Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Meld. St. 8 (2010–2011)

Digitalisering av radiomediet

Til innhaldsliste

2 Radiolandskapet i dag

I dette kapitlet blir det gjort nærmare greie for radiomediets posisjon i mediesektoren i dag, både når det gjeld tilbod på ulike plattformer, oppslutning, teknologi og økonomi.

Ein stor del av folk i Noreg lyttar til radio på dagleg basis, men det er endringar i lyttarmønsteret. Det er ein tendens til segmentering av radiomarknaden, der nisjetilboda held seg, medan dei store radiokanalane går noko tilbake i publikumsoppslutning. Lyttartida verkar likevel relativt konstant.

I Noreg er radiomarknaden framleis dominert av NRK. Trass konkurransen frå to privateigde, riksdekkjande, kommersielle kanalar og mange lokalradioar, har NRK halde ein marknadsdel på nesten 2/3 av lyttetida. NRKs tilbod er tre riksdekkjande kanalar, sendingar frå 12 distriktskontor og ei rekkje DAB- og Internett-kanalar.

Dei to riksdekkjande, kommersielle kanalane, P4 og Radio Norge (tidlegare Kanal 24), er eigde av store mediekonsern. P4 er eigd av Modern Times Group (MTG) som også er inne på den norske TV-marknaden med kanalane TV3 og Viasat4. MTG er vidare ein stor lokalradioaktør som eigar av P5-kanalane. Radio Norge er eigd av SBS (ProSiebensat1), som både er aktør på lokalradiomarknaden og står bak TV-kanalar som TVNorge, Fem og MAX.

På lokalradiosida er det gitt totalt 250 konsesjonar, 122 til nisjeradio, medan 128 er tildelte 24/7- eller allmennradio.

2.1 Radio i mediebiletet

2.1.1 Oppslutninga om radiomediet

Tilbodet av medieinnhald blir stadig større. Det har blant anna samanheng med at den teknologiske utviklinga har gjort det billegare å distribuere medieinnhald. Ein innhaldsleverandør kan ved hjelp av digital teknologi distribuere innhaldet sitt over fleire ulike plattformer og dermed konkurrere i fleire marknader.

I tillegg skjer det ei rivande utvikling av ulike former for mottaksapparat for medieinnhald. På få år har for eksempel mobiltelefonen gått frå å vere eit reint kommunikasjonsverkty til å bli ein viktig terminal for konsum av ulike former for medieinnhald, inklusive radio. Nettradio har også gjort pc’en til ein radiomottakar.

Framvekst av nye mediekanalar aukar konkurransen om tidsbruken til folk. Det nye konkurransebiletet har likevel enno ikkje ført til markant mindre radiolytting. I staden ser det ut til at mediedøgnet er utvida, og at det blir vanlegare å bruke fleire media samstundes. Truleg er dette gunstig for radiomediet, som ofte fungerer som eit sekundærmedium, det vil seie noko ein høyrer på medan ein driv med ein annan aktivitet. Som det går fram av figur 2.1, høyrer over halve befolkninga på radio dagleg, og sjølv om det har vore ein nedgang på 1990-talet, har denne andelen halde seg relativt stabil dei siste åra.

Figur 2.1  Andel som har brukt ulike massemedia ein gjennomsnittsdag (prosent)

Figur 2.1 Andel som har brukt ulike massemedia ein gjennomsnittsdag (prosent)

Kjelde: Norsk mediebarometer 2009, SSB/medienorge

Figur 2.2 viser kor mykje tid ein brukar på ulike media ein gjennomsnittsdag. Her ser ein at tida brukt på radio har variert noko, men likevel halde seg relativt stabilt dei siste tjue åra. Tida brukt på TV har gått opp, medan tida brukt på papiraviser har hatt ein jamn, men likevel begrensa nedgang. Tida brukt på Internett har frå 2000 utgjort ein større og større del av folks daglege mediebruk i same periode.

