Meld. St. 31 (2014–2015)

Garden som ressurs – marknaden som mål— Vekst og gründerskap innan landbruksbaserte næringar

Til innhaldsliste

1 Hovudtrekk i meldinga

Landbruket har forma landet, og har opp gjennom tidene levert mat, drikke, tømmer, tenester – og eit kulturlandskap som har freista turistar frå nær og fjern. I dag leverar landbruket dei same varene og mykje meir, til dømes ein rekkje tenester innan opplevingar, service og velferd. Lokale tradisjonar blir kombinert med nye teknologiske løysingar. «Modernitet utan tradisjon er sterilt, tradisjon utan modernitet er idioti», seier den franske osteprodusenten André Valadier, og hevdar dette er utgangspunktet for suksessen han har opplevd.

Landbruket er både gamalt og nytt – og på ei rundreise innom norske gardsbruk er det ingen grenser for kombinasjonar av tradisjon og nytenking. Denne meldinga handlar om korleis potensialet for auka verdiskaping innan dei landbruksbaserte næringane utanom tradisjonelt jord- og skogbruk kan utløysast. Menneskelege ressursar og skaparlyst er avgjerande. Ein liten eigedom kan vere utgangspunktet for ein like god forretningsidé som ein større eigedom. Politikken skal difor leggje til rette for vekst og utvikling uavhengig av storleiken på gardsbruket.

Figur 1.1 Haaheim gaard, Tysnes i Hordaland
. Garden har hotell, hagekafé og restaurant. Garden ligg i ein kulturhage og dei dyrkar urter og grønsaker til bruk i restauranten

Figur 1.1 Haaheim gaard, Tysnes i Hordaland . Garden har hotell, hagekafé og restaurant. Garden ligg i ein kulturhage og dei dyrkar urter og grønsaker til bruk i restauranten

Foto: Paul S. Amundsen

1.1 Bakgrunn for meldinga

Regjeringa si politiske plattform, Sundvolden-erklæringa, dannar ei viktig ramme for dette arbeidet. Her blir det mellom anna vist til at det bør satsast på alternativ næringsutvikling for å gje grunnlag for ein meir framtidsretta landbruksproduksjon over heile landet.

I tillegg til å dekkje ein etterspurnad i marknaden, bidreg desse næringane positivt til å synleggjere landbruket sin samfunnsmessige verdi, og til å skape interesse for kva landbruket kan tilby. Det er samstundes viktig å understreke at det er ei gjensidig binding mellom det tradisjonelle landbruket og andre næringar basert på landbruket sine ressursar. Det som kjenneteiknar mange landbruksbaserte bedrifter som vil utvikle noko nytt med utgangspunkt i landbrukseigedomen, er at dei har tradisjonell landbruksdrift i botnen. Eksempelvis har dei fleste osteprodusentar ein mjølkeproduksjon som basis, og dei er avhengig av å kunne levere den delen av mjølkeproduksjonen dei til ein kvar til ikkje foredlar sjølv til meieri på ordinær måte. Ein langsiktig landbrukspolitikk som bidreg til å oppretthalde eit landbruk over heile landet er avgjerande for utvikling av nye næringar i landbruket, samstundes er nyskapinga og gründerverksemda innanfor landbruket viktig for utviklinga av landbruket i sin heilskap.

Regjeringa meiner det er naudsynt med ein tydelegare politikk retta mot dei som produserar varer og tenester med utgangspunkt i landbruket sine ressursar utanom tradisjonelt jord- og skogbruk. For det fyrste fordi det er viktig å synleggjere potensialet og leggje til rette for ytterlegare vekst på områder der marknaden veks og betalingsevna er høg. For det andre fordi utfordringar knytt til bedriftsetablering og vekst innanfor dette området på mange måtar skil seg frå utfordringar i sektoren elles. Utfordringane og moglegheitene for verdiskaping og næringsutvikling er ulik i ulike delar av landet. Meldinga vil synleggjere korleis landbruket sine ressursar i heile landet kan bidra til sysselsetting og størst mogeleg verdiskaping på både små og store bruk.

Regjeringa har sett i gang fleire prosessar for å styrkje rammevilkåra for norsk næringsliv, jf. regjeringa sine satsingsområde «konkurransekraft for norske arbeidsplassar» og «kunnskap gir moglegheiter for alle». Dette er prosessar som og til dels er relevante for landbruksområdet. Gjennomgangen av Innovasjon Norge, og arbeidet med etablering av eit uavhengig regelråd er andre døme på pågåande prosessar som kan føre til både forenkling og meir målretting av innsatsen mot næringslivet. I løpet av 2016 vil Regjeringa leggje fram ei ny melding til Stortinget om reiselivsnæringa. Regjeringa vil også leggje fram ei likestillingsmelding der likestillingsutfordringane i næringslivet er eit av hovudemna.

