NOU 1998: 17

Barnefordelingssaker— - avgjørelsesorgan, saksbehandlingsregler og delt bosted

Til innholdsfortegnelse

2 Utkast til kap 5, 6 og 7 i barneloven i fulltekst

Kap 5. Foreldreansvaret og kvar barnet skal bu fast

§ 30. Innhaldet i foreldreansvaret.

Barnet har krav på omsut og omtanke frå dei som har foreldreansvaret. Dei har rett og plikt til å ta avgjerder for barnet i personlege tilhøve innanfor dei grensene som §§ 31 til 33 set. Foreldreansvaret skal utøvast ut frå barnet sine interesser og behov.

Dei som har foreldreansvaret, er skyldige til å gje barnet forsvarleg oppseding og forsyting. Dei skal syte for at barnet får utdanning etter evne og givnad.

Barnet må ikkje bli utsett for vald eller på anna vis bli handsama slik at den fysiske eller psykiske helsa blir utsett for skade eller fare.

Om retten til å ta avgjerd for barnet i økonomiske tilhøve gjeld reglane i verjemålslova 22. april 1927 nr. 3.

§ 31. Rett for barnet til å vere med på avgjerd.

Etter kvart som barnet utviklast og mognast, skal foreldra høyre kva barnet har å seie før dei tek avgjerd om personlege tilhøve for barnet. Dei skal leggje vekt på det barnet meiner. Det same gjeld for andre som barnet bur hos eller som har med barnet å gjere.

Når barnet er fylt 12 år, skal det få seie si meining før det vert teke avgjerd om personlege tilhøve for barnet, herunder i sak om kven av foreldra det skal bu hos. Det skal leggjast stor vekt på kva barnet meiner.

§ 32. Utdanning, medlemskap i foreiningar.

Barn som er fylt 15 år, avgjer sjølv spørsmål om val av utdanning og om å melde seg inn i eller ut av foreiningar.

§ 33. Barnet sin sjølvråderett.

Foreldra skal gje barnet stendig større sjølvråderett med alderen og fram til det er myndig.

§ 34. Foreldreansvaret når foreldra er eller har vore gifte.

Foreldre som er gifte, har foreldreansvaret saman for sams barn.

Foreldre som separerer eller skil seg, kan avtale at dei skal ha foreldreansvaret saman eller at ein av dei skal ha det åleine. Inntil avtale eller avgjerd om foreldreansvaret ligg føre, har dei ansvaret saman.

§ 35. Foreldreansvaret når foreldra ikkje er gifte.

Når foreldra ikkje er gifte, har mora foreldreansvaret åleine.

Foreldra kan likevel etter avtale gje melding til folkeregisteret om at dei skal ha foreldreansvaret saman eller at faren skal ha foreldreansvaret åleine.

Har ugifte foreldre foreldreansvaret saman, men barnet bur fast berre saman med den eine, gjeld reglane i § 35 b.

§ 35 a. Kvar barnet skal bu fast.

Foreldra kan gjere avtale om kven av dei barnet skal bu hjå fast. Dersom dei er samde om det, kan dei avtale at barnet skal bu fast hjå begge.

Er foreldra usamde, må retten avgjere at barnet skal bu fast hjå ein av dei.

Mindretallets forslag til siste punktum:

Er foreldra usamde, må retten dersom ikkje helt særlege høve ligg føre, avgjere at barnet skal bu fast hjå ein av dei.

§ 35 b. Avgjerder som kan takast av den som barnet bur fast saman med.

Har foreldra sams foreldreansvar, men barnet bur fast saman med berre den eine, kan den andre ikkje setje seg mot at den barnet bur saman med, tek avgjerder som gjeld vesentlege sider av omsuta for barnet, m.a. spørsmålet om barnet skal vere i barnehage, kor i landet barnet skal bu og andre større avgjerder om dagleglivet.

§ 36. Foreldreansvaret etter dødsfall.

Døyr den eine av foreldra som har foreldreansvaret saman, får den attlevande foreldreansvaret åleine.

Bur barnet saman med begge foreldra og den eine av dei døyr, får den attlevande foreldreansvaret åleine, jamvel om berre den avdøde hadde foreldreansvar.

Fører dødsfall til at ingen lenger har foreldreansvaret for eit barn, skal lensmannen eller skifteretten få opplysning om det i dødsfallsmeldinga.

