Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Ot.prp. nr. 102 (2004-2005)

Om lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Justisdepartementet legg med dette fram forslag til ny lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd. Forslaget skal erstatte lov 19. juni 1970 nr. 60 om offentlighet i forvaltningen. Forslaget har sin bakgrunn i NOU 2003: 30 Ny offentlighetslov. I proposisjonen fremjar departementet også forslag til gjennomføring av EUs direktiv 2003/98/EF om vidarebruk av informasjon frå den offentlege sektoren.

Lovforslaget utvidar retten til innsyn i dokument i offentleg verksemd. Det omfattar fleire verksemder enn gjeldande lov. Det inneber vidare ei utviding av kva slag informasjon det kan krevjast innsyn i, og innsnevrar høvet til å gjere unntak frå innsyn. Forslaget legg og opp til å styrkje rettane til den som krev innsyn i saksbehandlinga av innsynskrav. Forslaget vil dessutan gjere det enklare for dei som ønskjer å vidarebruke informasjon frå offentleg sektor i kommersiell eller ikkje-kommersiell verksemd.

I samsvar med regjeringa sitt arbeid for eit enklare regelverk er forslaget utforma slik at avgrensinga av verkeområdet til lova, kva som skal vere gjenstand for unntak, og unntaka frå innsynsretten er utforma meir oversiktleg og presist enn i gjeldande lov. Forslaget tek også på ein betre måte enn gjeldande lov innover dei moglegheitene som ligg i den teknologiske utviklinga og legg såleis også til rette for å oppfylle målsetjinga om ei meir moderne forvaltning.

I forslaget til formålsparagraf blir det framheva at lova skal leggje til rette for at offentleg verksemd er open og gjennomsiktig, for slik å styrkje informasjons- og ytringsfridommen, den demokratiske deltakinga, rettstryggleiken for den enkelte og kontrollen frå ålmenta. Det blir også framheva at lova skal leggje til rette for vidarebruk av offentleg informasjon.

Lova skal gjelde for stat, fylkeskommune, kommune og for sjølvstendige rettssubjekt i saker der dei gjer enkeltvedtak eller utferdar forskrift. I tillegg vil lova gjelde for sjølvstendige rettssubjekt der stat, fylkeskommune eller kommune har ein eigardel som gir meir enn halvparten av røystene i det øvste organet i rettssubjektet og for sjølvstendige rettssubjekt der stat, fylkeskommune eller kommune har rett til å velje meir enn halvparten av medlemmene med røysterett i det øvste organet i rettssubjektet. Dette er ei vesentleg utviding av verkeområdet og inneber at organisasjonsforma ikkje lenger vil vere avgjerande for innsynsretten.

I samsvar med målsetjinga til regjeringa om at det skal skiljast mellom forvaltningsverksemd og forretningsverksemd, skal lova likevel ikkje gjelde for sjølvstendige rettssubjekt som hovudsakleg driv næring i direkte konkurranse med og på same vilkår som private. Vidare kan verksemder haldast utanfor verkeområdet til lova dersom det må reknast som nødvendig ut frå verksemda si art, konkurransesituasjonen eller andre særlege tilhøve.

Hovudreglane i lova blir i stor grad foreslått vidareførte som i dag. Hovudregelen vil dermed vere at saksdokument som ei offentleg verksemd sender frå seg, tek imot eller opprettar, er offentlege dersom ikkje anna følgjer av lov eller forskrift gitt i medhald av lov.

Forslaget gir publikum rett til å krevje at forvaltninga lagar ei samanstilling av elektronisk lagra opplysningar dersom samanstillinga kan lagast ved enkle framgangsmåtar.

Hovudregelen om at innsyn skal vere gratis, blir foreslått vidareført og styrkt.

For at dokument faktisk skal bli meir tilgjengelege, inneheld forslaget ein regel som skal klargjere at forvaltninga har høve til å gjere dokument allment tilgjengelege på Internett. Forslaget tek også sikte på at elektroniske journalar skal gjerast tilgjengelege på Interntt i større grad enn i dag.

Lovforslaget byggjer gjennomgåande på at det berre skal vere høve til å gjere unntak frå innsyn når det ligg føre eit reelt og sakleg behov for det. Eit utslag av dette er at det som hovudregel berre vil vere høve til å gjere unntak for dei opplysningane i eit dokument som det kan ha skadelege verknader å offentleggjere. I dag er det som hovudregel høve til å gjere unntak for heile dokument, det vil seie også delar av dokumentet som det ikkje kan ha skadelege verknader å offentleggjere. Eit anna utslag av dette grunnsynet er at det i dei fleste unntaka er eit vilkår for unntak at offentleggjering må kunne ha skadelege verknader («skadevilkår»).