I Innst. 285 S (2013–2014) heiter det at Flertallet er videre enige om at det skal legges frem en Stortingsmelding om landbruket og skognæringen i et fremtidig Norge. I etterkant av dette har regjeringa bestemt at det skal fremjast ei eiga melding til Stortinget om skog- og trenæringa i Noreg. Det vil også bli lagt fram ei melding til Stortinget om reindriftsnæringa, jf. regjeringsplattforma. Desse meldingane vil bli fremja for Stortinget på eit seinare tidspunkt.

1.2 Utviklingstrekk

1.2.1 Omfang og økonomi

Undersøkinga Trender i Norsk landbruk1 baserar seg på ei spørjeundersøking blant norske gardbrukarar. I undersøkinga frå 2014 oppgjev 52 pst. at dei driv ei eller anna form for tilleggsnæring med utgangspunkt i garden sine ressursar. Dette er ein svak auke sidan 2006. Delen blant dei som ikkje driv tilleggsnæringar, men som ser det som sannsynleg at dei vil starte dette dei neste fem åra, har lege på rundt 10 pst. dei siste sju åra.

Figur 1.2 under gir eit bilete på omfanget av næringar basert på landbrukets ressursar, og viser delen bedrifter med slike næringar fordelt på ulike næringsgreiner. Næringsgreina leigekøyring er mest utbreidd (25 pst.), dernest utleige av jakt- og fiske (19,5 pst.) og vedproduksjon og biobrensel (19,5 pst). Om lag 9 pst. driv med reiselivs- og opplevingsrelaterte aktivitetar, 6,6 pst. med lokalmat og servering og 4,7 pst. tilbyr Inn på tunet-relaterte tenester.

Figur 1.2 Del som driv ulike landbruksbaserte næringar. N=1753. Prosent

Figur 1.2 Del som driv ulike landbruksbaserte næringar. N=1753. Prosent

Kjelde: Bygdeforskning. Trender i Norsk landbruk 2014

Det er krevjande å kartleggje omfanget av landbruksbaserte næringar utanom tradisjonelt jord- og skogbruk. Dels fordi det ikkje alltid er eit klart skilje mellom kva som blir definert som tradisjonelt landbruk og som anna landbruksbasert næring, og dels fordi det er lite tilgjengeleg statistikk om dei enkelte næringsområda innanfor anna landbruksbasert næring. Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF) har sett på moglegheitene for å betre kunnskapsgrunnlaget om næringsaktiviteten på norske gardsbruk utanom den tradisjonelle drifta, og har foreslått nokre tiltak som kan betre statistikkgrunnlaget. Departementet viser til vidare drøftingar av denne utfordringa i kapittel 6.

Dei årlege driftsgranskingane i landbruket, utført av NILF, er ei viktig kjelde til kunnskap om utvikling og lønnsemd innanfor desse næringane. Driftsgranskingane baserar seg på rekneskapsresultat og omfattar berre den delen av jordbruksføretaka som har ein omsetnad på 150 000 kroner eller meir. Av dei 888 bruka som var med i driftsgranskingane i 20132 hadde 82 pst. omsetnad knytt til anna landbruksbasert næring. Dette er om lag på same nivå som i 2012 og ein auke på 2 pst. frå 2011. Prosentdelen bruk med tilleggsnæring av vesentleg omfang var størst på Austlandet og minst på Vestlandet og i Nord-Noreg i 2013.

Figur 1.3 Omsetnad i tilleggsnæring, kroner per bruk. Bruk med omsetnad over kr 20 000 i tilleggsnæring. Regionar, 2011–2013

Figur 1.3 Omsetnad i tilleggsnæring, kroner per bruk. Bruk med omsetnad over kr 20 000 i tilleggsnæring. Regionar, 2011–2013

Kjelde: Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning

Omsetnad seier noko om kor høgt aktivitetsnivået i bedriftene er, men ikkje nødvendigvis noko om forteneste og inntekt. I 2013 var omsetnaden i gjennomsnitt 190 600 kroner per bruk, og det er ein auke på 5 100 kroner (2,7 pst.) frå året før. Omsetnaden auka frå 2012 til 2013 på Austlandet og i Nord-Noreg, medan det var nedgang i Agder og Rogaland, på Vestlandet og i Trøndelag jf. figur 1.3. Vestlandet har, slik figuren viser, hatt høgast omsetnad i tilleggsnæring i åra 2011–2013. Den høge omsetnaden på Vestlandet skuldast i hovudsak svært høg omsetnad på nokre få bruk der tilleggsnæringa har vore under oppbygging gjennom fleire år. Overskotet frå tilleggsnæring utgjorde i gjennomsnitt 7 prosent av samla inntening på alle driftsgranskingsbruk i 2013. Det er geografiske skilnader i utbreiinga og kor stor betyding desse næringane har for bruket si totale inntening.

