NOU 1999: 9

Til laks åt alle kan ingen gjera?— Om årsaker til nedgangen i de norske villaksbestandene og forslag til strategier og tiltak for å bedre situasjonen

Til innholdsfortegnelse

3 Utvikling i norske laksebestandar i høve til ulike trugsmål samanlikna med laksebestandar på Island og Kola

Harald Sægrov (Rådgivende Biologer as)

3.1 Innleiing

Stadig redusert totalfangst av laks dei siste 20 åra har ført til otte for framtida til laksen, spesielt storlaksbestandane. Denne otten er forsterka dei siste to–tre åra på grunn av ein til dels dramatisk fangstreduksjonen i mange storlakselver. I storlaksstammane held fleirtalet av laksane seg to eller fleire vintrar i havet før dei kjem attende til elva for å gyte.

Det er mange faktorar som kan påverke laksebestandane. Om nokre veit vi mykje, om andre mindre. Mange meiner at situasjonen for mange laksestammar er såpass alvorleg at det er nødvendig å sette i verk tiltak utan at ein har sikker kunnskap om kva for faktorar som verkar negativt, innbyrdes verknad av faktorar og utslaget av einskildfaktorar. Mange fryktar at laksestammane skal forsvinne medan vi ventar på å få dokumentert problema eller problemkompleksa.

I mangel på dokumentert kunnskap må det av og til nyttast skjønn. Finst det tilnærmingar som kan nyttast til å sortere effektar av einskildfaktorar og kombinerte effektar og prioritere tiltak deretter? Frå epidemiologisk forsking finst det fleire døme på korleis ein har greidd å førebyggje og avgrense alvorlege sjukdomar utan sikker kunnskap om årsakene til eller smittestoffet som utløyser sjukdomen. Gjennom systematisk analyse av sjukdomen sin utbreiing og mogelege smittevegar har sjukdomen blitt bekjempa utan kunnskap om dei eigentlege årsakene som ofte har kome fleire tiår seinare. Kan dette vere ei aktuell tilnærming for lakseforvaltinga i dagens situasjon?

Her gjer eg ein freistnad på ei slik tilnærming som er meint som ein idé. Dei framlagde tal og resultat må sjåast på som eksempel og hypotesar, men kan vonleg vere grunnlag for meir grundig og systematisk oppfølging. Denne gjennomgangen tek utgangspunkt i naturleg bestandsvariasjon, dernest eksempel på avvikande bestandsutvikling i einskildbestandar i regionar og status for desse bestandane med tanke på rekruttering og innblanding av rømd oppdrettslaks.

3.2 Kva faktorar kan medverke til bestandsreduksjonar?

Innsiget av vaksen laks varierer i høve til naturleg variasjon i produksjonstilhøve i elv og sjø og naturleg variasjon av ulike dødlegheitsfaktorar. For norske laksebestandar er det i tillegg ekstra dødlegheitsfaktorar som forsterkar utslaga av naturlege faktorar. Tre viktige faktorar særmerkjer seg ved at dei har effekt på bestandar regionalt eller i deler av landet:

  • Den negative effekten av Gyrodactylus salaris på laks er godt dokumentert, men vassdraga på strekninga mellom Drammen og Sogn er fri for denne parasitten.

  • Det er godt dokumentert at sur nedbør har utradert laks frå mange elver. For andre bestandar, t.d. på Vestlandet, er effekten av sur nedbør omdiskutert. Forsuringsproblemet er uansett avgrensa til laksevassdrag sør for Nordfjord, men med store lokale skilnader.

  • Produksjonen av oppdrettslaks kan påverke villaksbestandane både ved produksjon av lakseluslarver som kan angripe utvandrande laksesmolt, og ved gyting av rømd oppdrettslaks i lakseelvene. Fiskeoppdrett i sjøen går hovud­sak­leg føre seg på strekninga Stavanger til Troms. På Austlandet og i Finnmark er det lite oppdrettsaktivitet.

