Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Meld. St. 28 (2011–2012)

Gode bygg for eit betre samfunn

Til innhaldsliste

5 Berekraftige kvalitetar i det bygde miljøet – energibruk

Figur 5.1 

Figur 5.1

Foto: Knut Egil Wang/Ecobox, Thinkstock, Colourbox

I Noreg er ein stor del av den samla, stasjonære energibruken knytt til bygg. Hovuddelen av energibruken i bygg kjem frå elektrisk kraft, hovudsakleg vasskraft. I tillegg er det framleis noko klimagassutslepp frå oljekjelar som blir nytta til oppvarming, men utsleppa har gått klart ned sidan 1990. I åra framover vil det bli oppført mange nye bygg, og både nye og eksisterande bygg har behov for energi. Dette kapitlet tek for seg korleis regjeringa vil redusere energibruken i alle bygg – både nye og eksisterande.

5.1 Mål

  • Energibruken i bygg skal reduserast monaleg innan 2020.

  • Regelverket skal vere med på å sikre at vi får bygg med lågt energibehov.

  • Stønadsordningar og informasjon skal vere med på å gjere bygg meir energieffektive.

5.2 Bygg, energibruk og klimagassutslepp

Det blir brukt mykje energi i bygg, og det er eit stort potensial for å redusere energibruken. Ifølgje FNs klimapanel er energieffektivisering i bygg eit av dei viktigaste og mest kostnadseffektive tiltaka globalt for å redusere klimagassutslepp.1 I Noreg kjem ein stor del av energibruken i bygg frå elektrisk kraft, hovudsakleg vasskraft. Energieffektivisering i bygg i Noreg vil derfor særleg påverke etterspurnaden etter elektrisitet. Energieffektivisering i bygg vil ha mindre effekt på utslepp av klimagassar i Noreg. Klimameldinga har ein nærare diskusjon om samanhengane mellom energibruk og klimagassutslepp (Meld. St. 21 [2011–2012] Norsk klimapolitikk).

I Noreg er energieffektivisering truleg den mest miljøvenlege måten å sikre kraftforsyninga på.2 Energieffektivisering vil vere med på å redusere den totale energibruken og den særleg høge bruken av straum i vinterhalvåret.

Nybygg og eksisterande bygg har ulike utfordringar

Eit langsiktig mål for bustad- og bygningspolitikken er meir miljø- og ressurseffektive bygg. Både når det skal oppførast nye bygg, og når eksisterande bygg skal rehabiliterast, bør ein i aukande grad ta omsyn til miljøkonsekvensar.

I nybygg og eksisterande bygg er det ulike utfordringar knytte til verkemiddel for energieffektivisering. For nye bygg (og ved hovudombyggingar) er krava i bygningsregelverket og byggteknisk forskrift (TEK) det viktigaste verkemidlet. Byggteknisk forskrift har i mange år hatt krav til energieffektivitet for å sikre eit lågt energibehov i nye bygg. I 1987, 1997 og 2007 kom det viktige endringar med mellom anna strengare krav til isolering.

Å bruke bygningsregelverket for å fremje energieffektivisering i eksisterande bygg er ikkje alltid like relevant. Når eksisterande bygg skal totalrehabiliterast, må energikrava i byggteknisk forskrift oppfyllast. Men dei som skal pusse opp småhus – og spesielt bustader – gjennomfører sjeldan ei søknadspliktig totalrehabilitering. Utskifting og rehabilitering skjer gjerne etappevis, over lengre tid og ofte utan ei bevisst planlegging med energieffektivisering som mål. Mange bustadeigarar har framleis relativt liten kunnskap om kva energitiltak som er mest effektive. Dei har også relativt liten kunnskap om korleis dei kan unngå fuktskadar, eller korleis tiltak påverkar inneklimaet.3

På den andre sida er det no mange som gjennomfører oppussingar som fører til at energibruken går ned. Saman med betre teknologi, varmare klima og redusert vekst i bustadareal per person har dette medverka til at den samla energibruken i hushalda har flata ut dei siste 20 åra.4

Det er likevel i dei allereie eksisterande bygga det er størst teknisk potensial for energieffektivisering. Omtrent 80 prosent av dagens bygningsmasse kjem framleis til å stå i 2050. Å stimulere til miljøriktig forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling blir dermed eit svært viktig satsingsområde framover. For eksisterande bygg er det i tillegg til regelverket særleg informasjon, kompetanse og økonomiske verkemiddel som er aktuelt for å få til meir energieffektivisering.

Energibruken i norske bygg

Energibruken til drift av bustader og yrkesbygg, det vil seie lys, varme og elektrisk utstyr i bygg, var 83 TWh i 2009. Dette svarar til 37 prosent av energibruken innanlands. Energibruken fordelte seg slik

  • 46 TWh til bustader og fritidshus

  • 29 TWh til yrkesbygg innanfor tenesteytande næringar

  • 4 TWh til industribygg

  • 4 TWh til yrkesbygg innanfor primærnæringane og anleggssektoren

Tala er noko usikre når det gjeld eksakt kor stort forbruket er.

70 til 80 prosent av energibruken i bygg kjem frå elektrisitet. Grovt rekna kjem resten av energien frå olje (7 prosent), bioenergi (7 prosent) og fjernvarme (4 prosent), i tillegg til varme frå omgjevnadene og gass i mindre omfang.5

I 2009 stod bustader og fritidshus for ca. 55 prosent av den totale energibruken i bygg. Energibruken per bustadeining har gått litt ned dei siste åra. Samtidig er det blitt fleire bustader, slik at den totale energibruken i bustader har vore relativt stabil dei siste åra.

