Meld. St. 24 (2014-2015)

Rammevilkår for lokalradio i samband med digitaliseringa av radiomediet

Til innhaldsliste

1 Innleiing, bakgrunn og samandrag

1.1 Digitalradiomeldinga

I digitalradiomeldinga, Meld. St. 8 (2010–2011) Digitalisering av radiomediet, vart det stilt opp kriterium for å digitalisere det riksdekkjande radionettet i 2017 eller 2019. Eit breitt stortingsfleirtal slutta seg i 2011 til kriteria og til opplegget for digitaliseringa av radiosektoren. Regjeringa har vedteke at kriteria for å digitalisere det riksdekkjande radionettet frå 2017 er oppfylte. Dette inneber at FM-sendingane frå dei riksdekkjande radioaktørane Radio Norge, P4 og NRK kan slutte etter ein regionvis plan i løpet av 2017.

I digitalradiomeldinga vart det føresett at dei fleste og minste lokalradioaktørane vil kunne få høve til å halde fram å sende på FM, men at større, kommersielle lokalradioar gjer teknologiskiftet samtidig med Radio Norge og P4:

«Samstundes må det vektleggjast at omsynet til like konkurransevilkår tilseier at større, kommersielle lokalradioar blir behandla likt med riksdekkjande kommersielle radioar som P4 og Radio Norge. Truleg opererer dei største kommersielle lokalradioane i nokon grad på same marknad som Radio Norge og P4, det vil seie at dei konkurrerer om dei same annonseinntektene. Styresmaktene bør derfor syte for at desse aktørane får mest mogleg like og rettferdige konkurransevilkår. Etter departementets syn vil det derfor ikkje vere forsvarleg å avvikle dei riksdekkjande FM-sendingane utan at dei største lokalradioane også blir digitaliserte.»

I staden for å konkretisere nærare kva for kategoriar av lokalradioar som skal ha høve til å halde fram på FM, la digitalradiomeldinga opp til at departementet skal leggje fram saka for Stortinget i 2015. Meldinga la vidare opp til at departementet i 2015 skulle kome tilbake til Stortinget med eit opplegg for å leggje til rette for mindre lokalradioar i Lokalradioblokka i DAB-nettet.

1.2 Allmenn høyring

I samsvar med opplegget i digitalradiomeldinga gav departementet 13. mai 2014 Medietilsynet eit oppdrag om å kartleggje konkurransetilhøva i lokalradiomarknaden og utarbeide eit forslag om kva for lokalradioar som bør få høve til å halde fram på FM, og kva for lokalradioar som må avvikle FM-sendingane sine samtidig med digitaliseringa av det riksdekkjande radio-nettet. Medietilsynet vart også bede om, i samarbeid med Post- og teletilsynet (no Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit – Nkom), å utarbeide eit forslag til overordna modell for tildeling av anleggskonsesjonar og frekvensløyve i Lokalradioblokka i DAB-nettet for perioden fra 2017. Vidare omfatta oppdraget å utarbeide eit konkret opplegg for lokalradioar som ønskjer å sende i Lokalradioblokka i DAB-nettet.

Den 15. september 2014 leverte Medietilsynet utgreiinga si til departementet. Utgreiinga saman med eit høyringsbrev frå departementet vart den 5. november 2014 sende på allmenn høyring til eit breitt utval av høyringsinstansar, inkludert alle lokalradiokonsesjonærar. Høyringsfristen var 15. januar 2015.

1.3 Oversikt over lokalradiosektoren i dag

1.3.1 Lokalradioar på FM

I lokalradiosektoren er det tre ulike konsesjonstypar for analog FM-radio:

  • 24/7-radio som sender døgnkontinuerleg kommersiell radio

  • allmennradio som har rett til å sende kommersiell radio minst 12 timar per dag

  • nisjeradio som sender ikkje-kommersiell radio og må dele sendetida med andre

Dei kommersielle konsesjonane vart tildelte etter ein skjønnheitskonkurranse der aktørane blant anna baud på leveransar av lokalt innhald rekna i minutt. Boda vart sette som individuelle konsesjonsvilkår ved tildelinga. Konsesjonane varar i sju år frå 1. januar 2010 til 31. desember 2016. Utlaupet av konsesjonane samsvarar såleis med første moglege tidspunkt for digitalisering i samsvar med digitalradiomeldinga. Landet er delt inn i 141 konsesjonsområde. I følge Medietilsynet er det i dag ca. 238 konsesjonærar, av dei er 110 kommersielle kanalar (24/7- eller allmennradioar). Sidan 2011 har det ifølgje Medietilsynet vore ein viss nedgang i interessa for å søkje om eller overføre kommersielle lokalradiokonsesjonar på FM. For dei ikkje-kommersielle aktørane har interessa vore relativt stabil.