I tillegg kjem effektane av fangst i sjø og elv, vassdragsreguleringar, andre inngrep i vassdrag og forureining av ulike typar, men dette gjeld vassdrag over heile landet og med varierande effekt på bestandane. Det er dermed få eller ingen norske bestandar som ikkje er utsett for ein eller fleire menneskeårsaka påverknader, og dermed er det vanskeleg å finne bestandar som kan brukast som kontroll for effektane av ulike påverknader. Bestandar frå Kola og Island er difor mogelege referansar i slike analysar.

3.3 Gjev fangststatistikkar frå elver eit riktig bilete av bestandsstorleiken?

Det er relativt lite sikker kunnskap om kor mykje av lakseinnsiget til ei elv som normalt blir fanga i fiskesesongen. Tal for beskatning i elv varierer omkring 50   % av oppvandrande bestand. Undersøkingar tyder på at smålaks er utsett for høgare beskatning enn mellom- og storlaks. Det viktigaste i denne samanhangen er at fangstandelen i hovudsak er uavhengig av totalt antal laks som kjem opp i elva. Dei store endringane i fisket har i tillegg i hovudsak skjedd i sjøen. Vi meiner difor at elvestatistikken grovt sett uttrykkjer lakseinnsiget til den einskilde elva over tid.

3.4 Kva er normal bestandsvariasjon?

Ein føresetnad for å gjere epidemiolgiske analyser er at ein kan skilje normal bestandsvariasjon frå den variasjonen som er menneskeskapt. For å få eit uttrykk for naturleg bestandsvariasjon hos laks, kan det difor vere interessant å sjå på variasjonen i laksebestandar som ikkje er påverka av «våre» faktorar, men som har opphaldet i havet til felles med norsk laks. Slike bestandar finst på Island og på Kolahalvøya i Russland. For bestandane i dei utvalgte elvene er det ikkje sjøfiske, det er ikkje fiskeoppdrett i særleg omfang, det er ikke G. salaris og ikkje sur nedbør. Ein kan difor anta at fisket i elvene avspeglar den naturlege bestandsvariasjonen.

Figur 3.1 Gjennomsnittleg indeks for fangst av laks i tre elver på Island
 (Hofsà, Selà og Laxà) og frå tre
 elver på Kola (Kola, Tuloma og Ponoy) og fangstindeks for
 Altaelva. (NOS, og bearbeidde data frå 
 laksestatistikken for Island, Gudbergsson m.fl....

Figur 3.1 Gjennomsnittleg indeks for fangst av laks i tre elver på Island (Hofsà, Selà og Laxà) og frå tre elver på Kola (Kola, Tuloma og Ponoy) og fangstindeks for Altaelva. (NOS, og bearbeidde data frå laksestatistikken for Island, Gudbergsson m.fl.1997 og Antonsson m.fl. 1996).

For å samanlikne fangsten i ulike elver er det gunstig å indeksere fangsttala. Her er det nytta fangstindeks der fangsten i toppåret i perioden er 100   % og fangsten kvart av dei andre åra er rekna som prosent av toppfangsten. Når ein reknar på gjennomsnittleg fangstindeks for fleire elver innan ein region, vil ein dermed ikkje kome opp i 100   %. Analysene viser at fangsten av laks elvene på nordaust Island samvarierte i svært stor grad i perioden 1972 til 1996, og det same var tilfelle for elvene på Kolahalvøya i perioden 1974 til 1990. Fangstane i dei islandske og russiske elvene samvarierte, men topp- og botnåra kom 2–3 år tidlegare i dei russiske elvene samanlikna med dei islandske (Figur 3.1, Antonsson m.fl. 1996, Sægrov m.fl. 1997b).

På Island låg fangstindeksen på ca. 85   % i 1978, 1987 og i 1992 og ca. 20   % i perioden 1981–1984. Toppfangstane låg altså meir enn 4 gonger høgare enn botnfangstane. På Kola var fangstindeksen høgast i 1975 og 1990 med ca. 85   %, medan lågast indeks vart registrert i perioden 1979 til 1982 med ca. 35   %, skilnaden på topp- og botnfangst var ca. 2,5:1. Samvariasjonen med 2–3 års forskuving var også parallell for rekruttering av torsk og lodde og var godt korrelert med temperaturen i dei respektive havområda (Antonsson m.fl. 1996). For åra etter 1990 har vi ikkje informasjon om fangsten i dei russiske elvene, men på Island låg fangstindeksane i intervallet 40–50   % i 1994, 1995 og 1996. Om vi samanliknar med Alta, følgjer fangstane her hovudsakleg variasjonen i elvene på Kola fram til 1990 og i dei siste åra har fangstindeksen i Altaelva vore relativt høg (Figur 3.1).