Lite klimagassutslepp frå drift av norske bygg

Noreg skil seg frå andre land ved at hovuddelen av energibruken i bygg kjem frå elektrisitet, primært basert på vasskraft. Samanlikna med andre land har Noreg derfor låge klimagassutslepp frå drift av bygg. Klimagassutsleppa frå byggsektoren kjem av at bygg blir varma opp med fossile brensel. I 2010 utgjorde utslepp frå oppvarming av bygg og liknande 1,9 millionar tonn CO2-ekvivalentar. Utsleppa svarar til 3–4 prosent av nasjonale utslepp, men det varierer ein god del frå år til år. Det har vore ein klar reduksjon i utsleppa sidan 1990. Det kjem i hovudsak av at bruken av fyringsolje, særleg i bustader, har gått ned.

Energiforsyning og energiomlegging

Det er gjennom dei to siste endringane i byggteknisk forskrift (2007 og 2010) innført strenge krav til energiforsyning i nye bygg. Mellom anna er det innført forbod mot å installere oljekjel for fossilt brensel til grunnlast i nybygg og ved hovudombygging. I tillegg har det over fleire år vore gjennomført ei rekkje tiltak for å redusere bruken av fossile oppvarmingskjelder i eksisterande bygg. Regjeringa vil halde fram arbeidet med energiomlegging i bygg.

Klimagassutslepp skjer gjennom heile levetida til bygget

Bygg fører også med seg klimagassutslepp ut over dei direkte utsleppa frå drifta av bygget. Gjennom levetida til bygget kan det vere utslepp frå produksjon av byggjemateriale, transport av byggjemateriale, bygging, rehabilitering, riving og handsaming av avfall frå bygget. I tillegg påverkar lokaliseringa av bygget klimagassutsleppa frå transport i samband med bruken av bygget. Utsleppa frå desse fasane blir rekneskapsførte i dei sektorane der utsleppa skjer. Dette sikrar at utslepp berre blir talde éin gong. Det kan likevel vere føremålstenleg å vurdere utsleppa gjennom heile livsløpet. Dette gjer det til dømes mogleg å samanlikne eigenskapar og klimapåverknad ved ulike løysingar.

Boks 5.1 Klimagassregnskap.no

Statsbygg har utvikla klimagassrekneskapen www.klimagassregnskap.no, som er eit offentleg tilgjengeleg webverktøy. Dette blir bruka til å berekne og analysere dei samla klimagassutsleppa frå eit byggjeprosjekt i heile levetida til bygget. Utslepp kan bereknast for materialbruk, energibruk, lokalisering, uteområde og transport knytt til bygget. Dermed kan ein allereie tidleg i planlegginga berekne og vurdere klimagassutslepp for ulike alternativ. Verktøyet viser kva delar av prosjektet som i størst grad medverkar til klimagassutslepp, og kva som kan gjere prosjektet meir klimavenleg, i tillegg til å dokumentere klimagassutsleppa ved prosjektet. Verktøyet er mellom anna teke i bruk i Statsbygg, FutureBuilt og Framtidens byer.

Boks 5.2 Framtidens byer

Framtidens byer er eit samarbeid mellom staten og dei 13 største byane i Noreg om å redusere klimagassutsleppa og å gjere byane betre å bu i. Framtidens byer har utfordra byane som er med i prosjektet, til å byggje minst eitt til to klimavenlege bygg og byområde i kvar by. Framtidens byer har førebilete- og pilotprosjekt som omfattar områdeutvikling, barnehagar, bustader, kulturbygg, skolar med meir. Både private og offentlege utbyggjarar er inviterte til å delta med prosjekt.

Nye bygg blir oppførte med minimum passivhus-standard. Bygga skal også ha klimavenlege byggjemateriale, klimavenleg lokalisering og ei miljøvenleg transportløysing. Målet er at dei samla klimagassutsleppa ved kvart enkelt pilotprosjekt skal vere maksimalt 50 prosent av det som er normalt i dag. Dei nye bygga skal vere førebileteprosjekt, slik at byane kan dele erfaringar og lære av kvarandre. Pilotprosjekta vil fungere som testlaboratorium i bygg- og anleggsbransjen, og gje auka kunnskap om klimavenleg planlegging, bygging, rehabilitering og klimatilpassing. Prosjekta skal også medverke til god arkitektur og eit betre bymiljø.

5.3 Føringar for energieffektive bygg i klimaforliket

Klimaforliket frå 20086 gjev konkrete føringar for satsing på energieffektivisering og energiomlegging i byggsektoren. Partane i klimaforliket er samde om «en betydelig økt aktivitet innen utvikling av energieffektive bygg» og at Husbanken og Enova skal ha gode stønadsordningar for enøktiltak. Vidare er dei samde om å «sette av tilstrekkelige midler til kompetanseoppbygging i næringen, gjennomføring av forbildeprosjekter og forskning og utvikling på stadig mer energi- og miljøvennlige byggevarer og byggeløsninger».

Når det gjeld bygningsstandard, er partane samde om at energikrava i byggteknisk forskrift skal reviderast «langt oftere enn det som hittil har vært vanlig, minimum hvert femte år». Dei er også samde om at «erfaringene med passivhus skal følges opp, og at det skal vurderes å innføre krav om passiv husstandard for alle nybygg innen 2020». Partane vil også stille konkrete krav til energibruk og energiforsyning i offentlege byggjeprosjekt. Offentlege nybygg skal, så langt det er praktisk mogleg, overgå dei energikrava som til ein kvar tid gjeld.

Regjeringa si oppfølging av klimaforliket er nærare omtala i klimameldinga.

5.4 Potensialet for energieffektivisering i bygg

Det er vanleg å skilje mellom teknisk og økonomisk potensial for energieffektivisering. Det tekniske potensialet viser dei ulike tilgjengelege teknologiane uavhengig av kostnader. Det privatøkonomiske potensialet viser kva teknologiar som er lønsame innanfor gjeldande prisar, medan det samfunnsøkonomiske potensialet viser kva teknologiar som er lønsame innanfor prisar som er korrigerte for marknadssvikt. Det økonomiske potensialet er i hovudsak knytt til energitiltak som blir sette i verk i samband med naudsynt vedlikehald eller rehabilitering.

