Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Meld. St. 44 (2016–2017)

Noregs deltaking i den 71. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN)

Til innhaldsliste

2 Generalforsamlinga

2.1 Generaldebatten

Generalforsamlinga opnar kvart år med ein generaldebatt der statsleiarar, regjeringssjefar eller utanriksministrar for dei 193 medlemslanda i FN held innlegg. Denne årlege debatten gjev eit innblikk i kva saker landa ønskjer å setje på den internasjonale agendaen og kva delar av FN-arbeidet dei reknar som viktigast. Talane frå leiarane illustrerer òg ofte grunnleggjande motsetnader i samfunnssyn og tilnærming til konfliktar i verda. Mange tema som vert tekne opp i generaldebatten, får oppfølging i komiteane når det vert forhandla fram resolusjonar om nye normer for medlemslanda og det internasjonale samfunnet.

Av konfliktane i verda var det særleg situasjonen i Syria som fekk størst merksemd. Ei rekkje land nytta høvet til å oppmode partane til å få slutt på konflikten, og trakk særleg fram dei humanitære lidingane, flyktningstraumen og terrortrusselen som følgde av borgarkrigen. Konflikten mellom israelarar og palestinarar fekk òg merksemd frå fleire enn dei som er direkte involverte. Nokre land, mellom dei Egypt, Portugal, Nigeria og Senegal, tok til orde for ei tostatsløysing for å få ein snarleg ende på konflikten.

Presidenten i Colombia, president Santos, hausta stor applaus då han kunngjorde at nesten eit halvt hundreår med borgarkrig snart var over. Ei lang takkeliste vart innleidd med stor takk til Cuba, vertsnasjonen for forhandlingane, og til Noreg for rolla som tilretteleggjar for fredsprosessen saman med Cuba. Fleire land, dei fleste frå regionen, omtalte fredsavtalen i Colombia i positive ordelag.

I den siste talen sin til Generalforsamlinga som generalsekretær i FN retta Ban Ki-moon merksemd mot behovet for å vidareføre den samla innsatsen for berekraftsmåla. Han var særleg oppteken av situasjonen i Syria og streka under at alle partane i konflikten gjer seg skuldige i overgrep, men at styresmaktene er verst. Ban Ki-moon sende eit viktig signal til verda då han på vegner av FN sa seg lei for den seksuelle utnyttinga av og overgrepa mot barn som er utførte av dei fredsbevarande styrkane til FN, og for FN si rolle i samband med utbrotet av kolera på Haiti.

Avskilstalen til FN frå USAs president Barack Obama var ein brei gjennomgang av det utanrikspolitiske synet hans og for visjonen hans for korleis verda kan motverke aukande motsetnader, konfliktar og globale utfordringar. Han forsvarte liberale og demokratiske verdiar, opne haldningar og pluralisme som motsats til autoritære alternativ og populisme. Han snakka òg om kor viktig det er å samarbeide globalt, i staden for å byggje murar mellom land. Multilateralisme er det beste, òg for USA, sa han. Han streka under at institusjonane våre må endre seg for å møte nye utfordringar, og trekte spesielt fram den skeive fordelinga av velstand. Den globale økonomien må fungere betre og fungere for alle for ikkje å skape ustabilitet. Han tok òg opp situasjonen i Syria, der han meinte at Russland er oppteken av å vinne tilbake tapt innverknad med makt. Obama streka under at det ikkje finst noka militær løysing for Syria-konflikten, berre politisk. Den same bodskapen hadde han i omtalen av Israel/Palestina-konflikten. Her fordelte han ansvaret relativt balansert mellom dei to partane: Den palestinske sida kan eksplisitt anerkjenne Israel og gjere meir for å stoppe oppmodingar til vald mot israelarar, medan Israel kan stanse busetjarverksemd og okkupasjon. Løysinga ligg i diplomati, ikkje krigshandlingar.

Den nye statsministeren i Storbritannia, Theresa May, krinsa rundt mange av krisene i verda i innlegget sitt. I tillegg til å ta eit oppgjer med det ho kalla det moderne slaveriet, la ho vekt på den sentrale og viktige rolla FN har i verda. Den franske presidenten François Hollande var naturleg nok oppteken av klima og Paris-avtalen i innlegget sitt, og meir spesifikt, det ansvaret som ligg på kvart enkelt land for å ratifisere avtalen. Den tyske utanriksministeren Frank-Walter Steinmeier valde å trekkje merksemda over mot dei populistiske strøymingane i Europa. Ifølgje Steinmeier står Europa overfor eit val: Kjempe for å halde EU samla, eller la populistar trekkje unionen frå kvarandre.

I talen sin anerkjente den russiske utanriksministeren Sergej Lavrov at Paris-avtalen no er vorten ein viktig del av aktivitetane til FN, og etterspurde klare reglar og prosedyrar som ein føresetnad for ei vellukka gjennomføring. Lavrov tok dessutan opp konflikten i Syria, og hevda at den militære bistanden frå Russland til den syriske regjeringa er hovudårsaka til at landet enno ikkje har kollapsa. Den russiske utanriksministeren kommenterte òg konflikten i Ukraina, og tok her til motmæle mot eit tidlegare innlegg der den ukrainske presidenten Petro Porosjenko gjekk hardt ut mot Russland for annekteringa av Krim og destabiliseringa av Aust-Ukraina. Ukrainas president tok eit oppgjer med Moskvas framstilling av at dei ikkje er part i konflikten, og med at dei systematisk nektar for at dei framleis er nærverande i landet. Den russiske utanriksministeren skulda på si side den nye regjeringa i Ukraina for å bruke krisa til å oppnå «korrupte geopolitiske mål», og for å motsetje seg at Minsk-avtalen av 2015 vart sett i verk. Lavrov understreka at gjennomføringa av Minsk-avtalen er det einaste som vil skape tryggleik og samarbeid i det euroatlantiske området. Ifølgje Lavrov var verken NATO eller EU i stand til å skape kollektiv semje utan at nokon endar opp som taparar og andre som vinnarar.

Statsminister Erna Solberg heldt det norske hovudinnlegget mellom innlegga til den palestinske presidenten Mahmoud Abbas og Israels statsminister Benjamin Netanyahu. Ho nytta plasseringa på talarlista til å sende ei melding til dei to statsleiarane om å følgje opp tilrådingane frå Midtausten-kvartetten (FN, USA, Russland og EU), som ber partane om å vise at dei støttar ei tostatsløysing. Vidare oppmoda Solberg regionale og globale makthavarar til å sikre ei varig våpenkvile og humanitær bistand i Syria, men peikte samtidig på at vi ikkje berre må fokusere på Syria. Statsministeren viste til grove brot på prinsippa til FN som verda har vore vitne til dei siste åra. Ho framheva òg kor viktig det er at fredsoperasjonane til FN leverer i samsvar med mandata sine om å verne sivile, og at Noreg framleis vil støtte opp om reform av operasjonane. Ho minna samstundes om det positive ved at verda har klart å samle seg for å løyse felles utfordringar, særleg gjennom Paris-avtalen og 2030-agendaen for berekraftig utvikling. Berekraftsmåla handlar om å skape inkluderande samfunn, oppsummerte ho. I arbeidet mot ulikskap og urettferd må likestilling med. Solberg framheva verdien av utdanning for alle, særleg for jenter. Å styrkje FN-pilaren for menneskerettar, både økonomisk og politisk, er ei viktig investering for framtida, slo ho fast. Solberg la spesielt vekt på menneskerettsforsvararar, og særleg dei som står opp for rettane til kvinner, minoritetar og marginaliserte grupper.

Eit anna tema som trekte til seg stor merksemd i generaldebatten, var atomprøvesprengingane til Nord-Korea. Spania, Portugal og Mexico tok opp og fordømte prøvesprengingane og testinga av ballistiske missil. Den nordkoreanske utanriksministeren Ri Yong Ho svara med å omtale Korea-halvøya som det mest ustabile området i verda i dag. Han var kritisk til fellesøvingane til Sør-Korea og USA på halvøya. Japan gjekk hardt ut mot Nord-Korea i innlegget sitt. Det vart hevda at Nord-Korea har avslørt seg som ein direkte trussel mot internasjonal fred og tryggleik, og at sjølve grunnlaget for FNs eksistens er sett på prøve. Japan meinte at Tryggingsrådet no må kome på banen for å setje ein stoppar for trusselen frå Nord-Korea. Atomprøvesprengingane som Nord-Korea nyleg hadde gjennomført, skapte òg reaksjonar i Moskva. Den russiske utanriksministeren oppmoda Pyongyang til å avslutte atomrakettprogrammet, og til å slutte seg til ikkjespreiingsavtalen. Samstundes streka Russland under at situasjonen på Korea-halvøya ikkje bør nyttast som eit påskot for ei ytterlegare militarisering av Nordaust-Asia eller for utplassering av amerikanske rakettar.

Andre regionale konfliktar vart òg nemnde, men då hovudsakeleg av dei involverte partane. Afghanistan streka under at landet framleis heldt døra open for forhandlingar om fred, òg med Taliban, samstundes som dei gav klart uttrykk for at dei var misnøgde med den rolla Pakistan spelar som deira nærmaste granne. Pakistan viste til dei alvorlege konsekvensane som krig og ustabilitet i Afghanistan har hatt for tryggleiken og økonomien i landet. Pakistan har teke imot meir enn tre millionar afghanske flyktningar, men uttrykte håp om at desse vil returnere til Afghanistan, frivillig og på ein verdig måte. Pakistan tok òg opp konflikten i Kashmir og tilhøvet til India.

Generaldebatten handla òg om andre globale tema. Land i sør var spesielt opptekne av dei nye FN-måla for berekraftig utvikling og behovet for å gjennomføre dei. Mange kyststatar og ikkje minst små øystatar var særleg opptekne av klima. Mange trekte òg fram kampen mot terrorisme og radikalisering som ei av dei viktigaste utfordringane i vår tid.

2.2 Høgnivåmøte

Opninga av generalforsamlinga i FN er den viktigaste politiske møteplassen i verda, der svært mange statsleiarar, regjeringssjefar, utanriksministrar og politikarar deltek. Samstundes med generaldebatten vert det halde ei rekkje andre møte og arrangement, i tillegg til alle dei bilaterale samtalane som finn stad i utkanten av debatten. I 2016 vart det halde to globale toppmøte i FN-regi: Eitt om flukt og migrasjon og eitt som sette kampen mot antimikrobiellresistente bakteriar på dagsordenen. I tillegg deltok Noreg på fleire høgnivå- og ministermøte etter invitasjon frå nasjonale delegasjonar. Noreg la vekt på utdanning som eit av dei store globale satsingsområda under 2030-agendaen for berekraftig utvikling. Noreg var med då USA, med president Obama i spissen, inviterte til eit toppmøte der 43 stats- og regjeringssjefar diskuterte eit felles løft for flyktningane i verda. I tillegg deltok Noreg på ei rekkje gjevarkonferansar og møte der føremålet var å samle inn midlar til mange av dei mest kritiske konfliktane i verda. Klimaavtalen frå Paris i 2015 fekk eit gjennombrot under høgnivådelen, noko som førte til at avtalen tok til å gjelde litt over ein månad seinare.

