Ot.prp. nr. 38 (1997-98)

Om lov om endringar i lønnsgarantiordninga m.m.

Til innholdsfortegnelse

2 Samandrag

Departementet føreslår desse endringane:

Statleg garanti for arbeidstakarane sitt rekvirentansvar m.m.

I 1992 blei det stilt krav om at det måtte vere opna konkurs hos arbeidsgivaren før det kunne betalast ut noko frå lønnsgarantiordninga. Samtidig blei det gjort endringar i regelverket for at arbeidstakarar som ville krevje arbeidsgivaren sin konkurs, skulle sleppe det økonomiske presset og den risikoen det inneber å vere konkursrekvirent. Etter reglane frå 1992 er det likevel slik at dersom eit krav om konkursbehandling blir avslått av retten eller trekt tilbake, skal den som har fremja kravet, betale tre gonger rettsgebyret (per i dag kr 1545), jf. § 17 i rettsgebyrlova. Det hender òg at fleire kreditorar set fram krav om konkurs mot den same debitoren. Når det blir opna konkurs på grunnlag av eitt av krava, blir dei andre krava formelt sett korkje trekte tilbake eller avslått. Rettsgebyrlova gir ikkje noko klart svar på om det skal betalast rettsgebyr i desse tilfella.

Departementet føreslår ei presisering i rettsgebyrlova, slik at ein arbeidstakar blir friteken frå å betale tre gonger rettsgebyret dersom det ikkje blir teke stilling til kravet om konkurs, eller dersom kravet blir trekt tilbake, avslått eller avvist. Skifteretten kan i unntakstilfelle ileggje arbeidstakaren gebyr dersom kravet er sett fram for å skade arbeidsgivaren eller det ikkje finst sakleg grunnlag for kravet.

Offentleg administrasjon av bankar og forsikringsselskap

Etter § 1 i lønnsgarantilova dekkjer staten krav på lønn og jamstelte krav som ikkje kan dekkjast fordi det er opna konkurs hos arbeidsgivaren. (Det same gjeld ved offentleg skifte av insolvent dødsbu og insolvent selskap som blir avvikla i medhald av § 13-2 i aksjelova.) Bankar og forsikringsselskap kan ikkje bli slått konkurs, og fell dermed utanfor lønnsgarantiordninga. Før endringane i lønnsgarantiordninga per 1.7.92 dekte ordninga også insolvenssituasjonar utanom konkurs, og fram til då var bankar og forsikringsselskap omfatta av ordninga.

Forsikringsselskap og bankar blir sette under offentleg administrasjon dersom dei ikkje er i stand til å gjere opp for seg etter kvart som økonomiske krav forfell. Departementet føreslår at eit slikt vedtak om offentleg administrasjon blir jamstelt med konkursopning i forhold til den statlege lønnsgarantiordninga.

Overdraging av krav før konkursopning

Etter lønnsgarantilova § 1 fjerde ledd fell statsgarantien bort dersom arbeidstakaren overdreg krava før konkursopninga. Garantien fell òg bort dersom tredjemann før konkursopninga på annan måte trer inn i krav mot arbeidsgivaren etter å ha løyst inn eller dekt krav frå arbeidstakaren. Regelen blei innført i 1992, og siktemålet var mellom anna å hindre at lønnsgarantiordninga blei brukt som ein driftsgaranti for bedriftene ved at bankar eller andre kredittinstitusjonar dekte lønna til arbeidstakarane i ein freistnad på å halde verksemda i live. Regelen er formulert slik at han omfattar alle overdragingar som er gjennomførte før konkursopning.

Departementet føreslår at ordlyden i regelen blir presisert slik at det klart går fram at han ikkje skal gjerast gjeldande dersom ei offentleg styresmakt tek over krav frå ein arbeidstakar før konkursopning. Regelen skal heller ikkje gjerast gjeldande dersom andre tek over eller trer inn i kravet og det er openbert at det ikkje skjer som ledd i ein skjult driftskreditt eller med tanke på annan misbruk av lønnsgarantiordninga.

Lønnsgarantilova § 7

Første og andre ledd i § 7 blir føreslått oppheva. Her går det fram at hovudregelen er at arbeidstakarar som har fått lønnsgarantidekning, ikkje kan få ny dekning i dei tre neste åra for krav mot verksemder som det i det vesentlege er dei same eigarinteressene som står bak. Ein arbeidstakar kan likevel ikkje nektast dekning dersom det vil verke urimeleg.

Regelen har vist seg vanskeleg å praktisere, og han verkar òg lite rimeleg sett i lys av at eigarar utan særlege hinder kan starte opp att etter ein konkurs. Det er òg eit spørsmål om regelen er i samsvar med reglane i EØS-avtalen på dette området. Ein nokolunde tilsvarande svensk regel er underkjent av EFTA-domstolen (dom 20.6.95). Endeleg fekk vi i 1992 ein ny regel som skal ramme misbruk, i eit nytt tredje ledd i § 7. Denne regelen må reknast for å vere tilstrekkeleg.

Også i § 7 tredje ledd er det føreslått endringar. Endringane her tek sikte på å presisere at regelen må vere å forstå som ein generell misbruksregel, og at han er meint å ramme ulike former for misbruk av lønnsgarantiordninga.