Dei siste åra har vi fått fleire studiar av potensial for energieffektivisering i bygg. Dei fleste av dei tek utgangspunkt i det tekniske potensialet. Tilnærminga i studiane som blir omtala nedanfor, er svært ulike og kan derfor ikkje samanliknast direkte.

Lågenergiutvalet7 tilrådde eit mål om å halvere energibruken i byggsektoren frå 80 TWh til 40 TWh i 2040. Dei tilrådde delmåla var å redusere til 70 TWh i 2020 og 55 TWh i 2030.

Arnstad-gruppa8 meinte også at det er mogleg å halvere energibruken til drift av bygg innan 2040, og at det er realistisk å redusere energibruken med 10 TWh innan 2020. Gruppa peikte på at det er vanskeleg å vurdere om det er realistisk å få til ei halvering av den årlege energibruken i bygg innan 2040, då det ikkje er kjent kva slags teknologi som vil vere tilgjengeleg, og kva rammevilkår som vil gjelde.

Klimakur9 vurderte verkemiddel og tiltak for å redusere norske utslepp av klimagassar med 15–17 millionar tonn. Dei greidde ut moglegheita for energieffektiviseringstiltak på 11–12 TWh i bygg i 2020. Thema Consulting Group og Vista analyse har på oppdrag frå Miljøverndepartementet og Finansdepartementet skrive rapporten «Itjnå som kjæm tå sæ sjøl? Hvorfor utløses ikke de lønnsomme klimatiltakene i Klimakur?» Analysen viser at energieffektivisering i bygg delvis vil bli utløyst med dagens verkemiddel.

Enova sin studie om energieffektivisering i norske bygg skil mellom teknisk, økonomisk og realistisk potensial.10 Teknisk og økonomisk potensial er forklart ovanfor. Det realistiske potensialet ser i tillegg på kor mange bygg som blir rehabiliterte no og framover, rammevilkår, strukturelle tilhøve i byggjemarknaden, osb. Studien viser at det er mest kostnadseffektivt å påverke dei som allereie har planar om å byggje nytt eller rehabilitere. Enova har kome fram til at det realistiske potensialet for energieffektivisering innan 2020 er 1,4–3 TWh i bustader og 3–4,5 TWh i yrkesbygg.

Boks 5.3 Rapport frå Arnstad-gruppa

Kommunal- og regionaldepartementet sette i 2009 ned ei arbeidsgruppe som skulle leggje fram forslag til mål og utarbeide ein tidsplan for energieffektivisering i nye og eksisterande bygg. Arbeidsgruppa meinte det var realistisk å redusere energibruken i bygg med netto 10 TWh frå 2010 til 2020, og mogleg å halvere energibruken frå dagens ca. 80 TWh til 40 TWh i 2040. Gruppa meinte at det meste av innsparingane innan 2020 måtte skje i eksisterande bygg.

5.5 Enova

Enova blei stifta ved kongeleg resolusjon av 1. juni 2001 med verknad frå 22. juni 2001. Stiftinga har bakgrunn i stortingsvedtaket av 5. april 2001 om å opprette Energifondet, jf. Ot.prp. nr. 35 (2000–2001) Om lov om endringar i lov 29. juni 1990 nr. 50 om produksjon, omforming, overføring, omsetning og fordeling av energi m.m. (energilova) og Innst. O nr. 59 (2000–2001).

Enova har som føremål å fremje ei miljøvenleg omlegging av energibruk og energiproduksjon. Dette vil ein oppnå gjennom ei langsiktig satsing på å utvikle marknader for effektive energiløysingar som er med på å sikre forsyninga av energi og redusere utsleppet av klimagassar.

Enova forvaltar Energifondet, som skal vere ei langsiktig finansieringskjelde for omlegging av energibruk og -produksjon. Enova skal medverke til redusert energibruk i bygg og industri, meir bruk av varme frå fornybare energikjelder og demonstrasjon av nye energiteknologiar og energiløysingar. Eit sentralt prinsipp da Enova blei oppretta, var at føretaket skulle oppnå det størst moglege energiresultatet per stønadskrone innanfor dei rammene som er sette.

I klimameldinga foreslår regjeringa at Enova skal forvalte den nye nasjonale satsinga på klimateknologi. Satsinga har som mål å redusere utslepp av klimagassar og gje varig sparing av energi i industrien gjennom å utvikle og ta i bruk teknologiar som kan bidra til dette.

Styringa av Enova følgjer prinsippa for mål- og resultatstyring. Måla er formulerte gjennom føremålet for Energifondet og gjennom hovudmål og resultatmål som er fastsette i 4-årige avtalar. Innanfor desse rammene har Enova stor fridom til sjølv å utvikle verkemiddel og program.

Enova samarbeider tett med aktørane i energimarknadene gjennom investeringar, rådgjeving og kommunikasjonsverksemd. Enova har eit omfattande stønadstilbod til industrien, varmemarknaden, byggjenæringa og hushalda. I tillegg driv Enova generelt rådgjevingsarbeid overfor ulike aktørar. har også informasjonsaktivitet retta mot barn og unge.

Ein sentral premiss for verkemiddelbruken til Enova er at stønaden skal medverke til å utløyse prosjekt som elles ikkje ville blitt gjennomførte.

5.6 Verkemiddel for energieffektivisering i nybygg

I 2007 blei energikrava i byggteknisk forskrift skjerpa. Krava innebar 25 prosent lågare energibehov enn kravet i den førre forskrifta. I 2010 blei krava til energieffektivitet justerte. Sidan energikrava er blitt endra to gonger i løpet av tre år, skal ikkje krava endrast igjen før i 2015. Det gjev byggjenæringa tid til å skaffe seg nyttig erfaring med endra byggjemetodar og byggjevarer, og styresmaktene og næringa får tid til å vurdere dei tiltaka og løysingane som er valde. Det er også behov for å evaluere mellom anna kva effektar dei nye krava har på inneklimaet.

