Ot.prp. nr. 38 (1997-98)

Om lov om endringar i lønnsgarantiordninga m.m.

Til innholdsfortegnelse

5 Merknader til dei einskilde paragrafane

5.1 Merknader til lov av 14. desember 1973 nr. 61 om statsgaranti for lønnskrav ved konkurs m.v.

Til § 1 første ledd

I dette leddet er det oppgitt kva område lønnsgarantilova gjeld for. Endringa i andre punktumutvidar dette området til også å gjelde forsikringsselskap og bankar som blir sette under offentleg administrasjon (jf. forsikringsverksemdslova § 11-1, forretningsbanklova § 35 og sparebanklova § 49). Om bakgrunnen for forslaget viser vi til 3.2 ovanfor. I punkt V i lovforslaget blir endringa òg teke inn i aksjeselskapslova, som trer i kraft 1. januar 1999.

Til § 1 andre ledd

Gjennom tilføyinga av eit nytt andre punktumblir dekningsområdet for garantiordninga utvida til også å omfatte kostnader som arbeidstakarorganisasjonar har i samband med inndriving av krava til arbeidstakarane. Føresetnaden er at arbeidstakaren er medlem av den aktuelle arbeidstakarorganisasjonen, og at organisasjonen yter arbeidstakaren hjelp som fullmektig for vedkomande.

Plasseringa av denne regelen i § 1 andre ledd fører til at avgrensingane som følgjer av § 1 tredje ledd, blir gjorde gjeldande. Det vil seie at inndrivingskostnader blir tekne med ved utrekninga av storleiken på kravet, som ikkje må vere større enn tre gonger grunnbeløpet i folketrygda (3 G). Vidare vil det seie at krava, for at dei skal bli dekte, må vere førsteprioriterte fordringar i buet, jf. dekningslova § 9-3. I dette ligg det at kravet må reknast som inndrivingskostnader i forhold til dekningslova § 9-3 første ledd nr. 6. Bustyraren vil behandle kravet på linje med andre fordringar i buet. Lønnsgarantien vil dermed få opplysning om prøvinga i buet eller om innstillinga til bustyraren når kravet blir oversendt for behandling i forhold til lønnsgarantilova. Så framt kostnadene har vore nødvendige, vil inndrivingskostnader både i og utanfor prosess kunne dekkjast gjennom lønnsgarantien, dersom krava frå arbeidstakaren elles blir dekte. Til dømes vil utgifter til forliksklage, søksmål og tvangsforretning kunne dekkjast. Skriftlege førespurnader til arbeidsgivaren, som ein arbeidstakar like gjerne kunne gjort sjølv, vil normalt ikkje kunne dekkjast gjennom garantien.

Som det går fram av merknadene til § 1 fjerde ledd nedanfor, er dei kostnadene ein arbeidstakar eller ein arbeidstakarorganisasjon har i samband med framsetjing av krav om konkurs, ikkje omfatta av avgrensinga til 3 G i utbetalinga frå lønnsgarantien.

Til § 1 tredje ledd

I nytt andre punktum er reglane i dekningslova kapittel 9 utvida til også å gjelde for bankar og forsikringsselskap under offentleg administrasjon, så langt dei passar. Bakgrunnen for denne avgrensinga er at reglane i dekningslova ikkje alltid kan brukast direkte ved offentleg administrasjon. Eit døme kan illustrere dette. Etter dekningslova § 9-3 andre ledd nr. 1 er det eit vilkår at arbeidstakaren utan ugrunna opphald har freista å drive inn fordringa. Dette vilkåret blir òg direkte gjeldande når bankar og forsikringsselskap blir sette under offentleg administrasjon. Derimot kan ein sjølvsagt ikkje krevje at arbeidstakarar i bankar og forsikringsselskap må ha teke steg for å få opna konkurs i denne typen verksemd, jf. dekningslova § 9-3 andre ledd nr. 2. I nytt tredje punktum blir det presisert at fristdagen i forhold til reglane i dekningslova er den dagen det blei gjort vedtak om offentleg administrasjon.