Desse resultata gjev sterke indikasjonar på at variasjon i det felles havmiljøet er hovudårsaka til dei store svingingane i laksebestandane, og at havtemperatur er ein avgjerande faktor. Dette vart tidlegare konkludert av Friedland m.fl. (1993) og støtta av Hansen (1996). Viktige livshistorieparametrar som fordeling på sjøalder synest også å variere med sjøtemperatur.

3.5 Kva skjer med storlaksbestandane på Vestlandet?

I ein del storlakselver på Vestlandet har fangstane etter 1992 blitt redusert til 15–30   % av tidlegare registrert maksimumfangst etter 1969. Fangstutviklinga i den regulerte og anteke sure Suldalslågen skil seg ikkje vesentleg frå dei uregulerte og ikkje-sure elvene i Olden og Stryn i Nordfjord. I Suldalslågen og Oldenelva var fangstindeksen berre 16   % i 1996 (Figur 3.2). Redusert fiske i sjøen i 1997 førte til ein auke i bestandane av vaksen laks som gjekk opp i elvene.

Figur 3.2 Fangstindeks for Suldalslågen, Oldenelva og Stryneelva
 i perioden 1969 til 1996 (NOS).

Figur 3.2 Fangstindeks for Suldalslågen, Oldenelva og Stryneelva i perioden 1969 til 1996 (NOS).

I Vosso var det toppfangst så seint som i 1987, deretter minka fangstane raskt, og elva vart freda frå 1992. Resultat frå stamfiske og gytefiskteljingar har vist at bestanden av vaksen laks i elva er ytterlegare redusert fram til 1997. Den siste smoltårgangen med høg overleving gjekk ut av elva i 1985, og den frå 1988 hadde normal overleving. Alle andre smoltårgangar etter 1985 hadde låg overleving (Sægrov m.fl. 1994). Dei siste åra har det vore større rekruttering av rømd oppdrettslaks enn av villaks i elva (Sægrov m.fl.1996). Det er uklart om det er dårleg vasskvalitet, inngrep i vassdraget eller faktorar i sjøen som har ført til nedgangen i villaksbestanden.

3.6 Finst det regionale tendensar?

I Drammenselva (bestanden er halden kunstig oppe ved hjelp av kultivering) og Numedalslågen på Austlandet har laksefangstane halde seg relativt høge utover 90-talet (Hansen m.fl. 1996). Oppover Vestlandet har fangstane avteke til dels dramatisk dei siste åra, med indeksar under 20   % i 1996. I naboelvene Orkla og Gaula i Sør-Trøndelag har fangstindeksane vore samanfallande sidan 1988. Så seint som i 1994 var det høg fangst i desse elvene, men fangstane har avteke dei etterfølgjande åra, og førebels tal for 1997 viser at fangstindeksane var høvesvis 19   % og 12   % for Orkla og Gaula. Går vi til den nordlege delen av landet, viser tala frå Altaelva gode fangstar med indeks over 75   % i 1995 og 1996, trass i vasskraftreguleringa.

Fangstutviklinga i dei tre nemnde Vestlandselvene liknar mykje på det som vart registrert for Vossolaksen fem år tidlegare, og den største veksten i produksjonen av oppdrettslaks kom fem år tidlegare i Hordaland samanlikna med nabofylka Rogaland og Sogn og Fjordane (Sægrov m.fl. 1997b).

Laks i oppdrettsanlegg og rømd laks som held seg i fjordar og ved kysten om vinteren, er vertar for lakselus som produserer larver, og som i neste omgang sannsynlegvis reduserer overlevinga på utvandrande laksesmolt om våren. Ekstra dødlegheit på grunn av denne faktoren varierer truleg med naturlege tilhøve som tilførsel av ferskvann og temperatur og mellom lokalitetar. Det pågår for tida eksperiment som i nær framtid vil kunne dokumentere relevans og omfang av dette problemet.