Over jordbruksavtala har det dei siste åra vore ei særskilt satsing innanfor områda lokalmat, reiseliv og bioenergi. I tillegg har meir generelle tilskotsmidlar til tilrettelegging og utgreiing, investering og bedriftsutvikling (tidlegare bygdeutviklingsmidlar) og andre bedriftsretta verkemiddel forvalta av Innovasjon Norge, vore ein viktig stimulans og risikoavlastning for dei som vil starte ei bedrift eller gjere investeringar for vidareutvikling av bedrifta si. Det har også vore avsett midlar både nasjonalt og regionalt som skal leggje til rette for ny næringsutvikling i landbruket. Samla sett har desse verkemidla gitt landbruket moglegheiter til å utvikle produksjonar og næringsområde som ikkje i utgangspunktet har hatt økonomiske ressursar til å finansiere utviklingsarbeid på eiga hand. Bedriftsstøtta har gitt enkeltbedrifter moglegheiter til å vekse og få tilført naudsynt profesjonalisering.

Boks 1.1 Utviklingsprogrammet – landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping

Utviklingsprogrammet – landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping er eit sentralt verkemiddel for å bidra til næringsutvikling basert på landbrukets ressursar.

Utviklingsprogrammet er eit rammeprogram med tiltak og verkemiddel som skal bidra til næringsutvikling basert på landbruket sine ressursar og til auka vekst og verdiskaping for landbruksbaserte næringar. Verkemidla i programmet skal særskilt medverke til å få opp fleire gode gründerar og vekstkraftige bedrifter. Programmet tilbyr tilpassa kompetansetiltak til bedriftene, finansiering til bedrifter som ynskjer å vekse og støtte til etablering av økonomisk forpliktande produsentnettverk. Programmet skal også medverke til å skape nettverk for utvikling av innovasjon og kompetanse og til omdømmeaktivitetar. For 2015 er det avsett om lag 100 mill. kroner over programmet.

Programmet blir forvalta av Innovasjon Norge og er ei vidareføring av Lokalmatprogrammet og utviklingsprogramma for innlandsfiske, grønt reiseliv og rein. Innsatsen over programmet blir styrt av ei styringsgruppe med representantar frå faglaga i jordbruket, HANEN, Norske reindriftssamers landsforbund, fylkesmannen, fylkeskommunen og Landbruks- og matdepartementet. Matmerk er observatør.

Oljerikdomen og den positive økonomiske utviklinga i Noreg sidan 1970-talet har gitt oss eit høgare lønns- og kostnadsnivå enn i andre land. Noreg er eit høgkostland og dette skapar utfordringar for arbeidsintensive produksjonar. Samstundes gir auka levestandard auka betalingsevne, og dermed nye marknadsmoglegheiter for produsentar og tenesteleverandørar.

Bevisst satsing over tid har medverka til positiv utvikling av landbruksbaserte næringar, men marknaden og forbrukarpreferansar har også endra seg. Forbrukarmakta er stor, og dialog med forbrukarane og kunnskap om forbrukarpreferansar er viktig. Ipsos MMI si Spisefaktaundersøkelse frå 2013 viser at 42 pst. av forbrukarane ynskjer å kjøpe norske matspesialitetar. Matmerk sine målingar av omsetnaden av lokalmat gjennom daglegvarehandelen viser at den har auka med 53 pst. dei siste 5 åra. Dette er ein vekst som er tre gongar så høg som veksten i omsetnad av mat og drikke totalt.

Innanfor reiselivsnæringa er det ikkje lenger tilstrekkeleg å tilby reise og seng. Både norske og utanlandske turistar ynskjer seg tilrettelagde opplevingar når dei er på ferie, og opplevingsbransjen er den delen av reiselivet som veks raskast med omsyn til verdiskaping. Her har landbruket, med sine ressursar på eigedomen og i utmarka, mykje å by på.

Dagens samfunnsutvikling med ei auke i aldrande befolkning, behov for alternative opplæringsarenaer for barn og unge og arbeidstreningsbehov for personar som står utanfor arbeidslivet, skapar nye tenestebehov i velferdssektoren. Landbruket har ein unik arena med utgangspunkt i garden, og i landbruket sitt tilbod Inn på tunet ligg det moglegheiter for vidare utvikling i skjeringspunktet mellom velferdstenester og næringsutvikling. Landbruket kan også bidra til å løyse andre samfunnsutfordringar. Til dømes kan bidrag til miljøvennlege energiløysingar, ikkje berre innanfor næringa, men også med leveransar av energi til offentlege institusjonar m.m. medvirke til å løyse klimautfordringane.

Leigekøyring er ei av dei vanlegaste tenestene innanfor andre landbruksbaserte næringar. Det vil seie at landbruket gjennom utnytting av sitt utstyr på garden tilbyr tenester innanfor t.d. snøbrøyting, grøntanleggsarbeid, bygg- og vedlikehaldsarbeid og vaktmeistertenester. Dette er også den næringsvegen som gir høgast avkastning sett i forhold til timebruk. Næringa er etablert og har vakse på grunnlag av auka etterspurnad etter slike tenester, m.a. på grunn av utbygging av nye hyttefelt og fritidsbustader.

