Meld. St. 3 (2023–2024)

Statsrekneskapen 2023

Til innhaldsliste

1 Hovudtrekk i statsrekneskapen

Finansdepartementet legg med dette fram meldinga om statsrekneskapen for 2023.

Meldinga omfattar statsrekneskapen med ein løyvingsrekneskap og ein kapitalrekneskap. Løyvingsrekneskapen syner samla løyving og rekneskap for kvar post i statsbudsjettet. Under utgiftspostane ser ein òg overført løyving frå 2022 til 2023 og overført løyving frå 2023 til 2024. Kapitalrekneskapen syner statens eigedelar, gjeld og eigenkapital. Meldinga inneheld òg oversyn over rekneskapen for Svalbard, statens garantiansvar, tilsegns- og bestillingsfullmakter og oversyn over aksjar som staten eig. Det er lagt vekt på å forklare avvik mellom budsjett og rekneskap for 2023. Budsjettutviklinga gjennom 2023 fram til nysalderinga er nærare omtalt i Prop. 30 S (2023–2024) Ny saldering av statsbudsjettet 2023 og Prop. 34 S (2023–2024) Tillegg til Prop. 30 S (2023–2024) om ny saldering av statsbudsjettet 2023 (Nasjonal sikkerhetsmyndighet og ny saldering).

Det oljekorrigerte budsjettunderskotet vart i nysaldert budsjett 286,2 mrd. kroner. Det er ein auke på 29,3 mrd. kroner frå budsjettet vart vedteken i desember 2022 og kjem av at utgiftene auka meir enn inntektene gjennom året. I rekneskapen auka underskotet med 4,2 mrd. kroner til 290,5 mrd. kroner.

For 2023 syner Statens pensjonsfond eit overskot på 1 046,7 mrd. kroner. Til saman vert statsrekneskapen og Statens pensjonsfond gjorde opp med eit overskot på 1 042,5 mrd. kroner i 2023.

Rekneskapen og denne meldinga speglar statens ut- og innbetalingar og balanse til og med 31.12.2023, i tråd med prinsippa for føring av statsrekneskapen, sjå kapittel 4.4.

Kapittel 1 gjer greie for hovudelementa i statsrekneskapen og budsjettpolitikken. Dette omfattar mellom anna bruken av petroleumsinntekter, veksten i statsutgiftene og statens skatte- og avgiftsinntekter frå Fastlands-Noreg og frå petroleumsverksemda. Lånetransaksjonar og finansieringsbehov vert òg omtalt. Kapittel 2 tek føre seg programområda til departementa kvar for seg. I kapittel 3 er rekneskapen til Statens pensjonsfond omtalt, og i kapittel 4 er det gjort greie for statens balanse og finanspostar og garantiar.

Boks 1.1 Om uvisse i budsjettanslaga

Statsbudsjettet har både ein konstitusjonell, ein politisk og ein administrativ funksjon. Eit viktig føremål med budsjettet er at ressursane til fellesskapet vert nytta i samsvar med politiske prioriteringar og slik at ein får mest mogleg att for pengane. Finanspolitikken må stø opp under sysselsetjing, verdiskaping og rettferdig fordeling. Kor godt ein lukkast med dette, kan ikkje målast i rekneskapen.

Rekneskapen fortel kor godt ein har treft med anslaga ein gjorde ved byrjinga av året og gjennom året. For ei rekkje budsjettpostar er utfallet eit resultat av summen av avgjerdene til einskildmenneske, verksemder og andre aktørar innanlands og utanlands. Til dømes er skatteinntektene avhengige av utviklinga i sysselsetjing, privat forbruk og investeringar i bustader og verksemder. Utbetalingane av mellom anna arbeidsløysetrygd svingar med utviklinga i arbeidsmarknaden.

Når budsjettet vert laga, er det mykje av den faktiske økonomiske utviklinga i budsjettåret ein ikkje enda har informasjon om. Det er såleis mykje uvisse knytt til framskrivingar av budsjettal og andre makroøkonomiske tal. Rekneskapen er påverka både av endringar i det økonomiske opplegget og av eventuelle endringar i føringsmåte og oppstilling på postar i statsbudsjettet.

Statsbudsjettet spelar òg ei viktig rolle i stabiliseringspolitikken. I Noreg har skiftande regjeringar lagt stor vekt på at dei såkalla automatiske stabilisatorane skal få verka. Stabilisatorane dempar verknaden som brå endringar i økonomien har på den samla etterspurnaden og dermed på aktivitetsnivået i økonomien, men gjev tilsvarande stort utslag i offentlege budsjett. I ein konjunkturoppgang vil til dømes skatte- og avgiftsinntektene til staten auka. Så lenge andre budsjettpostar ikkje vert endra, dreg dette inn kjøpekraft frå husstandar og verksemder og dempar aktiviteten i økonomien. Samstundes aukar statens inntekter. I ein konjunkturnedgang vert skatteinntektene mindre og utgiftene til trygd større. Dette kan endre rekneskapsresultatet ved utgangen av året monaleg. Eit avvik vil då berre syne at stabilisatorane har verka slik dei skulle.

For å styre finanspolitikken må ein dessutan vite om endringane i økonomien er konjunkturelle, og vert borte etter ei stund, eller om dei er strukturelle og vert verande att når konjunkturane snur. Det strukturelle underskotet er berekna tal. Fyrst etter fleire år er det mogleg å slå fast om utslaga i økonomien kom av konjunkturane eller var eit uttrykk for underliggjande strukturelle endringar. Difor vert anslaga for den strukturelle budsjettbalansen reviderte i ettertid.