For å sikre at det berre blir gjort unntak der det er eit reelt og sakleg behov, er meirinnsynsregelen foreslått styrkt ved at det er fastsett kva det skal leggjast vekt på ved meirinnsynsvurderinga.

Unntaket for organinterne dokument er gjennomgåande godt grunngitt, og blir derfor i hovudsak foreslått vidareført uendra.

Departementet meiner at unntaka for dokument til den interne saksførebuinga som blir innhenta utanfrå, er for vidtrekkande. For dette unntaket blir det sett opp eit «skadevilkår». Det kan berre gjerast unntak når det er nødvendig.

Det er ein viktig føresetnad for det representative folkestyret i kommunar og fylkeskommunar at ålmenta har rett til innsyn hos kommunar og fylkeskommunar. Derfor skal mykje korrespondanse mellom ulike kommunale og fylkeskommunale einingar ikkje lenger reknast som interne dokument.

Høvet til å gjere unntak ut frå omsynet til Noregs utanrikspolitiske interesser blir utforma slik at dei tek høgd for at det internasjonale samarbeidet har fått stadig auka omfang og meir å seie for utforminga av nasjonal politikk. Dette tilseier at det er behov for meir innsyn på dette området. Forslaget presiserer og snevrar inn rammene for utanriksunntaket.

Departementet meiner at det er viktig med meir innsyn i saker om offentlege innkjøp mv., bl.a. for å motverke korrupsjon og andre uheldige tilhøve. Forslaget legg derfor opp til ei vesentleg innsnevring av unntakshøvet for dokument i anbodssaker. Etter forslaget vil det ikkje lenger vere automatisk høve til å gjere unntak for protokoll og tilbod i slike saker etter at leverandøren er vald.

Reglane om offentlegheit omkring søkjarlister til stillingar i det offentlege blir foreslått vidareførte som i dag, men departementet har prøvd å klargjere korleis desse reglane skal praktiserast. Forslaget skal også sikre at det blir like stor grad av innsyn i saker om utnemning av biskop som i andre saker om offentlege tilsetjingar.

Elles inneheld forslaget ein del unntaksreglar som stort sett er presiseringar av innhaldet i gjeldande lov.

Unntaka for visse dokument som gjeld Det Kongelege Hoff, dokument som gjeld konsultasjonar med Sametinget mv., for karakterar og for pristildelingar mv., er likevel nye.

EUs direktiv 2003/98/EF om vidarebruk av informasjon frå den offentlege sektoren skal leggje til rette for vidarebruk av offentleg informasjon i kommersiell og ikkje-kommersiell verksemd med sikte på auka verdiskaping. Forslaget gjennomfører direktivet gjennom reglar om ikkje-diskriminering, medrekna eit forbod mot einerettsavtalar, grense for kor høg pris som kan takast for offentleg informasjon, rett til kopi i alle eksisterande språkversjonar, mv. Desse reglane utvidar og styrkjer innsynsretten og legg til rette for verdiskaping gjennom vidarebruk. Reglane vil gjelde for alle verksemder som er omfatta av direktivet, og såleis ha eit noko vidare verkeområde enn lova elles.

Departementet ser det som viktig å styrkje og presisere saksbehandlingsreglane som gjeld ved behandling av innsynskrav. Kravet om at den som krev innsyn, skal identifisere saka det blir kravd innsyn i, er mjuka opp. Dette vil gjere det enklare å krevje innsyn i fleire saker av eit bestemt slag samtidig. Det er vidare foreslått presisert at det organ som mottek eit innsynskrav, skal vurdere kravet konkret og sjølvstendig. Den som krev innsyn, vil ha ein uavkorta rett til kopi av dokument som ikkje er allment tilgjengelege. Dersom dokumentet finst i elektronisk form, kan ein krevje elektronisk kopi. Retten til kopi gjeld vidare alle eksisterande format og språkversjonar. I andre tilfelle enn der ei klage skal behandlast av Kongen i statsråd, skal det vere høve til å klage som om innsynskravet var avslått dersom det ikkje er teke stilling til det innan fem vyrkedagar. Plikta til å grunngi avslag på innsynskrav blir foreslått utvida. Ved klage til Kongen i statsråd skal også meirinnsynsvurderinga overprøvast.

Departementet legg til grunn at dei økonomiske og administrative konsekvensane av forslaget for statleg og kommunal sektor ikkje vil vere større enn at dei kan handterast innanfor gjeldande budsjettrammer. Det blir lagt til grunn at konsekvensane for privat sektor samla sett vil vere positive.

Til toppen
Til forsida av dokumentet