Det er ein tendens til ein tydelegare reduksjon av storlaksbestandane i regionar med høg produksjon av oppdrettslaks og at reduksjonen føl den lokale utviklinga i oppdrettsnæringa. Auka produksjon av lakselus kan vere ein mogeleg faktor. Tendensane er vanskeleg å dokumentere, men bestandssitusjonen er urovekkjande i mange elver i dei typiske oppdrettsfylka.

3.7 Rekrutteringspotensialet til ein fåtallig gytebestand

Fordelinga på smålaks og storlaks innan ein bestand varierer, både i kort- og langtidsperspektiv. I noverande periode er det eit høgt innslag av smålaks, på 70-talet var innslaget lågare. Når innslaget av storlaks avtek har det konsekvensar for gytebestand og rekruttering. Når det er få storlaks, er det også få hoer fordi det normalt er ei overvekt av hannar mellom smålaksane. Store hoer har dessutan fleire egg enn små. For å beskrive bestandstatus med tanke på framtidige laksegenereasjonar er det difor meir relevant å snakke om rekrutteringspotensiale enn fangstindeks. Ein kan normalt rekne med at antal hoer eller antal gytte egg er ein avgrensande faktor eller flaskehals når bestanden er fåtalig.

På grunn av at innslaget med smålaks har auka, er rekrutteringspotensialet til ein storlaksbestand på 90-talet lågare enn på 70-talet, gitt same antal individ. Rekrutteringspotensialet kan uttrykkjast som antal gytte egg per m2 elvebotn. For canadiske laksebestandar er det tilrådd at det bør vere minst 2,5 egg per m2 for at produksjonspotensialet skal bli fullt utnytta. Undersøkingar i ei skotsk elv viste ei nedre grense på 3,4 egg per m2 (sjå Sættem 1995). Undersøkingar i Imsa tilseier at det for denne bestanden må vere gytt minst 6 egg per m2 for å oppnå full smoltproduksjon (Hansen m.fl. 1996). Det er usikkert om desse nedre grensene har generell relevans, men i påvente av resultat frå fleire bestandar må dei nyttast.

Med utgangspunkt i desse nedre grensene for eggtettleik, er spørsmålet om ein fangstindeks på 20–30   % representerer eit tilstrekkeleg rekrutteringspotensiale. I Oldenelva var fangstindeksen 25   % og 16   % i 1995 og 1996, og eggtettleiken vart estimert til 2,1 egg per m2 begge åra. I Suldalslågen var fangstindeksane 18   % og 16   %, og eggtettleik vart estimert til 0,9 og 0,5 egg m2 . Spesielt for Suldalslågen var eggtettleiken godt under det som er rekna som grensa for å oppnå full smoltproduksjon. Ungfiskundersøkingar viste også at det var låg tettleik av årsyngel dei etterfølgjande haustane. I januar 1997 vart det talt 90 gytelaks i Suldalslågen, og det var svært få laks i øvste del av elva. Dette kan indikere at når bestanden av gytelaks er så fåtallig som den no er, sviktar rekrutteringa.

I 1997 var det redusert sjøfiske etter laks i Nordfjord og Ryfylke. Dette resulterte i at fangstindeksen for Oldenelva kom opp i 67   %. Gytebestanden vart estimert utifrå fangsten i fiskesesongen, og eggtettleiken vart utrekna til 7,5 egg per m2 , altså over minimumsnivået. Under teljingar i Suldalslågen i januar 1998 vart det observert 231 gytelaks, og eggtettleiken vart utrekna til 1,2 egg per m2 . Dette er sannsynlegvis framleis for lite til å oppnå full smoltproduksjon i elva, men ein auke i høve til dei føregåande åra. I Suldalslågen vart mest all vill storlaks og mellomlaks over 4   kg som vart fanga i fiskesesongen, sett ut att i elva. Uttaket av gytelaks var altså svært lågt. Dette illustrerer at sjølv om fisket i elva blir stansa, er beskatninga i sjøen for høg til å sikre eit tilstrekkeleg antal gytelaks.