Frådrag for andre inntekter

Departementet føreslår å endre dekningslova § 9-3 første ledd nr. 1. Det skal gå klart fram av eit nytt nr. 1 femte ledd at ein frå arbeidstakaren sitt krav med førerett skal trekkje andre inntekter som arbeidstakaren har hatt i det same tidsrommet, både før og etter fristdagen. Regelen tek sikte på å hindre at arbeidstakarar hos ein arbeidsgivar som har gått konkurs, får meir utbetalt i lønn og lønnsgarantimidlar enn dei ville fått dersom arbeidsgivaren ikkje hadde gått konkurs.

Forfallstid som avgrensing av føreretten og lønnsgarantidekninga

Krav som forfell til betaling meir enn tre månader før fristdagen, fell som hovudregel utanfor dekningsområdet for lønnsgarantiordninga. Departementet føreslår å utvide dekningsområdet for ordninga slik at krav som forfell innanfor ein periode på fire månader før fristdagen, kan bli dekte. Endringsforslaget gjeld § 9-3 første ledd nr. 1 tredje ledd i dekningslova.

Dekning av eldre krav

Unntaksregelen i dekningslova § 9-3 andre ledd vil etter forslaget frå departementet kunne gjerast gjeldande i samband med krav som har forfalle til betaling meir enn fire månader før fristdagen, mot tidlegare tre månader. Departementet føreslår òg å endre dekningslova § 9-3 første ledd nr. 2. Feriepengar som har forfalle seinare enn fire månader før fristdagen, vil bli dekte, sjølv om dei er opptente meir enn 24 månader før fristdagen. Som ei følgje av forslaget kan også feriepengar bli dekte etter unntaksregelen i dekningslova § 9-3 andre ledd.

Forskotering av dagpengar

Etter forskrift av 26. november 1996 § 2-1 forskoterer arbeidsmarknadsetaten dagpengar i påvente av at ein søknad om lønnsgarantidekning blir behandla. Etter dekningslova § 9-3 skal bustyraren gjere frådrag for «anna inntekt» i det beløpet som blir utbetalt frå buet. I denne samanhengen blir dagpengar rekna for å vere «anna inntekt». Det vil seie at kravet i buet frå arbeidstakaren si side blir redusert med eit beløp som svarer til dagpengeutbetalinga.

Når lønnsgarantiordninga dekkjer krav frå arbeidstakaren, blir det gjort frådrag for eventuelle forskoterte dagpengar, slik at arbeidstakaren får utbetalt nettobeløpet. Direktoratet for arbeidstilsynet trer så inn i nettokravet frå arbeidstakaren og melder dette i buet. Dersom det er pengar i buet til dekning av lønnskrava, får direktoratet dekt (netto)kravet sitt. At berre nettokravet blir utbetalt frå buet, inneber at massen i buet aukar like mykje som det er utbetalt i arbeidsløysetrygd.

Departementet føreslår at forskoterte dagpengar til mottakarar av lønnsgaranti ikkje skal gå til frådrag i dei førsteprioriterte krava frå arbeidstakarane si side i konkursen. Dermed må bustyraren gjere innstilling om at heile kravet frå dei einskilde arbeidstakarane skal vere ei fordring med førerett i buet. I utbetalingane til arbeidstakarane skal det likevel framleis trekkjast frå ein sum tilsvarande dei forskoterte dagpengane. Det fører til at arbeidstakarane som før får utbetalt det dei har til gode, med dei avgrensingane som ligg i lønnsgarantilova. Staten aukar derimot sitt førsteprioriterte krav i konkursen, slik at det blir samsvar mellom staten sine krav i regressomgangen og det beløpet staten samla har utbetalt til arbeidstakarane i dei konkursramma bedriftene. På denne måten får staten tilbakeført eit mykje høgre beløp ved utloddinga av konkursbua enn det som er tilfellet i dag.

Dekning av utgifter arbeidstakarorganisasjonar har i samband med krav om konkurs og ved inndriving av krav om lønn o.a.

Etter lønnsgarantilova § 1 andre ledd omfattar garantien krav frå arbeidstakarane om lønn o.a. og moglege renter og kostnader i samband med inndriving av slike krav. Lønnsgarantiforskrifta § 13 opnar for lønnsgarantidekning av kostnader arbeidstakarane har i samband med framsetjing av krav om konkurs. Departementet føreslår ei endring av lønnsgarantilova slik at også kostnader arbeidstakarorganisasjonar har i samband med krav om konkurs og inndriving av krav om lønn o.a., kan bli dekte gjennom lønnsgarantiordninga. Departementet føreslår vidare at heimelen for å dekkje kostnader arbeidstakarane har i samband med krav om konkurs, blir flytt frå lønnsgarantiforskrifta til lønnsgarantilova.

Den samla utbetalinga gjennom lønnsgarantiordninga til kvar einskild arbeidstakar er etter lønnsgarantilova § 1 tredje ledd avgrensa til tre gonger grunnbeløpet i folketrygda. Departementet føreslår at det blir presisert i lova at kostnader knytte til prosessen med å få opna konkurs hos arbeidsgivaren, ikkje skal reknast med i samband med denne avgrensinga. Dette er i samsvar med praktiseringa av gjeldande rett.

Redigering av dekningslova § 9-3 første ledd

Feriepengar er etter gjeldande lov omhandla i dekningslova § 9-3 første ledd nr. 1 og nr. 2. Departementet føreslår ei omredigering av dette leddet slik at nr. 1 gjeld lønn og anna arbeidsvederlag, medan nr. 2 gjeld feriepengar. For å gjere det heile meir oversiktleg føreslår departementet òg at regelen om førerett for lønn o.a. i oppseiingstida blir flytt til eit eige ledd.

Til forsiden