Figur 1.1.A syner totaltala for anslag og rekneskap for budsjettbalansen utanom inntekter og utgifter knytte til petroleumsverksemda, det vil seie den oljekorrigerte budsjettbalansen. Tala er målte i høve til BNP for Fastlands-Noreg. Figuren syner at budsjett og rekneskap følgjer kvarandre godt. Revisjonane av budsjettet gjennom året kan utgjera store kronebeløp, men er gjennomgåande små rekna i prosent. Revisjonane kan ha si årsak i ynskte endringar i politikken eller i at utviklinga på ulike område har vore annleis enn venta.

Dei store svingingane i den oljekorrigerte budsjettbalansen må fyrst og fremst sjåast i samanheng med konjunkturutviklinga i norsk økonomi. I dårlege år vert underskotet til staten større enn det elles ville ha vore. I gode år er det motsett. Dette kjem av dei automatiske stabilisatorane, men òg av korleis politikken vert innretta.

Figur 1.1.B syner avvik mellom budsjett og rekneskap for den oljekorrigerte budsjettbalansen. Der avviket er mindre enn null, har ein budsjettert med eit større oljekorrigert underskot enn det som vart resultatet i rekneskapen. Nokre år er avviket mindre enn null og andre år større enn null og i om lag 1/3 av åra var avviket frå saldert budsjett til rekneskap større enn null. Tala tyder på at det ikkje er systematiske over- eller undervurderingar. Likevel her det dei siste åra vore ein overvekt av år med avvik mindre enn null og avvika i kroner har vore relativt store.

Figuren syner òg at det er lettare å budsjettere seinare på året når uvissa har minka. Avvika er mindre i november enn tidleg på året. Etter 1993 har likevel ikkje avvika i gjennomsnitt vore større enn -0,3 prosentpoeng frå saldert budsjett til rekneskapen og -0,2 prosentpoeng frå nysaldert budsjett til rekneskapen.

Figur 1.1 Oljekorrigert1) underskot frå 1993 til 2023. Budsjett og rekneskap

Figur 1.1 Oljekorrigert1) underskot frå 1993 til 2023. Budsjett og rekneskap

1) For dei tidlegaste åra er det oljekorrigerte underskotet rekna ut frå dagens definisjon. Dei historiske BNP-tala er oppdatert etter SSB sin revisjon i 2019.

Kjelder: Finansdepartementet og Statistisk sentralbyrå.

1.1 Hovudtal1

Tabell 1.1 syner statsrekneskapen 2023 etter postgrupper i statens kontoplan for høvesvis utgifter og inntekter. Dei samla utgiftene vart 3 093,1 mrd. kroner, medan inntektene før statslånemidlar vart 3 071,1 mrd. kroner. Underskot før lånetransaksjonar i statsrekneskapen og netto lånepostar (post 90-99) gjev eit brutto finansieringsbehov på 22,0 mrd. kroner. Samla inntekter medrekna statslånemidlar vert 3 093,1 mrd. kroner.

Tabell 1.1 Utgifter og inntekter 2023

Utgifter (mill. kroner)

Samla

Sum utan overføring SPU

Utan petroleum og overføring SPU

Kontant- straum petroleum

Overføring SPU

Driftsutgifter (post 01-29)

236 764

236 764

236 764

0

0

Investeringar (post 30-49)

86 690

86 690

56 293

30 396

0

Overføringar (post 50-89)

2 461 411

1 483 347

1 483 347

0

978 064

Sum utgifter utan lånetransaksjonar

2 784 864

1 806 800

1 776 404

30 396

978 064

Lånetransaksjonar (post 90-99)

308 244

269 173

269 173

0

39 071

Sum utgifter med lånetransaksjonar

3 093 108

2 075 973

2 045 576

30 396

1 017 135

Inntekter (mill. kroner)

Sal av varer og tenester (post 01-29)

308 140

308 140

31 137

277 003

0

Inntekter i samband med nybygg, anlegg m.m. (post 30-49)

31 201

31 201

3 995

27 206

0

Skattar, avgifter og andre overføringar (post 50-89)

2 441 277

2 155 060

1 450 809

704 251

286 217

Sum inntekter utan lånetransaksjonar

2 780 618

2 494 401

1 485 940

1 008 461

286 217

Tilbakebetalingar (post 90-99)

290 457

290 457

251 386

39 071

0

Sum inntekter før statslånemidlar

3 071 075

2 784 858

1 737 326

1 047 532

286 217

Netto post 01-89, utgifter og inntekter (underskot før lånetransaksjonar)

4 246

-687 601

290 463

-978 064

691 847

+ Netto lånetransaksjonar (post 90-99), utgifter og inntekter

17 787

-21 285

17 787

-39 071

39 071

= Brutto finansieringsbehov (statslånemidlar)

22 033

Sum inntekter med lånetransaksjonar

3 093 108

Det oljekorrigerte underskotet i 2023 vart 290,5 mrd. kroner, som er 4,2 mrd. kroner meir enn i nysaldert budsjett. Statsrekneskapen vart difor gjord opp med eit underskot på 4,2 mrd. kroner, jf. òg tabell 1.4

Tabell 1.2 syner samla eigedelar, gjeld og eigenkapital slik det går fram av kapitalrekneskapen. Eigenkapitalen auka i 2023 med 3 410,5 mrd. kroner, som for det meste skriv seg frå auken i Statens pensjonsfond. Underskotet før lånetransaksjonar reduserer eigenkapitalen, medan minka avsetjing av overførte midlar aukar eigenkapitalen. Anna endring i eigenkapitalen er nærare omtalt i kapittel 4, note 17.