For den eller dei som får foreldreansvaret, gjeld reglane i kapitlet her og kapittel 6.

§ 37. Registrering av foreldreansvaret.

Avtale eller avgjerd om foreldreansvaret skal meldast til folkeregisteret. Avtale om foreldreansvar som ikkje er meldt til folkeregisteret er ikkje gyldig.

§ 38. Flytting med barnet til utlandet.

Har den eine av foreldra foreldreansvaret åleine, kan den andre ikkje setje seg imot at barnet flyttar ut av landet. Dersom foreldra har foreldreansvaret saman, må begge samtykkje til at barnet skal flytte til utlandet.

Er foreldra usamde om kven som skal ha foreldreansvaret eller kven barnet skal bu fast saman med, må barnet ikkje flytte ut av landet før saka er avgjort.

§ 39. Utanlandsferd med barnet.

Den som har sams foreldreansvar eller foreldreansvaret åleine, kan ta barnet med på stuttare utanlandsferder. Har foreldra sams foreldreansvar, kan retten i orskurd setje forbod mot utanlandsferd med barnet, dersom det er uvisst om barnet vil kome attende. Forbodet kan gjelde ei enkelt reise eller ålment, og kan også setjast i ei sak om foreldreansvaret, kven barnet skal bu saman med eller samværsrett. Retten kan ta førebels avgjerd for tida fram til saka er endeleg avgjord.

I sak der det vert nedlagt reiseforbod, skal barnet førast ut av passet til den som vil forlate landet, eller barnet sitt pass skal trekkjast attende, eller barnet kan setjast bort til andre på forsvarleg måte til saka er avgjord.

Dersom det er fare for at barnet ikkje vil kome attende, kan politiet leggje ned førebels utreiseforbod fram til saka kan handsamast av retten. Andre stykket gjeld tilsvarande.

Den av foreldra som ikkje har foreldreansvaret, kan ikkje reise til utlandet med barnet utan samtykke frå den som har foreldreansvaret. Retten kan likevel etter krav frå den som vil reise, gje samtykke til utanlandsferd med barnet når det er openbert at barnet vil kome attende. Første stykket tredje og fjerde punktum gjeld tilsvarande for samtykket.

Kapittel 6. Samværsrett m.m.

§ 40. Barnet sin rett til samvær.

Barnet har rett til samvær med begge foreldra, jamvel om dei lever kvar for seg. Foreldra har felles ansvar for at samværsretten vert oppfyld.

Barnet har krav på omsut og omtanke frå den som er saman med barnet. Den som er saman med barnet, kan ta avgjerder som gjeld omsuta for barnet under samværet.

§ 41. Omfanget av samværet m.v.

Den av foreldra som barnet ikkje bur saman med, har rett til samvær med barnet om ikkje anna er avtala eller fastsett. Omfanget av samværsretten bør avtalast nærare.

Vert det avtala eller fastsett vanleg samværsrett, gjev det rett til å vere saman med barnet ein ettermiddag i veka, annankvar helg, 14 dagar i sommarferien, og jul eller påske.

Det kan, i avtale eller i dom, setjast vilkår for gjennomføringa av samværsretten.

Den andre av foreldra skal få melding i rimeleg tid føreåt når samværet ikkje kan finne stad som fastsett, eller når tida for samværet må avtalast nærare.

Dersom den som har foreldreansvaret eller som barnet bur hos hindrar at ein samværsrett kan gjennomførast, kan den som har samværsretten krevja ny avgjerd av kven som skal ha foreldreansvaret eller kven barnet skal bu saman med, jf § 65.

§ 42. Reisekostnader ved samvær.

Den av foreldra som skal ha samvær, må bere reisekostnadene til samværet. Dersom særlege grunnar gjer det rimeleg, kan retten fastsette at reisekostnadene skal delast, eller at den andre av foreldra skal bere alle reisekostnadene. Er foreldra samde om det, kan sak om reisekostnadene i staden gå til fylkesmannen. Har barnet fylt 15 år, kan sak om reisekostnader gå til fylkesmannen jamvel om berre ein av foreldra ber om det. Reglane i § 65 gjeld tilsvarande.

§ 43. Samværsrett for andre enn foreldra.

Når den eine av foreldra eller begge er døde, kan slektningane til barnet eller andre som er nær knytte til barnet, krevje at retten fastset om dei skal ha rett til å vere samen med barnet, og kva for omfang samværsretten skal ha.