Til § 1 nytt fjerde ledd

Dette leddet vil erstatte § 13 i lønnsgarantiforskrifta. Det blir gjort ei tilføying om at også rimelege kostnader som arbeidstakarorganisasjonar har i samband med framsetjing av krav om konkurs, blir dekte gjennom lønnsgarantiordninga. Føresetnaden er at arbeidstakarorganisasjonen representerer ein medlem som har eit krav som gir dekning gjennom lønnsgarantien. Vilkåret for dekning er at kravet blir rekna som massefordring etter dekningslova § 9-2, og at konkursbuet sjølv ikkje kan dekkje kravet. Utbetalingar til dekning av utgifter som ein arbeidstakar eller ein arbeidstakarorganisasjon har hatt i samband med eit krav om konkurs, skal ikkje reknast med i den beløpsavgrensinga på 3 G som er fastsett i lønnsgarantilova § 1 tredje ledd. Kravet skal primært dekkjast som massekrav. Utbetalinga frå lønnsgarantien vil derfor normalt måtte utsetjast til det er avklart i kva utstrekning kravet kan dekkjast av bumassen.

Til § 1 femte ledd

Om bakgrunnen for forslaget viser vi til 3.3 ovanfor. Etter lønnsgarantilova § 1 noverande fjerde ledd, som etter forslaget blir femte ledd, blir det ikkje gitt lønnsgarantidekning for krav om lønn o.a. som har forfalle, og som arbeidstakaren har overdrege til tredjemann før konkursopning. Forslaget til nytt tredje punktum i femte ledd klargjer at retten til lønnsgarantidekning likevel ikkje fell bort dersom arbeidstakaren overdreg kravet sitt til offentleg styresmakt, eller dersom offentleg styresmakt på annan måte trer inn i kravet. Om til dømes eit sosialkontor får overdrege eller trer inn i kravet, fører det såleis ikkje til at retten til lønnsgarantidekning fell bort. Forslaget til nytt fjerde punktum inneber at statsgarantien heller ikkje fell bort i andre tilfelle der krav er transporterte før konkursopning. Unntaket blir gjeldande i tilfelle der ein arbeidstakar får lån eller støtte mot transport av lønnskrav og utbetalinga har klar karakter av økonomisk naudhjelp. Det er vidare ein føresetnad at transaksjonen openbert ikkje er eit forsøk på misbruk av lønnsgarantien. Om det ligg føre eit misbrukstilfelle eller ikkje, må avgjerast mellom anna på bakgrunn av kor stort beløp det gjeld, og om transporten har skjedd straks før konkursopning. Det kan til dømes vere eit krav på ei månadslønn eller mindre som er overdrege etter at det er klart at verksemda skal opphøyre, og utan at det enno er opna konkurs. I slike tilfelle kan det verke svært urimeleg å nekte lønnsgarantidekning.

Til § 7

Første og andre leddi paragrafen blir føreslått oppheva. Om bakgrunnen for dette viser vi til 3.4 ovanfor. Noverande tredje ledd vil utgjere første punktum i den attverande delen av § 7. Regelen gir høve til å nekte dekning gjennom lønnsgarantiordninga til arbeidstakarar som misbruker ordninga. Eit døme på eit slikt misbrukstilfelle er når arbeidstakarane ved oppstarten av ei ny verksemd veit at det ikkje finst midlar til å betale ut lønn, og så søkjer lønnsgarantidekning når verksemda etter kort tid blir slått konkurs.

