Ot.prp. nr. 41 (2006-2007)

Om lov om endringar i opplæringslova og friskolelova

Til innhaldsliste

1 Innleiing

1.1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Denne proposisjonen inneheld forslag om endringar i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) og i lov 4. juli 2003 nr. 84 om frittståande skolar (friskolelova).

Det blir foreslått følgjande endringar:

  • lovregulering av reklame i skolen (kapittel 2)

  • lovregulering av skoleeigarens ansvar for at elevane får nødvendige trykte og digitale læremiddel i vidaregåande opplæring (kapittel 3)

  • innføring av ei føresegn i opplæringslova om godkjenning av vidaregåande skolar basert på mellomstatlege avtalar (kapittel 4)

  • innføring av ei føresegn om kollektiv ulykkesforsikring (kapittel 5)

  • endringar i føresegnene i opplæringslova om fag- og yrkesopplæringa (kapittel 6)

1.2 Bakgrunnen for lovforslaget

Forslaga i proposisjonen har ulik bakgrunn.

Bakgrunnen for forslaget om lovregulering av reklame i skolen er regjeringa si uttalte målsetjing i Soria Moria-erklæringa om å motarbeide kommersialisering av undervisningssektoren og å avgrense kommersialiseringa av det offentlege rom.

I statsbudsjettet for 2007 har regjeringa følgt opp målet i Soria Moria-erklæringa om gratis læremiddel for elevar i vidaregåande opplæring. Formålet med forslaget om lovfesting av at skoleeigaren har ansvar for at elevane får nødvendige trykte og digitale læremiddel, er å forankre dette ansvaret i opplæringslova og friskolelova.

Bakgrunnen for forslaget om innføring av ei føresegn som opnar for godkjenning av vidaregåande skolar basert på mellomstatlege avtalar, er m.a. at slike tilbod kan vere viktige bidrag til internasjonalt samarbeid innanfor kultur, språk, utdanning og næringsliv.

Spørsmålet om forsikringsdekning av elevane ved ulykker er teke opp med jamne mellomrom, også av Stortinget. Bakgrunnen for forslaget om å innføre ei føresegn om kollektive ulykkesforsikringar er m.a. utgreiinga NOU 2004:3 Arbeidsskadeforsikring frå Yrkesskadeutvalet, der det m.a. er foreslått lovpålagd kollektiv ulykkesforsikring for elevar. Det er ikkje fastsett noko endeleg tidspunkt for oppfølging av denne NOU-en, men regjeringa foreslår at forslaget om kollektiv ulykkesforsikring for elevar blir behandla uavhengig av dei andre forslaga frå utvalet. Formålet med forslaget om å innføre ei føresegn om kollektiv ulykkesforsikring er å lovfeste at alle elevar, uavhengig av bustad, skal ha forsikringsmessig dekning ved ulykker. Forslaget inneber ei innskjerping i høve til dagens situasjon, der slik kollektiv ulykkesforsikring er frivillig.

Bakgrunnen for forslaga om endringar av føresegnene om fag- og yrkesopplæringa i opplæringslova er m.a. innføringa av Kunnskapsløftet i grunnopplæringa. Formålet med forslaga til lovendringar er å betre kvaliteten i fag- og yrkesopplæringa gjennom forenkling av føresegnene og tilpassing til behova i dag, m.a. knytte til kva for oppgåver partane i arbeidslivet skal ha i det offentlege opplæringssystemet regionalt, og korleis deltakinga frå partane skal organiserast.

I Ot.prp. nr. 37 (2006–2007) Om lov om endringar i friskolelova blir det mellom anna foreslått å endre tittelen på lova frå lov om frittståande skolar (friskolelova) til lov om private skolar med rett til statstilskot (privatskolelova). I denne proposisjonen brukast nemninga friskolelova. Dette gjeld likevel ikkje i lovutkastet.

1.3 Høringane

Høringsbrev vedlagt rapport med forslag til endringar av føresegnene i opplæringslova om fag- og yrkesopplæringa vart sendt ut 15. mai 2006 med frist for fråsegner 15. september 2006. Høringsbrev med dei andre forslaga om lovendringar vart sende ut 30. oktober 2006 med frist for fråsegner 9. januar 2007, og 17. november 2006 med frist for fråsegner 17. januar 2007.