I sak om samværsrett mellom foreldra, kan ein forelder som vert nekta samvær krevje at avgjerdsorganet fastset om hans eller hennar foreldre skal ha rett til å vere saman med barnet og kva for omfang samværsretten skal ha. Samvær for besteforeldre kan berre fastsetjast på vilkår av at den som er nekta samvær ikkje får møte barnet.

Reglane i kap 7 gjeld også for desse sakene. Det krevst ikkje at partane har vore til rettleiing før dei går til sak.

§ 44. Rett til å bli høyrd før ei avgjerd om framtida til barnet.

Den som har samværsrett med barnet skal, så langt råd er, få uttale seg før den som har foreldreansvaret tek avgjerder som vil gjere det umogeleg eller vesentleg vanskelegare å utøve samværsretten.

§ 45. Rett til opplysningar om barnet.

Har den eine av foreldra foreldreansvaret aleine, skal denne gje den andre opplysningar om barnet når det blir bede om det. Den andre har også rett til å få opplysningar om barnet frå barnehage, skule, helse- og sosialvesen og politi, om ikkje teieplikta gjeld andsynes foreldra. Slike opplysningar kan nektast gjeve dersom det kan vere til skade for barnet.

Avslag på krav om opplysningar etter første stykket andre punktum kan påklagast til fylkesmannen. Reglane i forvaltningslova kap VI gjeld så langt dei høver, jamvel om avslaget er gjeve av private.

I særlege høve kan fylkesmannen avgjere at den som ikkje har foreldreansvaret, skal tape opplysningsretten etter paragrafen her.

Kap 7. Sakshandsaminga i saker om foreldreansvaret, kvar barnet skal bu fast og samvær.

INNLEIANDE FØRESEGNER

§ 46. Det beste for barnet.

Avgjerder om foreldreansvar, kvar barnet skal bu fast og samvær, og handsaminga av slike saker, skal rette seg etter det som er best for barnet.

§ 47. Advokatar.

Advokatar som har saker etter dette kapittel bør vurdere om det er mogeleg for partane å kome fram til ei avtaleløysing. Advokaten skal opplyse foreldra om høvet til mekling.

§ 48. Teieplikt

Den som rettleier, meklar eller gjer teneste etter § 62 første stykket nr 2 har teieplikt etter lov om familievernkontor §§ 5-10. Den som gjer teneste etter § 62 første stykket nr 1, nr 3, nr 4 eller nr 7 har teieplikt om det som kjem fram om personlege forhold i samband med oppdraget. Han kan utan hinder av teieplikta gje oppdragsgjevar dei opplysningane han har fått i samband med oppdraget. Familievernkontorlova §§ 6-10 gjeld tilsvarande.

For den som gjer teneste etter § 62 første stykket nr 5 gjeld tvistemålslova § 205 tilsvarande. Retten kan oppheve teieplikta etter krav frå advokaten/representanten.

RETTLEIING OG MEKLING

§ 49. Rettleiing.

Gifte foreldre med felles barn under 16 år må for å få separasjonsløyve ha møtt til rettleiing på familievernkontor eller hjå annan godkjent meklar, jf ekteskapslova § 26.

Sambuarar med felles barn under 16 år skal ved samlivsbrot møte til slik rettleiing dersom ein av dei krev det. Det same gjeld ektefolk som går frå kvarandre utan å søkje separasjon.

Foreldra pliktar å møte til ein time rettleiing. Dei kan få tilbod om ytterlegare ein time med rettleiing.

§ 50. Føremålet med og innhaldet i rettleiinga.

Føremålet med rettleiinga er å gje foreldra råd om korleis samlivsbrotet kan gjennomførast på ein måte som best tek omsyn til barnet, samt orientere foreldra om verdien av at dei blir samde om tilhøve knytt til barnet. Det skal informerast om dei rettsreglane som vedkjem barn ved samlivsbrot.

Den som rettleier skal hjelpe foreldra å sette opp ei skriftleg avtale om foreldreansvaret, kvar barnet skal bu fast og samværet. Dersom foreldra ikkje er samde om desse spørsmåla, bør dei oppmodast om å møte til mekling. Mekling skal skje med mindre ein av foreldra set seg imot dette, jf § 53. Den som rettleier kan foreta meklinga.

§ 51. Frammøte.