5.6.1 Regulatoriske verkemiddel

Skrittvis innskjerping av energikrava

Regjeringa meiner at det å skjerpe kravsnivået i byggteknisk forskrift gjev store moglegheiter for energieffektivisering. Det er allereie mange bygg som er oppførte med ein energistandard som er betre enn dagens kravsnivå. Regjeringa vil skjerpe krava i 2015 og i 2020. Energikrava blir skjerpa til passivhusnivå i 2015 og nesten nullenerginivå i 2020. Eit tidleg varsel om skjerpa energikrav vil gjere situasjonen meir føreseieleg for næringa og gje auka innovasjon, marknadsutvikling og teknologiske nyvinningar. Det gjev også byggjenæringa tid til å utvikle nye løysingar. I tillegg blir behovet for overgangsordningar for å setje i verk endringane mindre når skjerpinga no blir varsla i god tid.

Passivhusnivå og nesten nullenerginivå

Passivhusnivå og nesten nullenerginivå er ikkje endeleg definerte. Regjeringa vil seinare fastsetje føresegner som definerer desse nivåa. Definisjonane vil kome i god tid før føresegnene blir sette i verk. Regjeringa vil bestemme seg for kravsnivå på bakgrunn av utgreiingar om konsekvensar for samfunnsøkonomi og helse, og kompetanse i byggjenæringa.

Boks 5.4 Passivhus

Omgrepet passivhus blei lansert i Tyskland, og konseptet er no utbreidd i fleire europeiske land. I eit passivhus bruker ein i størst mogleg grad passive tiltak for å redusere energibehovet, som til dømes ekstra varmeisolasjon og særleg liten luftlekkasje. Det er utarbeidd ein passivhusstandard for bustader1 i Noreg, og arbeidet med ein standard for næringsbygg2 er i gang. Hovudkravet i passivhusstandarden er at oppvarmingsbehovet ikkje skal overskride 15 kWh/m² per år, men det kan gjerast unntak for små bustader og for bygg i kalde strøk. Eit passivhus har behov for å få levert 70–80 kWh/m2 per år. Ein kan også nå eit energinivå som tilsvarer passivhusnivå, utan å vere låst til ein definert passivhusteknologi/-standard.

1 NS 3700:2010: Kriterier for passivhus og lavenergihus - Boligbygninger

2 prNS 3701: Kriterier for passivhus og lavenergibygninger - Yrkesbygg

Regjeringa er særleg oppteken av å sikre at inneklimaet blir teke vare på når vi innfører passivhusnivå og nesten nullenerginivå. Inneklima er nærare omtala i kapittel 4.7.

Energikrava i byggteknisk forskrift og energimerkeordninga

Bygg som tilfredsstiller byggteknisk forskrift, kan få ulike energimerke avhengig av oppvarmingsmetoden som er vald. Det er valt ulike punkt for måling av berekna energibehov i dei to ordningane. Byggteknisk forskrift stiller krav til berekna netto energibehov, medan energimerkeordninga gjev informasjon om berekna levert energibehov. Målepunktet for energimerket er valt fordi det gjev ein peikepinn på kor mykje energi ein må rekne med å kjøpe. Såleis kommuniserer det til aktørar som vurderer å kjøpe eller leige eit bygg. Målepunktet for byggteknisk forskrift er valt for å sikre at bygg oppførast med lågt energibehov gjennom robuste og varige løysingar i bygningskroppen. Då energimerkeordninga blei innført, var det ein del kritikk av val av målepunkt og manglande samordning med byggteknisk forskrift. Marknaden synes no i større grad å ha tilpassa seg ordningane.

Bruk av fjernvarme

Det har vore ein sterk auke i bruken av fjernvarme dei siste åra. I 2000 var fjernvarmen som blei levert til forbrukarar, på ca. 1,5 TWh. I 2010 var bruken av fjernvarme på 4,3 TWh. Størsteparten av fjernvarmeleveransane går til næringsbygg, men det blir levert noko fjernvarme også til bustadbygg. I Klimakur blei det lagt til grunn 6,6 TWh levert fjernvarme i 2020.

Fjernvarme og energieffektive bygg

Energieffektive bygg har eit lågt behov for energi til oppvarming. Ein bør sjå valet av oppvarmingsløysing i samanheng med oppvarmingsbehovet. Når det skal byggjast i område som har tilknytingsplikt til fjernvarme, kan dette påverke utbyggjaren. Det kan opplevast som kostbart å investere i energieffektive løysingar dersom ein også må leggje til rette for vassboren varme i alle rom og knyte seg til fjernvarmeanlegg. Dersom ein framover får bygg som produserer meir energi enn det huseigaren sjølv treng («plusshus»), kan det òg vere ynskjeleg å ha høve til å levere energi tilbake på nettet.

Konsesjon og tilknytingsplikt

Fjernvarmeverksemd er regulert gjennom energilova og plan- og bygningslova. Konsesjonsplikt gjeld for fjernvarmeanlegg som yter over 10 MW. Det er NVE som er konsesjonsorgan. Også anlegg som er under den konsesjonspliktige grensa, kan søke om konsesjon.