Tabell 1.2 Eigedelar, gjeld og eigenkapital (mill. kroner)

2023

2022

Endring

Sum eigedelar

17 704 038

14 393 664

3 310 374

Sum gjeld

834 943

935 031

-100 087

Avslutningskonto (eigenkapital)

16 869 095

13 458 633

3 410 461

Endring i eigenkapitalen:

Endra verdi Statens pensjonsfond utanom finanstransaksjonar

3 344 296

Overskot før lånetransaksjonar

-4 246

Minka avsetjing av overførte midlar

845

Anna endring i eigenkapitalen

69 567

Tabell 1.3 syner endring i kapitalen til Statens pensjonsfond i 2023 og samanhengen med overskot, valutakursregulering, realiserte og urealiserte vinstar og tap, og inntekt frå nettofinanstransaksjonar, fordelt på høvesvis SPU og SPN (Statens pensjonsfond Noreg).

Tabell 1.3 Statens pensjonsfond (mrd. kroner)

SPU

SPN

Samla

Netto kontantstraum

978,1

978,1

– Overført statsbudsjettet

286,2

286,2

Renter og utbyte

338,6

16,3

354,9

Overskot

1 030,4

16,3

1 046,7

Kapital per 31.12.2022

12 413,5

318,2

12 731,7

Overskot

1 030,4

16,3

1 046,7

Valutakursregulering

409,4

-

409,4

Realiserte/urealiserte vinstar/tap

1 868,4

19,8

1 888,1

Inntekt frå netto finanstransaksjonar

39,1

39,1

Kapital per 31.12.2023

15 760,8

354,3

16 115,0

Endra verdi, fondskapital

3 347,3

36,1

3 383,4

Til tross for eit framleis stort oljekorrigert underskot, dekt med overføring frå Statens pensjonsfond utland (SPU) og lågare netto kontantstraum, syner fondet eit overskot på 1 046,7 mrd. kroner i 2023, ein nedgang på 207,9 mrd. kroner frå 1 254,7 mrd. kroner i 2022. Netto auke i kapitalen i Statens pensjonsfond utland, inkludert finanstransaksjonar til fondet, vart 3 347,3 mrd. kroner. Kapitalen i Statens pensjonsfond Noreg (SPN) auka med 36,1 mrd. kroner. Samla sett auka dermed kapitalen i Statens pensjonsfond med 3 383,4 mrd. kroner.

1.2 Utviklinga i det oljekorrigerte underskotet

Tabell 1.4 gjev eit samla oversyn over inntektene, utgiftene, oljekorrigert overskot og overskotet i statsbudsjettet, statsrekneskapen og Statens pensjonsfond i 2022 og 2023.

Det oljekorrigerte underskotet går fram av netto utgifter og inntekter (post 01-89) utanom kontantstraum frå petroleumsverksemda og overføringane til og frå Statens pensjonsfond utland (SPU). Underskotet vert dekt med ei overføring frå SPU til statsbudsjettet som svarer til det oljekorrigerte underskotet, slik det vart rekna i nysaldert budsjett.

Det oljekorrigerte underskotet i 2023 vart 290,5 mrd. kroner, som er 4,2 mrd. kroner meir enn i nysaldert budsjett. Som rekneskapen syner, vart inntektene 1,5 mrd. kroner mindre og utgiftene 2,7 mrd. kroner høgare enn venta ved nysalderinga.

Bruken av petroleumsinntekter vert målt ved det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet. I utrekninga av dette underskotet tek ein mellom anna omsyn til at ein del av statens inntekter og utgifter varierer med konjunkturane og med endringar i rekneskapstilhøve. Det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet er etter Stortingets vedtak ved nysalderinga av budsjettet rekna til 372,3 mrd. kroner, som svarer til 3,0 prosent av kapitalen i Statens pensjonsfond utland og 9,9 prosent av trend-BNP for Fastlands-Noreg. I saldert budsjett vart strukturelt, oljekorrigert underskot rekna til 316,6 mrd. kroner eller 2,5 prosent av fondskapitalen. Av Prop. 30 S (2023–2024) Ny saldering av statsbudsjettet 2023 går det fram at Finansdepartementet vil gje oppdaterte anslag for det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet i 2023 i revidert nasjonalbudsjett for 2024.

1.2.1 Utviklinga i rekneskapen frå 2022 til 2023

Samla overskot i statsbudsjettet og Statens pensjonsfond minka med 239,3 mrd. kroner, frå 1 281,8 mrd. kroner i 2022 til 1 042,5 mrd. kroner i 2023. Overskotet i statsbudsjettet, før lånetransaksjonar, som kjem av avvik frå nysaldert budsjett til rekneskap, minka med 31,4 mrd. kroner. Overskotet i Statens pensjonsfond minka med 207,9 mrd. kroner. Nedgangen i overskotet i Statens pensjonsfond kjem av at netto kontantstraumen frå petroleumsverksemda minka med 307,2 mrd. kroner, samstundes som overføringa til statsbudsjettet for å dekkje det oljekorrigerte underskotet vart 23,7 mrd. kroner mindre, og rente- og utbyteinntektene i Statens pensjonsfond vart 75,6 mrd. kroner høgare enn i 2022.

