eigendelar som eit ledd i eit vidare arbeid med sikte på å sikre rettshjelp til eit breiare lag av befolkninga. Departementet har fokus på at rettane til den enkelte borgar i samband med juridisk bistand og konfliktløysing må ivaretakast best mogleg. Departementet arbeider både med oppfølging av Tvistemålsutvalget og Advokatkonkurranseutvalget. I den samanheng vil departementet vurdere ordninga med fri rettshjelp med sikte på å betre det totale rettshjelpstilbodet til borgarane, og å nå eit breiare lag i befolkninga enn dei som i dag kjem inn under dei økonomiske vilkåra i rettshjelpslova. Ein måte å oppnå dette på er til dømes ei meir gradert rettshjelpsordning, der ei større gruppe enn i dag kjem inn under inntektsgrensa i lova, men slik at det offentlege dekkjer ein større del av utgiftene til dei med lågast inntekt. Ved ei slik gradert ordning vil fleire komme inn under rettshjelpsordninga, og advokatbistanden totalt sett blir rimelegare for ei større gruppe enn i dag ved at salæret blir fastsett etter den offentlege salærsatsen og det offentlege dekkjer deler av utgiftene. Ei tilsvarande ordning eksisterer i Sverige. Slik ordninga etter rettshjelpslova er i dag, vil dei med inntekt over 230 000 kroner måtte bære heile advokatrekninga sjølv og med den ordinære timesatsen advokaten tar.

Som i drøftinga i rettshjelpsmeldinga og forut for Ot.prp. nr. 37, finn departementet at dei beste grunnar talar for at eigendelen i behovsprøvde saker bør være eit fast beløp (grunndel).

Departementet foreslår at det i fritt rettsrådsaker skal betalast ein fast eigendel tilsvarande ein grunndel. I saker med fri sakførsel, der bistanden i typetilfella er meir omfattande, ser departementet for seg at det òg skal betalast ein tilleggsdel på 25 % av kostnadane i saka, men med eit tak, slik at den totale eigendel ikkje overstig fem gonger grunndelen.

Advokatar som tar oppdrag i straffesaker og i benefiserte saker får godtgjersle etter ein timesats fastsett at det offentlege. Den offentlege salærsatsen er pr. i dag kr 770,-. Etter departementet sitt syn er det naturleg å knytte eigendelen på fri rettshjelp til den offentlege salærsatsen, fordi denne sakleg sett ligg nær ordninga med fri rettshjelp. Med ein eigendel (grunndel) lik salærsatsen betaler klienten sjølv i realiteten den første timen med advokathjelp. Klienten skal ikkje betale meirverdiavgift av eigendelen. Det offentlege dekkjer meirverdiavgifta, som så blir betalt til advokaten saman med at han/ho får dekt sitt salær i saka.

Departementet foreslår ei inntektsgrense for å betale tilleggsdel på 100 000,- kroner pr. år.

Departementet legg vekt på at fri rettshjelp er ei offentleg støtteordning. Med ein eigendel som det er gjort framlegg om i dette høyringsbrevet, vil støtta frå det offentlege likevel klart utgjere den aller vesentligaste del av dei totale utgiftene i den einskilde saka. Dette vil bli særleg framtredande i saker med fri sakførsel.

Erfaringar frå eigendelsordninga som eksisterte fram til 01.09.2003 viste at offentleg innkrevjing av eigendelane var svært ressurskrevjande. I rettshjelpsmeldinga blei det foreslått at advokatane bør rekne ut og krevje inn eigendelane. Justiskomiteen støtta den gong forslaget, jf. Innst. S. nr. 181 (2001-2002), og eit slikt system blei så lagt til grunn i Ot. prp. nr. 37 (2001-2002). I forslaget her om å gjeninnføre eigendelar på fri rettshjelp, held departementet fast ved at det er den beste løysinga at advokatane som ein del av det kontraktforhold dei har til klienten står for berekning og innkrevjing av eigendel i fri rettshjelp saker . Slik departementet ser det, er innkrevjing av salær ein naturleg del av advokatverksemda. I fri rettshjelpssaker, der det offentlege dekkjer salæret, vil advokatens innkrevjing aleine gjelde eigendelen. I dei fleste sakene vil eigendelen berre bestå av ein grunndel som advokaten kan krevje inn samstundes med at han/ho tek på seg oppdraget. I fri sakførselsakene der klienten òg skal betale ein tilleggsdel, kan advokaten fakturere og innkrevje dette på same måte som i andre klientforhold.