Der det ligg føre ein konsesjon for fjernvarmeanlegget etter energilova, kan kommunen vedta tilknytingsplikt i planføresegnene sine. Tilknytingsplikta kan omfatte nye bygningar og bygningar som blir hovudombygde. Kommunane kan i planane sine stille krav til kva bygningar eller tiltak som har tilknytingsplikt, og kva bygg som har fritak. I utgangspunktet har kommunane stor fridom til sjølve å trekkje opp grensa for når tilknytingsplikta skal gjelde. Tilknytingsplikta kan til dømes avgrensast til å gjelde:

  • geografisk innanfor konsesjonsområdet

  • for bygningar over eit visst areal eller over eit visst tal einingar

  • for bygningar med eit oppvarmingsbehov over ei viss grense

Dersom det er krav om tilknytingsplikt i planføresegna, kan kommunane likevel gjere unntak frå tilknytingsplikta når tiltakshavaren kan dokumentere at ei anna løysing er «miljømessig betre». Sjølv om vilkåret «miljømessig betre» er oppfylt, pliktar ikkje kommunen å gjere unntak. I vurderinga av «miljømessig betre» kan ein også leggje vekt på kva løysinga kostar.11

Meir føreseieleg handsaming av tilknytingsplikta

Kommunane har eit viktig ansvar når det gjeld å vurdere fordelar og ulemper ved bruk av regelverket for tilknytingsplikt. Det er kommunane som har best kjennskap til lokale tilhøve og behov, og som har ansvaret for både arealplanlegging og handheving av byggjeforskriftene. Erfaringar tyder på at kommunane i varierande grad er kjende med handlingsrommet som regelverket for tilknytingsplikt opnar for, og at praksis varierer. Regjeringa vil leggje til rette for at handsaminga av tilknytingsplikta blir meir føreseieleg. Det kan til dømes vere aktuelt å rettleie kommunane i kva moglegheiter som ligg i dagens regelverk. Ein kan òg vurdere om fritak kan bli ein rett når visse føresetnader er til stades.

5.6.2 Verkemiddel som gjeld kompetanse og økonomi

Førebileteprosjekt og dokumenterte løysingar

For å oppfylle komande forskriftskrav er det behov for både kompetanseheving og utvikling av dokumenterte løysingar. Byggsektoren må utvikle gode, sunne og robuste løysingar som tilfredsstiller komande energikrav. I førebileteprosjekt kan ein prøve ut energi- og miljøvenlege byggjemetodar, og erfaringa frå desse prosjekta kan brukast til å utarbeide dokumenterte løysingar.

Fleire aktørar ligg i framkant av dagens regelverk

Byggje- og eigedomsmarknaden er i endring, det er auka etterspurnad etter framtidsretta energiløysingar, og marknaden er i større grad villig til å betale for dette.12 Førebiletebygg gjer det mogleg å vise fram både kompetanse og samfunnsansvar. Det er fleire aktørar i byggjenæringa som viser vilje til å liggje i framkant av dagens regelverk. Innsatsen til desse aktørane kan vere med på å utvikle nye løysingar og gje varige endringar i marknaden.

Det er til no bygd eller planlagt meir enn 1000 bustader på passivhusnivå i Noreg. Det er meir enn 200 som har fått energiattest med karakteren A. Det er fleire utbyggjarar som har sett seg mål om at nybygga deira i framtida berre skal vere A-bygg. Det er også planlagt plusshus. Plusshus er bygningar som produserer like mykje eller meir energi enn det dei brukar. Dette viser at det er fullt mogleg å setje opp svært ambisiøse bygg i dag.

Statlege bygg blir gjennomgåande forvalta godt, og dei store statlege eigedomsforvaltarane har sett seg eigne, ambisiøse energimål. Statlege kontorbygg brukar til dømes 20 prosent mindre energi enn eit gjennomsnittleg kontorbygg i privat og kommunal sektor.13 I klimaforliket frå 2008 var det semje om at staten skal vere offensiv når det gjeld å stille energikrav til nye bygg, og liggje i framkant av forskriftskrava så langt det er praktisk mogleg. Forsvarsbygg, Statsbygg og helseføretaka har sett ambisiøse energimål for sine bygg og byggjer og rehabiliterer etter energikrav som ofte ligg framom krava i byggteknisk forskrift.

Enovas programtilbod til nybygg

Enova har ei eiga satsing på lågenergihus og passivhus i form av både rådgjeving og tilskot. Programmet medverkar til at byggjenæringa får erfaring med å planleggje og byggje denne typen bygg før krava i regelverket blir stramma ytterlegare inn. Enova kan ikkje gje stønad til tiltak som er lov- eller forskriftsfesta. Det inneber at Enova ikkje kan gje stønad til oppføring av nybygg som blir bygde etter gjeldande forskriftskrav. For nybygg inneber det at Enova berre kan gje stønad til byggjeprosjekt som er meir ambisiøse enn krava i byggteknisk forskrift.

Grunnlån frå Husbanken

Husbanken kan gje grunnlån til å byggje og utbetre bustader, barnehagar, studentbustader og andre lokale som er ein del av bumiljøet. For å få grunnlån må ein mellom anna oppfylle energikrav. Det er tre ulike måtar å oppfylle desse krava på:

  • For det første kan ein ta i bruk den skjerpa tiltaksmodellen frå Husbanken, som er strengare enn energitiltaka i byggteknisk forskrift på fire område: u-verdi (varmeisoleringsverdi) i dører og vindauge, varmegjenvinning, luftlekkasje og spesifikk vifteeffekt i ventilasjonsanlegg.

  • For det andre kan ein oppfylle energikriteria ved omfordeling, det vil seie å fråvike eitt eller fleire av tiltaka i den skjerpa tiltaksmodellen dersom ein kan dokumentere at det samla varmetapet ikkje er større enn i den skjerpa tiltaksmodellen.

  • For det tredje kan ein nytte Lågenergihus klasse 1 i NS 3700: Kriterier for passivhus og lavenergihus – Boligbygninger.

Prosjekt som strekkjer seg utover energikriteria til Husbanken, til dømes passivhus, vil også kunne få grunnlån.

Kompetansetilskot til berekraftig bustad- og byggkvalitet

Kompetansetilskot til berekraftig bustad- og byggkvalitet skal vere med på å heve kompetansen når det gjeld miljøvenlege og universelt utforma bustader og bygg på attraktive stader. Tilskotet rettar seg i hovudsak mot kommunar, byggjenæringa og kompetansemiljø. Tilskotet kan mellom anna gjevast til kunnskapsutvikling, stønad til forsøksprosjekt og formidling av informasjon om energibruk og miljø- og klimavenlege løysingar i bustader og bygg.