Statsminister Erna Solberg leidde den norske delegasjonen, som var samansett av utanriksminister Børge Brende, innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug, helse- og omsorgsminister Bent Høie og klima- og miljøminister Vidar Helgesen. Dessutan deltok statssekretær Tone Skogen under heile høgnivåveka. Til saman heldt Noreg 72 innlegg denne veka.

Flukt og migrasjon

Statsminister Solberg og innvandrings- og integreringsminister Listhaug representerte Noreg under toppmøtet om flukt og migrasjon. Ei sluttfråsegn med to vedlegg – eit rammeverk for å handtere flyktningkriser og eit vegkart om migrantar – vart vedteken ved akklamasjon. Dette sette punktum for ein lang forhandlingsprosess der ulike interesser og motsetnader mellom avsendarland, transittland og mottakarland har vore sterke. Det var likevel avgjerande at situasjonen for flyktningar og migrantar for første gong vart sett i samanheng, og at dette temaet no er vorte teke opp i FN. Ein ny partnarskapsavtale mellom FN og Den internasjonale organisasjonen for migrasjon (IOM) vart underteikna. Dette markerer ein historisk milestolpe i den 65-årige historia til IOM. Eit tettare samarbeid mellom FNs høgkommissær for flyktningar og IOM gjer verdssamfunnet betre rusta til å møte dei utfordringane vi står overfor i dag, med meir enn 65 millionar menneske på flukt. Statsminister Solberg heldt det norske hovudinnlegget på toppmøtet, der ho la vekt både på norsk humanitær innsats for flyktningar og Noreg si rolle som mottakarland for flyktningar og asylsøkjarar. Statsminister Solberg og statsråd Listhaug deltok òg på kvar sin rundebordskonferanse om relaterte tema.

På rundebordet om flyktningar og migrantar retta statsminister Solberg merksemda mot behovet for å skilje klarare mellom flyktningar og økonomisk motivert migrasjon, og behovet for meir samarbeid rundt returspørsmål. Ho sa òg at det er naudsynt med betre oppfølging av flyktningkonvensjonen, og at det i utsette land er naudsynt å medverke til å betre helse- og utdanningstilbodet for å løyse dei langvarige utfordringane. Det var semje i panelet om at det må gjerast noko med dei grunnleggjande årsakene til migrasjon og flukt, men at det er naudsynt å finne løysingar på kort sikt som tryggjer dei grunnleggjande rettane til flyktningar. Det var òg semje om at det internasjonale samfunnet har eit felles ansvar for å finne løysingane på flyktning- og migrasjonskrisa. Ingen land kan klare dette aleine.

Innvandrings- og integreringsminister Listhaug deltok i ein paneldiskusjon om flyktningar og respekt for folkeretten. Ho streka under at evna til å svare på flyktningkriser er under press på grunn av talet på personar som migrerer av økonomiske grunnar, og at løysingane for størstedelen av flyktningane må finnast i opphavslanda eller i nærområda deira. I diskusjonen var det stort fokus på kor viktig det er å styrkje arbeidet med eit rammeverk for flyktningar. Det var brei semje om behovet for ei meir heilskapleg og føreseieleg handtering av flyktningkriser og vern av asylinstituttet. Situasjonen i Middelhavet og samarbeid med opphavs- og transittland var òg eit sentralt tema. Representantar for det sivile samfunnet framheva behovet for betre mottakskapasitet og standardar, med særleg vekt på å unngå internering av flyktningar og migrantar, betre bistanden og auke ressursane til saksbehandling, og gje barn betre tilgang til utdanning.

Utanriksminister Brende deltok i ein paneldiskusjon om innovative finansieringsmekanismar til støtte for mellominntektsland som husar store flyktninggrupper. Det var stor interesse for arrangementet, som vart leidd av president Jim Kim i Verdsbanken og visegeneralsekretæren i FN, Jan Eliasson. Utanriksministeren viste til Noreg som pådrivar i etableringa av mekanismen til støtte for syriske flyktningar i Jordan og Libanon, og behovet for å byggje vidare på dette initiativet. Han gav ros til FN og Verdsbanken for arbeidet med å sikre betre koplingar mellom humanitær bistand og langsiktig utvikling i langvarige flyktningsituasjonar.

Toppmøtet til Obama for å diskutere eit felles løft overfor dei 65 millionane flyktningar og internt fordrivne i verda samla 43 stats- og regjeringssjefar, mellom anna statsminister Solberg. Her deltok òg FNs generalsekretær Ban Ki-moon og leiaren for Verdsbanken, Jim Kim. Ei rekkje land lova auka humanitære bidrag og/eller fleire plassar for gjenbusetjing av flyktningar. Det vart lova auka innsats innanfor utdanning og investeringar for å skape arbeidsplassar. Det var brei semje om at det må vere eit felles løft, og at alle land må medverke til å løyse den største flyktningkrisa sidan andre verdskrigen. Dersom vi ikkje klarar utfordringa, vil vi risikere samanbrot i fleire land, medrekna fleire som i dag vert rekna som stabile. Det norske innlegget på dette møtet vart halde av statsminister Solberg. Statsministeren streka under at omfanget av og kompleksiteten i migrasjonsstraumane i dag kan utfordre tryggleiken og velstanden vår. I framtida vil dagens leiarar bli målte på korleis dei har teke utfordringa. Det vart vist til det rekordhøge humanitære bidraget frå Noreg og auken i talet på kvoteflyktningar. Den norske innsatsen vil bli vidareført i åra som kjem. Innsatsen for dei internt fordrivne, som ikkje nyt godt av det same vernet som flyktningar som har kryssa ei grense, må òg aukast. Statsministeren konkluderte med at utfordringane er store, men moglege å løyse, på det vilkåret at alle land medverkar til eit felles løft.

Helse og antimikrobiell resistens

Statsminister Solberg og helse- og omsorgsminister Høie representerte Noreg på toppmøtet om det aukande problemet med bakteriar og mikrobar som utviklar motstand mot antibiotika og andre medisinar, såkalla antimikrobiell resistens. FNs generalsekretær Ban Ki-moon, og generaldirektørane for Verdshelseorganisasjonen, FN-organisasjonen for ernæring og landbruk og Verdsdyrehelseorganisasjonen, innleidde møtet. Møtet vedtok ei sluttfråsegn om antimikrobiell resistens som byggjer på ei felles forståing av problemet. Fråsegna gjev eit sterkt mandat til Verdshelseorganisasjonen og andre FN-organisasjonar, og oppmoda medlemslanda til å auke innsatsen mot antimikrobiell resistens. Toppmøtet fekk brei internasjonal nyhendedekning, og FN oppnådde intensjonen om å setje saka høgt på den internasjonale dagsordenen. Statsministeren deltok i eit diskusjonspanel om tverrsektorielle utfordringar. Helse- og omsorgsminister Høie heldt det norske innlegget i plenumsdiskusjonen.

I panelet fokuserte statsminister Solberg på unødvendig bruk av antibiotika til dyr i landbruket og argumenterte for eit globalt forbod mot antibiotika som vekstfremjar. Ho viste dessutan til at forbrukarane spelar ei viktig rolle for å medverke til mindre bruk av antibiotika i matproduksjon. Samarbeid mellom styresmakter og næringsaktørar er viktig for å medverke til å utvikle vaksinar og nye typar antibiotika. Statsministeren trekte fram dømet frå Noreg der utvikling av fiskevaksinar har redusert bruken av antibiotika i fiskeoppdrettsnæringa med 99 prosent sidan slutten av 1980-talet. Innlegget til Solberg fekk positiv merksemd og vart mellom anna omtala i ein artikkel i Washington Post.

I plenumsinnlegget framheva helse- og omsorgsminister Høie kor viktig det er med ein målretta innsats for å møte utfordringane. Han meinte at føreskriving av antibiotika ikkje bør vere kopla til økonomisk inntening, og at produsentane av antibiotika må stoppe utsleppa av produksjonsavfall i lokalmiljøet. Høie peikte òg på behovet for betre global overvaking av utbreiinga av antimikrobiell resistens og kor viktig det er med forsking og innovasjon. Helse- og omsorgsministeren sa dessutan at Noreg vil yte økonomisk støtte til Verdshelseorganisasjonen i dette arbeidet.

Det siste møtet i Høgnivåkommisjonen for helsearbeidarar og økonomisk utvikling vart òg halde under høgnivåveka. Statsråd Høie var medlem av denne kommisjonen, som vart leidd av den franske presidenten François Hollande og den sørafrikanske presidenten Jacob Zuma. På dette møtet vart det framskrive at det ville vere behov for 40 millionar helsearbeidarar på verdsbasis fram til 2030. Samstundes er det eit aukande behov for arbeidsplassar og gode helsetenester. Utfordringane er særleg store i utviklingslanda. Kommisjonen overleverte ti råd og ein tilhøyrande handlingsplan til generalsekretær Ban Ki-moon. Hovudbodskapen til kommisjonen er at leiarane i verda bør investere i utdanning og arbeidsplassar for helsearbeidarar for å medverke til økonomisk vekst og for å nå berekraftsmåla til FN. Investering i utdanning og arbeidsplassar innanfor helse må sjåast som ei investering, ikkje ein kostnad. Investeringar gjev positive samfunns- og helseverknader. Statsminister Solberg deltok saman med fleire andre statsleiarar ved overrekkinga av rapporten. Statsministeren framheva i innlegget sitt at framlegget frå kommisjonen om å investere i helsepersonell, i tillegg til arbeidet med utdanning, vil medverke til likestilling og økonomisk utvikling.

Statsminister Solberg deltok på eit arrangement i regi av Noreg, Japan og Tyskland om globale helsekriser og korleis ein kan dra nytte av røynsler frå ebola-utbrotet i det vidare arbeidet. Oppmøtet var stort, og arrangementet samla topplaget av globale aktørar på området, med generalsekretær i FN Ban Ki-moon, president Jim Kim i Verdsbanken, generaldirektør Margaret Chan i Verdshelseorganisasjonen og generalsekretær Elhadj As Sy i Det internasjonale Raudekrossen- og Raude Halvmåneforbundet. Generalsekretæren i FN sa at helse er hjørnesteinen for menneskeleg tryggleik. Gode partnarskap er sentralt for å lukkast med førebygging og helsesektorstyrking. Trass i stort internasjonalt engasjement er finansieringa svak. Fleire i panelet meinte at dette skuldast manglande politisk forståing for alvoret av førebygging og beredskap. Frå norsk side fekk vi profilert det nye Coalition for Epidemic Preparedness Innovations, ein koalisjon der Noreg har vore blant initiativtakarane.