Figur 2.2 Tid brukt på ulike massemedia ein gjennomsnittsdag (minutt)

Figur 2.2 Tid brukt på ulike massemedia ein gjennomsnittsdag (minutt)

Kjelde: Norsk mediebarometer 2009, SSB/medienorge

Det finst ulike målingar av radiolytting å støtte seg til. På ein gjennomsnittsdag i 2009 lytta 75 pst. av den norske befolkninga på radio ifølgje TNS Gallups PPM-undersøking. Ifølgje Statistisk sentralbyrås (SSB) mediebarometer var dette talet berre 53 pst. Den same differansen ser ein i den gjennomsnittlege daglege tida brukt på radiolytting, som ifølgje TNS Gallup var 98 minutt, og ifølgje SSB 82 minutt. Skilnaden i det statistiske materialet kjem truleg av ulik målemetode.1

Lineær radiolytting, dvs. vanleg radiolytting i sanntid, er meir utbreidd i den godt vaksne delen av folket enn blant unge. Fleire vaksne høyrer på radio og dei lyttar lenger og meir trufast. Medan den daglege radiolyttinga for aldersgruppa 45–66 år ligg på ca to timar dagleg i gjennomsnitt, er den tilsvarande lyttartida for aldersgruppa 16–24 år under ein time.

I dei yngre aldersgruppene blir mykje radioinnhald konsumert ikkje-lineært. Podkasting blir stadig meir utbreidd. Alle dei riksdekkjande radiokanalane tilbyr podkasting av program, men berre som eit utval av det totale tilbodet. Nokre lokalradioar har også eigne podkasttilbod. Ei undersøking frå Synovate for 2009 viser at 16 pst. høyrer eller ser på podkast kvar veke eller oftare. Dei typiske brukarane er menn i alderen 15-39 år, busette i Oslo, med høgare utdanning. Statistikk frå NRK for 2009 viser at talet på unike brukarar for lyd og video samla var på ca. 1,4 millionar.2

Figur 2.3 Dagleg radiolytting ein gjennomsnittsdag i minutt, fordelt på alder 1991–2009

Figur 2.3 Dagleg radiolytting ein gjennomsnittsdag i minutt, fordelt på alder 1991–2009

Kjelde: Norsk mediebarometer 2009, SSB/medienorge

Over eit så langt tidsspenn som 1991–2009 gjer det seg tydeleg utslag for radiobruken at det gjennom desse åra har skjedd store endringar både m.o.t. TV-tilbodet og i tilveksten av andre media (f.eks. nett og spel) som konkurrerer om tid brukt på mediekonsum. Om ein berre ser på dei siste fem åra, er endringa i radiolytting ikkje stor, med unntak for dei aller yngste. Ifølgje nye tal kan likevel lyttardelen blant dei unge vere på veg opp att. Tal frå TNS Gallups radioundersøking for 2009 viser at aldersgruppa 12–29 år aukar radiolyttinga frå 53 til 58 minutt dagleg.

I den norske radiomarknaden har NRKs tre hovudkanalar ei særstilling med ein samla del av den totale lyttartida på 63 pst. i 2009, ifølgje tal frå TNS Gallups PPM-undersøking. Modern Times Group (MTG) er den største av dei kommersielle radioeigarane gjennom eigarskapen sin i P4. Då P4 blei etablert i 1994, trekte kanalen til seg halvparten av lyttarane som lokalradio til då hadde hatt. P4 hadde ifølgje same undersøkinga ein andel av lyttartida på 22 pst. i 2009. Den andre kommersielle allmennkringkastaren, Radio Norge, eigd av SBS, hadde 9 pst. av lyttartida same året. NRK-kanalane, med unntak av NRK P3, appellerer som nemnt i hovudsak til dei vaksne lyttargruppene, som også står for den klart største delen av radiolyttinga. Dette kan forklare at NRKs samla prosentdel av lyttartida, særleg takk vere oppslutninga om breiddekanalen P1, ligg høgt samanlikna med dei kommersielle konkurrentane.

Tal frå SSBs Norsk mediebarometer for 2009 viser at NRK P1 og NRK P2 har ei overvekt lyttarar blant folk over 45 år. NRK P3 og Radio Norge har best oppslutning blant lyttarar i alderen 16–44 år, medan P4 fangar best opp aldersgruppa 25–44 år.

Styrkeforholdet mellom dei største radiokanalane har endra seg dei siste åra. Då Kanal 24 i 2008 fekk nye eigarar og endra navn til Radio Norge, dobla kanalen på kort tid andelen av den totale radiolyttinga, ifølgje PPM-undersøkinga. Samstundes tapte NRKs hovudkanal P1 marknadsdelar.

