Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Meld. St. 10 (2018–2019)

Frivilligheita – sterk, sjølvstendig, mangfaldig — Den statlege frivilligheitspolitikken

Til innhaldsliste

1 Innleiing og samandrag

Figur 1.1 

Figur 1.1

1.1 Innleiing

Eit fritt samfunn oppstår ikkje av seg sjølv. Vi er avhengige av fungerande fellesskapar, felles verdiar og institusjonar som rettstryggleik, personvern, ytringsfridom, tillit, frie medium, næringsliv og frivilligheit.

Denne stortingsmeldinga handlar om frivilligheita. Utan ein sterk, sjølvstendig og mangfaldig frivillig sektor ville vi ikkje hatt det vi set mest pris på, nemleg eit demokrati prega av ytringsfridom der enkeltmenneske får bruke ressursane sine og oppleve meistring i samspel med og med omsorg for kvarandre.

I Jeløyerklæringa har regjeringa slått fast at ho vil støtte opp om skaparkrafta i det enkelte mennesket og i fellesskapane som dannar seg på arbeidsplassen, i familiar, blant venner og i frivillige organisasjonar. Eit godt samfunn blir bygd nedanfrå, og det er eit mål for regjeringa å spreie makt gjennom å gi enkeltmenneske, familiar og lokalsamfunn høve til å styre sin eigen kvardag, og til å forme si eiga framtid.

Frivilligheitspolitikken til regjeringa går ut på å bidra til at frivilligheita kan realisere sine eigne mål og si eiga innovasjonskraft. Gjennom enkle og ubyråkratiske tilskotsordningar og open dialog skal politikken leggje til rette for brei deltaking, høg aktivitet og sterke fellesskapar. Moglegheiter for alle og fridommen til å leve eigne liv kan sikrast berre gjennom eit rettferdig og berekraftig velferdssamfunn der evner og innsats tel meir enn bakgrunn og opphav.

1.2 Mål med meldinga

Sivilsamfunnet er ein føresetnad for ei opplyst offentlegheit, og dermed ei investering i demokratiet og danninga.

Frivilligheita er ein stad for innverknad og samfunnsdeltaking. Frivilligheita er ikkje eit supplement til offentleg verksemd. Ho er ein grunnleggjande del av livet og verket til menneska og eit fundament i eit godt samfunn. Frivilligheit skaper engasjement, fellesskap, inkludering og kulturell og demokratisk innsikt.

Det er eit overordna frivilligheitspolitisk mål å auke deltakinga i frivillige organisasjonar og frivillig arbeid. Fordi høg frivillig deltaking er avgjerande for den tilliten vi har i samfunnet vårt. Fordi deltaking i frivillig aktivitet hindrar utanforskap og fremjar inkludering. Fordi organisasjonane er dei beste skulane i demokrati. Fordi frivillige organisasjonar avdekkjer behov og finn nye løysingar. Fordi frivillig innsats er ein heilt avgjerande del av den norske beredskapsmodellen. Fordi frivillig innsats bidreg til å sikre den felles kulturarven vår. Fordi frivillig innsats er viktig for å sikre folkehelsa.

Frivillig aktivitet og deltaking er eit gode alle bør få ein del av. I Fritidserklæringa har regjeringa saman med KS og frivillige organisasjonar blitt einige om at det skal være mogeleg for alle barn og ungdommar å delta i fritidsaktivitetar som passar deira alder.

Eit grunnleggjande prinsipp for frivilligheitspolitikken er sjølvstendet til frivilligheita. Det er ikkje staten som set måla for frivilligheita – det gjer frivilligheita sjølv.

Staten støttar opp om frivillig sektor gjennom tilskot, enkel og gjennomsiktig tilskotsforvalting og ein heilskapleg, føreseieleg og koordinert politikk.

Det er eit mål for staten å leggje til rette for ein aktiv og berekraftig frivillig sektor som held ved lag og aukar innsatsen og aktiviteten sin. Klare frivilligheitspolitiske mål på prioriterte område skal bidra til dette.