Saman med generalsekretær i FN Ban Ki-moon og president Jim Kim i Verdsbanken lanserte statsminister Solberg høgnivårapporten om den globale finansieringsfasiliteten for helse blant kvinner, barn og ungdom. Den nye finansieringsordninga vart lansert under konferansen Finansiering for utvikling i Addis Abeba i 2015. Solberg var initiativtakar til rapporten, der meir enn 30 stats- og regjeringssjefar og globale helseleiarar har teke til orde for å byggje berekraftige helsesystem gjennom nasjonal ressursmobilisering. Noreg fekk skryt for måten finansieringsordninga var leidd på, og statsministeren fekk ros for å ha teke initiativet til rapporten. Statsministeren nytta høvet til å oppmuntre andre til å bli med i finansieringsordninga som banar vegen for å finansiere utviklinga av helsesystem på ein berekraftig måte.

Globalt utdanningsløft og utdanning i kriser

Under høgnivåveka la Den internasjonale kommisjonen for finansiering av utdanning fram rapporten sin og tilrådingane sine for generalsekretæren i FN, statsminister Solberg og dei andre oppdragsgjevarane. Den uavhengige kommisjonen vart skipa under ein internasjonal utdanningskonferanse i Oslo i 2015 for å analysere dei utfordringane som utdanningssektoren står overfor, særleg finansiering. Kommisjonen minna om kor viktig utdanning er for alle barn og unge i heile verda. Rapporten strekar under at utdanning er ein føresetnad for å nå dei andre berekraftsmåla og for at land skal kome seg ut av ekstrem fattigdom. Kommisjonen peikte på kor store kostnadene vert ved ikkje å gje alle barn ei god og relevant utdanning. Leiaren for kommisjonen, Gordon Brown, slo fast at det er behov for auka innsats.

Statsminister Solberg og utanriksminister Brende deltok begge på lanseringa av kommisjonsrapporten. Dette gav eit tydeleg signal om at Noreg legg svært stor vekt på utdanning. I talen sin streka Solberg under at alle land har ansvar for å prioritere utdanning, men ho sa òg at det internasjonale samfunnet måtte bidra meir. Statsministeren framheva at bistanden må vere resultatorientert, og at det er viktig å nå alle barn, medrekna barn som lever i konfliktområde, barn på flukt og dei som har nedsett funksjonsevne.

Noreg deltok òg på ei rekkje sidearrangement om utdanning i kriser og konflikt. Statssekretær Tone Skogen deltok på møte i styringsgruppa for Education Cannot Wait, som samla inn midlar til utdanning under krisene i Tsjad, Syria og Jemen, og til styrkt samarbeid på området, mellom anna mellom FNs barnefond UNICEF og FNs høgkommissær for flyktningar. Noreg var representert under lanseringa av eit nytt forskingsinitiativ med støtte frå Dei sameinte arabiske emirata for å stimulere til meir og betre forsking om utdanning i krise og konflikt. Qatar arrangerte eit møte om styrking av høgare utdanning i krisesituasjonar og behovet for ein mekanisme for snøgge reaksjonar, der Noreg òg deltok.

Statsminister Solberg avslutta veka med Global Poverty Project-konserten i Central Park, som samla 60 000 tilskodarar og 30 millionar tv-sjåarar over heile verda. Ho oppmoda til internasjonal innsats for å nå berekraftsmåla og framheva kor viktig det er at barn har rett til utdanning. Arrangementet synleggjorde det norske leiarskapet for det globale utdanningsløftet.

Klima og miljø

Klimaavtalen frå Paris, som vart lagd fram for underteikning 22. april 2016, fekk naturleg nok stor merksemd under høgnivåveka. Generalsekretær Ban Ki-moon oppmoda til snøgg iverksetjing av klimaavtalen. På eit arrangement om Paris-avtalen gratulerte han dei landa som hadde ratifisert avtalen. Noreg var eitt av desse landa. Den amerikanske utanriksministeren John Kerry heldt eit innlegg om behovet for snøgt å gjennomføre det som landa i verda vart samde om i Paris. I den tida arrangementet gjekk føre seg, deponerte eit tjuetals land ratifikasjonsinstrumenta sine. Dette fekk talet på ratifikasjonar opp i 60, som var mange nok statspartar til at avtalen skulle kunne ta til å gjelde. Då kom ein òg opp i 48 prosent av alle globale klimagassutslepp, noko som var eit godt stykke på veg til å oppfylle kravet om 55 prosent for at avtalen skulle vere gyldig. Dette var eit tydeleg gjennombrot og teikn på at iverksetjinga av den globale klimaavtalen var innanfor rekkjevidd. Dette målet vart òg nådd berre nokre dagar etter at høgnivåveka var avslutta, den 5. oktober, då 74 statspartar, som til saman stod for 59 prosent av dei globale utsleppa, hadde ratifisert avtalen.

Eit hovudinntrykk frå dei politiske samtalane var at Paris-avtalen er vorten det vendepunktet han var meint å vere. Det var mange engasjerte diskusjonar om korleis det internasjonale klimasamarbeidet kan styrkjast, noko som viste engasjementet for ei snøgg gjennomføring av avtalen.

Klima- og miljøminister Vidar Helgesen deltok òg på eit møte i den såkalla høgambisjonskoalisjonen, som vart skipa under klimatoppmøtet i Paris. Koalisjonen er samansett av over 100 land, mellom anna 79 land frå Afrika, Karibia og Stillehavet. Denne koalisjonen har hatt mykje å seie for å få i stand ein ambisiøs global klimaavtale. På møtet i New York vart det diskutert korleis ein kan medverke til framgang på fleire prioriterte område, mellom anna for å sikre at det vert utarbeidd konkrete regelverk for gjennomføring av avtalen. Den norske statsråden leidde diskusjonen og la i innlegget sitt vekt på den innsatsen som alle land må gjere i dei komande åra for å gjennomføre dei nasjonale måla sine under Paris-avtalen.

Statsråd Helgesen deltok òg på eit arrangement og ein pressekonferanse som var spesifikt retta mot utfasing av dei sterke hydrofluorkarbon-klimagassane (HFK-gassar). Helgesen annonserte at Noreg vil gje eit ekstra bidrag i 2017 på 2,3 millionar kroner til Montreal-protokollens multilaterale fond i arbeidet med å fase ut desse gassane i utviklingsland. På pressekonferansen sa Helgesen at ein avtale om gassar frå hydrofluorkarbon ville vere det viktigaste einskilttiltaket som landa i verda kunne gjere i 2016 for å bremse klimaendringane.

Klima- og miljøminister Helgesen deltok dessutan i ein paneldebatt om å skaffe internasjonal finansiering for å bevare torvmyrene i Indonesia. Avskoging og øydelegging av torvmyrer står for minst 60 prosent av klimagassutsleppa i Indonesia, og store brannar har ført til at Indonesia er blant dei største utsleppslanda i verda. Helgesen annonserte at Noreg vil gjere sitt til at Indonesia når måla sine om å verne og atterreise store område med torvmyr. Den indonesiske visepresidenten Jusuf Kalla var vert for arrangementet, og i innlegget sitt takka han for den norske støtta til Indonesia gjennom det bilaterale klima- og skogpartnarskapet, som vart innleidd i 2010.

Statsråd Helgesen deltok òg på eit møte om partnarskap med små øystatar, dei såkalla SIDS-landa (Small Island Development States). Partnarskapet mellom Noreg og SIDS vart formelt skipa i desember 2015 for å følgje opp forpliktingar og ta initiativ til nye prosjekt for ei berekraftig utvikling i samarbeid med små øystatar som er særleg sårbare for klimaendringane. I innlegget sitt la Helgesen vekt på det nære samarbeidet mellom Noreg og SIDS, mellom anna under klimaforhandlingane. Han trekte òg fram andre globale utfordringar, til dømes behovet for å varsle om naturkatastrofar og få tilgang til energi, og tiltak for å sikre ei forsvarleg forvalting av hav og marine ressursar – område der Noreg og små øystatar har felles interesser og er gode samarbeidspartnarar.

Den norske delegasjonen deltok på fleire andre klimarelaterte møte. Klima- og miljøminister Helgesen og utanriksminister Brende deltok mellom anna på Major Economies Forum on Climate Change and Clean Energy, som har til føremål å fremje dialog og leiarskap mellom dei største klimautsleppslanda. Helgesen deltok òg i eit møte som FNs miljøprogram og Organisasjonen for internasjonalt kriminalpolitisamarbeid (INTERPOL) arrangerte for å rette merksemd mot miljøkriminalitet.

Menneskerettar

Statsminister Solberg deltok på eit historisk toppmøte om rettane til lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (LHBT-personar) saman med den chilenske presidenten Michelle Bachelet, FNs generalsekretær Ban Ki-moon og den amerikanske visepresidenten Joe Biden. Dette var første gongen denne tematikken vart diskutert i FN på stats- og regjeringssjefsnivå. Under møtet vart det halde sterke, personlege og kjensleladde innlegg. Den snøgge utviklinga som ein har sett og framleis ser når det gjeld respekt for rettane og likeverdet til LHBT-personar, stod i fokus. Det vart slått fast at dei viktige endringane ikkje minst har vore drivne fram av ein iherdig og langvarig innsats frå det sivile samfunnet, men òg frå politisk leiarskap, både nasjonalt og internasjonalt. Likevel står det mange utfordringar att. I innlegget sitt streka statsminister Solberg under at vi arbeider for rettane til LHBT-personar i Noreg, og at vi framleis vil ta ei internasjonal leiarolle på dette feltet. Ban Ki-moon uttrykte at han var stolt over å betale ein politisk pris i FN for støtta si til LHBT-rettar. Joe Biden sa mellom anna at kultur aldri kan legitimere diskriminering på bakgrunn av legning eller seksuell identitet.

Statssekretær Skogen deltok på et sidearrangement om dødsstraff, i regi av Italia, Argentina, Frankrike og kontoret til FNs høgkommissær for menneskerettar. Arrangementet vart opna av generalsekretær Ban Ki-moon, som streka under at han gjennom heile tida som generalsekretær hadde arbeidd for å kjempe mot dødsstraff, og at FN skal vere ein pådrivar i arbeidet med å avskaffe dette. Han heldt fast ved at dødsstraff ikkje høyrer heime i det 21. hundreåret, og kom med ei sterk oppmoding til leiarane i verda om å avskaffe det. FNs høgkommissær for menneskerettar rosa og uttrykte takksemd for den innsatsen Ban Ki-moon har gjort på dette området. Statssekretær Skogen slo fast i innlegget sitt at Noreg set seg imot bruk av dødsstraff i alle samanhengar, og at vi vil halde ved lag det internasjonale engasjementet vårt i kampen mot dødsstraff. I opningsinnlegga sine var utanriksministrane frå Argentina og Italia òg klare på kor viktig det er å avskaffe dødsstraff og å mobilisere for dette når Generalforsamlinga skulle behandle resolusjonen om dødsstraff. Samstundes vart det uttrykt uro over at fleire land som har hatt moratorium på dødsstraff før, har byrja å utføre avrettingar igjen.