Eventuelle misbrukstilfelle kan ta ulike former. Forslaget til eit nytt andre punktum tek sikte på å gjere det klart at § 7 ikkje berre blir gjord gjeldande når arbeidstakarar søkjer lønnsgarantidekning etter å ha teke arbeid hos ein arbeidsgivar som dei visste eller burde vite ikkje var i stand til å betale ut lønn. Eit anna praktisk tilfelle kan vere at lønnsgarantidekning i oppseiingstida etter konkurs i eitt firma blir utnytta ved oppstart av eit nytt firma. Det kan skje ved at arbeidstakarar som nettopp er oppsagde frå ei bedrift som har gått konkurs, og som har fått løyvt lønnsgarantidekning i oppseiingstida, tek seg arbeid i ei ny verksemd, og det der blir avtalt at arbeidstakarane ikkje skal ha lønn i ein periode som tilsvarer oppseiingstida i den gamle bedrifta. Ein freistar altså å bruke lønnsgarantiordninga som ei form for driftsstøtte til den nystarta bedrifta, noko som ligg klart utanfor formålet med lønnsgarantiordninga. Det blir føreslått å gjere det klart i lovteksten at også endringar i ein arbeidsavtale kan føre til at lønnsgarantidekning heilt eller delvis kan nektast. Ein ønskjer til dømes å hindre forsøk på å auke lønnsgarantidekninga ved å heve lønna kraftig kort tid før konkursen.

5.2 Merknader til lov av 8. juni 1984 nr. 58 om gjeldsforhandling og konkurs (konkurslova)

Til § 78 tredje ledd, nytt siste punktum

Dette punktumet blir føreslått som ei følgje av forslaget omtalt i 3.8. Forslaget inneber at dagpengar etter folketrygdlova kapittel 4 ikkje lenger blir rekna med i inntekt som skal gå til frådrag i arbeidstakarane sine krav med førerett etter dekningslova § 9-3. Arbeidsmarknadsetaten må etter forslaget sjølv melde krav dersom arbeidstakarar ikkje skal få utbetalt både trygd og lønnsgarantimidlar for den same perioden. I dei tilfella der det er utbetalt dagpengar på ordinært grunnlag før konkursen, vil arbeidskontoret ofte ikkje bli kjent med at verksemda seinare går konkurs. For å lette arbeidet til arbeidsmarknadsetaten blir bustyraren pålagd - så framt konkursen får verknader for arbeidstakarar - å informere arbeidskontoret i det distriktet der skyldnaren held til, om konkursen og kva arbeidstakarar som har krav i buet. Dersom arbeidstakarane i verksemda soknar til ulike arbeidskontor, må det arbeidskontoret bustyraren kontaktar, syte for at alle aktuelle arbeidskontor får nødvendig informasjon. Oppgåva til bustyraren etter denne paragrafen vil vere ein del av arbeidet med lønnsgarantisøknadene, jf. lønnsgarantiforskrifta § 15.

5.3 Merknader til lov av 8. juni 1984 nr. 59 om fordringshavernes dekningsrett (dekningslova)

Til § 9-3 første ledd nr. 1 tredje ledd første punktum

Tidsavgrensinga av føreretten for lønnskrav opptente før fristdagen blir føreslått utvida frå tre til fire månader. Forslaget inneber at forfallstida for lønnskrav ikkje må liggje lenger tilbake i tid enn fire månader før fristdagen. Om bakgrunnen for forslaget, sjå 3.6 ovanfor.

Til § 9-3 første ledd nr. 1 nytt fjerde ledd

Nytt fjerde ledd svarer i hovudsak til noverande tredje ledd siste punktum, men regelen om førerett for feriepengar er flytta til § 9-3 første ledd nr. 2, utan at dette fører til nokon realitetsendringar. Omgrepet «annet arbeidsvederlag» er teke inn for at regelen skal samsvare med hovudregelen i nr. 1 første ledd første punktum. Regelen inneber at krav om lønn eller «annet arbeidsvederlag» i oppseiingstida berre har førerett når lengda av oppseiingstida samsvarer med arbeidsmiljølova § 58 eller er fastsett i tariffavtale.

Til § 9-3 første ledd nr. 1 nytt femte ledd

Første punktum fører til at det for arbeidstakarar som tek imot anna inntekt i den same perioden som det er meldt krav mot konkursbuet for, skal leggjast eit «netto»-synspunkt til grunn når storleiken på beløpet med førerett skal fastsetjast. Det inneber at det skal gjerast frådrag for inntekt som arbeidstakaren har hatt, uavhengig av om inntekta er opptent før eller etter fristdagen. Regelen gjeld berre for inntekt som kjem i staden for inntekt hos den konkursramma arbeidsgivaren. Inntekt frå til dømes ei bistilling som arbeidstakaren har hatt i lengre tid, skal det ikkje gjerast frådrag for.