Figur 1.4 Skjåk hytteservice

Figur 1.4 Skjåk hytteservice

Foto: Tor Bruland/Skjåk hytteservice

Boks 1.2 Bygdeservice Norge

Organisasjonen Bygdeservice Norge er eit godt døme på at det er ein marknad for å utnytte garden sine maskiner, utstyr og andre ressursar til tenesteyting. Bygdeservice Norge blei stifta i 2002 og omfattar i underkant av 60 bygdeserviceføretak, med ein samla omsetnad på 250 mill. kroner i 2014. Oppdragsmengda og omsetnaden blant eksisterande lag har auka jamt og det blir stadig etablert nye lag. Alle deltakarane i bygdeservice er sjølvstendig næringsdrivande bønder, medan sjølve bygdeserviceføretaket er registrert som eit samvirkelag med avgrensa ansvar. Bygdeserviceføretaket sine oppgåver er i hovudsak å ta imot og formidle oppdrag, og koordinere arbeidet. Samarbeidsmodellen gir svært låge administrative kostnader.

Kundar er både bedrifter, offentlege etatar og privatpersonar. Bedriftene tilbyr tenester innanfor eit svært breitt spekter, mellom anna bygg og anlegg, snøbrøyting, vaktmestertenester og grøntanlegg. Bygdeservice har vist seg å vere ei attraktiv moglegheit for unge som treng ei tilleggsnæring når dei skal ta over garden, eller for unge nyetablerte enkeltmannsføretak som treng breiare kundekrins og meir arbeid. Bygdeservice kan også vere eit interessant alternativ i for den eldre bonden som skal la dei unge ta over garden og er soleis viktig for både unge og gamle ved eigedomsoverdraging og generasjonsskifter.

1.3 Oppsummering og hovudtrekk i meldinga

Landbruksbedrifter er i all hovudsak små bedrifter spreidd over heile landet. Dei har stor regional betyding for verdiskaping, sysselsetting og for stoltheit om lokale produkt. Regjeringa vil leggje til rette for at næringsutøvarar i landbruket i størst mogleg grad skal kunne utnytte det totale ressursgrunnlaget til landbrukseigedomen utan unødige hinder. Meldinga viser at det er marknadspotensiale og gode moglegheiter både for vidare utvikling av eksisterande landbruksbaserte næringar og utvikling av nye produkt og tilbod. Det er viktig at landbruksnæringa tek tak i desse moglegheitene som grunnlag for å auke verdiskapinga og skape stabile arbeidsplassar på både små og store bruk.

Stimulering til gründerskap, vekst og innovative næringsmiljø i landbruket

Regjeringa vil

  • støtte opp om gründer- og vekstbedrifter på landbruksområdet gjennom verkemiddel som Investerings- og bedriftsutviklingsordninga (IBU-ordninga), Utviklingsprogrammet og inkubatorsatsing.

  • styrkje satsinga på rekruttering ved å lyfte fram dei gode døma og prøve ut ei mentorordning.

  • leggje til rette for kompetanseutvikling i heile verdikjeda gjennom relevante studie-, etter- og vidareutdanningstilbod.

  • medverke til forskingsbasert innovasjon i landbruksbaserte næringar gjennom ulike nasjonale verkemiddel.

  • medverke til at dei landbruks- og matfaglege forskingsmiljøa bidreg til å utvikle og spreie kunnskap som støttar opp under landbruksbasert næringsutvikling.

Næringspolitikken rundt landbruksgründeren bør vere tilpassa både dei med ambisjonar om vekst og dei som fyrst og fremst ynskjer heiltids sysselsetjing med utgangspunkt i dei ressursane landbrukseigedomen har totalt. Næringsutøvaren si evne til å setje seg definerte mål for bedrifta er uansett avgjerande for ei positiv utvikling.

Marknadskompetanse, tilgang til risikovillig kapital, god rådgjeving og tilgang til relevante nettverk er viktig for alle som arbeider med bedriftsutvikling, uavhengig av sektor. Bedriftene knytt til landbruket er ofte små og fragmenterte. Felles for svært mange av dei landbruksbaserte bedriftene som har lukkast best i marknaden er at dei har evna å etablere gode og forpliktande samarbeidsnettverk. Sjølv innanfor dei områda det har vore satsa bevisst over lengre tid, krevst det framleis betydeleg grad av profesjonalisering av bedriftene. Koplingar og synergiar må drivast fram av næringa sjølv, men det offentlege kan leggje til rette for samarbeid, profesjonalisering og innovasjon, til dømes gjennom Utviklingsprogrammet.