Betre kompetanse og nye byggtekniske rettleiingar

Lågenergiprogrammet er eit samarbeid mellom byggjenæringa og styresmaktene for å betre kompetansen innanfor energieffektivisering, sjå kapittel 3.5.3. Når energikrava blir skjerpa, er det også behov for å utvikle nye anvisingar i Byggforskserien eller tilsvarande. I rapporten Kunnskapsbehov for å innføre passivhus som standard14 er det gjort ein gjennomgang av anvisingar i Byggforskserien. Konklusjonen er at ca. 200 anvisingar må oppgraderast og utarbeidast. Først då vil vi ha tilstrekkeleg med rettleiingar som viser korleis vi bør byggje for å nå passivhusnivå. For å utvikle rettleiingane må vi bruke erfaringar og evalueringar frå førebileteprosjekt.

Regjeringa vil:

  • Regjeringa vil skjerpe energikrava i byggteknisk forskrift til passivhusnivå i 2015 og nesten nullenerginivå i 2020. Regjeringa vil seinare fastsetje føresegner som definerer passivhusnivå og nesten nullenerginivå. Vedtak om kravsnivå blir gjorde på bakgrunn av utgreiingar av konsekvensar for samfunnsøkonomi og helse, og kompetansen i byggjenæringa.

  • Regjeringa vil leggje til rette for at handsaminga i kommunane av tilknytingsplikt for energieffektive bygg blir meir føreseieleg.

5.7 Energieffektivisering i eksisterande bygg

Dei fleste eksisterande bygg tilfredsstiller ikkje dagens energikrav. Det kan vere fordi dei er bygde anten før energikrava var utforma, eller medan mindre strenge energikrav gjaldt. Dette inneber at det er monaleg større energibehov i gamle bygg enn i bygg som blir oppførte etter dagens standard. Nybygging og rehabilitering utgjer årleg 1–2 prosent av samla bygningsmasse. Det inneber at dagens bygg kjem til å påverke den totale energibruken i lang tid framover.

Stort potensial for å spare energi i eksisterande bygg

I dag brukar bygg ca. 83 TWh energi per år (2009). Det er eit stort potensial for å spare energi i eksisterande bygg. Rapporten frå Arnstad-gruppa (2010) viste at ein må spare mesteparten i eksisterande bygg, og at rundt 60 prosent av dette må sparast i bustader. Energieffektivisering i eksisterande bygg skal skje samtidig med at bygga skal ha eit godt inneklima.

Boks 5.5 EU-direktiv og handlingsplan for energitiltak i bygg

Bygningsenergidirektivet frå 2002 er eit sentralt rammevilkår for tiltak i bygg både i EU og i Noreg, sidan det er ein del av EØS-avtalen. I 2010 blei bygningsenergidirektivet revidert for å medverke til ei betre oppfylling av klimamåla. Det reviderte direktivet inneheld krav om at alle nye bygg skal vere nesten nullenergibygg innan 2020. Direktivet har også klare føringar om at det offentlege skal gå føre. Bygg som offentlege styresmakter eig og brukar, skal vere nesten nullenergibygg allereie i 2018. Direktivet krev dessutan at det blir fastsett minimumskrav for energibruk i bygningstekniske installasjonar. Det reviderte bygningsenergidirektivet stiller også krav ved rehabilitering. Krava gjeld for rehabiliteringstiltak som omfattar 25 prosent av bygningsverdien eller av klimaskjermen, det vil seie vegger, tak og grunn. I tillegg stiller direktivet krav til energieffektivitet for tekniske installasjonar. Det er ikkje avgjort om det reviderte direktivet er relevant for Noreg.

EUs handlingsplan for energieffektivisering blei lagd fram i 2011. Bakgrunnen er EUs mål om å redusere energibruken med 20 prosent innan 2020. I handlingsplanen har EU-kommisjonen berekna at det berre vil vere mogleg å oppnå 9 prosent energireduksjon med dei tiltaka og verkemidla som er innførte. Handlingsplanen er eit strategidokument som skisserer idear til forpliktande tiltak. Kommisjonen la fram eit lovforslag med konkrete forpliktande tiltak sommaren 2011 (energieffektiviseringsdirektivet).

Energieffektiviseringsdirektivet: I 2011 la EU-kommisjonen fram forslag til eit energieffektiviseringsdirektiv. Ifølgje direktivforslaget skal medlemslanda fastsetje eigne nasjonale energieffektiviseringsmål for 2020. Om naudsynt vil EU-kommisjonen føreslå bindande mål i 2014. Direktivet har ei rekkje konkrete forslag, mellom anna til rehabilitering av offentlege bygg. Direktivet erstattar energitenestedirektivet og kraftvarmedirektivet. Forslaget er til behandling i EUs organ. Det er ikkje avgjort om direktivet vil bli relevant for Noreg.

Fornybardirektivet, som også gjeld for Noreg, slår fast at 20 prosent av energien skal vere fornybar i 2020. Dette er ein monaleg auke frå 2005, då rundt 8,5 prosent av energien i EU var fornybar. Energieffektivisering i bygg er ein del av direktivet.

Energitenestedirektivet tek for seg effektiv sluttbruk av energi og energitenester. Direktivet set mål om at kvart land skal spare 9 prosent i sluttbrukarenergi i perioden 2008–2017. Dette målet skal ein nå via energieffektiviseringstiltak. Mykje av sluttbruken av energi skjer i bygg. Derfor er energitenestedirektivet relevant for byggsektoren. Det er ikkje avgjort om direktivet vil bli relevant for Noreg.

Økodesigndirektivet, som også gjeld for Noreg, har som føremål å redusere miljøbelastninga frå energirelaterte produkt i heile livsløpet deira. Energirelaterte produkt er både produkt som brukar energi, og produkt som indirekte påverkar energibruken når dei er i bruk, som til dømes vindauge og isolasjonsmateriale.