Frådragsregelen for andre inntekter får berre verknad når det gjeld føreretten for fordringa. Restkravet vil ha status som uprioritert fordring i buet. Som uprioritert fordring vil kravet falle utanfor lønnsgarantiordninga. Dersom det finst midlar i konkursbuet til uprioriterte fordringar, vil arbeidstakaren ha eit krav på dividende som svarer til det frådraget som er gjort.

Andre punktum i nytt femte ledd inneber at utbetalte dagpengar ved arbeidsløyse etter folketrygdlova kapittel 4 ikkje lenger skal gå til frådrag i fordringar med førerett av første klasse. Med dagpengar ved arbeidsløyse etter folketrygdlova kapittel 4 er det meint både ordinære dagpengar og forskoterte dagpengar.

Fordi dagpengar etter kapittel 4 i folketrygdlova ikkje lenger vil vere inntekter som skal gå til frådrag i arbeidstakaren sine krav med førerett, må arbeidsmarknadsetaten melde krav om tilbakebetaling av utbetalte dagpengar i konkursbuet dersom arbeidstakaren ikkje skal få dobbelbetaling. Tredje punktum er ei presisering av at slike tilbakebetalingskrav vil vere prioritert fordring i same grad som dei lønnskrava dei erstattar. Om bakgrunnen for forslaget viser vi til 3.8.

Til § 9-3 første ledd nr. 2

Denne regelen inneber at feriepengar også vil ha førerett dersom feriepengekravet har forfalle til betaling mindre enn fire månader før fristdagen, uavhengig av når kravet er opptent. Endringa får berre verknad for feriepengar som er opptente meir enn 24 månader før fristdagen. Feriepengar opptente mindre enn 24 månader før fristdagen, har førerett som tidlegare. Om bakgrunnen for endringa, sjå 3.7 ovanfor.

Feriepengar av lønn som er opptent etter fristdagen, har etter gjeldande rett berre førerett dersom feriepengegrunnlaget (lønnskravet) har førerett etter § 9-3 første ledd nr. 1. For feriepengar av lønn som er opptent før fristdagen, gjeld ikkje denne avgrensinga. Endringane i § 9-3 første ledd nr. 2 inneber at det blir gjort avgrensingar i føreretten for feriepengekravet også for feriepengar av lønn opptent før fristdagen. Etter forslaget skal avgrensingar som blir gjorde i føreretten for lønnskravet etter nr. 1 andre, fjerde og femte ledd, også gjelde for feriepengar av lønnskravet. Til dømes skal det i medhald av nr. 1 nytt femte ledd gjerast frådrag i kravet med førerett når ein arbeidstakar har motteke inntekt frå ein annan arbeidsgivar og inntekta er opptent i det same tidsrommet. Det vil då berre vere den delen av lønnskravet som har førerett, som gir feriepengar med førerett. Feriepengar for den delen av kravet som tilsvarer frådraget som er gjort, vil arbeidstakaren normalt ha krav på frå den andre arbeidsgivaren.

Avgrensingane i forhold til prioriteten for lønnskravet etter § 9-3 første ledd nr. 1 tredje ledd vil berre få verknad for feriepengar som er opptente etter fristdagen. Det vil seie at gjeldande rett står fast på dette punktet. Dersom det blir gjort avkorting i lønnskravet med førerett for perioden etter fristdagen, skal det gjerast tilsvarande avkorting i feriepengekravet. Det er likevel berre regelen i nr. 1 tredje ledd andre punktum, om at førerett for lønnskravet er avgrensa til lønn i seks månader, som kan referere seg til krav opptente etter fristdagen. Ein føreslår derfor at § 9-3 første ledd nr. 2 siste punktum viser direkte til denne regelen i nr. 1. Feriepengar av lønn som er opptent før fristdagen, vil kunne ha førerett sjølv om avgrensinga i nr. 1 tredje ledd fører til at lønnskravet ikkje har det. Dette får praktiske verknader i tilfelle der feriepengekravet er opptent innanfor fristen på 24 månader, medan det lønnskravet feriepengane refererer seg til, forfall meir enn fire månader før fristdagen.