Det oljekorrigerte underskotet i rekneskapen auka med 7,7 mrd. kroner frå 282,7 mrd. kroner i 2022 til 290,5 mrd. kroner i 2023. Tabell 1.4 syner at utgiftene utanom petroleum og lånetransaksjonar auka med 138,8 mrd. kroner, eller 8,5 prosent, frå 1 637,6 mrd. kroner i 2022 til 1 776,4 mrd. kroner i 2023. Inntektene auka med 131,1 mrd. kroner eller 9,7 prosent, frå 1 354,8 mrd. kroner i 2022 til 1 485,9 mrd. kroner i 2023. Det auka utgiftsnivået i 2023 kjem mellom anna av høg pris- og lønsvekst. Det er særleg auka utgifter under folketrygda, tilskot til kommunar, fylkeskommunar og regionale helseføretak. Det er òg auka utgifter under forsvaret og andre økonomiske tiltak i samband med krigen i Ukraina. Straumstønaden til hushaldningane vart over 10 mrd. kroner lågare enn i 2022.

Tabell 1.4 Inntekter og utgifter utanom lånetransaksjonar i statsbudsjettet og Statens pensjonsfond 2023 (tal i mill. kroner)

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Nysaldert budsjett 2023

Rekneskap 2023

1.

Statsbudsjettet

A

Inntekter i alt

2 668 416

2 881 424

2 503 868

2 494 401

A.1

Inntekter frå petroleumsverksemda

1 313 601

1 412 781

1 016 395

1 008 461

A.2

Inntekter utanom petroleumsverksemda

1 354 815

1 468 643

1 487 473

1 485 940

B

Utgifter i alt

1 665 936

1 753 819

1 803 689

1 806 800

B.1

Utgifter til petroleumsverksemda

28 378

28 300

30 000

30 396

B.2

Utgifter utanom petroleumsverksemda

1 637 557

1 725 519

1 773 689

1 776 404

=

Overskot i statsbudsjettet før overføring til Statens pensjonsfond (A-B)

1 002 480

1 127 604

700 178

687 601

Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda i statsbudsjettet (A.1–B.1)

1 285 223

1 384 481

986 395

978 064

=

Oljekorrigert overskot i statsbudsjettet (A.2–B.2)

-282 742

-256 877

-286 217

-290 463

+

Overført frå Statens pensjonsfond utland

309 875

256 877

286 217

286 217

=

Overskot i statsbudsjettet før lånetransaksjonar1)

27 133

0

0

-4 246

2.

Statens pensjonsfond

Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda i statsbudsjettet (A.1–B.1), vert overført til Statens pensjonsfond utland

1 285 223

1 384 481

986 395

978 064

Overført frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet

309 875

256 877

286 217

286 217

=

Netto avsett i Statens pensjonsfond utland

975 348

1 127 604

700 178

691 847

+

Renteinntekter og utbyte i fondet2)

279 312

287 750

328 900

354 881

=

Overskot i Statens pensjonsfond1)

1 254 660

1 415 354

1 029 078

1 046 728

3.

Statsbudsjettet og Statens pensjonsfond

Samla overskot1)

1 281 793

1 415 354

1 029 078

1 042 482

1) Overskotet i statsbudsjettet, Statens pensjonsfond og samla overskot er i samsvar med definisjonane av nettofinansinvesteringar i nasjonalrekneskapen og utanriksrekneskapen, som Statistisk sentralbyrå set opp. Etter definisjonane i nasjonalrekneskapen er realiserte og urealiserte vinstar og tap ikkje rekna som netto finansinvestering, og difor er dei ikkje med i dette oppsettet, som er nytta i statsbudsjettet og statsrekneskapen.

2) For 2023 utgjer renter og utbyte i Statens pensjonsfond utland (SPU) 338,582 mrd. kroner og i Statens pensjonsfond Noreg (SPN) 16,299 mrd. kroner. For 2022 var renter og utbyte i SPU 267,442 mrd. kroner og i SPN 11,870 mrd. kroner. I 2023 vart det eit overskot i Statens pensjonsfond på 1 046,7 mrd. kroner. Av dette var overskotet for SPU 1 030,4 mrd. kroner. I 2022 synte SPU eit overskot på 1 242,8 mrd. kroner. Kapittel 3 inneheld eit detaljert resultatoppsett for Statens pensjonsfond.

Kjelde: Finansdepartementet

Auken i inntektene følgjer særleg av skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg som auka med 111,5 mrd. kroner og renteinntekter og utbyte utanom Equinor som auka med 26,4 mrd. kroner. Overføringa frå Noregs Bank minka med 3,0 mrd. kroner, medan vederlag frå oppdrettskonsesjonar vart 2,7 mrd. kroner mindre enn i 2022. Andre inntekter minka samla med 1,0 mrd. kroner.

1.2.2 Utviklinga frå saldert til nysaldert budsjett2

Inntektsløyvingane utanom lånetransaksjonar for 2023 vart 377,6 mrd. kroner lågare i nysaldert budsjett enn i saldert budsjett, medan utgiftsløyvingane vart 49,9 mrd. kroner høgare. Utanom petroleumsverksemda vart inntektene 18,8 mrd. kroner høgare i nysaldert budsjett enn i saldert budsjett, medan utgiftene vart 48,2 mrd. kroner høgare. Samla gav dette eit oljekorrigert underskot på 286,2 mrd. kroner i nysaldert budsjett for 2023, som er 29,3 mrd. kroner meir enn i saldert budsjett.