USA og Estland inviterte gjevargruppa for den amerikansk-initierte finansieringsmekanismen Lifeline til møte for å høyre vitneutsegner frå menneskerettsforkjemparar frå Venezuela, Vietnam og Bahrain. Noreg støttar Lifeline saman med mellom anna dei baltiske landa, Tsjekkia, Canada, USA og Nederland. Lifeline formidlar vidare små summar til menneskerettsaktivistar som har hamna i prekære situasjonar eller vert utsette for trakassering etter å ha kritisert situasjonen i heimlandet i FN-samanheng eller liknande. Representantar frå austeuropeiske land er særleg opptekne av denne ordninga, ut ifrå eigne historiske røynsler. FNs høgkommissær for menneskerettar har teke til orde for å svarteliste land som ikkje er i stand til å verne eigne borgarar mot slik trakassering. Frå norsk side vart det slått fast at ein slik praksis er uakseptabel, og at Noreg vil halde fram med å støtte situasjonen for menneskerettsforkjemparar.

Kjønnsbasert vald i konflikt

Kampen mot kjønnsbasert vald i konflikt var eit viktig tema for Noreg under høgnivåveka. Statssekretær Skogen deltok på ei rekkje møte der dette globale problemet vart utdjupa i ulike samanhengar.

Jesidi-kvinna Nadia Murad frå Irak og advokaten hennar, Amal Clooney, stod i spissen for møtet The Fight Against Impunity. Bringing Daesh to Justice. Murad er eit tidlegare offer for ISILs menneskehandel, tortur og seksuelle misbruk. Saman leier Murad og Clooney ein kampanje for å få Tryggingsrådet til FN til å sikre bevis og få stilt medlemmer av terrorgruppa for retten for slike brotsverk. Statssekretær Skogen streka under at ISIL ikkje kan gå ustraffa for brotsverka som er gjorde mot jesidiane og andre minoritetar. Ho viste til at Noreg støttar prosjekt som skal hjelpe offer for seksuell og kjønnsbasert vald til å kome tilbake til samfunnet. Sidan 2014 har òg Noreg teke til orde for at overgrep i Syria skal dokumenterast og takast inn for den internasjonale straffedomstolen (ICC) i Haag.

Statssekretær Skogen heldt òg det norske innlegget då Sveriges utanriksminister Wahlstrøm leidde ein uformell diskusjon om korleis ein kan oppnå og måle betringar i vern og førebygging av kjønnsbasert vald i krisesituasjonar. Skogen fortalte at Noreg, som er blant dei største humanitære gjevarane i verda, krev at partnarane våre rapporterer om korleis kjønnsperspektivet vert gjennomført i hjelpearbeidet. Det var fleire som framheva fredsavtalen i Colombia som eit nyskapande døme, der inkludering av kvinner og temaet kjønnsbasert vald vert teke alvorleg. Møtet konkluderte med at styresmakter og partar i konflikt og alle aktørar i den humanitære innsatsen må ansvarleggjerast. Det vart òg peikt på at tematikken held fram med å vere sentral på den internasjonale agendaen, og at fleire konkrete mål frå Verdas humanitære toppmøte er knytte til arbeidet mot kjønnsbasert vald.

Baronesse Joyce Anelay frå Storbritannia og generalsekretæren sin spesialrepresentant mot seksualisert vald i konflikt, Zainab Hawa Bangura, leidde eit møte om seksualisert vald i konflikt og om stigmatisering av ofra. Skamma må flyttast frå offeret til overgriparen, sa Bangura, som fortalte om dei mange møta ho har hatt med offer for seksualisert vald som ikkje søkte hjelp på grunn av den sterke stigmatiseringa – dei praktisk talt døydde av skam. Den colombianske journalisten Jineth Bedoya fortalte om overgrepa ho vart utsett for då ho vart kidnappa, og sa at ho valde å stå fram for å endre haldningar og hindre stigmatisering. Seksualisert vald har alltid vore brukt som ein krigstaktikk, sa statssekretær Skogen i innlegget sitt, men overgrepa vi er vitne til i dag, er meir omfattande enn nokon gong før. Det er viktigare enn nokon gong å prioritere dette området i innsatsen vår for fred og tryggleik.

Syria og oppfølgingsmøte til London-konferansen

Tryggingsrådet heldt eit høgnivåmøte den 21. september 2016 for å diskutere situasjonen i Syria. Møtet var prega av at våpenstillstandsavtalen var under stort press. Dagen før møtet vart ein humanitær konvoi utsett for eit luftåtak utanfor Aleppo, og same dagen var det eit luftåtak mot ein helsestasjon nær Aleppo, som råka humanitær- og helsearbeidarar. Framgang i Syria krev tillit og samarbeid, først og fremst mellom USA og Russland, men møtet viste at det framleis er langt igjen til dette tillitstilhøvet er atterreist. USAs utanriksminister Kerry var spesielt tydeleg i sin kritikk av Russland og kollega Lavrov. FN, ved spesialutsending Staffan de Mistura, hadde utarbeidd eit rammeverk som utgangspunkt for forhandlingar om politisk overgang for Syria, som skulle leggjast fram for partane ved forhandlingsbordet. Generalsekretær Ban Ki-moon sa til medlemmene av Tryggingsrådet at ingen av oppgåvene deira var viktigare enn å medverke til å få på plass ei politisk løysing for Syria.

Medarrangørane for Syria-konferansen i London arrangerte eit oppfølgingsmøte under høgnivåveka. Utanriksminister Brende opna arrangementet og leidde ein utdanningssesjon saman med den britiske utviklingsministeren Priti Patel. Den britiske utanriksministeren Boris Johnson avslutta arrangementet. Både FN og representantar frå syriske organisasjonar heldt innlegg under arrangementet, i tillegg til andre gjevarar og representantar frå grannelanda. På møtet kom det fram at nesten 80 prosent av lovnadene som gjevarane gav under Syria-konferansen i London i februar 2016, var innfridde. Samstundes var berre 43 prosent av dei humanitære appellane til FN finansiert. Grunnen til dette er dei stadig større humanitære behova.

Utanriksminister Brende streka under kor viktig det er at alle gjevarar betalar ut det som dei lova i London, ikkje minst fordi krisa er forverra og dei tilhøyrande behova har auka. Under møtet vart det vist til at det berre er ei handfull gjevarar (medrekna Noreg) som står for 3/4 av all støtta, og at det er behov for både fleire gjevarar og større bidrag frå kvar gjevar.

Jemen

Den humanitære krisa i Jemen var tema for eit sidearrangement der statssekretær Skogen deltok. Føremålet med møtet var å auke merksemda rundt dei enorme behova og mobilisere til auka støtte til den humanitære responsen. FN gjekk ut frå at 21 millionar menneske treng humanitær naudhjelp. Det er stor mangel på mat og medisinar. Underernæring er utbreidd, òg blant barn.

Den internasjonale Raude Kross-komiteen og FN-organisasjonane skildra svært vanskelege arbeidstilhøve og store problem med å få tilgang til alle som treng hjelp. Statssekretær Skogen sa at det er eit akutt behov for ei humanitær våpenkvile for å få hjelpa fram. Ho framheva òg det ansvaret som ligg på dei krigførande partane om å respektere den internasjonale humanitærretten og jobbe for ei politisk løysing på konflikten. FN har ei svært krevjande rolle med store udekte behov. Til sist viste Skogen til at Noreg har teke avgjerd om å auke den humanitære støtta til Jemen.

Høgnivåmøte om Somalia

Under høgnivåmøtet om Somalia stadfesta utanriksminister Brende at Noreg er ein sterk støttespelar i arbeidet for fred og stabilitet i landet. Han noterte framgangen som har skjedd. Utanriksministeren peikte på kor viktige dei komande vala er, og at betre tryggleik er ein føresetnad for utvikling. Det vart vedteke ei felles fråsegn som mellom anna streka under at regionen og det internasjonale samfunnet har felles interesser når det gjeld eit fredeleg og velfungerande Somalia. I denne fråsegna vert framgangen sidan 2012 ønskt velkommen, og det vert peikt på at utviklingsprosessen må vere leidd av Somalia sjølv.

Høgnivåmøte om den humanitære situasjonen i Sør-Sudan

Utanriksminister Brende var ein av paneldeltakarane under høgnivåmøtet om den humanitære situasjonen i Sør-Sudan. Utanriksministeren gav tydeleg uttrykk for at dette er ei menneskeskapt humanitær krise og at partane i Sør-Sudan må gjennomføre fredsavtalen og betre den humanitære tilgangen til dei naudlidande i landet. Han la vekt på det sterke norske engasjementet i Sør-Sudan, både i form av støtte til oppfølginga av fredsavtalen og når det gjeld bistand. Utanriksministeren viste til at Noreg har gjeve store bidrag til den humanitære situasjonen Sør-Sudan, med matvaretryggleik, vern og utdanning som prioriterte innsatsområde.

FNs fredsbyggingsfond

Utanriksminister Brende deltok på ein gjevarkonferanse for FNs fredsbyggingsfond. Han kunngjorde at Noreg vil auke støtta til fondet til 115 millionar kroner over tre år. Den norske støtta må sjåast på bakgrunn av at FN har eit unikt mandat for å førebyggje og løyse konfliktar og byggje varig fred. Det er særs viktig at verdssamfunnet gjev FN tilstrekkeleg politisk og økonomisk støtte i dette viktige arbeidet.

Utanriksministeren peikte særleg på tre faktorar for å oppnå berekraftig fred. For det første la han vekt på kor viktig det er med nasjonal eigarskap til prosessen, med politiske leiarar som har vilje til reell endring, og at alle relevante aktørar vert høyrde og inkluderte. For det andre trengst det eit velfungerande partnarskap for fredsbygging, der heile FN-familien arbeider samordna, òg med internasjonale finansinstitusjonar, regionale aktørar og det sivile samfunnet. Sist, men ikkje minst, er det naudsynt med eit langsiktig perspektiv for å byggje solide institusjonar og hindre tilbakefall til konflikt.

FNs visegeneralsekretær Jan Eliasson sa seg nøgd med at FN fekk lovnader om til saman 150 millionar dollar, trass i at målet var det dobbelte. Fleire FN-rapportar har peikt på at fredsbygging er ein av dei beste investeringane medlemsstatane kan gjere for å hindre krig og konflikt. Ei unik side ved fredsbyggingsfondet er at mange ikkje-vestlege gjevarland medverkar, til dømes India, Liberia, Pakistan og Chile. I alt 30 land frå alle dei regionale gruppene i FN gjev bidrag, noko som ikkje berre gjev pengar, men òg legitimitet til det fredsbyggjande arbeidet til FN.