Foreldra skal møte personleg og samstundes til rettleiing. Den som rettleier kan likevel bestemme at dei skal møte kvar for seg, dersom dette er tenleg. Foreldra kan ikkje møte med medhjelpar, men rettleiaren kan i særlege høve gjere unntak frå dette.

§ 52. Rettleiingsattest.

Etter avslutta rettleiing skal foreldra få ein rettleiingsattest. Rettleiingsattesten er gyldig i seks månader.

§ 53. Mekling.

Foreldra skal få tilbod om 3 timar mekling etter avslutta rettleiing. Dei kan få tilbod om ytterlegare 3 timar mekling dersom meklaren finn at dette kan føre til at partane kan kome til ein avtale.

§ 54. Føremålet med og innhaldet i meklinga.

Føremålet med meklinga er å få foreldra til å kome fram til ei skriftleg avtale om foreldreansvaret, kvar barnet skal bu fast og samværet. Meklaren bør leggje fram forslag til løysingar og gje foreldra råd om tvistepunkta mellom dei dersom han finn grunnlag for det.

§ 51 gjeld tilsvarande.

§ 55. Meklingsattest.

Etter avslutta mekling skal foreldra få ein meklingsattest. Er mekling kome i stand etter tilvising frå retten, skal meklaren også sende attesten til retten. Meklingsattesten er gyldig i seks månader.

§ 56. Tvangskraft av avtaler.

Skriftlege avtaler inngått under rettleiing eller mekling er særleg tvangsgrunnlag når foreldra ber om det. Unntak gjeld for avtaler som rettleiar eller meklar nektar å stadfeste fordi det klårt vil vere i strid med interessene til barnet å gje avtalen verknad som tvangsgrunnlag. Foreldra skal gjerast kjent med verknadene av at avtalen er særleg tvangsgrunnlag.

Avtaler som ikkje er inngått i samband med rettleiing og mekling kan sendast familievernkontoret til stadfesting. Første stykket andre og tredje punktum gjeld tilsvarande. Meklar kan samtale med foreldra i samband med spørsmålet om å stadfeste avtalen. Avgjerd om stadfesting treng ikkje grunngjevast, og avgjerda kan ikkje påklagast.

SAKSHANDSAMINGA FOR RETTEN

§ 57. Vilkår for å reise sak.

Er foreldra usamde om kven som skal ha foreldreansvaret, kvar barnet skal bu fast eller samværet, kan kvar av dei reise sak for retten. Andre enn foreldra kan reise sak når vilkåra etter §§ 43 eller 64 er oppfylt.

Eit vilkår for å gå til sak etter første ledd er at foreldra kan leggje fram gyldig rettleiingsattest eller meklingsattest.

§ 58. Kvar sak skal reisast.

Sak etter § 57 må reisast for den domstolen der barnet har heimting på den tid da saka vert reist. Dersom saka gjeld søsken med ulikt heimting, kan felles sak for barna reisast der eitt av barna har heimting.

§ 59. Stemnemål og tilsvar.

Stemnemålet skal innehalde namn og adresse til foreldra og barna, og skal vise om usemja gjeld foreldreansvaret, kvar barnet skal bu fast eller samværet, samt gje ei kort utgreiing om grunnlaget for usemja og saksøkjars påstand. Rettleiingsattest skal leggjast ved, samt meklingsattest dersom foreldra har vore til mekling. Stemnemålet kan setjast fram på godkjent skjema.

Retten skal forkynne stemnemålet for saksøkte. Tilsvaret skal gjere greie for kva for tvistepunkt det er usemje om og gje ei kort utgreiing om korleis saksøkte ser på saka. I tillegg må tilsvaret innehalde saksøktes påstand. Tilsvaret kan setjast fram på godkjent skjema.

Retten kan be om nærære utgreiing av saka frå partane dersom det trengst for å få saka godt nok opplyst.

§ 60. Sakshandsaminga.

Dommaren skal påskunde saka så mykje som mogeleg.

Dommaren skal på eit kvart trinn i saka vurdere om det er høve for å oppnå forlik mellom partane, og legge tilhøva til rette for dette.

Domstolslova og tvistemålslova gjeld for retten si handsaming av saker etter dette kapittel, så langt ikkje anna følgjer av reglane her.

§ 61. Førebels avgjerd.