Av 18,8 mrd. kroner i høgare inntekter kjem 3,0 mrd. kroner av høgare anslag på skatte- og avgiftsinntekter og 10,3 mrd. kroner av høgare rente og utbyteinntekter. Vederlag frå oppdrettskonsesjonar vart 1,5 mrd. kroner høgare. Overføringa frå Noregs Bank vart 0,5 mrd. kroner mindre og inntektene under statens forvaltningsverksemder vart 0,5 mrd. kroner høgare. Andre inntekter under departementa vart 4,0 mrd. kroner høgare enn i saldert budsjett.

Utgiftene vart 48,2 mrd. kroner høgare i nysaldert budsjett enn i saldert budsjett. Ein stor del kjem av høgare pris- og lønsvekst enn venta i saldert budsjett som vart kompensert gjennom tilleggsløyvingar, samt konsekvensar av krigen i Ukraina. Samla er auken i utgiftene frå saldert til nysaldert fordelt slik: Statens renteutgifter gjekk ned med 0,7 mrd. kroner. Løyving til stønader under folketrygda auka med 20,6 mrd. kroner. Tiltak knytte til ekstraordinære straumutgifter for hushaldningar og næringsliv vart løyvd med 15,5 mrd. kroner som var 29,2 mrd. kroner mindre enn i saldert budsjett. Løyvingar til rammetilskot til kommunar og fylkeskommunar auka med 8,6 mrd. kroner og løyvingar til dei regionale helseføretaka og helseberedskap auka med 10,2 mrd. kroner. Kjøp av materiell og drift av forsvaret auka med 6,1 mrd. kroner. I tillegg kjem løyving på 1,5 mrd. kroner til militær stønad til Ukraina. Utgifter til flyktningtiltak i Noreg og regionløyving til Ukraina og naboland auka med 9,6 mrd. kroner, medan løyvinga til busetting og opplæring av flyktningar i Noreg auka med 3,6 mrd. kroner. Annan netto auke i utgiftene var om lag 17,8 mrd. kroner.

Budsjettutviklinga gjennom 2023 fram til nysalderinga er nærare omtalt i Prop. 30 S (2023–2024) Ny saldering av statsbudsjettet 2023 og Prop. 34 S (2023–2024) Tillegg til Prop. 30 S (2023–2024) om ny saldering av statsbudsjettet 2023 (Nasjonal sikkerhetsmyndighet og ny saldering).

1.2.3 Utviklinga etter nysalderinga

I statsrekneskapen for 2023 er det oljekorrigerte underskotet 290,5 mrd. kroner. Dette er 4,2 mrd. kroner meir enn i nysalderinga jf. tabell 1.4. Som del av BNP for Fastlands-Noreg er endringa i det oljekorrigerte underskotet 0,1 prosent. Det vil alltid vere uvisse knytt til framskrivingar av budsjettal og andre makroøkonomiske tal, og endringane frå år til år skil seg normalt ikkje frå det som har vore normale avvik dei siste 30 åra. Dei økonomiske tiltaka i møte med pandemien i 2020 gav større endringar enn normalt, medan endringane i 2021 og 2022 er små. Avviket i 2023 er svært lite. Sjå boks 1.1 om uvisse i budsjettanslaga.

Tilbakeføringa frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet vart endeleg fastlagd i nysaldert budsjett for å dekkje det venta oljekorrigerte underskotet. Etter dette minka inntektene utanom petroleumsinntekter med 1,5 mrd. kroner, frå 1 487,5 mrd. kroner til 1 485,9 mrd. kroner. Utgiftene utanom petroleumsverksemda auka med 2,7 mrd. kroner, frå 1 773,7 mrd. kroner til 1 776,4 mrd. kroner. På denne bakgrunnen vert statsrekneskapen for 2023 gjord opp med eit underskot på 4,2 mrd. kroner. Sjå tabell 1.5 og 1.6 for detaljar. Nedgangen i skatte- og avgiftsinntektene på 6,5 mrd. kroner er nærare omtalt i kapittel 1.5. Auka renteinntekter kjem av renteinntekter på statens kontantbehaldning i Noregs Bank som vart større enn det ein rekna i budsjettet.

Tabell 1.5 Endringar i inntektene etter nysalderinga

Endringar i inntektene utanom lånetransaksjonar og petroleumsinntekter frå nysaldert budsjett til rekneskapen (tal i mill. kroner):

Skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg

-6 465

+

Renteinntekter og utbyte utan Equinor ASA

2 028

+

Inntekter frå statens forvaltningsverksemder utanom renteinntekter

295

+

Ymse inntekter

140

+

Andre inntekter

193

=

Auka inntekter utan meirinntekter

-3 809

+

Meirinntekter frå meirinntektsfullmakter

2 276

=

Samla endring, inntekter

-1 532

Tabell 1.6 Endringar i utgiftene etter nysalderinga

Endringar i utgiftene utanom lånetransaksjonar og petroleumsutgifter frå nysaldert budsjett til rekneskapen (tal i mill. kroner):