Gjevarkonferansen for fredsbyggingsfondet markerte ein ny giv for Noreg som ein solid støttespelar til FN og fredsbygging, ikkje minst sidan Noreg kom inn att som medlem av FNs fredsbyggingskommisjon i januar 2017.

2.3 Norske sidearrangement under høgnivåveka

Også i år stod Noreg som arrangør av sidearrangement, både aleine og saman med andre.

Sidearrangement om berekraftige hav

Statsminister Erna Solberg var vertskap for eit møte om den blå økonomien og berekraftige hav. Med seg hadde ho ei rekkje framståande land og aktørar innanfor havagendaen. I panelet sat mellom anna den chilenske presidenten Michelle Bachelet og leiaren av Kommisjonen for Den afrikanske unionen, Nkosazana Dlamini-Zuma. Presidenten for partskonferansen under klimakonvensjonen, den franske økologi-, utviklings- og energiministeren Ségolène Royal, deltok òg på møtet.

På møtet vart det drøfta konkrete handlingar for å nå berekraftsmål 14 om hav: Bevaring og berekraftig bruk av hav, sjø og marine ressursar. I innleiinga si streka Solberg under at det er fullt mogleg å kombinere havbasert industri med sunne og produktive hav, så lenge gode miljøstandardar vert etterlevde både nasjonalt og internasjonalt. På møtet deltok òg presidenten for Marshalløyane, Hilda Heine, og utanriksminister Mohamed Asim frå Maldivane. Den private sektoren var representert ved Sturla Henriksen, leiar for Norges rederiforbund. Paneldeltakarane gav uttrykk for at dei reknar Noreg for å vere ein attraktiv partnar i havspørsmål og for utviklinga av ein berekraftig blå økonomi, særleg med tanke på forsking, røynsle og kunnskapsdeling.

Møte om valdeleg ekstremisme i samarbeid med UN Women

Under høgnivåveka var statsminister Solberg òg vertskap for eit møte om kvinners deltaking og integrering av kjønnsperspektivet i førebygging av og kamp mot valdeleg ekstremisme. Møtet vart arrangert saman med leiaren for UN Women, Phumzile Mlambo-Ngcuka, og leiaren for Kvinnealliansen mot valdeleg ekstremisme, Sanam Anderlini. På møtet vart det lansert eit globalt dialogforum mellom det sivile samfunnet og nasjonale styresmakter som skal møtast jamleg og vere ein arena for utveksling av kunnskap og røynsler.

Grasrotaktivistar frå Irak, Nigeria og Pakistan fortalte om korleis dei arbeider for å hindre at unge menneske vert rekrutterte til terrororganisasjonar. Norske Deeyah Khan fortalte om arbeidet sitt i kvinnenettverket, mellom anna ved å nytte film som medium. Det var over 250 del-takarar på møtet, og land som Bangladesh, Sveits, Dei sameinte arabiske emirata, Mexico, USA og Storbritannia var representerte på høgt nivå. Statsminister Solberg lanserte, saman med Kvinnealliansen, ein global dialogmekanisme for utveksling av røynsler mellom det sivile samfunnet, styresmakter og FN.

Trygve Lie-symposiet. Lansering av FN70-initiativet med tilrådingar til ein ny generalsekretær

Då FN70-initiativet lanserte tilrådingane sine til den neste generalsekretæren i FN, delte utanriksminister Brende podiet med kollegaene sine frå Ghana, Etiopia, Indonesia og Jordan, i tillegg til viseutanriksministrar frå Mexico og Colombia. Det var Noreg som stod for arrangementet, saman med International Peace Institute.

Før lanseringa hadde ministrane eit lukka møte der dei diskuterte samarbeidet så langt, og vegen vidare. Under den opne lanseringa var det over 100 tilhøyrarar, for det meste frå andre land sine delegasjonar, det sivile samfunnet og tenkjetankar i New York. Møtet vart leidd av Pamela Falk, FN-korrespondent for TV-nettverket CBS. Dei fem hovudtilrådingane som vart presenterte, var: 1) Lytt til alle land, men ver din eigen sjef, 2) Ver vår beste diplomat, 3) Ver ein aktivist, 4) Ver ein talsperson for dei fordrivne i verda, og 5) Ver en menneskerettsforsvarar.

Mange av FN70-landa trekte fram tilråding nummer éin, om behovet for ein sterk og uavhengig generalsekretær, som den viktigaste. Fleire ministrar framheva òg den tverregionale samansetnaden av gruppa som viktig. Arrangementet vart halde før det var kjent kven som ville bli ny generalsekretær.

FN70-initiativet og tilrådingane, som òg omfattar ei lengre liste med 35 reformframlegg, vil vere ei sentral plattform for vidare dialog med FNs generalsekretær Guterres.

Gjevarmøte for minerydding i Colombia

Utanriksminister Brende og USAs utanriksminister John Kerry innleidde høgnivåveka i FN med eit gjevarmøte til støtte for minerydding i Colombia. Representantar for 20 land uttrykte støtte til fredsavtalen som skulle underteiknast i Cartagena veka etter, og lova til saman 105 millionar dollar til rydding av eksplosivar som ligg att etter 50 år med konflikt. Tidlegare same året tok Noreg og USA initiativ til eit globalt løft for minerydding i Colombia. Noreg vil gje 180 millionar kroner over tre år. Nest etter Afghanistan er Colombia det landet i verda som er mest råka av miner, og fredsavtalen vil for første gong gje tilgang til nokre av dei områda som er hardast råka. Colombias president Santos retta ein varm takk til gjevarlanda, og minna om at føresetnaden for all fredeleg utvikling på landsbygda i Colombia er at områda først vert rydda for landminer. Gjevarmøtet vart innleidd med eit møte med organisasjonar og næringslivsrepresentantar, med fokus på innovative partnarskap for global mineinnsats. Norsk Folkehjelp og Yara deltok frå norsk side.

Ministermøte i gjevarlandsgruppa for Palestina

Utanriksminister Brende leidde eit ministermøte i gjevarlandsgruppa for Palestina (AHLC) i FN. FNs visegeneralsekretær Jeffrey Feltman var vert for møtet, medan utanriksminister Kerry og høgrepresentant Federica Mogherini var medvertar. Målet var å styrkje det økonomiske samarbeidet mellom Israel og Den palestinske sjølvstyresmakta (PA) og betre den palestinske økonomien. Ministermøtet var prega av uro for ein stadig svekt palestinsk økonomi. Gjennom dei siste åra er budsjettstøtta til PA vorten kraftig redusert. Det vart også streka under frå fleire hald at den største hindringa for økonomisk vekst i Palestina er dei avgrensingane som Israel legg på økonomisk aktivitet. Samstundes var det òg nokre lyspunkt. Her kan særleg nemnast elektrisitetsavtalen mellom Israel og PA, som er eit døme på at partane er i stand til å finne gode løysingar på det økonomiske området. Økonomisk utvikling kan likevel ikkje erstatte ei politisk løysing, og alle talarane peikte på kor viktig det er å ta opp att prosessen for å få til ei tostatsløysing. I møtet var det semje om at partane skulle utarbeide ein plan for fellesprosjekt og gjennomføring av avtalar som var inngått tidlegare. Denne planen skulle leggjast fram på neste AHLC-møte våren etter.

EAT-forum

EAT-forumet heldt den tredje konferansen sin under høgnivåveka i New York. Tema for konferansen var korleis byar kan medverke til eit snøggare skifte mot ei sunnare og meir berekraftig framtid. Møtet vart opna av David Nabarro, som er FNs spesialrådgjevar for berekraftsmåla, og EATs frontfigur Gunhild Stordalen. Utanriksminister Brende heldt hovudinnlegget. Han sette mat og ernæring i samanheng med dei store, globale utfordringane vi står overfor, og gav honnør til den jobben EAT og Stordalen har gjort etter at prosjektet vart lansert. Arrangementet vart avslutta med eit panel som sette fokus på rolla til næringslivet og lokale løysingar.

Boks 2.1 FNs generalforsamling

Generalforsamlinga er skipa gjennom FN-pakta, og det er FN-pakta som definerer mandatet og verkemåten til forsamlinga. I utgangspunktet kan Generalforsamlinga drøfte alle saker som høyrer inn under pakta. Alle medlemslanda i FN er representerte i Generalforsamlinga, og kvart land har éi røyst.

Dei fleste sakene vert drøfta i éin av dei seks faste komiteane i Generalforsamlinga. Desse dekkjer ulike tematiske område og funksjonar. Det er i komiteane arbeidet med å fremje framlegg, drøfte saker og forhandle resolusjonar i hovudsak går føre seg. Etter behandling i komiteane vert resolusjonane òg formelt vedtekne i plenum i Generalforsamlinga, og som oftast skjer dette utan ytterlegare debatt. Visse saker vert behandla direkte i plenum utan å ha vore gjennom ein komité først. Ein del resolusjonar vert vedtekne ved konsensus, medan andre vert røysta over. Komiteane har ulik tradisjon og praksis når det gjeld bruk av avrøystingar, til dømes vert det røysta over dei fleste resolusjonane i 1. komité om internasjonal fred og tryggleik, medan i 5. komité om budsjettspørsmål og 6. komité om rettslege spørsmål vert alle resolusjonar vedtekne ved konsensus.

Resolusjonane som vert vedtekne i Generalforsamlinga, er ikkje juridisk bindande for medlemslanda, men er politisk viktige fordi Generalforsamlinga representerer røysta til verdssamfunnet.

2.4 Generalforsamlingas 1. komité (internasjonal fred og tryggleik)

Komiteen arbeider med internasjonal fred og tryggleik, og særleg nedrusting og ikkjespreiing. I denne sesjonen vedtok komiteen 68 resolusjonar og andre avgjerder. Noreg heldt innlegg under generaldebatten og i dei tematiske debattane i komiteen, mellom anna innlegg i den tematiske debatten om kjernefysiske våpen og debatten om konvensjonelle våpen. Noreg var òg tilslutta fleire innlegg saman med andre land, mellom anna eit nordisk innlegg i debatten om kjernefysisk nedrusting. Vi var tilslutta fleire røysteforklaringar om resolusjonar som er prinsipielt viktige for Noreg, og teikna oss som medframleggsstillarar for ei rekkje resolusjonar.

Arbeidet i komiteen var prega av polarisering som følgje av eit internasjonalt spenningsnivå som generelt er vorte høgare. Innlegga i generaldebatten og dei tematiske debattane, saman med talet på røysteforklaringar, speglar att dei mange motsetnadene blant medlemslanda når det gjeld nedrusting. Som i føregåande år var tendensen at stadig færre resolusjonar vert vedtekne ved konsensus. Dette svekkjer sjansane for å oppnå samlande løysingar på viktige utfordringar når det gjeld nedrusting og ikkjespreiing.