Retten kan etter krav frå ein part ta førebels avgjerd om kven av foreldra som skal ha foreldreansvaret, kven barnet skal bu hjå fast og omfanget av samværet. Slik avgjerd kan gjelde for ei viss tid eller til saka er endeleg avgjord. Retten kan også ta førebels avgjerd før saka er reist, dersom særlege grunnar talar for det.

Retten kan samstundes forby den andre av foreldra å kome til den eigedomen eller det bustadhuset der barnet held til. Dersom det ikkje trengst avgjerd straks, skal retten så langt råd er gje den andre høve til å uttale seg.

Når avgjerd er teken før sak er reist, skal retten fastsette ein frist for å reise søksmål. Fristen kan forlengjast ved avgjerd av dommaren. Er det ikkje tatt ut søksmål innan fristen, fell tekne avgjerder bort.

Avgjerdene vert tekne i orskurd. Det er ikkje nødvendig å halde munnleg forhandling på førehand.

§ 62. Avgjerder under saksførebuinga.

Retten fastset tid for hovudforhandling straks eller etter at eitt eller fleire av tiltaka i nr 1-7 nedanfor er gjennomført.

  1. Retten kan innkalle partane til eitt eller fleire førebuande møte for mellom anna å klarleggje tvistepunkta mellom dei, drøfte vidare handsaming av saka og eventuelt mekle mellom partane.

    Retten kan oppnemne ein sakkunnig til å vere med i dei saksførebuande møta. Retten kan jamvel be den sakkunnige ha samtaler med foreldra og gjere undersøkingar for å klarleggje tilhøva i saka, med mindre foreldra set seg i mot dette. Retten fastset kva den sakkunnige skal gjere etter at partane har fått høve til å uttale seg.

  2. Retten kan vise partane til mekling hjå godkjend meklar eller annan person med innsikt i dei tvistepunkta saka gjeld. §§ 51, 54 og 56 gjeld tilsvarande. Dersom meklaren finn at partane ikkje kan nå fram til ei avtale gjennom vidare mekling skal han straks melde frå til retten om dette.

  3. Retten kan, der det trengst, oppnemne sakkunnig til å uttale seg om eitt eller fleire av dei spørsmåla saka reiser, jf tvistemålslova § 239. Også sakkunnig som har gjort teneste etter nr 1 kan oppnemnast til å gje utgreiing i saka. Retten skal utforme eit mandat for den sakkunnige. Partane bør få høve til å kome med forslag til eller uttale seg om mandatet. Retten kan setje ei kostnadsgrense for arbeidet til den sakkunnige.

  4. Dommaren kan gjennomføre samtaler med barnet, jf § 31. Retten kan oppnemne ein sakkunnig eller annan eigna person til å hjelpe seg, eller la ein sakkunnig ha samtale med barnet aleine.

  5. Retten kan i særlege høve oppnemne ein advokat eller annan representant til å ivareta interessene til barnet i samband med søksmålet. Den som er oppnemnt kan samtale med barnet og skal gje slik informasjon og støtte som er naturleg.

    Advokaten/representanten skal få saksdokumenta. Han kan kome med framlegg om handsaminga av saka og skriftleg eller i rettsmøte gje råd om korleis sakshandsaminga best kan ta vare på interessene til barnet. Retten avgjer om og eventuelt kor lenge han skal vere til stades under rettsmøta i saka. Når advokaten/representanten er til stades i rettsmøta kan han stille spørsmål til partar og vitne.

  6. Retten kan innhente fråsegner frå barnevernet og sosialtenesta der det trengst.

  7. Retten kan gi partane høve til å prøve ut ei førebels avtale for ei nærare bestemt tid. Retten kan oppnemne ein sakkunnig eller annan eigna person til å rettleie foreldra i prøvetida.

  8. Retten kan gje dom utan hovudforhandling så framt partane samtykkjer til dette og retten finn det forsvarleg.

    Staten ber kostnadene til dei tiltaka som er nemnt i første stykket nr 1, 2, 4, 5 og 7. Departementet fastset reglar om godtgjering til dei som gjer teneste etter paragrafen her.

§ 63. Kjæremål.

Rettens val av tiltak etter § 62 første stykket kan ikkje påkjærast. Unntak gjeld for avgjerd om å nekte å oppnemne sakkunnig etter § 62 første stykket nr 3, og avgjerd å nekte å innhente fråsegner som nemnt i § 62 første stykket nr 6.