Stønader i folketrygda medrekna utgifter til dagpengar, kap. 2530-2790

2 343

+

Renteutgifter, statsgjeld, kap. 1650, post 89

294

+

Momskompensasjon til kommunar, fylkeskommunar og frivillige, kap. 1632

-112

+

Nettoordning statleg betalt MVA, kap. 1633

21

+

Straumstøtte, hushaldningar, kap. 1820

928

+

Kjøp av materiell m.m. under forsvaret, kap. 1760

1 314

+

Tilskot, Statens pensjonskasse, kap. 0612

-1 156

+

Rammetilskot kommunar/fylkeskommunar, kap. 0571/0572

-1 130

+

Omsorgstenester kap. 0761

955

+

Militær støtte til Ukraina, kap. 1700

-776

+

CO2 handtering, kap. 1850

-769

+

Forsvarets drift, kap. 1720

677

+

Andre utgifter, netto

125

=

Samla endring, utgifter

2 714

Standardrefusjonar som er førte som utgiftsreduksjonar i rekneskapen utgjorde om lag 4,3 mrd. kroner3, og er medrekna i desse tala. Dette er refusjonar frå mellom anna Arbeids- og velferdsetaten og folketrygda som dekkjer utgifter til arbeidsmarknadstiltak i statlege verksemder, løn under fødsels- og adopsjonspermisjon, løn til lærlingar og løn under sjukdom. Meirinntekter på løyvingar med meirinntektsfullmakter som heimlar meirutgifter i departementa og forvaltninga er òg medrekna.

Departementa har rapportert 2,3 mrd. kroner i meirinntekter på ymse budsjettpostar som det er knytte meirinntektsfullmakter til. Andre inntekter under departementa vart om lag som budsjettert.

Utgiftene vart 2,7 mrd. kroner høgare enn budsjettert. Utanom folketrygda auka utgiftene med 0,4 mrd. kroner. Straumstøtta til hushaldningar vart sett ned frå 44,7 mrd. kroner i saldert budsjett, til 15,4 mrd. kroner i nysaldert budsjett. I rekneskapen vart utgiftene 0,9 mrd. kroner høgare enn budsjettert.

Endringar i utgiftene må òg sjåast i samanheng med bruken av meirinntektsfullmakter i departementa og forvaltninga og nivået på overført, unytta løyving.

Overført, unytta løyving til 2024

Frå 2022 til 2023 vart det for verksemdene og departementa overført unytta løyvingar, utanom lånetransaksjonar og statleg petroleumsverksemd, på til saman 21,6 mrd. kroner, medan overførte løyvingar frå 2023 til 2024 er på 20,8 mrd. kroner. Det er ein netto nedgang på 845 mill. kroner, jf. tabell 1.7. Det er ikkje overført midlar på lånepostar.

Tabell 1.7 Overføring av unytta løyvingar utanom lånetransaksjonar dei siste fem åra (tal i mill. kroner)

År

Overført løyving

Auke/nedgang (-) frå året før

2019–2020

16 262

-522

2020–2021

25 923

9 660

2021–2022

26 768

845

2022–2023

21 648

-5 119

2023–2024

20 803

-845

Det er Helse- og omsorgsdepartementet (-1,8 mrd. kroner), Landbruks- og matdepartementet (-0,3 mrd. kroner) og Kultur- og likestillingsdepartementet (-0,3 mrd. kroner) som har hatt størst nedgang i overført, unytta løyving. Tre departement har hatt ein auke i overført unytta løyving; Kommunal- og distriktsdepartementet (1,1 mrd. kroner), Olje- og energidepartementet (0,9 mrd. kroner) og Arbeids- og inkluderingsdepartementet 0,2 mrd. kroner). Tabell 1.2 i vedlegg 1 gjev eit meir detaljert oversyn over endra overføring per departement.

1.3 Veksten i utgiftene i statsbudsjettet

Utviklinga i utgiftene i statsbudsjettet frå år til år kjem til utrykk ved den reelle, underliggjande veksten. I den reelle, underliggjande veksten i utgiftene vert det korrigert for utgifter til dagpengar, renter og petroleumsverksemda og for visse rekneskapstilhøve og ekstraordinære endringar. Ved utrekninga av den reelle, underliggjande veksten i utgiftene vert det òg korrigert for prisendringar, slik at talet er uttrykk for volumendringar knytte til driftsutgiftene, investeringane og overføringane i statsbudsjettet. Nærare omtale av korleis den reelle, underliggjande veksten i utgiftene vert utrekna, står i kapittel 3 i nasjonalbudsjettet.

For saldert budsjett 2023 vart den reelle, underliggjande veksten i utgiftene i statsbudsjettet rekna til 1,7 prosent. Etter vedtekne budsjettendringar 1. halvår 2023 vart han rekna til 1,6 prosent og etter nysalderinga til 2,5 prosent. Med utgangspunkt i statsrekneskapen for 2023 er veksten rekna til 2,7 prosent. Tal for reell, underliggjande utgiftsvekst dei siste ti åra går fram av tabell 1.8.

Tabell 1.8 Reell, underliggjande utgiftsvekst

År

Årleg vekst i prosent

2014

3,1

2015

2,9

2016

2,7

2017

1,9

2018

0,8

2019

1,8

2020

8,9

2021

-1,3

2022

1,1

2023

2,7

1.4 Lånetransaksjonar og finansieringsbehov

Tabell 1.9 syner utviklinga i finansieringsbehovet i statsbudsjettet. Samanlikna med rekneskapen for 2022 har brutto finansieringsbehovet minka med 52,2 mrd. kroner, frå 74,3 mrd. kroner i 2022 til 22,0 mrd. kroner i 2023. Utlån og aksjeteikning m.m. minka med 52,9 mrd. kroner, medan tilbakebetalingane auka med 120,8 mrd. kroner. Overskotet før lånetransaksjonar minka med 31,4 mrd. kroner slik at netto finansieringsbehovet vart -77,6 mrd. kroner som er 142,3 mrd. kroner mindre enn i 2022. Det var ein auke i betalt avdrag på statsgjelda på 90,1 mrd. kroner i 2023 samanlikna med 2022. Endringane i gjeldsavdrag er påverka av avdragsprofilen på statsgjelda, førtidige oppgjer og reduksjon i eigenbehaldninga.