Eit svært viktig poeng er at når gytebestanden av villaks aukar, så blir innblandinga av rømd oppdrettslaks redusert (Lura 1995). Når antalet gytelaks er så høgt at eggtettleiken når opp i 2–3 egg per m2 , vil konkurransen på gyteplassane vere høg nok til at rømd oppdrettslaks har langt lågare gytesuksess i elva.

3.8 Fangstfordeling sjø-elv. Problem ved fiske på blanda laksebestandar

Mellom 50 og 70   % av lakseinnsiget blir framleis fanga i sjøen, og beskatningstrykket er størst på storlaks. Av storlaksen som går opp i elva blir normalt 30–50   % fanga under sportsfiske, og resten får gyte. Reguleringane av sjøfiskeria med stansen i drivgarnsfisket har endra lite på beskatningstrykk og fordeling på fangst i sjø og elv (Lund m.fl. 1994, Hansen m.fl. 1996). Problema med sjøfisket er den høge beskatninga og fisket på blanda bestandar. Felles innvandringsruter langs kysten og inn mot elveneelvene gjer at laks frå fleire bestandar passerer dei same områda og blir beskatta under sjøfisket, utan omsyn til status for den einskilde bestanden.

3.9 Oppsummering

Sterkt redusert fangst i mange lakseelver dei siste åra har ført til otte for laksens framtid. Ei epidemiologisk tilnærming til problemfeltet tilseier at ein prøver å avgrense eller isolere problemet og peike ut tiltak utan at dei faktiske årsakene nødvendigvis er kjent i detalj.

I elver på Island og Kolahalvøya varierte laksefangstane i perioden 1971 til 1992 i storleiksorden 4:1 og 2,5:1 og med toppfangstar på midt på 70- talet og rundt 1990. Fangsten i desse nordlege elvene samvarierer innbyrdes og med temperaturtilhøve i havet. Fangstutviklinga i Altaelva ligg nær utviklinga på Kola. Laksebestandane i desse områda har felles opphald med våre bestandar i havet og kan utgjere basis for å vurdere utslaget av ekstra dødlegheitsfaktorar på våre bestandar.

I Drammenselva har det vore relativt høge fangstar utover 1990-talet. På Vestlandet og i Sør-Trøndelag har fangstane avteke sterkt dei siste åra, medan fangstane i Altaelva held seg høge.

Storlaksbestandane er no svært fåtallige i regionar med høg produksjon av oppdrettslaks. Høg produksjon av lakselus i oppdrett kan vere ein viktig negativ faktor.

Ein høg andel av mellom- og storlaks blir fanga i sjøen. Fisket er uspesifikt og beskattar alle bestandar, uavhengig av stammens status. Det tiltaket som vil ha størst effekt for å sikre einskildbestandar, er dermed reduksjon eller stans i sjøfisket. I 1997 var sjøfisket etter laks redusert i Nordfjord og Ryfylke, og gytebestanden auka til eit akseptabelt nivå i Oldenelva, og auka også tydeleg i Sul­dals­lågen. Tiltak i elvene, t.d. fiskeforbod, er ikkje tilstrekkeleg til å sikre lokale bestandar som Vosso­laksen og Suldalslaksen.

På grunn av låg tilbakevending av fleirsjøvinterlaks er det lågt rekrutteringspotensiale for mange av laksebestandane innan oppdrettsregionen. Redusert rekruttering i dag vil først vise seg som redusert fangst og gytebestand om 5-8 år. Problemet blir forsterka ved at rømd oppdrettslaks får høgare gytesuksess i elvene når det er lite konkurranse frå villaks. Denne faktoren gjer at ein bestand i dag er meir utsett enn i tidlegare lågperiodar.