Målet om ei verd fri for kjernevåpen er noko som dei fleste landa deler, medan det er stor usemje om korleis det er realistisk å nå dette målet. I desse spørsmåla baserte Noreg seg på stortingsvedtaket av 26. april 2016, der Stortinget ber regjeringa arbeide aktivt for ei verd som er fri for atomvåpen, og medverke til at forpliktingane i ikkjespreiingsavtalen (NPT) vert gjennomførte, ta på seg ei aktiv rolle som pådrivar for ikkjespreiing og for nedrusting med sikte på ei balansert, gjensidig, irreversibel og verifiserbar avskaffing av atomvåpen, og på dette grunnlaget arbeide langsiktig for eit rettsleg bindande rammeverk for å sikre at dette målet vert nådd.

Som eit ledd i arbeidet for å følgje opp stortingsvedtaket fremja Noreg ein resolusjon om verifikasjon av kjernefysisk nedrusting. Truverdige verifikasjonsmekanismar vil vere avgjerande i alle nedrustingsavtalar. Resolusjonen fekk brei oppslutning og vart vedteken med 177 røyster, og sju land avstod frå å røyste. Ingen land røysta imot resolusjonen som heilskap, og han vart oppfatta som samlande. Ved avslutninga av sesjonen peikte formannen for komiteen på verifikasjonsresolusjonen som eit av dei viktigaste resultata frå sesjonen.

Komiteen røysta òg over ein resolusjon om å innleie forhandlingar om eit forbod mot kjernevåpen alt i 2017 med sikte på eit forbod så snart som mogleg. I den endelege avrøystinga i Generalforsamlinga 23. desember fekk resolusjonen støtte frå 113 land. 35 land stemte imot resolusjonen. 27 NATO-land, inkludert Noreg, var blant desse. Ingen av kjernevåpenstatane røysta for. Noreg arbeider langsiktig for eit rettsleg bindande rammeverk på grunnlag av ei balansert, gjensidig, irreversibel og verifiserbar avskaffing av kjernevåpen. Ein føresetnad for dette er at også kjernevåpenstatane er med i prosessen. I resolusjonen som vart lagd fram i FN, var føremålet å innføre eit forbod før ein rustar ned. Dersom ein startar med forbod, får ein ikkje kjernevåpenstatane med seg. Innhaldet i resolusjonane var ikkje i tråd med sekvenseringa i stortingsvedtaket, og eit slikt forbod ville ikkje vere ei realistisk tilnærming for å få fart på nedrustingsprosessen. Vidare var det avgjerande for Noreg å velje ei tilnærming i tråd med NATO-forpliktingane våre. Alliansen har som grunnleggjande føresetnad at så lenge det eksisterer atomvåpen, så vil NATO ha slike våpen.

Noreg uttrykte støtte til minekonvensjonen og klasevåpenkonvensjonen, som har medverka til å etablere ei internasjonal norm om ikkje-bruk av desse våpena, og som vert etterlevd, òg av land som ikkje har slutta seg til konvensjonane. Minekonvensjonen er no ratifisert av over 150 land. Konvensjonen om klasevåpen har 100 statspartar. Noreg og fleire andre land gav òg uttrykk for sterk støtte til den internasjonale våpenhandelsavtalen (ATT). Noreg gjorde òg ein aktiv innsats for å få vedteke resolusjonen om kvinner, nedrusting, ikkjespreiing og rustingskontroll. Denne resolusjonen er ei oppfølging av tryggingsrådsresolusjon 1325 om kvinner, fred og tryggleik.

Komiteen behandla òg saker som gjeld kjemiske og biologiske våpen, tiltak for å hindre eit våpenkappløp i det ytre verdsrommet, og cyberspørsmål. Også dette året var forhandlingane om resolusjonen om kjemivåpenkonvensjonen særs vanskelege, på grunn av usemje om omtalen av bruken av kjemiske stridsmiddel i Syria. Denne resolusjonen, som før vart vedteken ved konsensus, vart teken til avrøysting, på same måte som året før. På den positive sida vart resolusjonen om biologivåpenkonvensjonen vedteken utan votering. Dei fleste landa uttrykte frustrasjon over den fastlåste situasjonen i nedrustingskonferansen og eit generelt dysfunksjonelt nedrustingsmaskineri. Det er likevel vanskeleg å sjå korleis medlemslanda vil kunne bli samde om konkrete reformer for å få maskineriet på rett kjøl.

2.5 Generalforsamlingas 2. komité (økonomiske spørsmål og berekraftig utvikling)

2. komité arbeider med heile spekteret av utviklingsagendaen til FN. Det viktigaste i denne sesjonen var arbeidet med ein omfattande rammeresolusjon om utviklingsaktivitetane til FN (Quadrennial Comprehensive Policy Review – QCPR), som kjem opp kvart fjerde år. Ettersom 2030-agendaen og berekraftsmåla var vortne vedtekne sidan førre gongen, knytte det seg mykje spenning til desse forhandlingane.

Arbeidet i komiteen var generelt prega av betre forhandlingsklima, langt betre tidsstyring og etterleving av fristar enn året før, men komiteen behandlar framleis for mange resolusjonar, og ikkje alle er like relevante. Det knytte seg mykje usemje til frekvensen av framtidige resolusjonar.

Dei fleste resolusjonane vart vedtekne ved konsensus, slik det er vanleg i denne komiteen. Det finst ei handfull unntak: Det vart røysta over to resolusjonar knytte til konflikten mellom Israel og Palestina, éin om ein ny økonomisk verdsorden og éin om entreprenørskap (kontroversiell berre fordi han vart lagd fram av Israel). Agenda 21-resolusjonen om oppfølging av konferansane om berekraftig utvikling gjekk òg til votering for første gong, medan det med eit naudskrik vart semje om resolusjonen om finansiering for utvikling.

I plenumsdebattane i komiteen heldt Noreg eitt hovudinnlegg og tre tematiske innlegg om høvesvis utviklingsaktivitetane til FN, berekraftig utvikling og finansiering for utvikling. Det norske hovudinnlegget fokuserte på oppfølging av 2030-agendaen og berekraftsmåla, både på Noreg sine eigne prioriteringar nasjonalt og internasjonalt, og på korleis FN-innsatsen bør fokuserast for å støtte best mogleg opp om gjennomføringa i landa.

Forhandlingane om den fireårige rammeresolusjonen om utviklingsaktivitetane til FN var krevjande. Noreg arbeidde for at FN skulle få ei tydelegare rolle i oppfølginga av 2030-agendaen i ulike landsituasjonar, men G77 var ikkje innstilt på slike reformer. Det var likevel mogleg å få inn forventningar til samarbeid mellom utviklingsaktørar og humanitære aktørar i langvarige kriser. Samanhengen mellom fredsbygging og utvikling vert òg lagd vekt på.

Rammeresolusjonen inneheld viktige og klare forventningar til betringar i systemet. I tillegg vert den nye generalsekretæren beden om å leggje fram ytterlegare framlegg til reformer. Noreg fekk dessutan inn gjennomgåande språk om menneskerettar og likestilling, integrerte tilnærmingar, resultatbasert styring, samordna innsats på landnivå, betringar i det stadlege koordinatorsystemet og harmonisering og forenkling av administrative prosedyrar.

Ein resolusjon om å avgrense ulovleg kapitalflyt vart lagd fram for første gong, etter initiativ frå Nigeria. Kompliserte spørsmål, steile posisjonar, upløgd mark og uvilje hjå visse land til å diskutere sakskomplekset førte til vanskelege forhandlingar, men gav rom for ei norsk brubyggjarrolle i elles vanskelege forhandlingar. Noreg støtta Nigeria i ønsket om ein tekst som omfatta både korrupsjon, skattesvik og tilbakeføring av stolne midlar, og denne støtta førte fram. Resultatet sikrar at ulovleg kapitalflukt vert eit tema i den vidare oppfølginga av både 2030-agendaen og finansiering for utviklingsagendaen, og at spørsmålet vil bli teke opp att i 2. komité hausten 2017.

Forhandlingane om resolusjonen om det internasjonale finanssystemet vart til dels ein omkamp om likestilling og kvinner si rolle i resolusjonen frå i fjor. I resolusjonen om berekraftig gjeld var det mest strid om nye initiativ for gjeldslette. Ved fleire høve hadde Noreg rolla som brubyggjar mellom kreditorland og G77, noko som fungerte godt.

Forhandlingane om oppfølging av internasjonale konferansar var vanskelege. Etter at det vart skipa eigne dedikerte forum for oppfølging, er det usemje om kva rolle 2. komité skal ha.

Det knytte seg stor interesse til den toårige resolusjonen om migrasjon og utvikling. Noreg arbeidde mellom anna for å framheve statane sitt ansvar for å ta imot eigne borgarar som returnerer til heimlandet.

Blant dei mindre kontroversielle resolusjonane var energiresolusjonen, der Noreg mellom anna medverka til å styrkje kjønnsperspektivet i teksten, og resolusjonen om førebygging av naturkatastrofar.

2.6 Generalforsamlingas 3. komité (menneskerettar, humanitære og sosiale spørsmål)

Òg i 2016 viste Noreg seg som ein tydeleg og aktiv menneskerettsaktør under haustsesjonen i 3. komité. Noreg leidde ingen resolusjonsforhandlingar, men markerte seg like fullt som tydeleg. Noreg heldt innlegg i fleire av generaldebattane og i svært mange interaktive dialogar, både tematiske og landspesifikke. I tillegg deltok Noreg på fleire sidearrangement og, ikkje minst, var aktivt med i sentrale resolusjonsforhandlingar. I sesjonen i år la Noreg igjen vekt på samarbeid og koordinering med likesinna land, og samstundes på å søkje tverregionale alliansar der dette er mogleg. I dei mange likestillingsrelaterte resolusjonane gjekk Noreg aktivt inn for vern og fremjing av seksuell og reproduktiv helse og rettar og av like økonomiske rettar for kvinner.

Overordna sett var det ein konstruktiv sesjon. Talet på resolusjonar går framleis noko ned, delvis som følgje av freistnadene på å betre arbeidsmetodane i komiteen. 50 resolusjonar vart vedtekne i denne sesjonen, 16 av dei ved avrøysting. Dette er fleire enn før, og er ein indikasjon på at motsetnadene ofte er store. Samstundes var usemja først og fremst konsentrert om dei resolusjonane som det vart røysta over. Dei andre resolusjonane var prega av eit litt mindre motsetnadsfylt forhandlingsklima.