Landbruket sitt omdøme som ei attraktiv næring og yrkesveg er avgjerande for rekrutteringa til landbruket. Det er difor viktig at heile spekteret av landbruket sine ressursar og moglegheiter for å kunne skape seg ein attraktiv arbeidsplass blir synleggjort både av forvaltinga og av næringa sjølv. Ved etablering av nye landbruksbaserte bedrifter, vil mange former for kompetanse og utdanning kunne nyttast inn i utviklinga av ny næringsaktivitet. Dette kan gjere landbrukseigedomen til ein meir attraktiv og mangfaldig arbeidsplass.

Utvikling og utnytting av kunnskap, enten ved at bedriftene maktar å kople kjent kunnskap, innhente ny kunnskap, eller nytte kunnskap på nye måtar, er kjenneteikn på innovative næringsmiljø. Gode koplingar mellom næringsliv, forsking, kunnskapsmiljø og offentleg sektor er naudsynt for å nå nasjonale mål om auka verdiskaping og konkurransekraft også innanfor landbruket. Noregs Forskingsråd, Innovasjon Norge og SIVA har utvikla eit sett av verkemiddel som på ulike måtar skal stimulere til meir velfungerande regionale innovasjonssystem og byggje opp under innovative næringsmiljø. Kunnskap og kompetanseutvikling er viktige verkemiddel for auka innovasjon og gründerskap i landbruksbaserte næringar. Fylkesmannen og den regionale partnarskapen, med Innovasjon Norge og fylkeskommunane, har elles ei viktig rolle i å etablere møteplassar og felles læringsarenaer for å forsterke dialogen mellom bedrifter og kunnskapsmiljø, og for å bringe nye idear og impulsar inn i dei ulike miljøa.

Mat og drikke

Det er eit vekstpotensial i marknaden for lokalmat og drikke. Det er difor ein ambisjon at samla omsetnad av slike produkt skal vekse frå dagens 3,5 mrd. kroner gjennom daglegvarehandelen til om lag 10 mrd. kroner til saman frå alle omsetnadskanalar innan 2025. Heile verdikjeda frå jord til bord må samarbeide for å nå denne ambisjonen.

Regjeringa vil

  • auke tilgangen på lokalmatprodukt for forbrukarane, irekna vilt- og fiskeprodukt.

  • lette marknadstilgangen for produsentar gjennom å medverke til etablering av ein database for lokalmatprodukt.

  • leggje til rette for ein årleg møteplass der produsentar av lokal mat og drikke kan møte innkjøparar frå daglegvarehandelen og hotell, restaurant og catering-marknaden (HoReCa-marknaden).

  • leggje til rette for styrkja og berekraftig produksjon av innlandsfiskeoppdrett.

  • opne opp for sal av alkoholhaldige varer over 4,7 volumprosent som ikkje er omfatta av EØS-avtala, direkte frå mindre produsentar.

  • foreslå å justere dagens regelverk om alkoholreklame i Forskrift om omsetning av alkoholholdig drikk mv for å leggje til rette for nøktern, faktabasert produktinformasjon

Gode distribusjonsløysingar og salssystem er og heilt avgjerande for å sikre lokalmatprodusentane god tilgang til daglegvarehandelen. Matmerk er i gang med å utvikle ein nettbasert lokalmatdatabase basert på same mal som kvalitetssystemet i landbruket. Systemet skal omfatte særkrav til produsentar frå mellom andre daglegvarehandelen, samt andre særkrav på området. Arbeidet skjer i samarbeid med daglegvarehandelen, hotell, restaurant og catering (HorReCa) og næringa/produsentane. Dersom løysinga lukkast, kan dette vere eit viktig steg i retning av å både lette marknadstilgangen for produsentar og å auke tilgangen på lokalmatprodukt for forbrukarane.

I januar 2015 la departementet fram ein eksportstrategi for norske jordbruksprodukt. I strategien er det lista opp tiltak som skal treffe både store og små produsentar som ynskjer å eksportere produkta sine til utlandet. Innovasjon Norge skal gjere ein meir grundig vurdering av nokre utvalde marknader og anbefale kvar ein bør satse.

Forbrukarar stiller høge kvalitetskrav til lokalmat og drikke. Matmerk sine merkeordningar opplyser forbrukarane om norsk mat og norske matspesialitetar, men kunnskapen om merka er ujamn. Rekruttering av nye merkebrukarar, fortrinnsvis med volumprodukt, er viktig for å synleggjere produkta og merkeordningane betre. Ein bør også bruke merkeordningane Spesialitet og Beskytta nemningar meir målretta som flaggskip i arbeidet med å byggje sterke matregionar.

Det er eit unytta potensiale til å vidareutvikle og omsette produkt basert på innlandsfisk. Regjeringa vil leggje til rette for styrka berekraftig produksjon av innlands oppdrettsfisk. Regelverk og praktisering av dette vil bli gjennomgått for å vurdere forenklingspotensiale og løyse utfordringar som gjeld særskilt for næringa, for å betre kunne utløyse det potensiale som ligg i næringa.

