NOU 1994: 15

Kostnadene ved arbeidstidsavtalen og Reform ’94

Til innholdsfortegnelse

5 Kyrkje- og undervisningsdepartementet

RUNDSKRIV F-34/86

Til kommunane

skolestyra

grunnskolane

skoledirektørane

5.1 Rettleiande rammetimetal – ­skoleåret 1986-87

5.2 Sosialpedagogiske og peda­gogiske styrkingstiltak på ungdomssteget (4 1/2-timarsramma)

5.3 Ordningar i samband med inn­føring av revidert mønsterplan for grunnskolen (m 85)

5.4

Med heimel i § 6 nr. 2 i lov om grunnskolen (jf Ot.prp. nr. 48 (1984-85) s. 65, 2. sp.) fastset departementet rettleiande normer for rammetimetalet for den einskilde kommunen.

I rundskriv F-1000/85 er det sagt at dei rettleiande normene vil bli fastsette som rammetimar pr. elev (elevfaktor), og at ein ved å multiplisere med elevtalet i kommunen vil få det rettleiande rammetimetalet.

I somme høve – særleg innafor vaksenopplæring – er det tale om elevar med varierande undervisningstimetal i høve til elevar i vanleg grunnskole. Elevtalet i kommunen blir då ikkje eit eintydig omgrep, og elevfaktoren let seg ikkje så lett kalkulere. Departementet har difor funne det meir formålstenleg å gje det samla rammetimetalet pr. veke for kvar kommune.

Ved uttrekninga av rettleiande rammetimetal har vi teke utgangspunkt i det godkjende rammetimetalet for barnesteget og ungdomssteget 1. oktober 1985. Timetalet for barnesteget er justert opp for kommunar som før 1. januar 1986 hadde eit lågare kommunalt vedteke timetal enn 138.

Det er lagt inn ei pårekna elevtalsendring frå 1985 til 1986 (tillegg eller frådrag) multiplisert med 1,2 t/v, jf rundskriv F-1000/85 s. 8. Dernest er det lagt til timar til konvertering etter dei gjeldande satsane for dei to stega (0,8 og 0,45 pst.).

Etter oppgåver frå skoledirektørane for skoleåret 1985-85 har vi lagt inn i rammetimetaler timar til

  • alternativ livssynsundervisning

  • leirskoleundervisning

  • spesialundervisning i vanleg grunnskole og spesialpedagogiske tiltak for barn under skolealder ( B-timar)

  • undervisning i eigne skolar og klassar for spesialundervisning

  • undervisning for elevar før og i grunnskolealder i institusjonar omtalte i avsnitt IV i rundskriv F-1000/85.

Vi minner om at rammetimar som gjeld undervisning i interkommunale skolar for spesialundervisning og i institusjonar, er lagde inn i rammetimetalet til vertskommunane, jf F-1000/85 s. 6.

Timar til konvertering er lagde til etter gjeldande reglar.

Tidlegare har ein etter visse reglar kunne nytte normalsatsar til utstyr m.v. i samband med spesialundervisning, jf rundskriva om refusjon. Vi gjer merksam på at heile ressursen no er omrekna til timar, og at ein difor no må konvertere timartil utstyr m.v. desom ein ønskjer å nytte noko av ressursen til dette formålet.

Etter oppgåver frå skoledirektørane er det og teke med timar til vaksenopplæring (vanleg og særskild førstegongsutdanning), jf rundskriv F-1000/85, avsnitt V pkt. 1. Vi gjer merksam på at vaksenopplæring for særskilde grupper og for innvandrarar og flyktningar, jf rundskriv F-1000/85 avsnitt V pkt. 2, ikkje er teken med i rammetimetalet. Ressursar til denne undervisninga blir tildelte etter særskild søknad.

Overgangen til nytt inntektssystem innber ikkje i seg sjølv ei endring i omfanget av undervisninga når ein ser bort frå oppjusteringa til 138 elevtimar på barnesteget. Det er såleis i dei aktuelle samanhengar rekna med om lag same undervsingsomfang skoleåret 1986-87 som skoleåret 1985-86.

Det er lagt inn i det rettleiande rammetimetalet ein timeressurs i samsvar med pkt. III a) og d): ein time pr. årsverk på barnesteget. Departementet tilrår at denne timen, konvertert til lt 30 min., blir lagd til fastsett tid i veka etter lokal avgjerd. Tida skal nyttast til planlegging og samråding i samband med M 85 i innføringsperioden. For kommunar som vel å innføre planen hausten 1987, kan denne tida nyttast til førebuing, dersom kommunen innfører timeressursen frå hausten 1986.

5.4.1

På visse punkt er det materialet departementet har til rådvelde, ufullstendig. Det gjeld særleg elevtalsendringar får 1985-86 til 1986-87, idet vi manglar oppgåver over flytting. Pårekna elevtalsendring inneheld såleis berre differensen mellom 1. klasse og 9. klasse, og endringar som kjem av flytting, er ikkje med.

