Klage på Riksantikvaren sitt vedtak om tilsegn om tilskott for å restaurere fartyet D/S Stavenes - LEMA, Dåfjorden i Hordaland fylke

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Veteranskibsbelaget søkte Riksantikvaren om tilskudd for å restaurere D/S Stavenes. Riksantikvaren innvilget 1 millioner kroner i vedtak om tilskudd til restaureringsprosjektet. Veteranskibsbelaget påklaget Riksantikvarens vedtak da de var misfornøyd med størrelsen på tilskuddet. Riksantikvaren opprettholdt sitt vedtak med den begrunnelse at samme tilskuddssum har vært gitt de senere årene for å skape kontinuitet og troverdighet hos andre finansieringskilder og støttespillere. En forsering av restaureringsarbeidene på fartøyet utover dette er ikke kritisk for bevaring av fartøyet og prosjektet skal nå ha en økonomi som burde kunne gi en tilfredsstillende framdrift. Saken ble deretter sendt til Miljøverndepartementet for endelig avgjørelse. Departementet opprettholdt Riksantikvarens vedtak i saken.

Miljøverndepartementet viser til dykkar klage på vedtak frå Riksantikvaren, datert 2.3.2011, om tilsegn om tilskot til å restaurere fartyet D/S Stavenes.

Miljøverndepartementet har etter ei samla vurdering, med grunnlag i dei framlagte saksdokumenta, ikkje funne grunn til å omgjere Riksantikvaren sitt vedtak.

Vedtaket til Riksantikvaren blir oppretthaldt.

Bakgrunn

D/S Stavenes blei bygd rundt 1904 og blei i 1991 kjøpt tilbake til Noreg frå England av Veteranskipslaget Stavenes (heretter kalla klagar). Arbeidet med å restaurere fartyet tok til same år, men aktiviteten stoppa opp kring midten av 1990–talet. Etter at laget blei reorganisert i 2007, ble restaureringa gjenoppteke.

Den 29.12.2010 søkte klagar om økonomiske middel til å restaurere D/S ”Stavenes”. I vedtak av 2.3.2011 innvilga Riksantikvaren 1 000 000 kroner i tilskott. Med dette vedtaket, har Riksantikvaren frå 2008 fram til nå innvilga 3 200 000 kroner til fartyet. Vedtaket av 2.3.2011 vart påklaga i brev datert 25.3.2011. Riksantikvaren sendte deretter saken til handsaming i departementet 1.4.2011. Klagar har ikkje komme med kommentarar til oversendinga frå Riksantikvaren.

Klagar sine merknader, jf. brev datert 2.3.2011

Klagaren er i hovudsak misnøgd med storleiken på tilskottet. Dei viser til at dei i sin søknad har synleggjort at prosjektet er inne i ei avgjerande fase der det trengst store middel. Dei har planlagt arbeidet og sett opp budsjett med håp om eit større tilskottsbeløp enn det som vart tildelt. Klagaren skriv at få andre fartyvernprosjekt kan vise til ein større snuoperasjon enn det som har skjedd med  ”Stavenes” dei siste åra. Etter mykje strev og som resultat av ein stor dugnadsinnsats, vart ”Stavenes” satt i presentabel stand til det store Fjordsteam- stevnet i Florø, byen der fartyet gjekk sine første ruter i 1904. I tillegg var det nødvendig med store låneopptak for å få båten klar til Florø og til å kjøpe ein nybygd kolfyrt dampkjel. Klagaren håpa å få inn så mykje middel at prosjektet kunne ha stor framgang i 2011, samstundes som noko av gjelda vart nedbetalt. Sjølv om dugnadsviljen er stor, må det midlar til for å få gjennomført planlagde restaureringsarbeid. Klagaren viser til at det i vår er 20 år sidan ”Stavenes” kom tilbake til Noreg frå England for å bli restaurert.

Klagaren avsluttar med eit ønskje om at storleiken på tilskottet for 2011 om mogleg vert auka, eller at klagaren får lovnader om tilskott for 2012 som gjer dei i stand til å sjå framover.

Riksantikvaren si vurdering, jf. oversending datert 1.4.2011

Riksantikvaren viser til det rekordstore talet på søknader i 2011, noe som førde til ein stor utfordring når det gjaldt å prioritera mellom søkjarane. Riksantikvaren har måtte prioritere særs strengt mellom fleire tilskotsaker, ei rekkje større og krevjande prosjekt, og dessutan omsynet til å halde operative farty i drift. Fordelinga i 2011 blei difor handsama særs grundig, skriv Riskantikvaren.

Trass det store gapet mellom behovet til den verna flåten og dei tilgjengelege tilskotmidla, har Riksantikvaren prioritert å oppretthalde same høge tilskottssum til ”Stavenes” i 2011 som det har motteke dei seinare åra. Dette for å skape kontinuitet og halde oppe prosjektet sitt truverde hos andre finansieringskjelder og støttespelarar. Riksantikvaren har difor lagt vekt på dei momenta som klagaren peikar på i klaga: den store lokale aktiviteten og eigeninnsatsen. Ei forsering av restaureringsarbeidet på ”Stavenes” utover dette vart ikkje sett som kritisk for å bevare fartyet, og prosjektet skulle no ha ein økonomi som gjer det mogleg med ei, etter tilhøva, tilfredsstillande framdrift.

Riksantikvaren konkluderer med at det ikkje er grunnlag for å gjera om vedtaket i saka.

Departementet sine merknader

Miljøverndepartementet er i hovudsak einig i Riksantikvaren sine vurderingar i saka. Departementet vil spesielt vise til utgreiinga om det store talet på søknader sett i høve til midla til fordeling.

I denne saka har Riksantikvaren for 2011 innvilga eit tilskott på 1 000 000 kroner til å restaurere fartøyet. Beløpet tilsvarar det som er gitt kvart år sidan 2009. Departementet viser til at det er fleire faktorar som spelar inn når det skal avgjerast kva for prosjekt som skal støttast og med kor stort beløp. Når det gjeld omsyn til det verneverdige, er det  ikkje berre faglege vurderingar som er avgjerande, men også om det er mogleg for Riksantikvaren å støtte prosjektet.

I tilhøve til klagaren sin bøn om lovnader om tilskott for 2012, meiner departementet at også i framtida vil eit eventuelt tilskott blant anna avhenge kor mykje pengar Riksantikvaren har til rådigheit sett opp mot talet på søknader det gjeldande året.

Departementet kan vidare ikkje sjå at det i handsaminga av saka er gjort feil som kan ha virket inn på innehalde til vedtaket, jf forvaltningsloven (fvl) § 41.

Konklusjon

Miljøverndepartementet har vurdert alle sider av saka og har, etter ei samla vurdering med grunnlag i dei framlagte saksdokumenta, ikkje funne grunn til å omgjera Riksantikvaren sitt vedtak.

Klaga blir ikkje teke til følgje.

Med helsing


Elisabeth Platou
avdelingsdirektør (e.f.)

Zubair Ali Syed
rådgjevar

Kopi:
Riksantikvaren