Det er ei aukande interesse for å starte opp småskala-/gardsslakteri fleire plassar i landet. Departementet vil sjå til at det blir utarbeidd rettleiingsmateriell og informasjon retta mot dei som ynskjer å starte opp småskalaslakteri eller nedskjæringsanlegg. Målet er å gjere det enklare få oversikt over aktuelt regelverk, kva for krav som gjeld, og å auke kunnskapen om trygg handtering og produksjon av animalske produkt.

Mobile slakteri kan bidra til særskilt tilpassa lokale driftsformer i husdyrproduksjonen og vere viktig i utviklinga av regionale matspesialitetar. For å oppnå større grad av likehandsaming mellom småskalaslakteri og mobile slakteri, blei det i årets jordbruksoppgjer semje med avtalepartane om at også mobile slakteri skal kunne få frakttilskot.

Regjeringa vil leggje til rette for næringsutvikling med basis i norsk drikke med og utan alkohol. Regjeringa har i 2015 sendt på høyring eit forslag om å endre alkohollova sine reglar som nyttar det antatte handlingsrommet for sal av alkoholhaldige varer over 4,7 volumprosent som ikkje er omfatta av EØS-avtala. Dette inneber å opne opp for alkoholsal direkte frå mindre drikkeprodusentar.

På same måten som daglegvarebransjen har merksemd mot sal av regionale og lokale mat- og drikkeprodukt, arbeider Vinmonopolet aktivt for å sikre god marknadstilgang av norske produsentar av alkoholhaldig drikke innanfor ramma av EØS-regelverket og alkohollova. Regjeringa har sett behov for å justere dagens regelverk om alkoholreklame i Forskrift om omsetning av alkoholholdig drikk mv. Eit forslag til endringar i alkoholreklameforskrifta blei sendt på høyring juli 2014. Forslaget til endringar vil gjere det enklare for forbrukarar å få nøktern, faktabasert informasjon om bl.a. innhaldet i alkoholhaldige drikker, eigenskapar, produksjonsprosessar og produksjonsstad. Samstundes blir det enklare for verksemdene å informere om sine produkt. Regjeringa tek sikte på å fastsette endringar i løpet av sommaren 2015.

Landbruks- og utmarksbasert reiseliv

Regjeringa vil

  • styrkje koplinga mellom det landbruksbaserte reiselivet og anna reiseliv.

  • arbeide med forenklingstiltak for små reiselivsaktørar og serveringsbedrifter, m.a. krav knytt til løyve, tilsyn og rapportering.

  • arbeide for ei einsarta tolking og praktisering av skiltregelverket over heile landet, og at det blir lettare å skilte til reiselivsbedrifter.

  • leggje til rette for auka verdiskaping basert på hausting av villaks i elvar.

  • medverke til skjøtsel og pleie av landbrukets kulturlandskap som grunnlag for natur- og kulturarvsbaserte reiselivsopplevingar, irekna etablering av ei eiga satsing på utsiktsrydding i kulturlandskapet.

  • leggje til rette for verdiskaping, i og i tilknyting til verneområde innanfor ramma av vernet for det enkelte område.

  • i samband med komande revisjon av jaktforskrifta, vurdere forlenga jakttid for elg og utvida jakttid på andre artar, irekna betre moglegheiter for konfliktdempande tiltak.

I reiselivsnæringa er veksten og verdiskapingsutviklinga størst innanfor det opplevingsbaserte reiselivet. Landbruket sine reiselivsbedrifter er ein del av dette.

Dei landbruksbaserte reislivsbedriftene kan i endå større grad enn i dag bli innhaldsprodusentar og innhaldsleverandørar til reiselivsnæringa elles. Næringa må difor evne å etablere tettare samarbeid mellom dei tradisjonelle, store reiselivsaktørane og dei mindre aktørane slik at ein får laga produktpakkar tilpassa marknaden.

Våren 2016 skal Regjeringa leggje fram ei eiga melding til Stortinget om reiselivsnæringa. Koplinga mellom politikken knytt til det landbruksbaserte reiselivet og reiselivspolitikken generelt vil bli synleggjort i denne meldinga. For ein meir målretta innsats knytt til det landbruksbaserte reiselivet vil Landbruks- og matdepartementet utarbeide ein eigen reiselivsstrategi for satsing på landbruksbasert reiseliv i samarbeid med næringa.

Det kan vere krevjande for små reiselivs- og serveringsbedrifter, som ikkje har eigne administrative ressursar, å ha tilstrekkeleg oversikt over regelverk og andre krav dei blir stilt ovanfor. Regjeringa meiner det er gode grunnar til å sjå nærare på forenklingstiltak for slike bedrifter utan at dette må gå ut over kvalitet, tryggleik, arbeidsmiljø eller anna.