Til dekningslova § 9-3 andre ledd

Dette leddet er endra slik at det blir gjeldande for fordringar som dei som er nemnde i § 9-3 første ledd, og som har forfalle meir enn fire månader før fristdagen. Endringa samsvarer med endringa i § 9-3 første ledd nr. 1 tredje ledd, og er gjord for å få samanheng i regelverket.

Som ei følgje av endringa i § 9-3 første ledd nr. 2, der føreretten for feriepengar også er knytt opp til forfallstida, vil § 9-3 andre ledd bli gjeldande for feriepengar. Det vil seie at krav om feriepengar som er opptente tidlegare enn 24 månader før fristdagen, og der forfallstida for kravet ligg lenger tilbake enn fire månader før fristdagen, vil ha førerett dersom fordringshavaren utan ugrunna opphald etter forfallstida for kravet har sett i verk slike tiltak som lovregelen føreskriv.

5.4 Merknader til lov av 17. desember 1982 nr 86 om rettsgebyr

Til § 17 første ledd nytt fjerde og femte punktum

Tredje punktum stiller opp ein generell hovudregel. Dersom krav om konkursforhandling eller gjeldsforhandling blir avslått eller trekt tilbake, skal det betalast eit beløp tilsvarande tre gonger rettsgebyret. Nytt fjerde punktum gjer eit unntak frå hovudregelen. Dersom kravet om konkurs blir trekt, avvist, avslått eller ikkje teke stilling til, blir ikkje gebyrplikta utløyst dersom konkursrekvirenten er ein arbeidstakar som krev arbeidsgivaren konkurs som følgje av manglande utbetaling av lønn o.a. Med lønn o.a. er det meint krav om lønn eller krav som er jamstelte med krav om lønn, jf. lønnsgarantilova § 1. Femte punktum opnar for at skifteretten, trass i regelen i fjerde punktum, kan ileggje arbeidstakaren tre gonger rettsgebyret dersom kravet om konkurs blir trekt, avvist, avslått eller ikkje teke stilling til. Vilkåret er at kravet om konkurs er fremja for å skade arbeidsgivaren, eller at det elles er sett fram utan sakleg grunn.

Skifteretten skal såleis kunne påleggje rettsgebyr dersom kravet om konkurs er sett fram for å skade arbeidsgivaren, til dømes for å skade namnet og omdømmet til arbeidsgivaren. Og sjølv om det ikkje er råd å påvise slike motiv, skal openbert ugrunna krav om konkurs kunne gi grunnlag for å ileggje rettsgebyr. Vilkåret om at kravet om konkurs skal vere sakleg, er objektivt. Spørsmålet blir om skifteretten vurderer det slik at arbeidstakaren hadde ein sakleg grunn for å fremje kravet. Dersom det til dømes blir godtgjort at arbeidsgivaren ikkje har betalt skuldig lønn o.a som har forfalle til betaling, og heller ikkje har reagert på ei oppmoding om betaling etter konkurslova § 63, har arbeidstakaren hatt sakleg grunn til å fremje kravet om konkurs. Det er som regel i dei tilfella der kravet er tvilsamt eller omstridd, at spørsmålet om det er sakleg eller ikkje, kan skape tvil. Eit døme på at kravet om konkurs manglar sakleg grunn, vil typisk vere der kravet på utilbørleg måte blir brukt som pressmiddel for å oppnå dekning for eit elles omstridd krav, og der arbeidstakaren med tanke på dei aktuelle tidsfristane og omstenda elles, klart kan klandrast for ikkje å ha skaffa fram nødvendig dokumentasjon for insolvens før han eller ho sette fram kravet. Ein reknar ikkje med at lovregelen i femte punktum blir aktuell å bruke ofte. Bakgrunnen for regelen er at arbeidstakarar som misbruker ordninga, ikkje bør sleppe unna gebyrplikta. Vi viser òg til 3.1.4 ovanfor.

Til forsiden