Figur 2.4 Lyttartida til dei ulike radiokanalane 2007–2009 (prosent)

Figur 2.4 Lyttartida til dei ulike radiokanalane 2007–2009 (prosent)

Kjelde: TNS Gallups PPM-panel/medienorge

2.1.2 Radioøkonomi

Mediebransjen har vore prega av mykje turbulens dei siste åra. Dette kjem av både store konjunktursvingingar og strukturelle endringar. Dersom ein ser bort frå NRK, som blir finansiert gjennom kringkastingsavgifta, er annonsane ei av dei viktigaste inntektskjeldene til mediebedriftene. Samla sett utgjer annonseinntektene om lag halvparten av inntektene. Mediebransjen har derfor vore sterkt prega av oppturar og nedturar i økonomien det siste tiåret. Dette gjeld særleg for radiomediet, der dei største kommersielle aktørane i praksis er heilt avhengige av reklameinntekter.

Det var vekst i reklameomsetninga i Noreg i perioden 2004 til 2008, med ein konjunkturtopp i 2007. Finanskrisen byrja å gi seg utslag også på reklameomsetninga i 2008, og veksten stoppa opp. Om ein ser på reklameomsetninga i Noreg dei siste åra i prosent, har Internett i denne perioden auka sin del. Radio har i same perioden hatt ein stabil del av totalomsetninga. I dei siste åra kan radiomediet til og med vise til ein viss oppgang. Den nominelle reklameomsetninga for radio har vakse, sidan ein stabil andel tyder at radio har hange med i omsetningsauken i marknaden totalt. For TV er det ein tendens til at andre inntektskjelder i nokon grad tek over for reklame f.eks. betal-TV. Prosentdelen av reklameomsetninga for TV har likevel hatt ei stigning dei siste åra. For papiravisene har prosentdelen gått noko ned.

Om ein ser på den totale reklameomsetninga i same perioden målt i kroner, går det tydeleg fram at det har skjedd eit fall i reklameomsetninga frå 2008. Dette har likevel ikkje ramma radiomediet i særleg grad. Det er særleg papiravisene som har opplevd eit markant fall i reklameomsetninga, noko som dels kan forklarast med finanskrisen, dels med fallande opplag.

Tabell 2.1 Netto reklameomsetning i norske media 2004–2009 (prosent)

Andel

2004

2005

2006

2007

2008

2009

Papiravis totalt

40,4

40,6

41

42,3

41,1

39,0

dagspresse

37,2

37,4

37,7

38,9

37,4

35,3

innstikk

2,5

2,4

2,4

2,5

2,7

2,8

gratisaviser

0,7

0,8

0,9

0,9

1

0,9

Vekepresse/magasin

3,9

3,8

3,7

3,5

3,5

3,3

Fagpresse

3,1

3,1

3,1

3,1

3,2

3,4

Katalogar

8,6

7,6

6,5

4,7

3,9

3,7

Direktereklame

17,8

16,7

15,1

14,2

14

14,7

TV

15,8

16,1

16,8

16,5

17,2

17,9

Radio

2,9

3

2,9

3

3,2

3,2

Kino

0,7

0,7

0,6

0,7

0,8

0,7

Internett

4,3

5,7

7,7

9,5

10,2

11,0

Utandørs

2,5

2,6

2,5

2,7

2,9

3,1

Totalt

100

100

100

100

100

100

Kjelde: IRM/medienorge

I Noreg har radiokanalane ein relativt liten del av den totale reklameomsetninga. NRKs sterke posisjon i marknaden fører til at den kommersielle radiolyttinga er relativt lita. Den same tendensen ser ein i nabolanda våre, som også har offentlege allmennkringkastarar med sterke marknadsposisjonar. Det finst i tillegg få kommersielle nisjekanalar i Noreg. Små nisjekanalar som vender seg til spesifikke målgrupper er attraktive for annonsørane, fordi det er meir tenleg for dei å vende seg med reklame til definerte målgrupper. Dei offisielle lyttarmålingane fram til 2006 gav ikkje annonsørane presis og detaljert nok informasjon om radiolyttarane. Annonsørane fekk sikrare dokumentasjon på kva målgrupper reklamen trefte på fjernsyn enn i radio. Dette er no endra. Frå mai 2006 blir radiolytting som nemnt målt elektronisk via eit panel (PPM), og liknar derfor på tv-metermålingane.

Radio har tradisjonelt vore eit dagtidsmedium, sidan hovuddelen av lyttinga har skjedd på morgonen, på dagtid og tidleg ettermiddag. Kommersielle radiokanalar legg vekt på radio som eit salsfremmande medium i kontakt med annonsørane. Radioreklame treffer folk på eit tidspunkt som ligg tett opp til kjøpetidspunktet for mange slags varer. I tillegg er det langt rimelegare å annonsere på radio enn i TV.

