Meld. St. 24 (2014-2015)

Rammevilkår for lokalradio i samband med digitaliseringa av radiomediet

Til innhaldsliste

5 Beredskapsomsyn

DAB-nettet har store beredskapsmessige fordelar samanlikna med FM-nettet. For det første er risikoen for utfall av sendarar i ekstreme situasjonar sterkt redusert samanlikna med FM-nettet. Årsaka til dette er at signala i DAB-nettet matast direkte til kvar einskild sendar. Utfall av ein einskild sendar vil difor ikkje forplante seg nedover i kjeda av mindre sendarar slik som i FM-nettet. For det andre opnar DAB-teknologien for radiomottak i tunnel for alle kanalar og ikkje berre for NRK P1, slik situasjonen er i dagens FM-nett. DAB-teknologien gjer det vidare mogleg å bryte inn i sendingane i alle kanalar med same bodskap samstundes når omsyn til beredskap gjer det naudsynt.

Kulturdepartementet viser til at Justis- og beredskapsdepartementet har inngått ein avtale av 22. juni 2012 med NRK, Norkring og Norsk Lokalradioforbund om å formidle meldingar frå styresmaktane ved lokale og regionale kriser og katastrofar. Avtalen er teknologinøytralt uforma og vil derfor også omfatte sendingar på digitalradio.

Til toppen
Til forsida av dokumentet