Departementet vil leggje til rette for at eigendel kan bli kravd inn på forskot. Når advokaten har avslutta oppdraget, sender han/ho sitt salærkrav til det offentlege med frådrag av eigendelen.

4. Økonomiske og administrative følgjer

Utgiftene til fri rettshjelp blir førte under kapittel 470 Fri rettshjelp i statsbudsjettet. Eigendelane som framleis kjem inn frå ordninga som blei oppheva 01.09.2003 blir førte som inntekt på kapittel 3470 Fri rettshjelp.

Ei gjeninnføring av eigendelar på fri rettshjelp slik det er skissert i høyringsbrevet, vil føre til ein reduksjon av utgiftene til fri rettshjelp og fordrar ikkje noko inntektskapittel. Med eit definert nivå på eigendelen i form av grunndel og multiplikator, og eit innkrevjingssystem som nemnt under punkt 3, har departementet rekna ut at utgiftene på kapittel 470 blir redusert med omlag 58 mill. kroner.

Da eigendelane blei oppheva 01.09.2003, blei det lagt til grunn at domstolane ville få meir å gjere og kapittel 410 blei av den grunn auka med 5.7 mill. kroner. Ved ei gjeninnføring av eigendelar, slik departementet går inn for her, må det skje ein reduksjon i dette kapittelet. Det er tatt høgde for dette i St.prp. nr. 1 (2004-2005), jf. omtalen av kapittel 410 om Tingrettene og Lagmannsrettene.

5. Utkast til endringar i rettshjelpslova og i forskrifta

Forslaga i punkt 3 kan gjennomførast ved følgjande endringar i rettshjelpslova og forskrifta:

I lov 13. juni 1980 nr. 35 om fri rettshjelp blir det gjort følgjande endringar:

§ 3, andre leden skal lyde:

For arbeid som betales av det offentlige skal den som yter fri rettshjelp kreve inn egenandel fra klienten etter § 9. Det kan det ikke kreves eller mottas ytterligere vederlag fra klienten.

Ny § 9 skal lyde:

§ 9 Egenandel

Mottaker av fri rettshjelp i behovsprøvde saker skal betale en egenandel av utgiftene til bistand etter denne lov. Egenandelen beregnes ut fra en grunndel tilsvarende gjeldende salærsats for straffesaker og benefiserte saker.

Ved fritt rettsråd betales en egenandel tilsvarende salærsatsen/grunndelen.

Ved fri sakførsel skal det betales en egenandel på 25 % av utgiftene, men ikke mer enn 5 ganger salærsatsen/grunndelen.

Det betales ikke egenandel for bistand som er innvilget med hjemmel i § 13, 1. ledd.

Nærmere bestemmelser for beregning av egenandel er fastsatt i forskrift

I forskrift 22. oktober 1996 til lov om fri rettshjelp blir det gjort følgjande endringar:

Overskrifta i kap 2 skal lyde:

Kapittel 2. Egenandel m.m.

Ny § 2-1 skal lyde:

Med mindre rettshjelp er mottatt uten økonomisk behovsprøving, skal den som mottar fri rettshjelp selv betale en andel (egenandel) av utgiftene.Egenandelen beregnes ut fra en grunndel tilsvarende den til enhver tid gjeldende salærsats for straffesaker og benefiserte saker. Det betales ikke merverdiavgift av egenandelen.

Ved fritt rettsråd betales en egenandel tilsvarende salærsatsen/grunndelen.

Ved fri sakførsel skal det betales en egenandel på 25 % av utgiftene, men ikke mer enn 5 ganger salærsatsen/grunndelen.

Ny § 2-2 skal lyde:

Personer med bruttoinntekt under kr 100 000,- pr år betaler ikke egenandel.

§ 2-1 i gjeldande forskrift blir ny § 2-3.




Med helsing



Anne Pauline Jensen
fung. ekspedisjonssjef

Wenche Kverneland
avdelingsdirektør

Finansdepartementet
Arbeids- og administrasjonsdepartementet
Barne-og familiedepartementet
Sosialdepartementet
Fylkesmennene
Høgsterett
Lagmannsrettane
Tingrettane
Trygderetten
Rikstrygdeverket
Statens Innkrevjingssentral
Forbrukarombodet
Fylkesnemndene for sosiale saker
Den norske Dommerforening
Den Norske Advokatforening
Norges Juristforbund
Juss-Buss
JURK
Jussformidlingen i Bergen
Jushjelpa i Midt-Norge
Jusshjelpa i Nord-Norge
Oslo kommune fri rettshjelp
Rettshjelpskontoret i Indre Finnmark

Til toppen