Medietilsynet rapporterer årleg om bl.a. resultatutviklinga innan lokalradiobransjen. Dei siste åra (2004–2008) har dei kommersielle radioane som gruppe stort sett gått med underskot, med unntak for 2007. For dei ikkje-kommersielle lokalradioane er biletet motsett. Dei har tidlegare gått med overskot, men gjekk med underskot i 2007 og 2008. Dei kommersielle radioane blei i 2008 ramma av svikt i reklameinntektene.

Samla sett gjekk lokalradiobransjen med eit driftsoverskot på 17 millionar kroner i 2009. Resultatet er ein oppgang på 18 millionar kroner frå 2008. Samla inntekter var 324 millionar kroner, ein nedgang på vel tolv millionar kroner, men kostnadene var vel 30 millionar kroner lågare enn året før (306,5 millionar kroner).

Det er store skilnader mellom inntekstfordeling i 2008 og i 2009. Frivillig lisens, gåver og andre tilskot som delar av dei samla inntektene har auka, medan reklameinntektene har minka med ti prosentpoeng. Kostnadsfordelinga i 2008 og 2009 var om lag den same.

Figur 2.5 Reklameomsetning for avis, TV, radio og Internett 2004–2009 (mill. NOK)

Figur 2.5 Reklameomsetning for avis, TV, radio og Internett 2004–2009 (mill. NOK)

Kjelde: IRM/medienorge

2.1.3 Radiomediet si samfunnsrolle

Radio spelar i dag ei viktig rolle som informasjons- og underhaldningskanal. Sjølv om truleg også andre media langt på veg vil kunne fylle ei slik rolle, har radiomediet eigenskapar som gjer at det neppe kan erstattast fullt ut. Nøkkeleigenskapane er blant anna direkterapportering frå hendingar og funksjonen som sekundærmedium, radio er eigna for mobilt mediekonsum og gratis mottak, har låge produksjonskostnader og enkel teknologi, billege mottakarar, universell dekning mv. I tillegg har radio ei viktig rolle som beredskapskanal.

Radio er eit nyheitsmedium som kan halde lyttarane oppdaterte gjennom heile døgnet. Dei fleste store radiokanalane legg vekt på nyheiter, trafikk- og vêrmeldingar. Dette er redaksjonelt innhald som lyttarane også set pris på. Som figur 2.7 viser, er nyheiter og distriktsstoff det folk seier dei helst høyrer på. Dei yngre radiolyttarane rangerer likevel populærmusikk og underhaldning høgare enn nyheiter og distriktsstoff.

Figur 2.6 Inntekter for lokalradio 2000–2009 (mill. NOK)

Figur 2.6 Inntekter for lokalradio 2000–2009 (mill. NOK)

Kjelde: Medietilsynet/medienorge

Figur 2.7 Lytting på ulike radioprogram 2009 (prosent)

Figur 2.7 Lytting på ulike radioprogram 2009 (prosent)

Merk: programkategoriane i denne figuren er til dels overlappande.

Kjelde: Norsk mediebarometer 2009, SSB/medienorge

Radiolytting er som nemnt eigna som sekundæraktivitet. Få andre media høver på same måten til bruk i kombinasjon med andre aktivitetar. Ifølgje TNS Gallup føregår ca. 40 pst. av lyttinga utanfor heimen. Då er passiv lytting, dvs. eksponering for radiolyd i butikkar, kafear og venterom inkludert. P4 opplyser at dei trur så mykje som 40 pst. av lytting på hovudkanalen skjer under transport. Spesielt om morgonen og tidleg på ettermiddagen er det mange som høyrer på radio medan dei reiser/ brukar ulike transportmiddel.

Figur 2.8 Andel som ser radio som si viktigaste nyheitskjelde i 2009 – etter alder (prosent)

Figur 2.8 Andel som ser radio som si viktigaste nyheitskjelde i 2009 – etter alder (prosent)

Kjelde: TNS Gallups Forbruker&Media/medienorge

Radio er eit viktig medium for formidling av norsk språk. Radiomediet har òg mykje å seie for norsk musikkliv. Allmennkringkastarane NRK, P4 og Radio Norge er plikta til å spele minimum 35 pst. norsk musikk. Ved lansering av ny norsk musikk vil speling i radio ha mykje å seie for artistane. Radioen har derfor ei viktig rolle for utvikling og promotering av norsk musikk. Musikken er også viktig for radioen. Radiokanalane profilerer seg med val av musikk.