Det kan ikkje dokumenterast at storlaksbestandane har hatt ein unormal nedgang, men mange er på eit minimumsnivå, og det er sannsynleg at bestandane innan oppdrettsregionen er meir reduserte enn det ein bør forvente som normalt. Dersom bestandane held seg på same låge nivå nokre få år til, kan dette innebere uboteleg skade. Tiltak som blir sette i verk for å sikre bestandane av vill gytelaks dei neste to–tre åra kan vise seg å vere avgjerande for framtida til einskildbestandar.

Laksen er i utgangspunktet freda, men med høve til å hauste av eit overskot. Det er difor viktig å kunne definere kor tid det er eit overskot og for å få ei best mogeleg forvalting bør dette overskotet helst kunne predikerast på førehand. Redusert fangst eller fangststopp løyser ikkje problemet med stor dødlegheit, men kan sikre bestandane i ein periode inntil årsak eller årsaker til nedgangen er vist og eventuelt fjerna.

Referansar

Antonsson, Th., G. Gudbergsson & S. Gudjonsson. 1996. Environmental continuity in fluctuation of fish stocks in the North Atlantic Ocean, with particular reference to Atlantic salmon. North American Journal of Fisheries Management 16:540–547.

Friedland, K.D., D.G. Reddin & J. Kocik. 1993. Marine survival of North American and European Atlantic salmon : effects of growth and environment. – ICES Journal of Marine Science 50:481–492.

Gudbergsson, G. 1997. Icelandic salmon, trout and charr catch statistics 1996. Report from The Institute of Freshwater Fisheries, VMST-R/97007.

Gudjonsson, S., S.M. Einarsson, Th. Antonsson & G. Gudbergsson. 1995. Relation of grilse to salmon ratio to environmental changes in several wild stocks of Atlantic salmon ( Salmo salar ) in Iceland. Canadian Journal of Fisheries and Aquatic Sciences. 52:1385–1398.

Hansen, L.P. 1996. 2 Figgjo, i Jensen, A.J., red. 1996. Overvåking av anadrome laksefisk i utvalgte referansevassdrag. Årsrapport 1995. – NINA Oppdragsmelding 422: 1–51.

Hansen, L.P., B. Jonsson & N. Jonsson. 1996. Overvåking av laks fra Imsa og Drammenselva. – NINA Oppdragsmelding 401: 1–28.

Lund, R., F. Økland & T.G. Heggberget 1994. Utviklingen i laksebestandene i Norge før og etter reguleringene av laksefisket i 1989. – NINA Forskningsrapport 054: 1–46.

Lura, H. 1995. Domesticated female Atlantic salmon in the wild: spawning success and contribution to local populations. Dr. scient avhandling. Universitetet i Bergen, mai 1995.

NOS: 1970–1996. Norges Offisielle Statistikk. Fiske og oppdrett av laks m.v.

Summers, D.W. 1995. Long-term changes in the sea-age at maturity and seasonal time of return of salmon, Salmo salar L., to Scottish rivers. Fisheries Management and Ecology 2: 147–156

Sægrov, H., B.A. Hellen & S. Kålås. 1997a. Gytelaks og gyting i Suldalslågen i 1996/1997. – Lakseforsterkningsprosjektet i Suldal, Fase II. rapport nr. 32: 1–25.

Sægrov, H., B.A. Hellen. G.H. Johnsen & S. Kålås. 1997b. Utvikling i laksebestandane på Vestlandet. – Lakseforsterkningsprosjektet i Suldal, Fase II. rapport nr. 34: 1–28.

Sægrov, H., K. Hindar, S. Kålås & H. Lura 1996. Vossolaksen blir erstatta med rømd oppdrettslaks. – Rådgivende Biologer, rapport 248, 21 sider. ISBN 82–7658–118–8.

Sægrov, H., S. Kålås, H. Lura & K. Urdal. 1994. Vosso-laksen. Livshistorie – bestandsutvikling – gyting – rekruttering – kultivering. – Rapport Zoologisk Institutt, Økologisk Avdeling, Universitetet i Bergen. 44 s.

Sættem, L.M. 1995. Gytebestander av laks og sjøaure. En sammenstilling av registreringer fra ti vassdrag i Sogn og Fjordane fra 1960 – 94. Utredning for DN. Nr. 7 – 1995. 107 s.

Til forsiden