5.7.1 Regulatoriske verkemiddel

Krav til bygningskomponentar

Dagens regelverk regulerer nybygg og søknadspliktig rehabilitering. Men mesteparten av dagens rehabilitering er ikkje søknadspliktig. For å redusere energibruken monaleg må ein også ved rehabilitering av bygg utan søknadsplikt ofte utføre energieffektiviserande tiltak. Derfor vil regjeringa vurdere korleis det kan stillast forskriftskrav til utvalde bygningskomponentar når dei likevel skal skiftast ut. Økodesigndirektivet stiller allereie i dag energikrav til ulike typar produkt, og det vil i framtida kome ytterlegare krav til bygningsrelaterte komponentar.

For nokre bygningskomponentar er det relativt enkelt å stille energikrav, medan det for andre ikkje er føremålstenleg. Døme på aktuelle bygningskomponentar er vindauge, glasfelt og dører. Krava vil kunne gjelde når desse komponentane blir skifta ut i oppvarma areal. Eit slikt krav må mellom anna tilpassast mangfaldet i den eksisterande bygningsmassen, energieffektiviseringspotensialet for byggtypen og meirkostnadene ved å gjennomføre tiltaket. Regjeringa er oppteken av å ta vare på mangfaldet av bygg, og til dømes verneverdige bygg må kunne få unntak frå nye krav.

Boks 5.6 Energieffektivisering i Danmark

Den danske byggforskrifta stiller krav om at energieffektivisering skal gjennomførast dersom ombygging endrar klimaskjermen. Kravet gjeld dei delane av bygget som blir påverka av endringane. Samtidig seier den danske forskrifta at dersom byggtekniske vilkår inneber at krav ikkje kan oppfyllast på grunn av økonomiske eller fukttekniske tilhøve, kan det i staden gjennomførast mindre omfattande tiltak som reduserer energibehovet.

5.7.2 Kompetanseverkemiddel

Informasjonstiltak frå Enova retta mot hushald

Enova har ei omfattande satsing retta mot hushald, barn og unge. I stor grad dreier dette seg om informasjonsarbeid der Enova ynskjer å skape merksemd om lønsame tiltak for å spare energi, til dømes gjennom haldningskampanjar. Satsinga inneheld desse verkemidla:

  • Enova Heime: Nettstad for hushald/forbrukarar.

  • Enova Svarer: Landsdekkjande svarteneste der ein kan få gratis energiråd og tinge brosjyrar, publikasjonar og anna materiell frå spesialistar innan energirådgjeving. Tenesta er populær, og i 2011 kom det inn om lag 45 000 førespurnader.

  • Enova Tilrår: Ei uavhengig merkjeordning for produkt med god energikvalitet. Tilrådinga føreset at produktet er mellom dei mest energieffektive i sin kategori, og at det er tilgjengeleg i marknaden. Ordninga omfattar i dag lågenergivindauge og etterisolering.

  • Enova Støttar: Ei ordning med tilskot til sparing av elektrisitet i hushald.

Enova har ei særleg satsing mot barn gjennom Regnmakarkonseptet. Regnmakarane blei lansert i 2003 og er eit opplegg for barn mellom ni og tolv år. Regnmakarkonseptet inneheld ei internettside, aktivitet på skular, arrangement og TV-program for barn.

I 2007 starta Enova eit samarbeid med Ungt Entreprenørskap for å dra i gang ei målretta satsing retta mot ungdom i vidaregåande skular. Samarbeidet er knytt til ulike gründercampar med særleg merksemd retta mot energi. Erfaringane med dette arbeidet er positive, og skuleverket har teke godt imot satsinga. Enova deltek også med informasjon på konferansar og messer.

Regjeringa er oppteken av at Enova også skal informere om kva fordelar energieffektivisering av bygg har for inneklima og komfort.

Auke kompetansen om energieffektiviseringstiltak i byggjenæringa

Det er ein stor fordel dersom arkitektar, rådgjevande ingeniørar, handverkarar, byggjevareseljarar og andre som bustadeigarar er i kontakt med når dei skal pusse opp bustaden, er oppdaterte på kva energieffektiviseringstiltak som er aktuelle for ulike bustadtypar. Desse aktørane kan då informere og gje kvalifiserte råd til bustadeigarar om kva tiltak som er aktuelle for bustaden deira.

Regjeringa meiner at den delen av byggjenæringa som er i kontakt med bustadeigarar, er ein spesiell ressurs som bør utnyttast betre. Lågenergiprogrammet er ei sentral satsing for å auke kompetansen om energieffektivisering i byggjenæringa. Kompetansen på energieffektivisering i eksisterande bygg, skal aukast gjennom mellom anna ei vidare satsing på Lågenergiprogrammet.

Behov for standardiserte løysingar for energieffektivisering

Korleis eksisterande bygg kan energieffektiviserast, er avhengig av byggjeår, byggjemetodar, materialtypar i bygget og kor mykje som skal takast vare på av dei opphavlege løysingane. For bustadeigarar kan det vere komplisert å vurdere kva som bør gjerast i deira eigen bustad. Det er derfor viktig at byggjenæringa har god kunnskap om korleis dette kan løysast for ulike typar bygg, slik at dei kan gje gode råd og gjennomføre riktige løysingar. Det er behov for byggrettleiingar som viser standardiserte løysingar for energieffektiviseringstiltak i ulike byggtypar, og rekkjefølgja for når tiltaka bør gjennomførast.

5.7.3 Økonomiske verkemiddel

Det er i dag ulike offentlege stønads- og insentivordningar for energieffektivisering av eksisterande bygg (sjå kapittel 5.6.2 for omtale av Husbankens grunnlån).

Stønadsordningane til Enova

Regjeringa meiner at Enova har gode stønadsordningar for næringsbygg og bustader. Enova arbeider etter prinsippet om kostnadseffektivitet, det vil seie størst mogleg energiresultat per krone som er gjeven i stønad.

Enova tilbyr i dag investeringsstønad til energieffektiviseringstiltak og etablering av varmeløysingar som er baserte på fornybar energi, spillvarme og varmepumper i bygg.