1.3.2 Lokalradioar på DAB

DAB-nettet består av ei regionblokk som NRK disponerer, éi til to riksblokker for kommersiell radio, i tillegg til Lokalradioblokka reservert for lokalradio. Det er opna for prøvedrift i Lokalradioblokka fram til 31. desember 2016. Lokalradioblokka er delt inn i 37 regionar som gjennomgåande er større enn konsesjonsområda for analog radio. I dag er det prøvesendingar i fire regionar (Region 1 Østfold, Region 3 Akershus, Region 4 Solør/Hedmarken og Region 17 Haugaland). I tillegg er det ifølgje Digitalradio Norge sendingar i Region 19 Nordhordland, som blant anna omfattar Bergen frå 15. april 2015. Digitalradio Norge har opplyst at selskapet nyttar Riksblokk II i Trondheimsområdet for å leggje til rette for lokalradiosendingar på DAB frå 15. april 2015. I Region 26 Sør-Trøndelag har 21st Venture anleggskonsesjon i dag, men har førebels ikkje lagt til rette for DAB-sendingar. Ifølgje Medietilsynets kanaloversikt var det 35 lokalradioar som per januar 2015 sende i Lokalradioblokka.

1.3.3 Lokalradioar på andre digitale plattformer

Digitalradiomeldinga legg opp til ein aktørstyrt prosess. Det sentrale for styresmaktene har vore å leggje til rette for digitalisering ved å stille opp kriterium for teknologiskiftet, ikkje å velje ein bestemt digitalradioteknologi. I tråd med dette baserer ikkje dei riksdekkjande aktørane seg berre på DAB som distribusjonsplattform for digitalradio, men nyttar fleire distribusjonsplattformer. Ifølgje innrapporterte opplysningar frå kringkastarane hos Medietilsynet blir om lag 45 lokalradioar distribuerte over Internett.

1.4 Samandrag

I kapittel 2 gjer departementet greie for kva lokalradiokonsesjonar som ikkje skal forlengjast eller lysast ut på nytt når konsesjonsperioden går ut 31. desember 2016. Kapittelet inneheld Medietilsynets forslag, høyringsinstansanes synspunkt og departementets vurderingar og konklusjon. Departementet meiner at alle kommersielle lokalradiokonsesjonar med dekning av betydning i dei fire største byane ikkje bør lysast ut på nytt eller forlengjast når inneverande konsesjonsperiode går ut. Dette inneber at 23 konsesjonar ikkje blir lyste ut på nytt eller forlengde, medan dei resterande ca. 215 lokalradiokonsesjonane kan vidareførast. Vidare stiller departementet som føresetnad at det finst reelle moglegheiter til å sende på DAB i dei områda der det kommersielle lokalradionettet på FM ikke blir lyst ut på nytt eller forlengd.

Kapittel 3 inneheld rammevilkåra som skal gjelde for lokalradiosektoren i DAB-nettet. Her foreslår departementet å føre vidare gjeldande modell for tildeling av anleggskonsesjonar, frekvensløyve og innhaldskonsesjonar. Departementet vurderer også om det er naudsynt å innføre regulatoriske tiltak for å sikre mindre, ikkje-kommersielle lokalradioar tilgang til DAB-nettet, men konkluderer med at det vil vere nok å sikre høve til å innføre slike reglar seinare dersom det skulle bli bruk for det. I kapittel 3 vurderer departementet også behovet for økonomisk støtte for å fremje digitaliseringa av lokalradiosektoren. Departementet er innstilt på å setje av om lag halvparten av midlane som blir tildelte etter støtteordninga for lokalkringkastingsformål.

Kapittel 4 inneheld rammevilkåra for lokalradiokonsesjonar som held fram på FM etter digitalseringa. Departementet konkluderer med at konsesjonane til dei gjenverande konsesjonærane kan forlengjast med fem år etter digitalseringa av det riksdekkjande radionettet, i staden for å lysast ut på nytt. Etter departementets vurdering tilseier omsynet til plattformnøytral regulering at dei resterande radiokonsesjonane i FM-nettet ikkje bør underleggjast strengare rammevilkår enn radiokanalar som sender i DAB-nettet. Dette tyder at det er behov for omfattande liberalisering av rammevilkåra i FM-nettet i neste konsesjonsperiode.

Til toppen
Til forsida av dokumentet