§ 64. Handsamingsmåten for krav om foreldreansvar etter dødsfall.

Når den som får foreldreansvaret etter § 36 første stykket ikkje budde saman med barnet, eller den av foreldra som får foreldreansvaret etter § 36 andre stykket ikkje hadde foreldreansvaret då den andre døydde, kan andre innan 6 månader etter dødsfallet reise sak med krav om å få foreldreansvaret og få bu fast saman med barnet. Retten kan ta førebels avgjerd etter § 61.

Retten skal avgjere spørsmålet i orskurd, som kan ankast. Retten skal til vanleg kalle inn til munnleg forhandling før det vert teke avgjerd. Det skal leggjast vekt på om den attlevande av foreldra ønskjer foreldreansvaret. Ingen kan få foreldreansvaret utan å oppfylle vilkåra i tredje stykket.

Der ingen lenger har foreldreansvaret for eit barn, jf § 36 tredje stykket, skal dei som ønskjer foreldreansvaret vende seg til herads- eller byretten der barnet bur. Kjem det berre eitt krav om å få foreldreansvaret, skal retten gå med på kravet, utan når det er fare for at barnet ikkje vil få forsvarleg stell og fostring, eller det vil lide skade på annan måte. Avslag på eit krav om foreldreansvaret skal gjerast i orskurd, og kan ankast.

Før retten avgjer saka, skal dei næraste slektningane til barnet eller dei som barnet bur saman med ha høve til å uttale seg. Er barnet fylt 12 år, skal retten høyre kva det meiner. Retten kan sjå bort frå uttaleretten etter dette stykket når særlege grunnar gjer uttale uturvande.

Retten kan la ein person få foreldreansvaret åleine, eller la sambuande mann og kvinne få det saman. Får nokon annan enn attlevande far eller mor foreldreansvaret, skal retten også avgjere om faren eller mora framleis skal ha del i foreldreansvaret. Har foreldra skriftleg gjeve uttrykk for kven dei ønskjer skal ha foreldreansvaret etter at dei er døde, bør det leggjast vekt på dette.

Retten kan setje som vilkår for avgjerda at barnet i ei viss tid ikkje skal kunne flyttast frå heimen der det bur, dersom flyttinga kan vere uheldig for barnet, og det ikkje er rimeleg grunn til å flytte.

Dersom ingen har meldt seg eller retten gjev avslag på alle krav om foreldreansvaret, skal den melde frå til barneverntenesta. Barneverntenesta skal plassere barnet etter reglane i lov om barneverntenester § 4-14 og § 4-15 første stykket. §§ 4-16, 4-17, 4-18 første stykket og 4-20 gjeld tilsvarande.

Avgjerd etter paragrafen her kan innstemnast på ny for retten av den attlevande av foreldra og endrast dersom særlege grunnar talar for det. § 65 tredje stykket gjeld tilsvarande.

§ 65. Endring av avtale eller avgjerd om foreldreansvaret o.l.

Foreldra kan gjere om avtale eller avgjerd om foreldreansvaret, kven barnet skal bu hjå fast og samværsretten.

Vert foreldra ikkje samde, kan kvar av dei reise sak for retten, jf § 57. Dom og rettsforlik kan likevel berre endrast når særlege grunnar talar for det. Førebels avgjerd etter § 61 kan endrast på same vilkår av den domstolen som har hovudsaka.

Dersom det er openbert at det ikkje ligg føre slike særlege grunnar som nemnt i andre stykket, kan retten avgjere saka utan hovudforhandling.

TVANGSFULLFØRING

§ 66. Tvangsfullføring.

Om tvangsfullføring av avgjerd eller avtale om foreldreansvaret og kven barnet skal bu saman med gjeld tvangsfullføringslova kap 13. Namsmannen skal likevel krevje inn tvangsbota. Innkrevjing skal berre skje når den som har retten ber om det. Førebels avgjerd etter § 61 er tvangskraftig endå om avgjerda ikkje er rettskraftig.

Avgjerd eller avtale om samværsrett kan tvangsfullførast ved tvangsbot etter tvangsfullføringslova kap 13. Namsretten kan fastsetje ei ståande tvangsbot som for ei viss tid skal gjelde for kvar gong samværsretten ikkje vert respektert. Første stykket andre, tredje og fjerde punktum gjeld tilsvarande.

Til forsiden