Dei mest kontroversielle diskusjonane var i stor grad knytte til spørsmålet om seksuell orientering og kjønnsidentitet, og LHBT-personar sin rett til ikkje-diskriminering var eit svært omstridd tema i komiteen. I denne sesjonen var det òg resolusjonar med eksplisitte referansar til tematikken. Det var ikkje mogleg å få desse inn i konsensusbaserte tekstar, men dei fekk støtte av eit fleirtal av medlemslanda.

Noreg prioriterte spesielt å engasjere seg i resolusjonen om rapporten frå FNs menneskerettsråd. Her var det særleg viktig å verne mandatet til den uavhengige eksperten som Menneskerettsrådet har oppnemnt for å motverke vald og diskriminering på grunnlag av seksuell orientering og kjønnsidentitet. Kvinne- og likestillingsfokuserte resolusjonar om vald, kjønnsskamfaring, fistula og menneskehandel var òg høgt prioritert. Det same var resolusjonane om rettane til barn, om moratorium på bruken av dødsstraff og om utanrettslege avrettingar.

Noreg deltok som før i kjernegruppa for resolusjonen om menneskerettssituasjonen i Iran. Resolusjonen vart vedteken med klart større oppslutning enn ved den førre sesjonen. Noreg deltok òg aktivt i arbeidet med andre landspesifikke resolusjonar, om Nord-Korea, Syria og Krim-halvøya. Resolusjonen om Nord-Korea vart vedteken ved konsensus, og teksten viste også denne gongen til Den internasjonale straffedomstolen (ICC). Syria-resolusjonen vart teken til votering og fekk om lag den same oppslutninga som før, men vart sterkt prega av motsetnader mellom Iran og Saudi-Arabia, ettersom det var det sistnemnde landet som la fram resolusjonen. Resolusjonen om menneskerettssituasjonen på Krim-halvøya, som vart lagd fram av Ukraina, var omstridd på grunn av tilhøvet til Russland, men vart vedteken med eit klart fleirtal.

På vegner av dei nordiske landa var Noreg hovudframleggsstillar for årets resolusjon om kontoret til FNs høgkommissær for flyktningar. Resolusjonen fordømmer åtak på flyktningar, asylsøkjarar og internt fordrivne, og oppmodar statane til å setje i verk tiltak for å sikre desse gruppene sin rett til vern. Resolusjonen var ferdigforhandla i Genève, men det vart behov for å arbeide bilateralt i New York på grunn av misnøye i samband med ein paragraf om statane sin suverene rett til sjølve å styre mottak av naudhjelp til eigne borgarar. Ein valde å ikkje opne forhandlingane igjen i New York, og resolusjonen vart vedteken ved konsensus, trass i at nokre delegasjonar tok avstand frå den aktuelle setninga i posisjonsforklaringar.

Saman med andre lukkast det for Noreg å få inn referansar til Den internasjonale kommisjonen for finansiering av utdanning i to av resolusjonane i 3. komité. På denne måten har alle medlemslanda i FN fått kjennskap til kommisjonen, og tilrådingane hans vert sette inn i eit breiare perspektiv saman med berekraftsmåla.

Noreg la òg vekt på å delta aktivt i forhandlingane om resolusjonane om rettane til urfolk, om retten til privatliv, om tvangsekteskap, om lesekunne og om religions- og trusfridom.

2.7 Generalforsamlingas 4. komité (særskilte politiske spørsmål)

Generalforsamlingas 4. komité har ansvaret for særskilte politiske spørsmål, mellom anna avkolonisering, palestinske flyktningar, menneskerettar, FNs fredsbevarande operasjonar og FNs spesielle politiske oppdrag. I tillegg finst det einskiltståande saker på dagsordenen til komiteen, til dømes radioaktiv stråling, informasjon og fredeleg bruk av det ytre rommet. Som tidlegare vart det røysta over svært mange resolusjonar og vedtak i komiteen.

Debatten om dei fredsbevarande operasjonane til FN er prega av at det til dels er stor avstand mellom landa i Den alliansefrie rørsla (NAM) og vestlege land når det gjeld korleis operasjonar bør utviklast vidare, i ein situasjon der tryggleiksutfordringane i mange land vert stadig meir krevjande og der det ofte ikkje finst ein fred å bevare. Dette gjeld særleg synet på bruk av makt, moderne teknologi og etterretning. Dette kom tydeleg fram under debatten i 4. komité. Vidareutvikling av samarbeidet mellom FN og regionale organisasjonar var derimot eit viktig tema som medlemslanda stod samla om, med afrikanske land som særlege pådrivarar for auka samarbeid mellom FN og Den afrikanske unionen, AU. Det var òg semje om at innsatsen for å verne sivile må aukast, mellom anna vern mot overgrep frå FN-personell, og at tryggleiken for FN-personell må styrkjast.

Mange afrikanske land tok til orde for meir robuste mandat for å løyse oppgåver som krev meir bruk av makt på taktisk nivå, mellom anna for å kjempe mot terror og verne sivile. Fleire afrikanske land var dessutan positive til bruk av moderne teknologi og etterretning. Mange av dei landa som stiller med størst bidrag i form av troppar, tok opp att kravet om eit reelt samarbeid med Tryggingsrådet om utforming av mandata. På tvers av gruppene vart behovet for auka merksemd på førebygging, mekling og solide politiske prosessar trekt fram.

Frå norsk side vart det lagt vekt på at reformarbeidet må halde fram, og at det må fokuserast på førebygging av konflikt, behovet for betre samsvar mellom mandat og ressursar, og på sterkare vern av sivile, mellom anna gjennom auka bruk av moderne teknologi og etterretning. Noreg framheva òg politiet si sentrale rolle, kjønnsperspektivet og behovet for å inkludere kvinner i fredsprosessar og -operasjonar, ansvaret vertslandet har for å samarbeide konstruktivt med FN, og kor viktig det er med partnarskap.

Resolusjonen om politiske operasjonar, FNs politiske oppdrag, vart vedteken utan avrøysting og med små endringar frå tidlegare. Noreg tok opp behovet for å betre den operasjonelle støtta til dei politiske operasjonane for å sikre at nye operasjonar kjem snøggare på plass. Dei politiske operasjonane til FN er sentrale i FN-arbeidet med førebygging, mekling og konfliktløysing, både internt i land og der det finst grenseoverskridande konfliktar. Ei styrking og vidareutvikling av desse instrumenta er avgjerande for at FN skal kunne medverke til å vidareføre fred og tryggleik.

Debatten om Midtausten og behandlinga av dei einskilde resolusjonane følgde eit velkjent mønster. Det var mykje fokus på den økonomiske situasjonen til FN-organisasjonen for palestinske flyktningar (UNRWA), som framleis er krevjande. Som rapportør for arbeidsgruppa til FN om finansiering av UNRWA medverka Noreg til å synleggjere dei økonomiske utfordringane for UNRWA.

Under spørsmålet om avkolonisering og debatten om ikkje-sjølvstyrte territorium var det som i tidlegare år sterke motsetnader mellom Marokko og fleire afrikanske land i spørsmålet om Vest-Sahara. Voteringane følgde røystemønsteret frå tidlegare år.

Fleire tematiske resolusjonar, til dømes om det ytre rommet, radiologisk stråling og minetiltaka til FN, vart òg vedtekne.

2.8 Generalforsamlingas 5. komité (budsjett og administrative spørsmål)

FNs 5. komité vedtek det ordinære budsjettet til FN og tek avgjerder i administrative og organisatoriske spørsmål. Dette omfattar òg budsjettet til sekretariatet og budsjetta til dei fredsbevarande og dei politiske operasjonane. Komiteen behandlar dessutan alle spørsmål som er knytte til finansiering, investering og personalressursar, medrekna arbeidsføresegner og løn og ytingar til dei tilsette. FN-budsjetta er toårige, og difor var det ingen budsjettbehandlingar denne hausten, bortsett frå budsjetta til dei politiske operasjonane som vert justerte kvart år. Trass i dette vedtok komiteen 20 resolusjonar, medrekna budsjetta til 36 spesielle politiske operasjonar. Praksis er at komiteen vedtek alle resolusjonar ved konsensus.

Denne sesjonen i FNs 5. komité viste tydelege teikn på at det kan ventast endringar i det politiske forhandlingsklimaet i komiteen framover. Kina, som inntil nyleg har vore ein relativt passiv deltakar i dei opne forhandlingane, er vorte medviten om rolla si som den tredje største bidragsytaren til det ordinære budsjettet til FN og den nest største til dei fredsbevarande operasjonane. Dette innebar at Kina var mykje tydelegare i prioriteringane sine i forhandlingane, særleg når det galdt dei politiske operasjonane til FN, og dette medverka til å endre dynamikken i forhandlingane.

Tradisjonelt følgjer 5. komité eit mønster der G77 og Kina står mot ei gruppe av likesinna land, der EU, USA og Japan er med. Saman med nokre få andre land, som Sveits, Mexico, Tyrkia, Canada, Australia og New Zealand, spelar Noreg ei friare rolle overfor dei to store grupperingane. Noreg og desse landa samarbeider dessutan seg imellom frå sak til sak. Komiteen klarte ikkje å nå fram til konsensus. Difor vart det avrøysting om finansiering av nokre saker frå Menneskerettsrådet, noko som gav fleirtal for det norske synet i alle sakene.

Noreg la vekt på behovet for å kome til semje om nye operative og finansielle rammevilkår for dei politiske operasjonane. Dette er ei sak som har vore uteståande i 5. komité i lengre tid, og som er til hinder for reform av det fredsbevarande og fredsbyggjande arbeidet til FN. Finansiering av den nye operasjonen i Colombia vart òg behandla i det norske innlegget.

Under hovudsesjonen var det fleire vanskelege og kompliserte saker der det var krevjande å få gjennomslag for norske prioriteringar. Det vart inga løysing på spørsmålet om ein separat konto for budsjettet til politiske operasjonar og lik tilgang til operativ støtte, slik det er for dei fredsbevarande operasjonane. Denne saka er framleis fastlåst. Noreg jobba målretta for å få støtte for at FNs høgkommissær for menneskerettar skal gjennomføre ei desentraliseringsreform. Denne gongen jobba Noreg med ei rekkje latinamerikanske land, i tillegg til EU, USA og dei andre landa som Noreg normalt samarbeider med på dette området. Ei anna sak på dagsordenen der Noreg spelte ei svært aktiv rolle, var å få til eit vedtak om at sekretariatet skal bidra finansielt til det stadlege koordinatorsystemet til FN. Heller ikkje her kom komiteen til fram til semje, og saka vart utsett for tredje gong.

Ei sak der Noreg hadde stor innverknad og der utfallet vart svært positivt, var vedtaka om dei politiske operasjonane i Colombia og på Kypros.

Komiteen vart òg samd om ei rekkje andre saker. Blant desse kan nemnast nye reglar for personalforvalting, nye reglar for arbeidsrett, mellombels tilsetjingar og oppseiingar og støtte til ei ombodsordning for tilsette i FN.