2.1.4 Radio som nyheitskjelde

Radioen er som nemnt eit nyheitsmedium som kan halde lyttarane oppdaterte gjennom heile døgnet. For ein stor del av befolkninga er radioen ei av dei viktigaste nyheitskjeldene. Særleg dei vaksne held radio for det viktigaste nyheitsmediet. Figur 2.8 viser at oppfatninga av radio som den viktigaste nyheitskjelda aukar med alderen på lyttargruppene. Dette kan sjåast i samanheng med at radio generelt har fleire lyttarar blant dei vaksne og eldre aldersgruppene, slik det også går fram av figurane ovanfor.

Figur 2.9 Den viktigaste nyheitskjelda 2007–2009 (prosent)

Figur 2.9 Den viktigaste nyheitskjelda 2007–2009 (prosent)

Kjelde: TNS Gallups Forbruker&Media/medienorge

Ei undersøking frå TNS Gallup viser at TV dei siste åra har vore rangert som den klart viktigaste nyheitskjelda. For berre ti år sidan blei derimot avisene rangerte som den viktigaste kjelda til allmenne nyheiter for folk flest. Dei siste åra er Internett blitt rangert som den viktigaste nyheitskjelda av stadig fleire, i staden for TV og aviser. Men som figur 2.9 viser, held tilliten til radio som nyheitskjelde seg relativt stabil.

2.1.5 Sal av radioapparat

Kvart år blir det selt mellom 700 000 og 800 000 radioapparat3 i Noreg. Talet inkluderer både bilradioar og digitale radioar. Ulike undersøkingar gir noko ulike tal for utbreiinga av DAB-radioar. Ifølgje elektronikkbransjens salsstatistikk for forbrukarelektronikk blei det selt 66 000 DAB-radioar i 2009.

Tabell 2.2 Totalomsetnad lyd- og biletprodukt i Noreg frå 2005 til 2009

Antal 1.000 stk.

2005

2006

2007

2008

2009

Lydprodukt

Lyd - og biletanlegg (musikkanlegg)

179

161

149

142

161

  • Av desse med DAB

1

1

2

4

7

Separate einingar:

  • Radiomottakar med innebygd høgtalar

98

123

119

95

98

  • Av desse med DAB

41

39

43

27

42

  • Receiver

10

26

20

18

  • Radiomottakar (tuner)

1

1

4

  • Av desse med DAB

1

1

1

  • Klokkeradio

62

60

64

66

74

Berbart lydutstyr

Reiseradio med kombinasjonar

183

175

200

170

192

  • Av desse med DAB

6

13

15

8

6

Bilunderhaldning

Bilradio / kombinasjonar

216

220

255

220

174

  • Av desse med DAB

4

2

3

2

7

Registrert radiosal

738

749

814

714

721

Mini-TV

3

Total

738

749

814

714

724

Andel «småradio»

76 %

77 %

78 %

77 %

75 %

Andel DAB (inkl. mini-TV)

7,0 %

7,3 %

7,7 %

5,7 %

9,0 %

Kjede: Elektronikkbransjen (feb. 2010)

Fotnotar

1.

PPM (Portable People Meter) frå TNS Gallup og Norsk mediebarometer frå SSB måler ulike typar lytting. SSBs undersøking måler aktiv lytting (lyttevanar) og er basert på intervju og kva forbrukaren hugsar frå radiobruk dagen før. PPM måler radioeksponering ved at eit utval personar ber PPM-måleeininga på seg. Dermed blir også passiv lytting målt, fordi all gjenkjenneleg radiolyd blir registrert – uavhengig av om personen som ber registreringsutstyret, oppfattar lyden eller ikkje. Samstundes spør SSB om all lytting, alle kanalar eller typar radio, medan PPM berre registrerer radiosignal frå dei kanalane som er med i undersøkinga (men desse utgjer til gjengjeld det aller meste av radiolyttinga). Sjå også fotnote 6 for omtale av PPM-metoden.

2.

Det bør her presiserast at nedlasting ikkje treng bety at eit program faktisk blir lytta til/sett på.

3.

Tal frå Elektronikkbransjen. Dette inkluderer FM/DAB-radioeiningar i musikkanlegg, separate mottakarar, klokkeradioar, reiseradioar/kombinasjonar, radioar i berbar PC og bilradioar. Radiomottakarar i datamaskinar, digitale mottakarboksar, mobiltelefonar og MP3-utstyr er ikkje inkluderte.

Til toppen
Til forsida av dokumentet