Tabell 1.9 Lånetransaksjonar og finansieringsbehov 2023 (tal i mill. kroner)

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Nysaldert budsjett 2023

Rekneskap 2023

Lånetransaksjonar utan petroleumsverksemda

Utlån, aksjeteikning m.m.1)

222 487

148 539

172 758

169 541

Tilbakebetalingar

130 631

222 620

252 423

251 386

Overskot i statsbudsjettet

27 133

0

0

-4 246

=

Netto finansieringsbehov

64 724

-74 081

-79 665

-77 599

+

Gjeldsavdrag

9 543

78 457

94 457

99 632

=

Brutto finansieringsbehov i statsbudsjettet

74 267

4 376

14 792

22 033

Netto finanstransaksjonar knytte til petroleumsverksemda

Sal av aksjar i Equinor ASA m.m.

13 496

0

39 071

39 071

Utlån, aksjeteikning m.m.

0

0

0

0

=

Netto finanstransaksjonar knytte til petroleumsverksemda vert overførte til Statens pensjonsfond utland2)

13 496

0

39 071

39 071

1) Medrekna tilbakeføring av 70 mrd. kroner frå statens kontantbehaldning til Statens pensjonsfond utland i 2022.

2) Netto finanstransaksjonar knytte til petroleumsverksemda vert overført til Statens pensjonsfond, jf. kap. 2800, post 96.

Kjelde: Finansdepartementet.

Det vart overført 39,1 mrd. kroner til Statens pensjonsfond utland, jf. kap. 2800 Statens pensjonsfond utland, post 96 Finanspostar overført til fondet. Dette er inntekter knytte til Equinor sitt tilbakekjøp av aksjar, jf. kap. 3955 Equinor ASA, post 96 Sal av aksjar.

Utgiftene til utlån vart 3,2 mrd. kroner lågare enn venta ved nysalderinga. Endringar i utlån frå nysaldert budsjett går fram av tabell 1.10.

Tabell 1.10 Endringar i lånetransaksjonar, utgifter etter nysalderinga (tal i mill. kroner)

Eksportkredittordninga, kap. 2429

-2 172

Statens pensjonskasse, bustadlånsordninga, kap. 505

-1 183

Statens lånekasse for utdanning, kap. 2410

555

Husbanken, kap. 2412

-404

Innovasjon Noreg, kap. 2421

-150

Forskot på rammetilskot til kommunar, kap. 571/572

141

Andre utlån, netto

-3

Samla endring utlån

-3 217

Samla mindreutgifter knytte til lånetransaksjonar svarer til 1,9 prosent av løyvinga. Størst endring utgjer mindreutgiftene under Eksportkredittordninga som svarer til 16,6 prosent av løyvinga og mindreutgifter under bustadlånsordninga som svarer til 3,7 prosent av løyvinga.

Tilbakebetalingane vart 1,0 mrd. kroner lågare enn venta i nysalderinga. Endringar i tilbakebetalingar frå nysaldert budsjett går fram av tabell 1.11.

Tabell 1.11 Endringar i lånetransaksjonar, inntekter etter nysalderinga (tal i mill. kroner)

Husbanken, kap. 5312

-1 725

Eksportfinansiering Noreg, Avdrag på uteståande ifølgje trekkfullmakt, kap. 5460

1 005

Eksportkredittordninga, kap. 5329

-715

Forskot på rammetilskot til kommunar, kap. 3571/3572

597

Statens lånekasse for utdanning, kap. 5310

-235

Statens pensjonskasse, bustadlånsordninga, kap. 3505

126

Forvaltning, statleg eigarskap, kap. 3950–3952

-101

Innovasjon Noreg, kap. 5325

11

Andre tilbakebetalingar, netto

0

Samla endring i tilbakebetalingane

-1 037

Netto utlån vart dermed 2,2 mrd. kroner mindre enn i nysaldert budsjett. Sidan rekneskapen syner eit underskot før lånetransaksjonar på 4,2 mrd. kroner, vart netto finansieringsbehov 2,1 mrd. kroner større enn i nysaldert budsjett.

Avdrag på innanlandsk statsgjeld i 2023 vart 99,6 mrd. kroner som er 5,2 mrd. kroner meir enn i nysaldert budsjett, og brutto finansieringsbehov er dermed 7,2 mrd. kroner meir enn i nysaldert budsjett.

Statens lånebehov og behovet for lånefullmakter kan avvike frå finansieringsbehovet som går fram av tabell 1.9. Grunnen er at ein ved utforming av lånefullmakter tek omsyn til einskilde lånetransaksjonar som inngår i lånebehovet, men som ikkje har likviditetseffekt. Det gjeld til dømes ved overføring av kapital til og frå tilskotsfond. Dette er nærare omtalt i framlegg for Stortinget om fullmakt til å ta opp statslån. I 2023 vart kapitalen i infrastrukturfondet tilbakeført med 100 mrd. kroner. Ut over det var det inga store overføringar av kapital til eller frå tilskotsfond. Fullmakt til å ta opp statslån i 2023 og endring i statsgjelda går fram av vedlegg 3, tabell 3.1.