Gjengroing av kulturlandskap og vegkantar er ei aukande utfordring mange stader i Noreg. Gjengroing er ei ulempe for landbruket, og kan svekke grunnlaget for reiselivet. I årets jordbruksoppgjer blei det semje om å etablere ei ny ordning for rydding av kulturlandskap, vegkantar og utsiktspunkt av særskilt verdifull karakter sett frå landbruket og reiselivsnæringa si side. Målet med ordninga skal mellom anna vere å bidra til utsyn og fremje verdiar knytt til kulturlandskapet.

Sterkare utnytting og berekraftig bruk av utmarksressursane i tilknyting til landbrukseigedomen kan gje grunnlag for auka omsetnad og sysselsetting på det enkelte gardsbruk. Det er ynskjeleg å auke verdiskapinga knytt til vilt, laks, innlandsfiske og natur-, kulturarvs- og kulturlandskapsbaserte opplevingar. Samtidig er skjøtsel og pleie av jordbrukets kulturlandskap, kulturminne og biologisk mangfald viktig for den utmarksbaserte reiselivsnæringa.

Naturkvalitetane i verneområda er grunnlag for verdiskaping og må sikras langsiktig.

Meir fleksible rammer for jakt vil gje fleire moglegheiter for utvikling av næring. Regjeringa vurderer å foreslå å utvide tidsrommet for jakt på elg, samt vurdere utvida opning for jakttid på andre artar, irekna grågås og kortnebbgås. Det er ein føresetnad at ei utvida jakttid ikkje fører til at andre brukarar av utmarka opplev dette som ei fortrenging og at utvidinga er i tråd med biologiske føresetnader.

Garden som arena for velferdstenester

Regjeringa vil

  • følgje opp tiltaksområda i handlingsplanen for Inn på tunet (2013–2017).

  • bruke erfaringane frå Inn på tunet-løftet til å forbetre tenestene slik at dei blir meir attraktive og konkurransedyktige.

  • medverke til å synleggjere Inn på tunet for aktuelle tenestesektorar.

  • medverke til god koordinering og samarbeid mellom dei ansvarlege styresmakter på dei ulike tenesteområda.

  • medverke til dokumentasjon av effektar og samfunnsnytte av Inn på tunet-tilboda.

Velferdssektoren i Noreg står framfor store utfordringar. Det er mange trekk ved samfunnsutviklinga som krev nytenking og innovasjon innan helse og omsorg, utdanning, arbeidstrening og ikkje minst førebygging. Gjennom Inn på tunet (IPT) har landbruket potensial til å tilby gode og konkurransedyktige tenester med høg kvalitet og slik medverke til å løyse både dagens og morgondagens behov.

Regjeringa legg Handlingsplan for Inn på tunet (2013–2017) til grunn for det vidare arbeidet på området. Det skal særskilt arbeidast med IPT-tilbod innanfor tre hovudområde: Aktivitetstilbod til personar med demens, pedagogiske tilbod til grunnskule og vaksenopplæring, samt arbeidsretta tilbod innanfor psykisk helse og rusomsorg. Våren 2015 vedtok Stortinget å fastsette ei plikt for kommunane til å tilby eit dagaktivitetstilbod til heimebuande personar med demens, gjeldande frå 1. januar 2020. Regjeringa vil følgje opp dette på eigna vis. Behovet for aktivitetstilbod til personar med demens tilseier at det burde vere rom for fleire Inn på tunet-tilbod på området i framtida. Erfaringane frå den 3-årige satsinga Inn på tunet-løftet (2010–2012) vil vere eit viktig bidrag til vidare arbeid med utvikling av tilbodet. God kommunikasjon og informasjon om Inn på tunet-tenesten er også sentralt for vidare utvikling.

Dokumentasjon av effektar og samfunnsnytte av IPT-tilboda er naudsynt. Det er framleis eit stort kunnskapsbehov på dette feltet. Området krev også god koordinering og samarbeid mellom fleire sektorar og politikkområde. Vidareføring og vidareutvikling av det interdepartementale samarbeidet er difor heilt sentralt.

Landbruket som energileverandør

Regjeringa vil

  • vidareføre satsinga på bioenergi mellom anna gjennom Bioenergiprogrammet, for å stimulere interessa for varmesalsanlegg, og auke bruken av biomasse som energiråstoff.

Auka bruk av bioenergi er eit viktig tiltak for omstilling til eit lågutsleppssamfunn. Samstundes kan jord- og skogbrukarar oppnå auka verdiskaping ved produksjon og sal av bioenergi basert på eigne skogressursar. Bruk av bioenergi internt i landbruket vil også redusere klimagassutsleppet frå næringa og kunne gjere gardsbruka meir økonomisk robuste.

Juletreproduksjon

Regjeringa vil

  • auke fleksibiliteten i bruk av landbruksareala til juletreproduksjon og syte for meir føreseielege vilkår for produsentane.