Enova har stønadsordningar for konvertering av varmeproduksjon til fornybare energikjelder og energirehabilitering av eksisterande bygg for tiltak som til saman gjer eit resultat på meir enn 100 000 kWh per år. Enova har også stønadsordningar for bygg som blir rehabiliterte til lågenergi- eller passivhus-standard. I tillegg har Enova tilskotsordningar for hushald som skal fremje bruk av ny teknologi.

Enova har fram til og med 2011 støtta prosjekt som til saman medverkar til om lag 3,3 TWh spara energi og oppvarming frå fornybar energi, spillvarme og varmepumper i bygg. I tillegg har Enova støtta etablering av lokale energisentralar som leverer varme til bygg og industri.

Døme på næringsbygg, offentlege bygg og bustadbygg som har fått tilsegn om stønad frå Enova: Miljøhuset GK i Oslo har fått tilsegn om ca. 4 millionar kroner i stønad til oppføring av eit nytt kontorbygg med passivhusnivå. Det er venta at prosjektet vil gje eit energiresultat på om lag 1460 GWh/år. Rælingen kommune har fått tilsegn om ca. 2,3 millionar kroner i stønad for å gjennomføre eit EPC-samarbeid (Energy Performance Contracting), som er med på å redusere energibruk og energikostnader i kommunale bygg. Det er venta at dette prosjektet vil gje eit energiresultat på om lag 3 GWh/år. Fjogstadhus Eiendom AS har fått tilsegn om ca. 730 000 kroner i stønad til å byggje ni einebustader med passivhus-standard. Prosjektet er venta å gje eit energiresultat på om lag 70 000 kWh/år.

Enova er eit velfungerande verkemiddel

Regjeringa meiner Enova er eit velfungerande verkemiddel for å fremje ei miljøvenleg omlegging av energibruk og energiproduksjon. Regjeringa vil vidareføre Enova som pådrivar for ei miljøvenleg energiomlegging av bustader og næringsbygg.

Regjeringa vil:

  • Regjeringa vil innføre komponentkrav for eksisterande bygg og klargjere kva byggjearbeid og komponentar desse krava skal gjelde for, mellom anna ut frå ei vurdering av energieffektar og kostnader.

  • Regjeringa vil spesielt medverke til å styrkje kompetansen til dei delane av byggjenæringa som er i kontakt med bustadeigarar, slik at dei blir betre til å formidle og gjennomføre gode energieffektiviseringstiltak.

  • Regjeringa vil at Enova skal støtte opp om utviklinga av stadig meir energieffektive bygg.

  • Regjeringa vil i løpet av 2012 kome attende med eit mål for energieffektivisering i bygg.

5.8 Økonomiske og administrative konsekvensar

Å setje i gang utgreiingar som grunnlag for å trappe opp energikrava kan gjerast innanfor eksisterande budsjettrammer. Ei skjerping av energikrava til passivhusnivå i 2015 og nesten nullenerginivå i 2020 vil kunne føre til auka byggjekostnader, men også gje reduserte energikostnader på grunn av lågare energibehov. Kva kostnadene og gevinstane av skjerpingane blir, er avhengig av korleis ein definerer desse nivåa.

Å leggje til rette for at kommunal handsaming av tilknytingsplikt for energieffektive bygg blir meir føreseieleg kan gjerast innanfor eksisterande budsjettrammer.

Innføring av komponentkrav vil vere basert på ei vurdering av energieffektar og kostnader. Før ein kan seie noko om kostnader og verknader av krav, må saka greiast ut.

Fotnotar

1.

IPCC 2007: Climate Change 2007: Working Group III: Mitigation of Climate Change

2.

Prop. 101 L (2010–2011) Lov om elsertifikater

3.

Behov for auka kunnskap på desse områda er omtalt mellom anna i Kunnskapsbehov for å innføre passivhus som standard (Enova 2011), Enovas potensial- og barrierestudie for bustader (2012), Arnstadrapporten (2010), Lavenergiutvalet sin rapport (2009) og Energiutvalet sin rapport (2008).

4.

Vestlandsforskning (2011): Trender og drivere for energibruk i norske husholdninger. Rapport nr 13 til NVE

5.

NVE (2011): Energibruk i Fastlands-Norge. Rapport nr 9 2011

6.

Forliket blei inngått mellom Ap, SV, Sp, Høgre, KrF og V: http://www.regjeringen.no/Upload/MD/Vedlegg/Klima/avtale_klimameldingen.pdf

7.

Lågenergiutvalet (2009): Energieffektivisering http://www.regjeringen.no/upload/OED/Rapporter/OED_Energieffektivisering_Lavopp.pdf

8.

KRD (2010): Energieffektivisering av bygg. En ambisiøs og realistisk plan mot 2040 http://www.regjeringen.no/upload/KRD/Vedlegg/BOBY/rapporter/energieffektivisering_av_bygg_rapport_2010.pdf

9.

NVE (2010): Tiltak og virkemidler for redusert utslipp av klimagasser fra norske bygninger http://www.nve.no/Global/Publikasjoner/Publikasjoner%202010/Rapport%202010/rapport2010_04.pdf

10.

Enova (2012): Potensial- og barrierestudie. Energieffektivisering i norske bygg http://www.enova.no/radgivning/naring/aktuelt/enova-rapporter-viser-reellt-potensial-for-energieffektivisering-i-bygg/249/271

11.

Innst. O. nr. 50 (2008–2009) Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om lov om endringer i lov om planlegging og byggesaksbehandling (plan- og bygningsloven-byggesaksdelen)

12.

Enova resultatrapport 2011.

13.

SSB (2011): Energibruk i bygninger for tjenesteytende virksomhet 2008, rapport 17/2011.

14.

Rapporten er utarbeidd av Direktoratet for byggkvalitet, Husbanken, SINTEF Byggforsk, Lågenergiprogrammet og Enova.

Til toppen
Til forsida av dokumentet