1.5 Skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg

Statsrekneskapen for 2023 syner at dei samla inntektene frå skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg utgjorde 1 352,1 mrd. kroner i 2023, ein auke på 111,5 mrd. kroner eller 9,0 prosent frå året før, jf. tabell 1.12.

Tabell 1.12 Skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg (tal i mrd. kroner)

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Nysaldert budsjett 2023

Rekneskap 2023

Skattar på formue og inntekt

373,7

409,6

435,4

431,6

Arbeidsgjevaravgift og trygdeavgift

395,9

421,2

430,3

428,8

Tollinntekter

4,1

4,3

3,7

3,7

Meirverdiavgift

365,7

393,0

380,0

378,6

Avgifter på alkohol

16,4

15,0

16,4

16,4

Avgifter på tobakk

7,4

7,5

7,3

7,4

Avgifter på motorvogner

18,4

20,3

19,5

19,5

Andre avgifter

59,1

84,9

66,1

66,2

Sum skattar og avgifter

1 240,7

1 355,6

1 358,6

1 352,1

I statsrekneskapen for 2023 vart dei samla skatte- og avgiftsinntektene frå Fastlands-Noreg 3,5 mrd. kroner mindre enn i saldert budsjett. Anslaget for faktisk betalte skatte- og avgiftsinntekter er om lag uendra gjennom 2023. Ved nysalderinga av 2023-budsjettet er berekna skatte- og avgiftsinntekter frå Fastlands-Noreg 1 358,6 mrd. kroner, som er 3,0 mrd. kroner meir enn i saldert budsjett. Samla inntekter frå skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg vart i statsrekneskapen 6,5 mrd. kroner mindre enn i nysaldert budsjett. Av dette gjeld 3,8 mrd. kroner skatt på formue og inntekt, 1,5 mrd. kroner arbeidsgjevaravgift og trygdeavgift og 1,4 mrd. kroner innbetalt meirverdiavgift. Andre skattar og avgifter vart om lag som budsjettert.

Av dei samla skatte- og avgiftsinntektene frå Fastlands-Noreg på 1 352,1 mrd. kroner i statsrekneskapen for 2023 utgjorde skatt på inntekt og formue medrekna finansskatten 431,6 mrd. kroner. Dette var 15,5 prosent høgare enn i 2022. Trygdeavgift og arbeidsgjevaravgift utgjorde 428,8 mrd. kroner i 2023, ein auke på 8,3 prosent frå året før. Inntektene frå meirverdiavgifta auka med 3,5 prosent, til 378,6 mrd. kroner i 2023. Frå 2022 til 2023 auka andre særavgifter og tollinntekter med 7,4 prosent, frå 105,3 mrd. kroner til 113,2 mrd. kroner. Sjå detaljar i vedlegg 1, tabell 1.1 og løyvingsrekneskapen i vedlegg 2, tabell 2.2.

1.6 Utgifter og inntekter frå petroleumsverksemda – Statens pensjonsfond utland

Utgiftene til petroleumsverksemda skriv seg frå investeringar i statens direkte deltaking i petroleumsverksemda (SDØE). Inntektene frå petroleumsverksemda omfattar skattar og avgifter på utvinning, aksjeutbyte frå Equinor ASA og inntekter frå SDØE. Inntektene frå SDØE er for det meste driftsresultat og kalkulatoriske avskrivingar og renter. Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda vart 978,1 mrd. kroner, som er 8,3 mrd. kroner mindre enn i nysaldert budsjett, jf. tabell 1.13. Det er 406,4 mrd. kroner mindre enn i saldert budsjett og må sjåast i samanheng med at anslaget på inntektene frå petroleumsskatt og avgifter og SDØE-inntekter vart sett ned ved nysalderinga samanlikna med saldert budsjett.

Tabell 1.13 Endring i netto kontantstraum frå statleg petroleumsverksemd etter nysalderinga (tal i mill. kroner)

Nysaldert budsjett 2023

Rekneskap 2023

Endring

Petroleumsskattar og CO2-/NOx-avgift

622 403

623 245

842,3

Inntekter frå statleg petroleumsverksemd (SDØE)

317 400

306 906

-10 493,6

Utbyte frå Equinor ASA

76 592

78 309

1 716,4

– Utgifter, statleg petroleumsverksemd

30 000

30 396

396,4

= Netto endring i petroleumsinntekter

986 395

978 064

-8 331

Overføringa frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet over kap. 5800 vert rekneskapsført i samsvar med stortingsvedtaket i nysaldert budsjett, medan overføringa til fondet over kap. 2800 er tilpassa netto kontantstraum frå petroleumsverksemda. Netto avsetjing til fondet i 2023 vart 691,8 mrd. kroner, som er overført frå statskassa til fondet. I 2023 var det òg netto finanstransaksjonar førte på kap. 2800, post 96 på i alt 39,1 mrd. kroner. Medrekna finanstransaksjonar vart det avsett 730,9 mrd. kroner i fondet. I kapittel 3 er det gjort nærare greie for resultat og verdiutvikling i Statens pensjonsfond utland.

Fotnotar

1.

I tabellane i statsrekneskapen kan det vere avvik mellom sumtala i tabellane og dei avrunda tala som står ovanfor summane. Sumtala skal vere i samsvar med rekneskapen.

2.

Nysaldert budsjett, vedteke av Stortinget desember 2023.

3.

4,3 mrd. kroner er rapportert som utgiftsreduksjon etter standard kontoplan.

Til forsida