Denne meldinga presenterer desse måla og dei overordna tiltaka som må til for å nå dei.

1.3 Dei frivilligheitspolitiske måla

Regjeringa har fire frivilligheitspolitiske mål som grunnlag for prioriteringane ho gjer. Denne meldinga beskriv dei verkemidla som staten har for å leggje til rette for å nå desse måla.

1 Brei deltaking

Frivillig innsats er ei kjelde til fellesskap, demokratiutøving og kompetanse. Regjeringa vil at denne kjelda skal vere tilgjengeleg for alle, uansett alder, kjønn, etnisitet, inntekt, funksjonsnivå eller interessefelt.

2 Ein sterk og uavhengig sektor

Regjeringa vil leggje til rette for ein sterk og uavhengig sektor som veks nedanfrå. Dette inneber mellom anna å styrkje dei breie støtteordningane, gjere kriteria for tildeling opnare og leggje til rette for at frivilligheita kan skaffe seg midlar frå andre kjelder som privatpersonar og næringsliv.

3 Forenklingsreform

Det skal vere enkelt å drive ein frivillig organisasjon. Det skal vere enkelt for frivilligheita å søkje, ta imot og rapportere på offentleg støtte. Effektiv forvalting og digitalisering er blant verkemidla for å oppnå forenkling.

4 Ein samordna frivilligheitspolitikk

Frivillig sektor er mangfaldig. Dette mangfaldet er ein styrke fordi det legg til rette for breitt engasjement og høg aktivitet, og fordi det dekkjer mange behov. Eit godt samspel med offentlege styresmakter skal byggje opp under frivillig aktivitet. Frivilligheitspolitikken er eit ansvar på tvers av sektorar og fagdepartement. God koordinering og samordning vil byggje opp under dei andre frivilligheitspolitiske måla. Dette gjeld også lokalt. Frivilligheita skal sikrast ein plass rundt bordet – fordi det gjer politiske vedtak betre.

1.4 Samandrag

Del 1 omtalar framveksten av frivillig sektor i Noreg. Delen gir vidare ein gjennomgang av ulike tilnærmingar til ei avgrensing av frivilligheitspolitikken i denne meldinga. Med bakgrunn i nye tal om frivillig innsats og frivillig deltaking beskriv vi det frivillige landskapet i Noreg i dag.

Del 2 gir ein gjennomgang av det frivilligheitspolitiske målet om brei deltaking og presenterer tiltak for å leggje til rette for auka deltaking.

Del 3 inneheld tiltak for å støtte opp om ein sterk og uavhengig sektor. Kapittel 6 presenterer statens økonomiske verkemiddel og meir indirekte tiltak for å støtte opp om frivilligheita. Kapittel 7 beskriv behova for lokale til frivillig aktivitet og offentlege verkemiddel for å kunne avhjelpe desse. Kapittel 8 omtalar korleis frivilligheita byggjer kompetanse og kunnskap, og korleis staten ønskjer å støtte opp om dette.

Del 4 presenterer forenklingsreforma for frivilligheita i regi av regjeringa. Målet med forenklingsreforma er å leggje til rette for meir aktivitet og mindre byråkrati i samhandlinga mellom frivilligheita og offentleg sektor. Tiltak for å oppnå dette presenterer vi i kapittel 9. Digitalisering er eit av dei viktigaste verkemidla i forenklingsreforma, og dette omtalar vi i kapittel 10.

I del 5 diskuterer vi tiltak for ein samordna frivilligheitspolitikk. Denne meldinga er øyremerkt statens verkemiddel for frivillig sektor. Men fordi frivilligheita i stor grad er lokal, har vi i kapittel 12 ein gjennomgang av den kunnskapen vi har om kva som skaper ei berekraftig frivilligheit lokalt.

Til toppen
Til forsida av dokumentet