  • vurdere å forenkle sakshandsaminga for bruk av utanlandske treslag til produksjon av juletre.

Den norske produksjonen av juletre er veksande Det er viktig å leggje til rette for vilkår som kan auke både innanlands- og eksportmarknaden for norskprodusert juletre.

Rettleiar til Forskrift om utsetting av utenlandske treslag til skogbruksformål blir revidert og fastsett av Klima- og miljødepartementet i samråd med Landbruks- og matdepartementet. Det er eit mål å forenkle sakshandsaminga for bruk av utanlandske treslag til produksjon av juletre. Det skal vurderast å gå frå søknadsplikt til meldeplikt. Det skal leggjast vekt på kontrollbehov.

Verkemiddelapparat og forvalting

Regjeringa vil

  • gå gjennom og relansere rettleiaren Plan- og bygningslova og landbruk pluss for betre tilrettelegging for landbruksbasert næringsutvikling.

  • leggje til rette for betre integrering av landbruket i regional og lokal samfunnsplanlegging.

  • vurdere om det er behov for å klargjere og styrkje kommunane si rolle knytt til lokal-, nærings- og samfunnsutvikling basert på utgreiingar bestilt i samband med kommunereforma jf. Meld. St. 14 (2014–2015).

  • medverke til betre synleggjering av kompetanse- og rådgjevingstilbodet innanfor verkemiddelapparatet.

  • vidareføre og vidareutvikle arbeidet med einskapleg tilsyn og rettleiing frå Mattilsynet ovanfor lokalmatprodusentar og serveringsstader.

  • leggje større vekt på brukarretting gjennom forenkling og samarbeid på tvers av politikkområde og verkemiddelaktørar.

Det blir ofte vist til at det offentlege verkemiddelapparatet er fragmentert og uoversiktleg, med til dels konkurrerande eller overlappande tilbod. I denne meldinga blir ansvarsdelinga og rollene til dei ulike aktørane i verkemiddelapparatet for landbruksbasert næringsutvikling tydeleggjort. Det er viktig at det er god samhandling mellom dei ulike offentlege aktørane for å sikre ei effektiv og brukarvennleg forvalting. Her må både det offentlege og næringa sjølv arbeide for betre synleggjering av kompetanse- og rådgjevingstilbodet innanfor verkemiddelapparatet.

Plan- og bygningslova er eit viktig verktøy når det skal leggjast til rette for næringsutvikling. Synleggjering og bevisstgjering av moglegheitene kommunane har i planlova er naudsynt for å sikre ei offensiv planlegging og næringsutvikling basert på landbruket sine ressursar. Regjeringa vil difor gjennomgå rettleiaren Plan- og bygningslova og landbruk pluss og sørge for at denne blir gjort kjent for kommunane.

Som nyetablerar kan det vere vanskeleg å finne fram i dei krav og reglar ein må ta omsyn til. Ei større vekt på brukarretting og tydeleggjering av hjelpetilbodet frå det offentlege kan gjere det enklare for dei som vil starte opp verksemder med produksjon, servering eller turisme. Det skal vere enkelt å finne informasjon og kunnskap om lover og reglar. Her må fleire politikkområde samarbeide om å sjå på moglegheiter for forenkling og synleggjere samanhengar og sjå på beste praksis-dømer frå kommunane, fylkesmannsembeta, fylkeskommunane, Innovasjon Norge og Matmerk. Arbeidet med einskapleg tilsyn og rettleiing frå Mattilsynet ovanfor lokalmatprodusentar og serveringsstader skal vidareførast.

1.4 Kort om oppbygging av meldinga

I kapittel 2 blir det drøfta korleis ein generelt kan leggje til rette for meir gründerskap, utvikling av vekstkraftige bedrifter i landbruket og gode innovative næringsmiljø. Kapittel 3 gir ei omtale av utviklingstrekk, potensial og utfordringar innanfor dei viktigaste næringsområda for vekst. Dette er i all hovudsak områder som departementet har prioritert høgt over fleire år. Kapittel 4 drøftar landbruket si rolle i samfunnsplanlegginga, og synleggjer korleis det offentlege verkemiddelapparatet arbeider for å leggje til rette for etablerarar, gründerskap og vekst. Kapittel 5 gjev eit innblikk i EU sin landbrukspolitikk på området, og går i særskilt grad inn i Sverige og Austerrike sine satsingsområde. Kapittel 6 drøftar korleis vi kan leggje til rette for eit meir systematisk arbeid for å styrkje kunnskapsgrunnlaget knytt til landbruksbasert næringsutvikling.

Fotnotar

1.

Storstad, O. og Rønning, L. (2014). Trender i norsk landbruk. Bygdeforskning. Rapport 6/2014.

2.

Kristiansen, Berit (2014). Driftsgranskingar i jord- og skogbruk. Rekneskapsresultat 2013. Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (NILF).

Til toppen
Til forsida av dokumentet