Synspunkta frå høringsinstansane er nærmare omtalte i tilknyting til dei enkelte forslaga i proposisjonen.

Følgjande instansar har kome med realitetsfråsegner:

  • Arbeids- og inkluderingsdepartementet

  • Barne- og likestillingsdepartementet

  • Helse- og omsorgsdepartementet

  • Justis- og politidepartementet

  • Kommunal- og regionaldepartementet

  • Utanriksdepartementet

  • Aust-Agder fylkeskommune

  • Akershus fylkeskommune

  • Buskerud fylkeskommune

  • Finnmark fylkeskommune

  • Hedmark fylkeskommune

  • Hordaland fylkeskommune

  • Møre og Romsdal fylkeskommune

  • Nordland fylkeskommune

  • Nord-Trøndelag fylkeskommune

  • Oppland fylkeskommune

  • Rogaland fylkeskommune

  • Sør-Trøndelag fylkeskommune

  • Telemark fylkeskommune

  • Troms fylkeskommune

  • Vestfold fylkeskommune

  • Vest-Agder fylkeskommune

  • Østfold fylkeskommune

  • Fylkesmannen i Aust-Agder

  • Fylkesmannen i Buskerud

  • Fylkesmannen i Finnmark

  • Fylkesmannen i Hordaland

  • Fylkesmannen i Nord-Trøndelag

  • Fylkesmannen i Oslo og Akershus

  • Fylkesmannen i Rogaland

  • Fylkesmannen i Sør-Trøndelag

  • Fylkesmannen i Vestfold

  • Fylkesmannen i Østfold

  • Bergen kommune

  • Drammen kommune

  • Gjesdal kommune

  • Horten kommune

  • Kongsberg kommune

  • Kristiansand kommune

  • Larvik kommune

  • Lierne kommune

  • Moss kommune

  • Oppegård kommune

  • Oslo kommune

  • Sarpsborg kommune

  • Suldal kommune

  • Vik kommune

  • Ålesund kommune

  • Universitetet i Tromsø

  • Vitenskapsakademiet

  • Universitets- og høgskolerådet

  • Samordna opptak

  • Norges Handikapforbund

  • Arbeids- og velferdsdirektoratet (NAV)

  • Maskinentreprenørenes forbund

  • Landsorganisasjonen i Norge (LO)

  • Norges fiskarlag

  • Kontaktutvalet mellom innvandrarar og myndigheitene

  • Skolenes landsforbund

  • Norges Bondelag

  • Samarbeidsrådet for yrkesopplæring (SRY)

  • Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO)

  • Yrkesorganisasjonenes sentralforbund (YS)

  • Utdanningsforbundet

  • KS

  • Faglig råd for design og håndverksfag

  • Faglig råd for elektrofag

  • Faglig råd for bygg og anlegg

  • Faglig råd for naturbruk

  • Faglig råd for helse- og sosialfag

  • Sametinget

  • Innvandrernes landsorganisasjon (INLO)

  • Arbeidsgiverforeningen NAVO

  • Faglig råd for service og samferdsel

  • Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede (Unio)

  • Norsk gartnerforbund

  • Elevorganisasjonen (EO)

  • Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG)

  • Musikernes fellesorganisasjon (MFO)

  • Norsk skolelederforbund

  • Framtiden i våre hender

  • Forbrukarrådet

  • Barneombodet

  • Annonsørforeningen (ANFO)

  • Kristne Friskolers Forbund

  • Forbrukarombodet

  • Næringsmiddelbedriftenes Landsforening

  • Barnevakten

  • Kreativt Forum

  • Hwang Flater Analyse

  • Norsk lektorlag

  • Mediebedriftenes Landsforening

  • Abelia Kunnskaps- og teknologibedriftene i NHO

  • Søraas Bok DA

  • Statens råd for funksjonshemma

  • Kristelig Gymnasium

  • Elev og Lærlingombudet i Nord-Trøndelag

  • Funksjonshemmedes fellesorganisasjon

  • IKT-Norge

  • Dysleksiforbundet

  • International Society for Augmentative and Alternative Communication (isaac) Norge

  • Den Norske Forleggerforening

  • Bokhandlerforeningen

Til forsida av dokumentet