Til dette kjem at alle elevtalsendringar er tillagde same vekt (1,2 t/v pr. elev). Det er dermed ikkje teke omsyn til at endringane kan gje færre eller fleire klassar ved somme skolar, og at elevtalsendringar i røynda har ulik verknad for rammetimetalet på barnesteget og ungdomssteget.

Når det gjeld spesialundervisning i interkommunale spesialskolar og i institusjonar, syner det seg at tildelte normalsatsar har vore omrekna til lærartimar på litt ulik måte i ulike fylke. Etter drøfting med dei respektive skoledirektørkontora har vi prøvd å ta omsyn til dette.

Oppgåvene frå skoledirektørane over vaksenopplæring har vore førebels og kan av den grunn avvike noko frå faktisk igangsett verksemd i løpet av skoleåret 1985-86.

Det framgår av det som er sagt ovafor, at det rettleiande rammetimetalet ikkje let seg kalkulere presist. Vi ber om at kommunane tek skilleg omsyn til dette.

Som vedlegg følgjer ei liste over rettleiande rammetimetal for kommunane i fylket.

5.5 Sosialpedagogiske og peda­gogiske styrkingstiltak på ungdomssteget (4 1/2-timarsramma)

Med heimel i § 17 nr. 5 fastset departementet at dei sosialpedagogiske og pedagogiske styrkingstiltaka utanom undervisning som ligg i 4 1/2-timarssramma på ungdomssteget ved den einskilde skolen, skal vidareførast. Fordelinga skjer etter lokal avgjerd i samsvar med dei retningslinjer som tidlegare er gjevne i rundskriv frå departementet, jf F-312/72, F-30/73 og F-137/73.

Fordelinga skjer med utgangspunkt i lokale tilhøve og behov, til dømes sosialpedagogisk teneste/rådgjeving, kontaktlærarteneste, sekretærteneste for samarbeidsutvalet, pedagogisk rettleiing – fagleg og metodisk, felles planlegging/samråding/konferansetid (til vanleg nytta 1 1/4 time pr. lærar i full post).

5.6 Ordningar i samband med inn­føring av revidert mønsterplan for grunnskolen (m 85)

5.6.1

I St.prp. nr. 58 for 1985-86 er det lagt fram forslag om styrkingstiltak i samband med innføring av revidert mønsterplan.

Med atterhald om Stortingets godkjenning vil departementet nytte 370 mill. kr ekstraordinært til innføring av den reviderte mønsterplanen i innføringsperioden: skoleåra 1986-87, 1987-88 og 1988-89.

Av denne summen vil departementet som eit verkemiddel i arbeidet med å styrkje informasjon og etterutdanning om nye intensjonar og nytt innhald i mønsterplanen nytte i alt 90 mill. kr fordelt på tre år. Ytterlegare 15 mill. kr over dei tre åra vil bli sette av til tiltak spesielt retta mot ungdomssteget. Departementet vil drøfte ein plan for etterutdanning med lærarorganisasjonane.

Dei resterande 265 mill. kr vil bli lagde inn i sektortilskotet i dei fire budsjettåra 1986-89: om lag 180 mill. kr til samråding og planlegging på barnesteget, og om lag 85 mill. kr til stimulans til innkjøp av lærebøker og læremiddel.

Departementet ber kommunane nytte ressursane i samsvar med dette. Departementet vil følgje utviklinga nøye, spesielt med tanke på at føresetnadene for inntektssystemet blir følgde.

5.6.2

Elles ber departementet kommunane nytte tre dagar pr. år av den 38. veka til planlegging i samband med mønsterplanen. For dei tre innføringsåra blir det i tillegg høve til å nytte to skoledagar kvart år til etterutdanningstiltak.

5.6.3

Ifølgje den reviderte planen er valfagsramma sett til minimum 11 veketimar på ungdomssteget. Departementet meiner at kommunane sjølve bør gjere vedtak om maksimumramma. Vi vil kome attende til dette i samband med omarbeiding av rundskrriv F-74/80.

5.6.4

Departementet ber kommunane om å ta den reviderte planen i bruk frå skoleåret 1986-87, på 1., 4. og 7. klassesteg i samsvar med planens inndeling i treårsperiodar. Kommunar som ønskjer det, kan ta planen i bruk på heile eller større delar av begynnarsteget og mellomsteget med det same. Dei kommunar som ikkje ser seg i stand til å ta planen i bruk frå komande skoleår, må innføre planen frå skoleåret 1987-88. Kommunar som innfører planen først frå 1987, bør nytte skoleåret 1986-87 til førebuing og vil få del i etterutdannings- og informasjonstilbodet på linje med dei andre. Desse kommunane må i si planlegging ta omsyn til at dei ekstraordinære midlane over statsbudsjettet gjeld t.o.m. skoleåret 1988-89.

Etter fullmakt

Oddvar Vormeland

Tor Holtan-Hartwig

Til forsiden