2.9 Generalforsamlingas 6. komité (rettslege spørsmål)

6. komité behandlar folkerettslege spørsmål. Han tek mellom anna opp saker som gjeld straffansvar for FN-tilsette, fremjing av rettsstaten, universaljurisdiksjon, terrorisme og internasjonal humanitærrett. Komiteen går òg gjennom dei årlege rapportane til FNs folkerettskommisjon.

Under sesjonen i 6. komité i år vart det i alt behandla 27 saker og vedteke 25 resolusjonar, alle ved konsensus. Noreg heldt innlegg om internasjonal terrorisme, universaljurisdiksjon, straffansvar for FN-tilsette, statsansvar og dessutan innlegg om ulike tema som er behandla i den årlege rapporten til Folkerettskommisjonen. Fleire av desse innlegga vart haldne på vegner av dei nordiske landa. Noreg leidde resolusjonsforhandlingane om tilleggsprotokollane til Genève-konvensjonane på vegner av dei nordiske landa.

Komitéarbeidet var gjennomgåande polarisert og arbeidskrevjande. Ei rekkje tema som før har vore ukontroversielle og nokså enkle, førte no til omfattande debatt.

Det var vanskelege diskusjonar om Folkerettskommisjonen sitt utkast til artiklar om statsansvar for brot på folkeretten. Fleire ønskjer å arbeide for ein traktat. Andre, mellom anna dei nordiske landa, er skeptiske, og meiner at tida ikkje er inne for å innleie konvensjonsforhandlingar om dette temaet no. Dei nordiske landa er godt nøgde med innhaldet i artiklane, men er uroa over at ein traktatprosess no kan svekkje oppslutninga om artiklane. Det vil vere betre å styrkje den sedvanerettslege statusen deira før det vert innleidd konvensjonsforhandlingar. Som del av ei kompromissløysing vart generalsekretæren beden om å informere om ulike prosedyreopsjonar for utvikling av artiklane. Det var positivt at punktet om straffansvar for FN-tilsette hadde framgang og vart vidareført frå i fjor, då dette punktet har vore ein hovudprioritet for Noreg. Særleg viktig var oppmodinga til generalsekretæren om å utarbeide ein tabell over kva kompetanse statane har til å straffeforfølgje eigne borgarar på FN-oppdrag, be om jamlege oppdateringar frå statar som har sett i verk etterforsking og gje ei oversikt over dei retningslinjene FN har for å overføre og følgje opp saker.

Debatten om universaljurisdiksjon (høve til å straffeforfølgje handlingar som har funne stad utanfor landet, av utlendingar mot utlendingar) gjekk føre seg langs linjer som etter kvart er godt kjende. Det var brei semje om at universaljurisdiksjon er ein viktig mekanisme for å hindre straffridom for dei grovaste kategoriane av brotsverk. Diskusjonen var ikkje knytt til eksistensen av prinsippet, men til omfanget og bruken av det.

Det var òg framgang i arbeidet med å utarbeide ein heilskapleg terrorkonvensjon, sjølv om dette går seint og det framleis er usikkert om det vil føre fram. Den nordiske resolusjonen om Genève-konvensjonens tilleggsprotokollar og humanitærrettslege prinsipp (som i år var koordinert av Noreg) vart utsett for harde åtak frå visse statar. I lys av den krevjande forhandlingssituasjonen var sluttresultatet likevel tilfredsstillande.

2.10 Saker som har gått direkte i plenum i Generalforsamlinga

Kvart år er det nokre resolusjonar som går direkte i Generalforsamlinga, utan først å ha vore til behandling i nokon av komiteane.

Resolusjonen om revitalisering av Generalforsamlinga, som vert drøfta årleg, vert vedteken direkte i plenum. Ei såkalla ad hoc-gruppe forhandlar fram resolusjonen som dekkjer same hovedtema, men som likevel har heilt ulikt fokus kvart år. I 2015 var det valet av ny generalsekretær som medlemslanda var opptekne av. I 2016 var det særleg kontoret til presidenten for Generalforsamlinga som stod i fokus. Resolusjonen med nye reglar for oversikt over og innsyn i korleis kontoret forvaltar midlar, fører rekneskap og driv reiseverksemd vart vedteken ved konsensus. Det vart òg vedteke ein tekst som kvar ny president skal takast i eid med.

Resolusjonen om krav om oppheving av USAs handelsblokade mot Cuba har vore ei årleg tilbakevendande sak i Generalforsamlinga. Dette er den resolusjonen i Generalforsamlinga som får flest ja-røyster gjennom sesjonen. I 2016 var det 25. gongen at resolusjonen var oppe til vurdering. Denne gongen røysta USA avhaldande og fekk også med seg Israel, noko som innebar at ingen røysta imot. Det kom som ei overrasking då den amerikanske FN-ambassadøren annonserte frå talarstolen at USA ville endre røysta si. På mange måtar var dette ein naturleg konsekvens av dei stega som Obama-administrasjonen har teke i retning av eit opnare tilhøve til Cuba, og av den amerikanske presidenten si vitjing på Cuba i mars 2016.

Noreg har halde ein høg profil i dei mange havrettsprosessane som har funne stad i 2016, og som alle går føre seg direkte i Generalforsamlinga. Det var første gongen Noreg koordinerte forhandlingane om den årlege fiskeriresolusjonen. Resolusjonen vart styrkt på ei rekkje viktige område, med formuleringar mellom anna om å gripe inn overfor statslause skip på ope hav, berekraftig botnfiske og arbeidsvilkår til sjøs. Noreg la fram tekstframlegg både til havretts- og fiskeriresolusjonane, og støtta initiativ frå andre land på prioriterte område som havforureining, plast og mikroplast, kampen mot faunakriminalitet, mellom anna fiskerikriminalitet, mattryggleik og småskalafiske. Noreg fekk gjennomslag for fleire framlegg, men møtte òg motstand på nokre område. Under forhandlingane var det ei mindre gruppe av statar som gjorde framlegg for å prøve å uthole omtalen av havrettskonvensjonen som den overordna rettslege ramma for all utøving av aktivitet i havet, noko som er eit svært sentralt element i konvensjonen for Noreg. Men framlegga vart avviste av ei brei gruppe likesinna statar. Det vart røysta over havrettsresolusjonen, og som før var det berre Tyrkia som røysta imot. Fiskeriresolusjonen vart vedteken ved konsensus.

Det vart lagt ned mykje arbeid i å medverke til å førebu havkonferansen, som vert arrangert av Fiji og Sverige sommaren 2017 om gjennomføringa av berekraftsmål 14 om hav, mellom anna om bevaring og berekraftig bruk av hav, sjø og marine ressursar.

Generalforsamlinga vedtok i juni 2015 å utarbeide ein folkerettsleg avtale under FNs havrettskonvensjon om vern og berekraftig bruk av marint naturmangfald i havområde utanfor nasjonal jurisdiksjon. Generalforsamlinga oppnemnde ein førebuande komité som skal førebu forhandlingane ved å kome med tilrådingar til element i ein ny avtale. Komiteen møttest to gonger i 2016 og skal møtast to gonger i 2017 før han skal kome med tilrådingar til Generalforsamlinga innan utgangen av 2017. Den nye avtalen skal mellom anna regulere tilgangen til og fordelinga av goda frå marine genetiske ressursar, bruk av marine verneområde og konsekvensutgreiingar. Det er lagt opp til at Generalforsamlinga skal ta ei avgjerd om skipe til ein diplomatkonferanse innan utgangen av den 72. sesjonen i Generalforsamlinga, det vil seie innan hausten 2018. Forhandlingane gjev høve til å utvikle ein ny avtale for å fremje ei heilskapleg og vitskapeleg havforvalting og styrkje dei folkerettslege rammene for vern, kombinert med berekraftig bruk av dei internasjonale havområda. Avtalen kan leggje til rette for vidare verdiskaping gjennom ressursutnytting og skipsfart, og samstundes medverke til å styrkje miljøforvaltinga. Dette er viktig for dei breie norske havinteressene.

Generalforsamlinga vedtok òg å innføre ein internasjonal mekanisme for innhenting og oppbevaring av prov på internasjonale brotsverk i Syria. Noreg var éin av over 52 medframleggsstillarar til resolusjonen som innførte mekanismen.

Noreg har i lang tid halde ein høg profil i forhandlingane i Generalforsamlinga om FN-arbeidet mot terrorisme og valdeleg ekstremisme. Arbeidet for at FN blir ein hovudaktør på dette feltet har vore høgt prioritert av Noreg. Noreg har støtta opp om den globale antiterrorstrategien til FN, som vart vedteken i 2005, og har gjeve både politisk og økonomisk støtte til FN-arbeid med å gjennomføre strategien. I den siste tida har Noreg lagt særleg vekt på generalsekretæren sin handlingsplan frå 2016 mot valdeleg ekstremisme og restrukturering av FNs antiterroroppsett. Med tida er Noreg vorten ein av hovudaktørane i FN på dette området, og har saman med Jordan skipa ei uformell venegruppe for å støtte opp om den globale antiterrorstrategien til FN.

Noreg har teke aktivt del i diskusjonar om fremjing av internasjonal strafferett. Delegasjonen har leidd Den internasjonale straffedomstolen (ICC) si arbeidsgruppe for regelendringar, som har mandat til å behandle framlegg til endringar av straffe- og prosedyrereglane til ICC.

Generalforsamlinga vedtok samrøystes resolusjonen om tiltak for å hindre seksuelle overgrep utført av FN-personell. Resolusjonen var delvis eit svar på ein tilsvarande resolusjon som vart vedteken av Tryggingsrådet i FN i 2016, og signaliserer at medlemslanda står samla om støtte til denne innsatsen.

Den generelle «omnibus»-resolusjonen om humanitære spørsmål vert òg vedteken kvart år i plenum i generalforsamlinga i FN, etter først å ha vore forhandla om blant medlemslanda. Forhandlingane vart førebudde av Sverige. Det var gjort eit godt arbeid med å innarbeide ein ny ordlyd frå Verdas humanitære toppmøte, Grand Bargain-prosessen og New York-fråsegna om flukt og migrasjon, noko som gav forhandlingane eit godt utgangspunkt. Frå norsk side var det viktig å verne denne ordlyden, og å prioritere klarare referansar til viktige element som utdanning i humanitær innsats og vern av skolar. Noreg var òg oppteken av å innarbeide konkrete formuleringar om behovet for betre koplingar mellom humanitær bistand og utvikling, og at FN-systemet må arbeide meir samordna for å førebyggje og redusere humanitære behov. Resolusjonen vart vedteken ved konsensus. Noreg var medframleggsstillar saman med 82 andre land, 20 fleire enn før.

Til toppen
Til forsida av dokumentet